Vestavind er lokalavisa for Sveio kommune. Avisa kjem ut kvar torsdag, 48 gonger årleg. For tida er det 4 stillingar i bedrifta, ein journalist, ein abonnement/rekneskapsmedarbeidar, ein annonseseljar og redaktør/dagleg leiar. Kontorstad er i Sveio sentrum.
Annonseseljar
i 100% stilling. Jobben går i hovudsak ut på å selja og laga annonser.
Dette er vår nye medarbeidar: • Du har oversikt over lokalt næringsliv, og helst erfaring med sal • Du har stor arbeidskapasitet og vilje • Du kan leita opp nye kundar, og ta vare på dei me har • Du er målretta, bestemt og nøyaktig
Me tilbyr:
• Eit triveleg arbeidsmiljø, til tider hektisk • Ei spennande og utfordrande stilling • Høve til å styra eigne arbeidsdagar • Løn etter avtale
Arbeidsspråket vårt er nynorsk. Datakunnskapar er eit krav. Me bruker Mac og program frå Adobe. Send søknad og CV snarast til redaksjonen@vestavind-sveio.no
For spørsmål, ta kontakt med Arve Skogen på same e-postadresse, eller telefon 459 01 273.