Nye grep om skriveopplæringa

Page 1

klaff: 150 mm

bakside: 216 mm + 2 mm formering mot klaffen

korleis kan ei felles forståing av skriving og tydelege forventningar om skrivekompetanse gi betre skriveopplæring? Og korleis kan ein utnytte læringspotensialet som ligg i skriving i ulike fag og samanhengar? I fleire år har forskarar følgt ei stor gruppe lærarar og elevar i arbeidet deira med skriving og vurdering. Funna er interessante og oppsiktsvekkande. Denne boka presenterer bakgrunnen for det lands­omfattande Norm­ prosjektet, gjennomføringa, funn og erfaringar.

Projektet bidrar med ett för lärare gripbart och relevant metaspråk som sätter många olika aspekter av texter i förgrunden. caroline liberg, professor ved uppsala universitet

høyde: 226 mm

Boka inneheld også praktiske ressursar for skriveopplæring og tekstvurdering og presenterer erfaringar med å ta desse i bruk. Lærar- og elevstemmer kling saman med forskarstemmene gjennom heile boka, mellom anna i form av skriveoppdrag, elev­tekstar frå ulike fag og samtalar om tekstar. Slik vender boka seg til ei brei lesargruppe: skriveforskarar, lærarutdannarar, skuleleiarar, utviklingsorienterte lærarar og ikkje minst lærarstudentar. Forskarane som har designa og gjennomført prosjektet, har i felles­skap forfatta boka, og redaktørane har skrive det heile saman. I etterordet set Judy Parr frå New Zealand prosjektet inn i ein internasjonal kontekst. There has been an ongoing call to examine writing instruction and to work to identify how best to support the development of writing. The NORM project contributes significantly to this call. judy parr, professor ved university of auckland, new zealand

Trykklart omslag skriveopplaering.indd 1

omslag av stian hole

is bn 9 78-82 -15- 0 2 870 -5

MATRE, SOLHEIM, OTNES (RED.) NYE GREP OM SKRIVEOPPLÆRINGA

Normprojektet er et dristigt, originalt og imponerende bidrag til nordisk skriveforskning. ellen krogh, professor ved syddansk universitet

rygg: 21,2 mm

forside: 216 mm + 2 mm formering mot klaffen

SYNNØVE MATRE

RANDI SOLHEIM HILDEGUNN OTNES (RED.)

klaff: 150 mm

synnøve matre er professor i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning, NTNU. Ho har vore leiar for Normprosjektet.

KJELL LARS BERGE

randi solheim er professor i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning, NTNU. Ho har vore nestleiar for Normprosjektet.

LARS SIGFRED EVENSEN RAGNAR THYGESEN

hildegunn otnes er professor i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning, NTNU.

NYE GREP OM SKRIVEOPPLÆRINGA

kjell lars berge er professor i tekstvitskap ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo. lars sigfred evensen er professor emeritus i anvend språkvitskap ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, NTNU. ragnar thygesen er professor emeritus i spesialpedagogikk ved Institutt for pedagogikk, Universitetet i Agder.

FORSKINGSFUNN OG PRAKSISERFARINGAR

01.02.2021 15:27



NYE GREP OM SKRIVEOPPLÆRINGA



Synnøve Matre, Randi Solheim og Hildegunn Otnes (red.) Kjell Lars Berge, Lars Sigfred Evensen, Ragnar Thygesen

NYE GREP OM SKRIVEOPPLÆRINGA Forskingsfunn og praksiserfaringar

UNIVERSITETSFORLAGET


© Universitetsforlaget 2021 ISBN 978-82-15-02870-5 Materialet i denne publikasjonen er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med rettighetshaverne er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov eller tillatt gjennom avtale med Kopinor, interesseorgan for rettighetshavere til åndsverk. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar og inndragning og kan straffes med bøter eller fengsel. Henvendelser om denne utgivelsen kan rettes til: Universitetsforlaget AS Postboks 508 Sentrum 0105 Oslo www.universitetsforlaget.no Boka er utgitt med støtte fra: Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening Institutt for lærerutdanning, NTNU Forskningsmiljøet Faglig literacy i skole og lærerutdanning, Institutt for lærerutdanning, NTNU Institutt for lingvistiske og nordiske studier, Universitetet i Oslo Boka er fagfellevurdert.

Omslag: Stian Hole Sats: Sissel Tjernstad / Universitetsforlaget Trykk og innbinding: 07 Media – 07.no Boka er satt med: Minion Pro 11/14 pkt Papir: 90 g Arctic Matt


FORORD

D

enne boka rapporterer frå eit langvarig og omfattande forskingsprosjekt om skriving og vurdering i grunnskulen, det såkalla Normprosjektet, med den offisielle tittelen Developing National Standards for the Assessment of Writing. A Tool for Teaching and Learning. Ein viktig motivasjon bak prosjektet var å utvikle ei meir nyansert forståing av kva skriving er og kan vere, og ikkje minst å få betre innsikt i korleis ein kan utnytte læringspotensialet som ligg i skriving i ulike fag og samanhengar. Prosjektet er gjennomført i nært samarbeid med lærarar og skuleleiarar, og det er drive fram av eit ønske om å knyte sterkare band mellom forsking og skule. Med boka ønskjer vi å samle sentrale funn og erfaringar frå Normprosjektet og nå ut til dei mange som er opptatt av skriveopplæring, både i praksisfeltet og forskingsfeltet. Vi har lagt vekt på å presentere det teoretiske og metodiske grunnlaget for prosjektet så vel som praktiske ressursar for skriveopplæring og vurdering – og ikkje minst erfaringar med å ta desse i bruk. Lærar- og elevstemmer kling såleis saman med forskarstemmene gjennom heile boka, mellom anna i form av skriveoppdrag, elevtekstar frå ulike fag og samtalar om tekstar. Slik rettar vi oss mot ei brei les-

argruppe – frå skriveforskarar til lærarutdannarar, skuleleiarar, lærarspesialistar, utviklingsorienterte lærarar, og ikkje minst lærarstudentar. For å gjere det lettare å finne fram har vi laga ei lesarrettleiing i kapittel 1, samtidig som vi i innleiinga til kvart kapittel gjer greie for kva det inneheld. Dei enkelte kapitla er dessutan skrivne slik at dei skal gi meining utan at ein må lese heile boka. Boka er skriven i fellesskap av forskarane i prosjektet, og teksten rommar ulike fagstemmer, ulike stilnivå og ulike skriftspråk. Likevel representerer boka ein heilskap – og eit tverrfagleg forskingsfelt. Dei fleste kapitla er skrivne av fleire forfattarar saman, og alle forfattarane har lese og kommentert ulike tekstutkast. Nye grep om skriveopplæringa er slik blitt ei kollektiv og fleirstemmig bok. Mange har vore involverte i Normprosjektet og bidratt til boka, og det er derfor mange å takke. Først og fremst vil vi takke skulane som har investert mykje tid og krefter i prosjektet. Lærarar, elevar og skuleleiarar har gitt oss verdifull innsikt i korleis idear og teoriar kan arte seg i møte med praksis, noko som har ført til nyanseringar, nytenking og utvikling. Særleg er vi takksame for dei mange tekstane elevane har skrive! Skrivesenteret ved NTNU har vore ei viktig støt5


