Dei private aktørane er ikkje fullt ut underlagte offentleg styring, sam stundes er dei avhengige av kommunal godkjenning og finansiering. Sektoren har sterke innslag av nettverksstyring, der aktørane har stor fridom i utforminga av tilbodet og i korleis dei vil samarbeida med andre. Denne boka er eit bidrag til innsikt i korleis styringsstrukturen i sektoren fungerer, med vekt på eigarane og korleis dei verkar inn på barne hagetilbodet. Boka gjer bruk av empiri frå to prosjekt finansiert av Norges forsknings råd, SOL-prosjektet (Styring, organisering og leiing i barnehagesekto ren) og Læring for leiing-prosjektet (intervju- og spørjeskjemadata). Boka er aktuell for leiarar på ulike nivå i barnehagesektoren, for forsk arar og for studentar på fordjupingsnivå. Foto: Mariell Tverrå Løkås
ISBN 978-82-15-02826-2
Kjetil Børhaug er professor ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap, Universitetet i Bergen. Han har arbeidd med samfunnsfagtema i lærerutdanning sidan 1994.
Kjetil Børhaug Barnehageeigarar mellom stat, marknad og sivilsamfunn
Den norske barnehagesektoren er kjenneteikna av at kommunale og ei rad ulike private aktørar driv barnehagar. Somme av dei er svært store og ressurssterke, medan andre er nokså små. Er dei også ulike når det gjeld tilnærminga dei har til barnehageverksemd? Har dei ulike verdi grunnlag, vektleggingar, konkurransetilnærmingar eller syn på korleis barnehagen skal knytast til oppvekstfeltet elles? Legg dei ulike orga nisatoriske rammevilkår for profesjonell autonomi og fagleg utvikling?
Kjetil Børhaug
BARNEHAGEEIGARAR MELLOM STAT, MARKNAD OG SIVILSAMFUNN