16
SOMMARVIND
Krabbejakt i fjøra Langgrunn glede for småbarnsfamiliar i Førde. Tekst: Magnhild C. H. Steinsland
Søskenbarna Thea Kvalvågnes Amdal, Bjarte Alvestad, Simon Alvestad og Lisa Alvestad tok ein feriedag i Førde. – Det er brennmaneta og stikk, men dei som er blanke kan ein ta på, seier Thea Kvalvågnes Amdal. Medan Thea bur i Sveio, har søskenbarna teke turen frå Støle for ein dag saman ved sjøen. Det er første gongen mor og bestemor Karoline Alvestad og Ingebjørg Kvalvågnes besøker stranda i Førde. Dei skryt over plassen. – Det er langgrunt som gjer det tryggare for dei små å leika, seier Karoline Alvestad. Medan dei vaksne nyt sjøen frå steinbenkane er dei små i full gang med å sanka krabbar. – Me har funne ein stor og ein liten, fortel Simon. – Eg kan halda den, sjå! seier Thea og kvir seg ikkje for å halde den vesle krabaten med 10 bein i handa. Stranda i Førde blei utarbeida av Førde bygdalag i 2004 og er tilpassa besøkande sine behov. Her finn ein volleyballbane, toalett med stellebord og gapahuk for å nemne noko. Ein tursti som går forbi gapahuken og nausta leier mot Rex Garden. Den store Rhododendronparken opna 1. juni i fjor og kan by på utskorne trefigurar av den lokale kunstnaren Kenneth Ravn Ottesen. Ved den vel 400 meter lange turstien er over tusen buskar med rhododendron.
Bestemor Ingebjørg Kvalvågnes og dottera Karoline Alvestad har god utsikt over stranda og dei små, frå parkområdet i Førde.
Førde Bygdalag har opparbeida området ved Prestabryggjo til ein flott badeplass med strandpromenade, store plenar og volleyballbane. Området var ferdig i 2004.