Forord

te for Normprosjektet, og fleire viktige prosjektmedarbeidarar har hatt tilknyting til senteret. I den intense perioden med intervensjon og datainnsamling heldt Jorun Smemo tak i mange trådar som prosjektkoordinator. Ho stod for storparten av kontakten med skulane, organiserte samlingar og arkiverte både elevtekstar og vurderingar. Undervegs bidrog også Anne Holten Kvistad i dette arbeidet. Det dannar viktig grunnlag for kvaliteten på analysane våre. Professor Gustaf Skar, som kom til Skrivesenteret som prosjektleiar for utvalsprøvene i skriving, blei raskt ein ressurs i forskargruppa. Han har bidratt med viktig kompetanse og innsats i arbeidet med statistiske analysar. Senterleiar Arne Johannes Aasen skal også ha takk for velvilje og interesse − og for alt Skrivesenteret har bidratt med, frå kompetent arbeidskraft via rause lunsjar til lagringsrom for tekstar. Undervegs i forskingsarbeidet har vi hatt stor nytte og glede av samarbeid med kollegaer nasjonalt og internasjonalt. Vi nemner nokre av dei her: Professor Judy Parr frå University of Auckland har følgt oss gjennom heile prosjektperioden og vore ein inspirerande diskusjonspartnar, god rådgivar og skarp lesar. Professor Caroline Liberg og miljøet kring henne ved Uppsala universitet har bidratt med gode faglege diskusjonar og innspel til analysar. Vi har også henta mykje inspirasjon og støtte frå skriveforskingsmiljøet ved Syddansk Universitet i Odense, med professor Ellen Krogh i spissen, og frå Center for Research in Writing ved University of Exeter, mellom anna ved professor Debra Myhill. Diskusjonar på konferansar og seminar over heile verda har tilført forskings- og utviklingsarbeidet vårt nye og friske perspektiv. Det same har diskusjonar i våre heimlege fagmiljø, ikkje minst i Trondheim – med Skrive-PUFF

6

og eit inspirerande norskmiljø knytt til lærarutdanninga. Takk til alle som har inspirert, utfordra og korrigert oss undervegs. Forskargruppa i Normprosjektet har i løpet av prosjektåra knytt til seg ei rekke medforskarar som har gjort verdifulle analysar av materiale vi har samla inn, og bidratt både med supplerande empiri og nye faglege perspektiv. Det gjeld både masterstudentar, doktorgradskandidatar og forskarar ved universitet og høgskular i heile landet. Resultat frå forskinga deira er trekte inn i boka, og vi er takksame for at dei har bidratt til å utvide prosjektet. Professor Mari Ann Igland har bidratt med analysar av eit utval argumenterande tekstar i boka og fortener særskilt takk. I tillegg har fleire gode kollegaer lese og kommentert det vi har skrive undervegs. Vi takkar for alle gode innspel. Ei stor takk går også til Tekstlaboratoriet ved Universitetet i Oslo, som har tatt hand om mykje av elevtekstmaterialet vårt, digitalisert det og lagt til rette for at andre skal kunne forske vidare. Takk til Kristin Hagen som har leidd dette arbeidet, og til teknikarar og transkribørar. Til sist vil vi takke Høgskulen i Sør-Trøndelag (som undervegs er blitt ein del av NTNU) som hadde tru på prosjektet heilt frå starten av, satsa friskt for at vi skulle få rom til å utvikle ideane våre og følgde opp med raus støtte vidare. Takk til Noregs forskingsråd som såg potensialet i søknaden vår og ga oss solid støtte. Og takk til Universitetsforlaget, ved redaktør Ingrid Ugelvik, som har vist oss både tillit og tolmod undervegs. Trondheim, februar 2021 Synnøve Matre, Randi Solheim, Hildegunn Otnes, Kjell Lars Berge, Lars S. Evensen og Ragnar Thygesen


INNHALD

FORORD............................................................................................................................................................. 5 Kapittel 1 SKRIVEOPPLÆRING OG VURDERING – MOT EI FELLES FORSTÅING........................................................ 10 1.1 Forventningar om skrivekompetanse – føringar for skriveopplæring............................................... 12 1.2 Ei funksjonell og formålsretta skriveopplæring................................................................................ 14 1.3 Om denne boka – ei lesarorientering............................................................................................... 16 Kapittel 2 HVORFOR NORMPROSJEKTET? UTDANNINGSPOLITIKK OG FORSKNINGSBAKGRUNN........................ 22 2.1 Utdanningspolitisk bakgrunn........................................................................................................ 23 2.2 Normprosjektets forankring i nyere norsk skriveforskning............................................................. 28 2.3 Skriving og skriveutvikling: Internasjonal forskning med relevans for Normprosjektet................... 32 2.4 Vurdering av skriving: Internasjonale perspektiver på den norske konteksten............................... 42 Kapittel 3 NORMPROSJEKTETS FORSTÅELSER AV SKRIVING OG VURDERING........................................................ 46 3.1 Normprosjektets skriveteoretiske forankring – og grunnlaget for Skrivehjulet................................. 47 3.2 Skrivehjulet – en modell for skriving som meningsskapende handling............................................ 52 3.3 Normprosjektets vurderingsteoretiske fundament........................................................................... 61 3.4 Normprosjektet som læringsstøttende prosjekt............................................................................... 67 Kapittel 4 FORSKINGSDESIGN OG METODISKE FØRINGAR........................................................................................ 74 4.1 Mål og forskingsspørsmål............................................................................................................... 75 4.2 Fasar i Normprosjektet................................................................................................................... 76 4.3 Design – fase 1: Utvikling av forventningsnormer............................................................................ 76 4.4 Design – fase 2: Skriving og vurdering i ein dialogisk basert intervensjon....................................... 80 4.5 Refleksjonar kring validitet og metodiske utfordringar.................................................................... 97 Kapittel 5 UTVIKLING AV NORMPROSJEKTETS FORVENTNINGSNORMER.............................................................. 100 5.1 Om normbegrepet og læreres normkilder..................................................................................... 101 5.2 Utvikling av forventningsnormer i Normprosjektets tidlige fase..................................................... 102 5.3 Reorganisering, utprøving og etterprøving av forventningsnormene.............................................. 110 5.4 Refleksjoner om forventningsnormene i lys av Skrivehjulets skrivehandlinger............................... 118

