Studiestart masterprogram

Page 1

STUDIESTART

MASTERPROGRAM UNIVERSITETET I BERGEN


Velkomen Velkomen til Universitetet i Bergen. Vi er glade for at du har valt å studere hos oss! Dette informasjonsheftet fortel deg om ein del av dei praktiske gjeremåla du må gjennom den første tida som student. Vi håpar vi kan gi deg ein god start på studia ved UiB på ein praktisk, sosial og fagleg måte.

Lykke til!


INNHALD

1. Dette bør du gjere før studiestart

4

2. Dette må du gjere ved studiestart

6

3. Studiestart

8

Studenttorg i Studentsenteret . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 8 Offisiell opning av det akademiske året. . . . . . . . . . . . . . . 8

4. Informasjons- og rettleiingstenester

10

Informasjonssentera på fakulteta. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 10 Mi side . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 11 UiB og meg. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 11 Uib.no. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 11 Student-e-post . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 11 Har du behov for tilrettelegging?. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 11

5. IKT-tenester

13

Lagringsområde . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 13 Trådlaust Internett. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 13 Utskrift, kopiering og skanning. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 13 Læringsstøtte. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 14 Pc-stover . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 14 Få hjelp. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 14

6. Faglitteratur

15

Universitetsbiblioteket. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 15 Fakultetsbiblioteka . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 16 Fagbokhandel. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 16

7. Studentvelferd

17

Studentsamskipnaden i Bergen. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 17 Studentprestane. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 18 Utdanning i Bergen. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 18


1. DETTE BØR DU GJERE FØR STUDIESTART Før du byrjar å studere hos oss er det ein del gjeremål du må gjennom. Vi har her laga ei liste med dei viktigaste.

1. Søk om bustad SiB har over 4000 hybeleiningar med ulike fasilitetar. Dei har ein bustad for deg anten du ønsker å bu aleine, dele kjøkken, dele bad, bu med eller utan barn eller bu i kollektiv. Søk om bustad via sib.no/bolig.

2. Logg deg på Studentweb Gå til studentweb.uib.no. Her loggar du deg på med fødselsnummer og pin-kode. Om du ikkje har pin-kode frå tidlegare, kan du på Studenweb legge inn fødselsnummeret ditt, og be om å få tilsendt koden på e-post. Noter deg den tilsende pin-koden og hent ut studentnummeret frå Studentweb. Hugs pin-koden din!

3. Betal semesteravgifta Alle som skal studere ved UiB må betale semesteravgift til Studentsamskipnaden i Bergen (SiB). Betalingsinformasjonen finn du på Studentweb. Vel ’Betaling’ for å få fram nødvendig betalingsinformasjon som KID, kontonummer og beløp, og betal avgifta. Frist: Vi rår deg til å betale så tidleg som mogleg, og helst før studiestart, for å unngå forseinking. Siste frist er 1. september og 1. februar.

4. Søk om lån og stipend Dersom du ønsker studiestøtte, må du søke om dette. Du må ha betalt semesteravgifta og stadfesta utdanningsplanen for å få utbetalt støtta, men det kan likevel vere lurt å søke i god tid. Du finn meir informasjon på lanekassen.no

4



2. DETTE MÅ DU GJERE VED STUDIESTART Når du kjem til oss, må du og gjennom ein del gjeremål. Desse kan du få hjelp til av tilsette ved UiB.

1. Stadfest utdanningsplanen din Logg inn på studentweb.uib.no. Her skal du: • melde deg til undervisning og vurdering (eksamen) • stadfeste at utdanningsplanen din er riktig for dette semesteret • registrere adressa di • velje kva semesterkvittering du ønsker (sjå punkt 4) Frist: 1. september og 1. februar

2. Opprett brukarkonto Om du ikkje alt har ein brukarkonto på UiB, må du opprette ein. Denne gir deg tilgang til UiB sine IT-tenester. Det gjer du ved å gå inn på sebra.uib.no og følge instruksjonane der. For å opprette brukarkonto treng du • fødselsnummer • studentnummer (frå Studentweb) • Pin-koden (frå Studentweb) Brukarkontoen gir deg • tilgang til studentportalen Mi side • eiga e-postadresse • tilgang til pc-stover • utskrift, skanning og kopiering • tilgang til UiB sitt nett frå eigen datamaskin, smarttelefon o.l. • personleg lagringsområde på nett, med tryggleikskopiering Merk at det kan ta inntil éin time frå du har stadfesta utdanningsplanen din til du kan opprette brukarkonto.

