Vestavind 17 september 2015

Page 16

16

Vestavind Torsdag 17. september

Sikta for innbrot og narkobruk Tips førte til at to personar, ein mann og ei kvinne, blei pågripne tidleg onsdag morgon sist veke etter å ha begått innbrot i ei hytte på Flatnes. Kari Haukås

kari@vestavind-sveio.no

Begge personane, som er frå Haugalandet, er kjent frå politet frå før. Arrestasjonen skjedde på utsida av hytta. Pågripinga skjedde etter tips frå ein

hyttenabo. Det blei funne narkotika og brukarutstyr på staden, og inventaret i hytta bar tydelege spor etter herjingar. Før arrestasjonen var ein del gjenstandar bore ut i ein personbil. Det opplyser lensmann i Sveio, Kåre Ravn Ottesen. Omfanget av skadeverket i hytta beløpar seg opp mot 100.000 kroner. Hytteeigaren som bur på Klepp fortel han blei oppringt av politet som opplyste at det hadde vore innbrot i hytta deira, to personar var pågripne. Dette

var onsdag føremiddag sist veke. – Eg blei sjølvsagt ganske sjokkert, innbrot har me heldigvis vore skåna for dei åtte åra me har hatt hytte, og eg

«Eg blei møtt av to politimenn som forklarte og viste i detalj kva som hadde skjedd» Hytteeigar

køyrde straks til Sveio. Hytteeigaren håpar han slepp å oppleva å få hytta si rasert fleire gonger. Men når først skaden var skjedd vil han berømma politet som gjorde så grundig og god jobb. – Eg blei møtt av to politimenn som forklarte og viste i detalj kva som hadde skjedd, og oppfølginga i ettertid har vore veldig god, skryt hytteeigaren.

Arrangement i helga

Stranda etter kantring

I samband med Brannvernveka 2015 inviterer Sveio brann- og redningsvesen store og små til open dag på Førde brannstasjon på lørdag. På programmet står køyretur med brannbil, spyla med brannslange og ta del i kunnskapsløype.

Lørdag 12. september kollsegla to menn i ein liten seglbåt ved Førdespollen. Dei stranda på ei øy, og blei henta av ein oppdrettsbåt – begge to i god behald, skriv HSPD på Twitter.

På kvelden er det basar på Sveio bedehus, der Sveio songlag og Gunnar Salomonsen er med. Alle er velkomne med på turane som Sveio turlag arrangerer. Søndag går turen til Olalihytta.

Denne gjengen stod på for velgjarane i Vikse krins gjennom hele valdagen. Frå venstre: Hilde Sørhus Kalvenes, Karstein Strømmen, Elisabeth T. Vikse, Ingvar Vierdal og Stig Sandaas.

Bli abonnent

Kampanje i september: 480 kroner for eitt år!

Basar blir det og i Førde, då den årlege storbasaren går av stabelen på søndag. Sveio drill, Førde skulemusikkorps, Sveio karate samt song av Malin og Vilde står for underhaldning. Ei rekke utstillarar viser fram sine produkt. For dei minste vil det bli muleg å ri på hest, spela på lykkehjul og snikra fuglekasse – og mykje anna.

Nær o g kjær

Har du nokon gong tenkt over at avisa du no held i hendene er eit kortreist produkt? Vestavind er produsert rett i nærleiken av deg, med lokale ingrediensar. Me har mange gode og trufaste abonnentar – kan me få freista deg òg med eit ferskt eksemplar ein gong i veka? Me lovar å gjera vårt beste for at du skal bli nøgd! Nye abonnentar 1.-30. september 2015: 480 kroner for eitt år (normalpris: 670,-)

Ja, eg vil abonnera på Vestavind i 12 månadar til kr. 480,-

Namn: Adresse: Telefonnummer: Du kan òg svara til aud@vestavind-sveio.no, eller ringa 53 74 01 80. Namn og fakturaadresse om du gir vekk abb.:

Vestavind AS Svarsending 7396 0096 OSLO

www.vestavind-sveio.no •• facebook.com/vestavind •• Tlf. 53 74 01 80 •• #vestavindsveio


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Vestavind 17 september 2015 by Vestavind Bygdeblad for Sveio - Issuu