7


INNHALD

Kapittel 6 INTERVENSJONEN – SKRIVEHJULET OG FORVENTNINGSNORMENE I BRUK........................................ 122 6.1 Samarbeid og skolering på ulike arenaer...................................................................................... 123 6.2 Skrivehjulet som forståingsramme og utgangspunkt for undervisning........................................... 126 6.3 Skriveoppgåvene.......................................................................................................................... 130 6.4 Forventningsnormene og vurderingsområda som ressurs i skriveopplæringa................................ 135 6.5 Eit grunnlag for felles forståing av skriving: Nokre overordna perspektiv....................................... 140 Kapittel 7 BLE PROSJEKTELEVENE BEDRE SKRIVERE?............................................................................................ 152 7.1 Effektstudien – intervensjonens påvirkning på elevers skriving og skriveferdighetsutvikling.......... 153 7.2 Skriveferdighetsutvikling – mulige påvirkningskilder..................................................................... 174 Kapittel 8 ELEVTEKSTENE – UTVIKLING OG VARIASJON........................................................................................... 184 8.1 Tekster som illustrerer ulike kvalitetsnivåer og skriveutvikling....................................................... 185 8.2 Tekster som representerer ulike skrivehandlinger.......................................................................... 209 Kapittel 9 VURDERINGSPRAKSISAR OG UTVIKLING AV VURDERINGSKOMPETANSE............................................ 264 9.1 Tolkingsfellesskap og vurderingskvalitet....................................................................................... 265 9.2 Vurderingssamtalar mellom lærarar............................................................................................... 267 9.3 Læringsstøttande vurdering i skriveforløpa................................................................................... 280 9.4 Vurderingskompetanse og vurderingssamsvar.............................................................................. 302 9.5 Utvikling og utviklingspotensial – oppsummerande perspektiv..................................................... 306 Kapittel 10 SKRIVEOPPGAVENE – VIKTIGE SPRINGBRETT TIL SKRIVING.................................................................. 312 10.1 Skriveinstruksene: Tydelighet og innramming............................................................................. 314 10.2 Skriveoppgaver: Fag og skrivehandlinger................................................................................... 318 10.3 Funksjonelle dimensjoner i oppgavene....................................................................................... 332 10.4 Iscenesettelse av skriveoppgaver............................................................................................... 339 10.5 Oppsummerende om oppgaver.................................................................................................. 342 Kapittel 11 Å BYGGE SKULEKULTURAR OG SKRIVEKULTURAR.................................................................................. 346 11.1 Dialogiske praksisar – døme frå to skular.................................................................................... 348 11.2 Skuleleiinga og skrivekulturane................................................................................................... 357 11.3 Kva skjedde etter Normprosjektet?............................................................................................. 364 Kapittel 12 OVERORDNA PERSPEKTIV, FUNN OG SKRIVEDIDAKTISKE INNSIKTER.................................................. 370 12.1 Kva har vi oppnådd gjennom Normprosjektet?........................................................................... 371 12.2 Skrivedidaktiske innsikter........................................................................................................... 376 12.3 Elevens epilog............................................................................................................................ 382 Etterord PERSPECTIVES ON THE NORM PROJECT FROM AN «INSIDER-BUT-OUTSIDER».................................. 386 Judy Parr

8


INNHALD

REFERANSAR................................................................................................................................................. 398 STIKKORDREGISTER.................................................................................................................................... 416 Vedlegg 1 PUBLIKASJONAR FRÅ NORMPROSJEKTET – EIT UTVAL.......................................................................... 423 Vedlegg 2 FRAMGANGSMÅTE VED INNSAMLING AV NORMFORSTÅELSER, VÅREN 2010....................................... 427 Vedlegg 3 VURDERINGSSKJEMA FOR UTGANGSDATA............................................................................................... 430


Kapittel 1

SKRIVEOPPLÆRING OG VURDERING – MOT EI FELLES FORSTÅING Aldri noensinne i verdenshistorien har noen, for noe som bare er litt mer innviklet enn enkle ballsituasjoner eller et firehundremetersløp, klart å komme med en fremgangsmåte som kunne læres og følges av forskjellige mennesker, slik at de ville nå fram til samme karakter. Aldri noensinne har de klart å bli enige om en metode for å avgjøre når et måltid, en setning, et skjellsord, en oppdirking, en fedrelandssang, en dansk stil, en skolegård, en frosk eller en samtale er god eller dårlig eller bedre eller dårligere enn en annen. (Peter Høeg, De få utvalgte, 1995, s. 75)


S

kriving er innvikla. Det er eit komplekst kulturfenomen og ein kritisk kompetanse, både i samfunnet, i skulen og for den enkelte. Skrivekompetanse omfattar personlege ytringar og samhandling så vel som eit finstemt samspel mellom kognitive og motoriske prosessar. Såleis blir resultatet av skrivinga, altså tekstane, både avhengig av individet og av samanhengane skrivinga utspeler seg i − ved kjøkenbordet, i klasserommet, eller sett i lys av overordna sosiokulturelle kontekstar. Skrivekompetansen til elevane legg avgjerande føringar for tileigning av kunnskap så vel som vurdering av måloppnåing i dei fleste fag. Dette gjer vurdering av skriving og skriveutvikling til eit viktig felt for lærarar, lærarutdannarar og forskarar. Samtidig gjer kompleksiteten det utfordrande å vinne innsikt og oversikt. Elevane sine tekstar gir innsyn i ulike sider ved språk-, tekst- og skrivekompetansen deira. Men fordi tekstane blir farga av samanhengane dei tar form i, kan ein vanskeleg få eit heilskapleg bilde utan at ein også les dei i lys av omstenda. Denne boka handlar om skriving, skriveopplæring og vurdering av skriving i grunnskulen og presenterer funn og erfaringar frå forskings-

prosjektet Developing National Standards for the Assessment of Writing. A Tool for Teaching and Learning – populært omtalt som Normprosjektet. Her stiller vi spørsmål om kva slags skrivekompetanse ein kan forvente av elevane. Vidare undersøkjer vi om og korleis ei skriveopplæring som tar utgangspunkt i eit felles syn på skriving og eksplisitte forventningar, kan bidra til å utvikle elevane sin skrivekompetanse og styrke lærarane sin vurderingskompetanse. Svar på desse spørsmåla presenterer vi gjennom funn frå ein kvantitativ effektstudie av elevane si skriveutvikling, kvalitative studiar av elevtekstar og skriveoppgåver og ulike studiar av vurderingspraksisar og faglege fellesskap blant lærarane. Funna frå dei ulike studiane ser vi mot eit bakteppe av skule- og profesjonsutvikling. Gjennom prosjektet som heilskap ønskjer vi både å bidra til forskingsfeltet og til at skular og lærarar skal kunne ta eit heilskapleg grep om skriveopplæringa. I dette innleiande kapittelet gjer vi kort greie for bakgrunnen for prosjektet og det synet på skriving og vurdering som ligg til grunn. Avslutningsvis gir vi ei oversikt over den omfangsrike boka og nokre leseråd for ulike interessegrupper.