6


3. Skaff deg studentkort Alle studentar må ha eit studentkort. Studentkortet fungerer som • identitetskort • nøkkelkort • lånekort ved Universitetsbiblioteket • inngangskort til SiB sine treningssenter (mot avgift) • betalingskort ved utskrift og kopiering Du må ha stadfesta utdanningsplanen og oppretta brukarkonto seinast dagen før du kan hente kortet. Om du ikkje alt har eit studentkort, kan du ta bilete og hente kortet på Kortsenteret på Studentsenteret. Merk at du må vise gyldig legitimasjon ved fotografering. Kortsenteret har utvida opningstider i veke 33–35, frå kl. 09.00–15.00.

4. Gjer studentkortet gyldig For at studentkortet ditt skal være gyldig, må du kunne bevise at du har betalt semesteravgifta for inneverande semester. Dette kan du gjere på to ulike måtar. Når du registrerer deg i Studentweb, vel du kva for ein metode du ønsker å nytte. 1. Last ned applikasjonen ’Studentbevis’ frå Google play eller App store. Du må ha fullført semesterregistreringa på Studentweb og ha betalt semesteravgifta for det inneverande semesteret for å kunne ta appen i bruk. Merk at det kan ta tre-fem dagar frå du har betalt semesteravgifta, til ho blir registrert på Studentweb. 2. Få tilsendt ei semesterkvittering i posten. Det er viktig at du registrerer adressa di i Studentweb og sørger for at du har namn på postkassa di. På semesterkvitteringa finn du også studentnummeret ditt som du vil få bruk for i mange samanhengar som student. Med denne kvitteringa følger også ein oblat som du kan lime på studentkortet. Denne oblaten vil òg gjere studentkortet ditt gyldig. På nettsida ’UiB og meg’ (uib.no/studentinfo) finn du informasjon om kva du skal gjere om du ikkje har fått semesterkortet innan ti dagar etter at du har betalt semesteravgifta og stadfesta utdanningsplanen. Kortsenteret kan ikkje hjelpe deg med dette. 7


3. STUDIESTART På hausten er studiestart ved UiB normalt i veke 33. Sjekk med fakultetet ditt når oppstart er for ditt studieprogram. I studiestartveka kjem det mange nye studentar til byen. Det er mykje som skjer både praktisk, sosialt og fagleg.

Studenttorg i Studentsenteret Tysdag i veke 33 kan du møte rundt 100 studentorganisasjonar – alt frå politiske og idealistiske organisasjonar til kor, idrettslag og studentmedia på stand i Studentsenteret. Her har du ein eineståande sjanse til å finne ut kva du vil drive med på fritida. Ikkje nøl med å ta kontakt! For meir informasjon og oppdaterte detaljar, sjå uib.no/utdanning når det nærmar seg.

8

Offisiell opning av det akademiske året Tysdag i veke 33 kan du saman med alle dei andre nye studentane møte rektor Dag Rune Olsen, i tillegg til mange andre inviterte gjester. Det blir musikkinnslag, og vi vil overraske med gjestetale. For meir informasjon og oppdaterte detaljar, sjå uib.no/utdanning når det nærmar seg.



4. INFORMASJONS- OG RETTLEIINGSTENESTER Informasjonssentera på fakulteta

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

Informasjonssentera gir • generell informasjon og studierettleiing • reservasjon av samtaletid med studierettleiar • hjelp til bruk av Mi Side og Studentweb • rettleiing ved utfylling av søknadsskjema

Det medisinsk-odontologiske fakultet

Adresse: Realfagbygget, Allégaten 41 (i under­-etasjen) Opningstid: 09.00–15.00 E-post: studierettleiar@mnfa.uib.no Rettleiingstelefon: 55 58 30 30

Adresse: Sydnesplassen 9 (1. et.) Opningstider: 09.00–15.00 E-post: studierettleiar@hf.uib.no Telefon: 55 58 93 70

Adresse: Armauer Hansens hus, Haukelandsveien 28 (1. et) Opningstid: 12.00–14.00 (10. aug. – 1. sep. 10.00-15.00) E-post: info@mofa.uib.no Telefon: 55 58 64 00 (i opningstida)

