Norsk presses historie 1660-2010 - Norske aviser fra A til Å

Page 17

Figur 3

Gjennomsnittsfrekvens av aviser 1–7 utgåver per veke

3,0

2,5

2,80 (1830)

2,37 (1850)

3,65 (1920)

2,0

1830

3,88 (1970)

4,0

3,23

(2007) 3,5

3,0

2,5

2,0

2007

leggast til at mange aviser ikkje dreiv etter alminnelege marknadsøkonomiske mål om overskot. Mang ein redaktør har måtte tåle lita løn og lange arbeidsdagar for å få ut aviser som fyrst og fremst skulle tene ei sak. Uansett kva motivasjonen for avisdrift var, eit visst publikum måtte avisene ha. Under folketeljinga i 1875 registrerte ein 24 000 finnmarkingar, og fylket var utan tvil det mest grisgrendte, med berre 1,3 prosent av folkesetnaden i landet. Den fyrste varige avisetableringa i Finnmark kom så seint som i 1866, i Hammerfest. Likevel var det Sogn og Fjordane som var det siste fylket som fekk avisdrift (1874), sjølv om folkesetnaden i gamle Nordre Bergenhus Amt den gongen var forholdsvis stor. Ein måte for å sjå korleis aviser har spreidd seg til kvar ein avkrok av landet, er å vurdere talet på aviser i høve til folketalet per fylke. I 1875 budde det faktisk fleire i Sogn og Fjordane enn i Vestfold. Sogn og Fjordane hadde ikkje byar og berre to aviser, medan Vestfold med sine man-

ge byar hadde ni aviser. Sidan er Sogn og Fjordane blitt eit fylke der avisene ligg tett, medan vestfoldingane har fått relativt færre aviser å velje mellom. Figur 2 (s. 15) viser at aviser framleis var lite utbreitt i fleire delar av landet i 1875, særleg i Sogn og Fjordane, Nordland og Oppland. I 1930 var talet på aviser blitt høgt, og fordelinga utover landet langt jamnare. Fram mot 1990 har folketalet auka, særleg langs Oslofjorden, samstundes har avistalet gått ned. I høve til folketalet var talet på aviser om lag tilbake på 1875-nivå.

375 avisbiografiar Sidan den spede starten på 1700-talet har det eksistert bortimot 2000 aviser her til lands. Nokon kan i dag vise til hundreårige tradisjonar, medan mange måtte gje seg allereie etter få nummer. Det ville sprenge alle grenser å gje ein omtale av alle desse avisene, så difor har vi i dette bandet av Norsk presses historie sett ei nedre grense på minst 25 års

16

0001 100011 BM Norsk presse 1763-2010 Bind 4 100101.indd 16

03.03.10 14.31


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.