11


Kapittel 1 Skriveopplæring og vurdering – mot ei felles forståing

1.1 Forventningar om skrivekompetanse – føringar for skriveopplæring Erfarne lærarar har gjerne felles oppfatningar av kva tekstar som er gode eller mindre gode – enten det er erfaringsbasert magekjensle eller komplekse matrisar over måloppnåing som ligg til grunn. Spør vi kva kvalitetar og omsyn som ligg bak vurderingane, kan vi få ulike svar, mellom anna avhengig av personlege preferansar og fagleg bakgrunn. Det finst altså ikkje noko kontekstuavhengig svar på spørsmålet om kva som er ein god tekst. Forsøk med automatisk vurdering av studenttekstar i USA viser til dømes at kriterium som tekstlengd og ordforråd kan indikere kvalitet, men samtidig kan reine «svadatekstar» som er genererte etter slike prinsipp, få høg skår av maskinane som vurderer (Berge, 2019b; Winerip, 2012). Når ein skal vurdere tekstar som er farga av individuelle og sosiale forhold, kjem ein vanskeleg utanom det lesande, tolkande og vurderande mennesket. Samtidig viser både nyare skriveforsking og ar-

beid med skriveprøver her heime at lærarar ofte er ueinige om kvaliteten på elevtekstar, og dei har ikkje nødvendigvis ei felles forståing av kva skriving er for noko, eller kva funksjon skrivinga kan ha i ulike samanhengar. Dei manglar eit tolkingsfellesskap (Berge, 1993). Korleis kan ein då bidra til ei felles forståing av skriving, og felles forventningar om skrivekompetanse? Dette var eitt av utgangspunkta for Normprosjektet, som både undersøkte kva det er rimeleg å forvente av skrivekompetanse på ulike steg i grunnskulen, korleis slike føresetnader kunne danne grunnlag for undervisning og vurdering, og kva effekt dette hadde. Ein viktig premiss for prosjektet er samanhengen mellom skriveopplæring, vurdering og læringsutbyttet til elevane – og at desse forholda er vevde tett saman i skulekvardagen. Slik inviterer Normprosjektet til ei heilskapleg tenking om skriveopplæring, både innanfor og på tvers av fag. Ein underliggande ambisjon for prosjektet – og for denne boka – er å bidra til å styrke både skrivekompetansen til elevane og vurderingskompetansen til lærarane.

Forskingsspørsmåla i Normprosjektet 1. Kva skrivekompetanse er det rimeleg å forvente hos grunnskuleelevar etter fire og sju års opplæring? 2. Kva effekt kan bruk av Skrivehjulet og felles forventningsnormer, som grunnlag for skriveopplæring og vurdering, ha på utvikling av vurderingskompetanse hos lærarane? 3. Kva effekt kan bruk av Skrivehjulet og felles forventningsnormer, som grunnlag for skriveopplæring og vurdering, ha på utviklinga av skrivekompetansen til elevane? («Bruk av Skrivehjulet» viser til det vi her har omtalt som ei felles forståing av skriving. Les meir om denne modellen i kap. 3 og om forskingsspørsmåla og prosjektdesignet i kap. 4.)

12


1.1 Forventningar om skrivekompetanse – føringar for skriveopplæring

Tenkinga om skriveopplæring og vurdering som ligg til grunn for Normprosjektet, er forankra i internasjonale studiar som viser at bruk av spesifiserte kriterium i undervisning og læringsstøttande vurdering kan gi betra læringsresultat i fleire fag – samtidig som det kan bidra til å auke lærarane sin kompetanse (jf. t.d. Doherty & Hilberg, 2007; Parr, Glasswell & Aikman, 2007). Behovet for felles forventningar om skrivekompetanse på ulike trinn i utdanningsløpet var også ei viktig erfaring frå arbeidet med nasjonale skriveprøver, som blei gjennomførte i forkant av innføringa av Kunnskapsløftet (Thygesen et al., 2007; sjå også kap. 2.1). I tilnærminga til dette feltet har forskargruppa i Normprosjektet samarbeidd tett med dei som kjenner skulekvardagen best, nemleg lærarane. Forventningsnormene som prosjektet bygger på, er i stor grad utvikla nedanfrå – i samarbeid mellom erfarne lærarar og forskarar. Denne prosessen omfatta mellom anna tekstsamtalar og intervju der lærarane ytra seg om kva dei såg i elevane sine tekstar, og kva dei forventa, samtidig som dei fekk hjelp til å setje ord på – og dermed synleggjere – erfaringsbasert og gjerne taus kunnskap (Polanyi, 1966; sjå også kap. 4.3). Lærarane sine erfaringar og innspel blei systematiserte i lys av teori om språk og tekst, og dei danna vidare grunnlag for forventningsnormer som blei prøvde ut og justerte i fleire omgangar (sjå kap. 5). Ein slik arbeidsmåte står i kontrast til mange politisk styrte utdanningssatsingar, både nasjonalt og internasjonalt, der kriterium og målformuleringar av ulike slag oftast blir innførte ovanfrå. Normprosjektet kviler såleis på ein grunnleggande tillit til at erfarne lærarar er dei som kjenner skulekvardagen best. Å invitere lærarane inn i prosjektet og lytte til erfa-

ringane deira, gir i utgangspunktet gode vilkår for samarbeid. Gjennom Normprosjektet fekk lærarane også faglege innspel og ressursar som dei – i samarbeid med kollegaer – kunne integrere i eiga undervisning. Slik blei arbeidet forankra på kvar enkelt skule, noko som også var sentralt i den vitskapsteoretiske tenkinga bak prosjektet. Normprosjektet kan karakteriserast som ein intervensjonsstudie kjenneteikna av ei økologisk tilnærming til feltet (Cicourel, 2007; Evensen, 2013a). Det innebar i praksis at lærarane tilpassa intervensjonen til elevane, skrivesituasjonane og skrivekulturane på dei enkelte prosjektskulane. Såleis var det lærarane som realiserte intervensjonen ved å ta prosjektets ressursar i bruk – etter innspel frå og i samarbeid med forskarane. Derfor har vi valt å omtale prosjektet som ein dialogisk intervensjon, eit omgrep som står i motsetnad til meir kontrollerte inngrep i praksis, med påfølgjande evalueringar (meir om dette i kap. 4.4.1). Sjølve intervensjonsarbeidet strekte seg over to skuleår. På prosjektskulane blei det lagt ned eit omfattande arbeid både av forskarar og lærarar med å bygge ei felles forståing av skriving, skriveopplæring og vurdering, mellom anna gjennom kursøkter og samlingar lokalt, regionalt og nasjonalt. Gjennom denne perioden henta forskargruppa inn empiri i form av elevtekstar, vurderingsdata, observasjonar, intervjumateriale og annan informasjon som gjer det mogleg å følgje både elevar og lærarar over tid. Materialet har danna grunnlag for ein stor kvantitativ effektstudie av elevane si skriveutvikling gjennom prosjektperioden og for ei rekke kvalitative studiar av skriveopplæring, tekstar og vurderingssituasjonar. Eit sentralt funn frå prosjektet er ei sterk skriveferdigheitsutvikling blant elevar i alderen 8–10 år, som kan relaterast 13


Kapittel 1 Skriveopplæring og vurdering – mot ei felles forståing

til tilrettelegging og gjennomføring av skriveopplæringa på dei enkelte prosjektskulane (meir om dette i kap. 7). Elles finn vi stor variasjon, både når det gjeld elevane sine skriveferdigheiter og lærarane sin vurderingskompetanse − mellom skular, klasser og enkeltindivid. Vi ser også at tid til planlegging av undervisning og samarbeid om vurdering mellom lærarane på dei enkelte skulane er ein viktig føresetnad for god skriveopplæring og skriveutvikling. Eit grunnlag for Normprosjektet er synet på skriving som formålsretta handling, der skriveopplæringa kan tilpassast ulike elevar, fag- og skrivekulturar, og der læringsstøttande vurdering er inkludert som ein sentral dimensjon. Innfallsvinklane og ressursane som er nytta i prosjektet, og som blir presenterte i denne boka, kan vonleg bidra til utvikling av slik skriveopplæring også på andre skular – og danne grunnlag for vidare forsking på feltet.

