Universitetet i Bergen

Bergen, NO

Universitetet i Bergen (UiB) er eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet. Fagleg mangfold og høg kvalitet er for oss grunnleggjande verdiar, og våre prioriteringar er ein del av eit nasjonalt ansvar for utvikling av fagområda: grunnforsking, forskarutdanning og forskingsbasert utdanning. Vi er stolte av å kunne seie at UiB er det universitetet i Noreg som er mest sitert i vitskapelege tidsskrift. Det er sju fakultet ved UiB, og ca. 18 000 studentar. Vi har om lag 4 100 tilsette og desse kjem frå 88 ulike nasjonar. Universitetet i Bergen sine tre satsningsområde er klima og energiomstilling, marin forsking og globale samfunnsutfordringar.

http://www.uib.no