1.2 Ei funksjonell og formålsretta skriveopplæring Skriveopplæring handlar om å lære å skrive i kraft av å ta språket i bruk for å skape meining i ulike samanhengar – enten formålet er å forme og formidle ein bodskap eller å nytte skriving som veg til læring. Sidan innføringa av Kunnskapsløftet i 2006 har skriving hatt status som ei grunnleggande ferdigheit i alle fag, og skrivinga si rolle i læring og utvikling blei dermed løfta fram. I dei påfølgjande åra viste likevel fleire studiar at det var utfordrande å implementere denne tenkinga i skulen (Møller, Ottesen & Hertzberg, 2010). Lærarar og elevar var ikkje nødvendigvis vane med å integrere skriving som ledd i arbeidet med andre

14

fag enn norsk, samtidig som norskfaget framleis la sterke føringar for skriveopplæringa. Ein såg også at bruksaspektet ved skrivinga i liten grad blei varetatt, og elevane fekk ikkje nødvendigvis erfare korleis tekstane deira kunne fylle ulike funksjonar (Smidt, 2010). Dei seinare åra har nyare skriveforsking, saman med arbeidet til Skrivesenteret og andre nasjonale senter, bidratt til å utvikle og formidle skrivedidaktikk som gjer det lettare å implementere skriving som grunnleggande ferdigheit gjennom styrking og synleggjering av skrivinga sin funksjon i dei ulike faga, så vel som utanfor skulen. Ein viktig ambisjon med Normprosjektet var å ta skriving på alvor som ein kritisk kompetanse. Normprosjektets forståing av skriving inneber at elevane aktivt skal kunne handle og samhandle med skrift gjennom å bruke språket på tenlege måtar i ulike samanhengar, i og utanfor skulen, for å oppnå ønskte formål. I denne samanhengen talar vi gjerne om eit funksjonelt syn på skriving. Sagt på ein enkel måte dreier det seg om kva ein kan gjere med skrift, og kva ein kan oppnå gjennom skriving i ulike samanhengar. Dette medfører at formålet med skrivinga, som til dømes å kommunisere, dokumentere eller lære, er sentralt. I Normprosjektet har både forskarar og lærarar vore opptatte av korleis skrivarar kan velje å uttrykke seg gjennom ulike skrivehandlingar, og at dei kan tilpasse den skriftelege medieringa til kontekst og mottakarar for lettare å formidle det dei ønskjer. Dette er grunndimensjonane i modellen Skrivehjulet, som blei laga i samband med utviklinga av skriveprøver i 2005, og som vi har arbeidd vidare med innanfor Normprosjektet (sjå nærare omtale i kap. 3). Skrivehjulet er i første rekke ein teoretisk, og ikkje ein empirisk eller didaktisk, modell.


1.2 Ei funksjonell og formålsretta skriveopplæring

Det kan ikkje gi noko fullstendig framstilling av alle former for skriftleg meiningsskaping, men det kan hjelpe oss til å synleggjere ulike aspekt ved skriving og kva funksjonar skriving kan ha i samfunnet. Såleis kan denne modellen også seie noko om kva slags skriving elevane bør bli kjende med i arbeidet med skriving som grunnleggande ferdigheit skulen. Skrivehjulet visualiserer og representerer det synet på skriving som ligg til grunn for Normprosjektet (sjå kap. 3). Modellen har lagt viktige føringar både for elevane si skriving og lærarane si undervisning og vurdering på prosjektskulane, og for innsamlinga av forskingsmateriale. I eit vurderingsteoretisk perspektiv dannar også Skrivehjulet, saman med forventningsnormene, referansepunkt for vurdering. For å kunne gjere gyldige vurderingar som fleire kan einast om, må ein nemleg ha noko å vurdere opp imot. I dette tilfellet dannar forankringa i Skrivehjulet utgangspunktet for felles forståing. Ei av årsakene til at elevtekstar er vanskelege å vurdere, slik vi peikte på innleiingsvis, er nettopp at skriving er ein kompleks aktivitet – og at ulike lærarar, avhengig av bakgrunn og erfaringar, kan legge ulike syn på skriving, språk og tekst til grunn for vurderingane sine. Perspektiva på skriving og vurdering som dannar fundamentet for Normprosjektet, er i samsvar med norsk skulepolitikk. Ifølgje rammeverk for grunnleggande ferdigheiter (Utdanningsdirektoratet, 2012) skal elevane lære å ytre seg forståeleg og på ein hensiktsmessig måte om ulike emne, kommunisere med andre og nytte skriving som reiskap for å utvikle eigne tankar og eiga læring. Dei skal også utvikle skriveferdigheiter som gjer det mogleg for dei å gå inn i ulike skriveroller og

delta aktivt i samfunnslivet. Når det gjeld vurdering, er lærarane gjennom opplæringslova pålagde å gi både sluttvurdering og undervegsvurdering. Saman skal desse vurderingsformene «fremje læring undervegs og uttrykkje kompetansen til eleven» (Forskrift til opplæringslova, 2006, § 3-2). Vidare heiter det at vurderinga skal brukast som ein reiskap i læreprosessen og bidra til at eleven aukar kompetansen sin. Inngangane til vurdering som vi nyttar i Normprosjektet (sjå kap. 3.3), bygger på grunnleggande prinsipp om formativ vurdering. Gjennom ein arbeidsprosess og vurderinga av læringsutbyttet frå denne skal elevane både få informasjon om kva måla er, korleis dei presterer i høve til desse og – ikkje minst – korleis dei kan arbeide vidare på ein hensiktsmessig måte (Hattie & Timperley, 2007, s. 85). Dette inneber at elevane får formative tilbakemeldingar, munnleg eller skriftleg, i alle fasar av skriveprosessen. Slik kan ein sjå vurderinga som ein integrert del av skriveopplæringa. Skrivehjulet og forventningsnormene dannar ikkje berre grunnlag for valide vurderingar. Fordi desse ressursane seier noko om kva skriving er, kva ein kan oppnå gjennom å skrive, og kva ein kan forvente av skrivekompetanse på ulike nivå i skuleverket, kan dei også danne utgangspunkt for planlegging av undervisning, til dømes gjennom design av skriveoppgåver og formulering av kriterium som kan presenterast for og diskuterast med elevane. Såleis er dei eit viktig utgangspunkt for skriveopplæring – og for læringsstøttande vurdering som ein sentral del av denne. Med utgangspunkt i bruken av desse ressursane undersøkjer vi i Normprosjektet om elevane faktisk blei betre skrivarar, og korleis lærarane utvikla vurderingskompetansen sin. Korleis forholda blei lagde til 15


Kapittel 1 Skriveopplæring og vurdering – mot ei felles forståing

rette på prosjektskulane, dannar både grunnlag for arbeidet og forståingsbakgrunn for forskinga. Normprosjektet kan dermed sjåast både som eit forskingsprosjekt og eit skule- og profesjonsutviklingsprosjekt.

1.3 Om denne boka – ei lesarorientering Eit raskt blikk på innhaldslista i denne boka viser at det er eit omfattande prosjekt som blir presentert. Boka rommar mellom anna kapittel om utdanningspolitisk bakgrunn, tidlegare forsking, teoretisk grunnlag, metodiske inngangar og analysar av ulike typar materiale − slik ein forventar når eit forskingsprosjekt skal presenterast. Samtidig har vi lagt vekt på at boka skal gi innsyn i ulike skriveopplærings- og vurderingspraksisar og vise rike døme frå arbeidet i klasseromma og lærarfellesskapa. Ikkje minst vil vi løfte fram elevane si skriving og det store og mangfaldige tekstmaterialet vi har samla inn. I tillegg til dei mange elevtekstane som er presenterte i ulike kapittel, er over 5000 elevtekstar og ei rekke skriveoppgåver frå Normprosjektet gjort tilgjengelege i ein eigen database.1 I boka presenterer vi også aktuelle ressursar om skriveopplæring og vurdering og gir innsyn i erfaringar frå utprøving og bruk av desse i ulike skulekulturar. Slik rettar vi oss mot skular og lærarar som ønskjer å late seg inspirere av Normprosjektets tilnærming til skriving i undervisninga si. Vi vonar å kunne bidra til å omsetje forskingsbasert kunnskap til undervisningspraksisar, både i skule og lærarutdanning.

Boka om Normprosjektet rettar seg altså mot eit breitt publikum av skriveforskarar, lærarutdannarar, lærarstudentar, skuleleiarar og ambisiøse skrivelærarar. Ei slik brei mottakargruppe er i tråd med nyare utdanningspolitiske føringar, mellom anna i stortingsmeldingane om fag og fagfornying og om humaniora (Kunnskapsdepartementet, 2016, 2017), som alle tar til orde for tettare band mellom forsking og skule. At det første kullet av norske grunnskulelærarstudentar no er i gang med ei femårig integrert masterutdanning, aukar også behovet for innsyn i praksisnær utdanningsforsking. Boka kan vonleg gi både metodiske, teoretiske og tematiske inngangar til vidare arbeid. Boka er oppbygd slik at kapitla 1–3 presenterer bakgrunnen for det omfattande forskings- og utviklingsarbeidet som er gjennomført på 20 prosjektskular kringom i landet. Her skisserer vi den utdanningspolitiske konteksten og presenterer tidlegare forsking og teoretisk fundament. Dette kan vere relevant stoff for studentar og forskarar som ønskjer å setje seg nærare inn i norsk skriveforsking og det teoretiske grunnlaget som Normprosjektet bygger på, inkludert tenkinga bak Skrivehjulet. Dei som er interesserte i det metodiske fundamentet for prosjektet, vil ha utbytte av kapittel 4, som gir innsyn i forskingsdesign og metode. Her gjer vi mellom anna greie for den økologiske forankringa i prosjektskulane og for metodiske inngangar til ulike delstudiar i prosjektet. Det første steget i forskingsprosjektet er presentert i kapittel 5. Det er vigd til arbeidet med utvikling av forventningsnormene. Kapittelet gir innsyn

1 Elevtekstbasen er utvikla i samarbeid med Tekstlaboratoriet ved Universitetet i Oslo. Sjå denne lenka for nærare informasjon og innlogging: https://www.hf.uio.no/iln/om/organisasjon/tekstlab/prosjekter/ norm/

16


1.3 Om denne boka – ei lesarorientering

Elevtekstbasen Alle tekstane frå det såkalla intensivmaterialet til Normprosjektet er å finne i eit søkbart korpus lagra hos Tekstlaboratoriet ved Universitetet i Oslo. Korpuset har rike søkemoglegheiter og er laga for å gjere data frå prosjektet tilgjengelege for vidare forsking, utviklingsarbeid og undervisning. Ikkje minst er det mykje relevante data å hente her for bachelor- og masterstudentar i språk- eller fagdidaktikk. Elevtekstbasen

rommar

over

5000

tek-

star, skrivne av elevar på 3. og 4., 6. og 7. trinn i grunnskulen. Tekstane er frå ulike skulefag og representerer ulike

skrivehandlingar

og

-for-

mål. Dei kan danne utgangspunkt for studiar av språkleg og tekstleg kompetanse så vel som studiar av skriveutvikling hos enkeltelever og i grupper. Dersom ein vil studere tekstar frå gitte klassetrinn, eller tekstar som representerer ulike skrivehandlingar, kan ein bruke basen som utgangspunkt for å gjere strategiske tekstutval. Også skriveoppgåvene som elevane fekk i prosjektperioden, er samla i tekstbasen. Desse kan mellom anna kaste lys over skrivekulturar i ulike fag, og viser korleis elevane set ulike typar oppgåver i spel. Elevtekstbasen kan også danne utgangspunkt for meir spesifikke studiar av språklege fenomen. Ein kan til dømes gjere komplekse søk på frasar, forfeltsvariasjon eller ulike typar setningskoplingar. Korpuset kan også danne grunnlag for rettskrivingsstudiar av ulike slag. (www.hf.uio.no/iln/om/organisasjon/tekstlab/prosjekter/norm/)

i korleis lærarar og forskarar arbeidde og samarbeidde i ulike fasar av denne prosessen. Dette kan vere av særleg interesse for lærarutdannarar, men også lærarstudentar og forskarar kan ha utbytte av å lese om korleis høgttenkingssamtalar om elev-

tekstar gav innsyn i kva erfaringar, kompetansar og normkjelder som låg til grunn for lærarane sine vurderingar – og forventningar. Det neste steget i forskingsprosjektet, sjølve intervensjonen, er skildra i kapittel 6. Her gjer vi 17


Kapittel 1 Skriveopplæring og vurdering – mot ei felles forståing

greie for korleis Skrivehjulet og forventningsnormene blei tatt i bruk som utgangspunkt for skriveopplæring og vurdering, og vi får innsyn i arbeidet på skulane. Dette er eit praktisk orientert kapittel som kan vere relevant både for lærarar og lærarstudentar, lærarutdannarar og forskarar. Kapittelet rommar eit rikt utval døme frå arbeidet med oppgåvedesign og tekstvurdering. Vi drøftar også erfaringar frå ulike grupper av lærarar. Siste del av boka, kapitla 7–11, er vigd ulike delstudiar frå prosjektet. Her presenterer vi kontekstualiserte data, analysar og resultat. Undervegs blir desse supplerte, nyanserte og drøfta, både gjennom blikk på enkeltelevar si skriveutvikling og på gode undervisnings- og vurderingspraksisar. For utdjupande dokumentasjon og meir spesifikke analysar viser vi til dei mange forskingsartiklane frå prosjektet og tekniske rapporter (sjå liste over publikasjonar i vedlegg 1). Blei så elevane betre skrivarar av å delta i Normprosjektets intervensjon? Kapittel 7 er eit viktig resultatkapittel som tar utgangspunkt i dette spørsmålet. Her presenterer vi resultata frå dei kvantitative analysane av tekstvurderingar, som viser kva effekt studien har hatt på utviklinga av skrivekompetanse i ulike elevgrupper. Delar av dette kapittelet føreset ein viss kompetanse i og interesse for psykometri og er truleg av størst interesse for masterstudentar og forskarar. Samtidig vil resultata kunne vere av stor interesse for politikarar, skuleeigarar og skuleleiarar. Det omfattande kapittel 8 er vigd elevtekstane. Første del av kapittelet følgjer opp dei kvantitative analysane ved å vise døme frå tekstar som representerer ulike kvalitetsnivå, og som synleggjer skriveutvikling. Andre del er strukturert etter dei seks skrivehandlingane i Skrivehjulet og pre-

18

senterer ulike typar elevtekstar, som vi har møtt med ulike analytiske inngangar. Analyseverktøya spenner frå prosjektets eigne forventningsnormer til tekstlingvistikk og retorikk. Dette kapittelet vil såleis vere av interesse for ei breitt samansett lesargruppe. Kapittel 9 er også eit omfattande kapittel, der lærarane sin vurderingskompetanse er i fokus. Her analyserer vi både vurderingssamtalar og skriftlege tilbakemeldingar på elevtekstar, og vi møter ulike lærarstemmer. Vi gjer også greie for vurderingspraksisar slik dei utspeler seg i klasseromma. Avslutningsvis presenterer vi kvantitative undersøkingar av vurderingssamsvar og lærarane sine eigenvurderingar. Kapittelet som heilskap vil såleis gi både praktisk og perspektiverande innsikt i prosjektet, samtidig som det dannar grunnlag for diskusjon av ulike skrivedidaktiske inngangar. Også dette kapittelet vil kunne vere av interesse for ulike lesarar – frå lærarar til forskarar. Kapittel 10 handlar om skriveoppgåvene som lærarane utvikla med utgangspunkt i Skrivehjulet, og som er forankra i lokale så vel som nasjonale læreplanar. Dette feltet utvikla seg langt på veg til å bli eit eige studieobjekt i Normprosjektet, fordi skriveoppgåvene i så stor grad la føringar for elevane sitt læringsutbytte. Kapittelet rommar mange konkrete og praksisnære døme som vil kunne vere av interesse for lærarar og lærarstudentar frå ulike fag. Tilsvarande gjeld kapittel 11. Her tar vi utgangspunkt i erfaringar frå to skrivekulturar som utmerkte seg positivt gjennom prosjektperioden, og vi søkjer etter suksesskriteria bak den gode skriveferdigheitsutviklinga. Dette kapittelet gir også innsyn i den sentrale rolla leiinga på prosjektskulane spelte i gjennomføringa av intervensjonen, og vi ser nærare på kva erfaringar skulane


1.3 Om denne boka – ei lesarorientering

sat igjen med halvanna år etter at prosjektet formelt blei avslutta. I det avrundande kapittel 12 oppsummerer vi Normprosjektet med utgangspunkt i dei tre forskingsspørsmåla, og vi ser funn og erfaringar mot eit bakteppe av politikk og praksis. Vidare løftar vi fram sentrale skrivedidaktiske innsikter. Her lar vi lærar- og forskarstemmene klinge saman − slik

dei også la grunnlaget for prosjektet frå starten av. Elevstemma kjem også til orde. Heilt til slutt, som etterord, har vi invitert ein av dei internasjonale samarbeidspartnerane våre, Judy Parr frå New Zealand, til å sjå Normprosjektet utanfrå. Vi vonar at desse ulike perspektiva saman kan inspirere aktørar på ulike nivå til å ta nye grep om skriveopplæringa i skulen.



1.3 Om denne boka – ei lesarorientering

KAPITTEL 2

Jente, 3. trinn 21


Kapittel 2

HVORFOR NORMPROSJEKTET? UTDANNINGSPOLITIKK OG FORSKNINGSBAKGRUNN 2.1 2.2 2.3

Utdanningspolitisk bakgrunn........................................................................ 23 Normprosjektets forankring i nyere norsk skriveforskning............................ 28 Skriving og skriveutvikling: Internasjonal forskning med relevans for Normprosjektet....................................................................................... 32 2.3.1 Modeller og forståelser av skriving.................................................... 33 2.3.2 Ulike vurderingsområder................................................................... 38 2.3.3 Mestringsnivåbeskrivelser og skriveutvikling..................................... 39 2.4 Vurdering av skriving: Internasjonale perspektiver på den norske konteksten................................................................................. 42


I

dette kapitlet gjør vi rede for hvordan Normprosjektet svarer på utfordringer fra en ny og radikalt endret utdanningspolitikk på 2000-tallet. Både nasjonalt og internasjonalt blir skriving definert og omtalt som en kritisk kompetanse for læring i og på tvers av alle fag (Rychen & Salgalik, 2001; Utdannings- og forskningsdep., 2004; Udir, 2006). Skrivekompetanse forstås her både som fagovergripende og fagspesifikk. Samtidig inngår vurdering som et viktig redskap i skriveopplæringen. Kapitlet presenterer videre innsikter fra norsk og internasjonal skriveforskning som har inspirert og forankret planleggingen og gjennomføringen av Normprosjektet. Ulike modeller og forståelser av skriving blir diskutert og relatert til implikasjoner for nye måter å vurdere skriving på, tilpasset formativ og summativ vurdering av elevers skriving og skriveutvikling.

2.1 Utdanningspolitisk bakgrunn Det å sette unge mennesker i stand til å skrive, og dermed kunne bruke skriftspråk til å skape selvstendige ytringer i ulike situasjoner, har helt si-

den 1700- og 1800-tallets skolereformer vært ett av skolens viktigste læringsoppdrag (Aase, 2002; Berge, 2019b; Berge, 2020). Lærere som underviser i de første skoleårene, er gjerne både skrive-, lese- og regnelærere. Men fra og med mellomtrinnet har det tradisjonelt vært norsklærernes oppgave å legge til rette for elevenes skriveutvikling, og slik videreutvikle elevenes skrivekompetanse gjennom skoleårene. Med Stortingets vedtak om å innføre læreplanverket Kunnskapsløftet i 2006 (LK06) ble denne situasjonen endret. Skriving skulle nå legges til grunn for undervisning og læring i skolen, både som en grunnleggende ferdighet i alle fag og som en fagovergripende kompetanse. Dermed ble det å undervise i skriving regnet som alle læreres ansvar på alle trinn, uansett hva slags fagutdanning og faglig forankring læreren hadde.1 Sammenliknet med hvordan læreplaner vanligvis har vært hjemlet og bygd opp, både i Norge og internasjonalt, var denne måten å forstå læring og undervisning på radikal (Berge, 2007a). Få andre – om noen – land hadde gjennomført en tilsvarende reform. Ideen om å definere skriving som grunnleg-

1 Norskfaget, og dermed norsklærerne, hadde likevel et overordnet ansvar for skriveopplæringen.

23


Kapittel 2 Hvorfor Normprosjektet? Utdanningspolitikk og forskningsbakgrunn

gende for læring i og på tvers av alle skolefag stammer hovedsakelig fra OECDs2 arbeid med å fastsette kjernekompetanser («key competencies») for utdanning i det etterindustrielle kunnskapssamfunnet. I dette arbeidet, som ble utført gjennom programmet «Definition and Selection of Competencies» (DeSeCo), ble det å kunne bruke meningsskapende eller semiotiske redskaper i samhandling regnet som en av tre konstituerende egenskaper ved kjernekompetanse-begrepet (Rychen & Salgalik, 2001). Kompetanse i å skape tekster, formidlet gjennom skrift (i vid multimodal forstand), ble regnet som sentralt danningsarbeid på alle utdanningsnivå, og det å kunne skrive ble i DeSeCo-prosjektet regnet som en av få kritiske kompetanser for kompleks læring i et utfordrende og dynamisk kunnskapssamfunn. Skriving ble også regnet som en kritisk kompetanse for livslang læring på arbeidsplassene og for demokratisk samfunnsdeltakelse og medborgerskap. Følgelig er den faglig relevante forståelsen av skriving som grunnleggende ferdighet i den norske skolen at god skrivekompetanse er et vilkår for en rik forståelse av og innsikt i de temaene eller det kunnskapsfeltet man skriver om, hvilken sammenheng man skriver seg inn i, og hva man ønsker å oppnå med skrivingen. God skrivekompetanse innebærer selvsagt også å kunne gi teksten tekstlig og språklig form, tilpasset tema, kontekst og formål.3 I prosessen som ledet fram til Kunnskapsløftet i 2006, var det stor interesse for at noen av disse

ferdighetene skulle testes i en internasjonal sammenheng. I kjølvannet av DeSeCo utviklet OECD et eget organ, det såkalte PISA-programmet4, som bl.a. skulle teste lesing, regning og digitale ferdigheter komparativt i ulike land. Resultatene fra PISAs internasjonale leseundersøkelse vakte i 2003 stor politisk oppmerksomhet her hjemme. Undersøkelsen av norske elevers leseferdigheter som ble publisert det året, viste at Norge lå litt over OECDs gjennomsnitt, men under land som Finland, Sverige og New Zealand. Offentliggjøringen av disse resultatene ble gjenstand for medienes interesse og bidro til å endre hjemlene for norsk kunnskaps- og skolepolitikk. Det var tverrpolitisk enighet om at et slikt nivå ikke kunne aksepteres, dersom Norge skulle opprettholde og videreutvikle sin posisjon som kunnskapsnasjon. Slik bidro PISA-undersøkelsen til at innføringen av grunnleggende ferdigheter som grunnlag for læring i alle fag ble vedtatt enstemmig i Stortinget i 2006. En annen radikal endring av norsk skole som ble innført med LK06, var innføringen av det som ble kalt et nasjonalt kvalitetsvurderingssystem for grunnskolen, vanligvis forkortet til NKVS. Dette omfattet både informasjon om resultater på nasjonale prøver og kartleggingsprøver, eksamensresultater, internasjonale tester, brukerundersøkelser m.m., som skulle samles og gjøres offentlig til bruk for samfunnet (Bloemeke & Olsen, 2018). Målrettet vurdering ble innarbeidet i læreplanen på en måte som det ikke hadde vært tradisjon for tidli-

2 OECD er en forkortelse for Organisation for Economic Co-operation and Development. Det finnes riktig nok andre kilder til ideen om grunnleggende ferdigheter eller kompetanser, men for arbeidet som ledet fram til Kunnskapsløftet, var det OECDs arbeid som var viktigst. 3 For en presentasjon av hvordan skriving ble forstått som grunnleggende ferdighet i LK06, se Berge 2007a. Som kritisk kompetanse må skriving også forstås som redskap for dybdelæring i prosessen fram mot neste læreplanreform, den såkalte Fagfornyelsen i 2020. 4 PISA er en forkortelse for Programme for International Student Assessment.

24



klaff: 150 mm

bakside: 216 mm + 2 mm formering mot klaffen

korleis kan ei felles forståing av skriving og tydelege forventningar om skrivekompetanse gi betre skriveopplæring? Og korleis kan ein utnytte læringspotensialet som ligg i skriving i ulike fag og samanhengar? I fleire år har forskarar følgt ei stor gruppe lærarar og elevar i arbeidet deira med skriving og vurdering. Funna er interessante og oppsiktsvekkande. Denne boka presenterer bakgrunnen for det lands­omfattande Norm­ prosjektet, gjennomføringa, funn og erfaringar.

Projektet bidrar med ett för lärare gripbart och relevant metaspråk som sätter många olika aspekter av texter i förgrunden. caroline liberg, professor ved uppsala universitet

høyde: 226 mm

Boka inneheld også praktiske ressursar for skriveopplæring og tekstvurdering og presenterer erfaringar med å ta desse i bruk. Lærar- og elevstemmer kling saman med forskarstemmene gjennom heile boka, mellom anna i form av skriveoppdrag, elev­tekstar frå ulike fag og samtalar om tekstar. Slik vender boka seg til ei brei lesargruppe: skriveforskarar, lærarutdannarar, skuleleiarar, utviklingsorienterte lærarar og ikkje minst lærarstudentar. Forskarane som har designa og gjennomført prosjektet, har i felles­skap forfatta boka, og redaktørane har skrive det heile saman. I etterordet set Judy Parr frå New Zealand prosjektet inn i ein internasjonal kontekst. There has been an ongoing call to examine writing instruction and to work to identify how best to support the development of writing. The NORM project contributes significantly to this call. judy parr, professor ved university of auckland, new zealand

Trykklart omslag skriveopplaering.indd 1

omslag av stian hole

is bn 9 78-82 -15- 0 2 870 -5

MATRE, SOLHEIM, OTNES (RED.) NYE GREP OM SKRIVEOPPLÆRINGA

Normprojektet er et dristigt, originalt og imponerende bidrag til nordisk skriveforskning. ellen krogh, professor ved syddansk universitet

rygg: 21,2 mm

forside: 216 mm + 2 mm formering mot klaffen

SYNNØVE MATRE

RANDI SOLHEIM HILDEGUNN OTNES (RED.)

klaff: 150 mm

synnøve matre er professor i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning, NTNU. Ho har vore leiar for Normprosjektet.

KJELL LARS BERGE

randi solheim er professor i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning, NTNU. Ho har vore nestleiar for Normprosjektet.

LARS SIGFRED EVENSEN RAGNAR THYGESEN

hildegunn otnes er professor i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning, NTNU.

NYE GREP OM SKRIVEOPPLÆRINGA

kjell lars berge er professor i tekstvitskap ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo. lars sigfred evensen er professor emeritus i anvend språkvitskap ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, NTNU. ragnar thygesen er professor emeritus i spesialpedagogikk ved Institutt for pedagogikk, Universitetet i Agder.

FORSKINGSFUNN OG PRAKSISERFARINGAR

01.02.2021 15:27


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.