Det juridiske fakultet

Det psykologiske fakultet

Det humanistiske fakultet

Adresse: Jus-bygget (6. et.) Magnus Lagabøtes plass 1 Opningstid: måndag–torsdag 09.00–14.00 E-post: studierettleiar@jurfa.uib.no Telefon: 55 58 95 00 (i opningstida)

Adresse: Christies gate 13 Opningstid: 09.30–14.30 E-post: studierettleiar.psyfa@uib.no Telefon: 55 58 27 10 (i opningstida)

Det samfunnsvitskaplege fakultet Adresse: SV-bygget (3. et.), Lauritz Meltzers hus, Fosswinckels gate 6 Opningstid: 10.00–15.00 E-post: studierettleiar@svfa.uib.no Telefon: 55 58 98 50

10


Mi side Miside.uib.no er ei personleg nettside med samla tilgang til kalender med timeplaninformasjon, pensum, emneinformasjon, meldingsteneste, personleg fillager og diskusjonsgrupper. Mykje av den faglege og administrative informasjonen blir formidla via Mi Side, og UiB forventar at du tek denne tenesta i bruk.

UiB og meg På nettsida ’UiB og meg’ (uib.no/ studentinfo) finn du informasjon og skjema som du har bruk for som student. Har du til dømes spørsmål om betaling av semesteravgift, semesterkort, studentkort, karakterutskrift eller tilrettelegging til eksamen, så er ’UiB og meg’ ein lur stad å leite.

Uib.no På nettsida uib.no/utdanning finn du blant anna oversikter over fagtilbod, studieplanar, delstudium i utlandet og rettleiings- og velferdstenester. Fakulteta har òg eigne nettsider med informasjon.

Student-e-post

e-postadressa UiB bruker for å sende ut e-post til deg personleg. På webmail (webmail.uib.no) kan du lese og sende e-post. Webmail har god lagringskapasitet i tillegg til spam- og viruskontroll. Ein del av e-posten du får frå UiB, inneheld store vedlegg med førelesingsnotat, tekstar og artiklar osv. Hugs å lese e-posten din dagleg!

Har du behov for tilrettelegging? Vi legg studia til rette for deg med nedsatt funksjonsevne og tilbyr • rådgiving og behovsutgreiing • tilrettelegging av eksamen og i studiesituasjonen • informasjon og rettleiing om andre aktuelle tenester (hjelpemiddel, bustad osv.) Det er du som veit best kva slags tilrettelegging du har behov for. Ta difor kontakt med oss så tidleg som råd i semesteret, slik at vi har størst sjanse til å finne gode løysingar saman med deg. Sjå uib.no/utdanning for meir informasjon.

Når du har oppretta ein brukarkonto, får du automatisk e-postadresse, vanlegvis namn. etternamn@student.uib.no. Det er denne

11



5. IKT-TENESTER Når du har oppretta brukarkonto, får du tilgang til tenester som ditt eige lagringsområde, trådlaust Internett og utskrift.

Lagringsområde Frå UiB sine pc-ar har du automatisk tilgang til lagringsområdet ditt. Du bør bruke dette området til å lagre dokument og filer. Du kan òg bruke dette området frå din eigen pc. Korleis du gjer dette, finn du på ’UiB og meg’ (uib.no/studentinfo).

Trådlaust Internett På universitetet har vi eit trådlaust nettverk kalla Eduroam. Eduroam finn du i alle studentareal ved UiB, ved andre lærestader i inn- og utland, og på norske flyplassar. Bruk UiB-kontoen din til å logge på Eduroam. Les meir under ’UiB og meg’.

Utskrift, kopiering og skanning Over heile campus er det utplassert skrivarar du som student kan bruke. Pullprint er ei betalingsbasert teneste der du betaler for kvar kopi eller utskrift. Det er gratis å skanne sider og få dei sende som ei fil til student-e-postadressa di. For å få tilgang til Pullprint må du ha gyldig studentkort. For å skrive ut eller kopiere må du først fylle pengar på utskriftskontoen via ei webteneste (payprint.uib.no) der du kan betale med kredittkort (Visa/Mastercard). Du kan òg skrive ut frå eiga datamaskin. Ver merksam på at det kan ta opptil ei veke før du kan ta tenesta i bruk, avhengig av kor raskt du klarer å opprette brukarkonto og skaffe deg studentkort. Les meir på nettsida ’UiB og meg’.

Om du bur i ein av studentbustadene til Studentsamskipnaden i Bergen, har du gratis oppkopling til Internett. Sjå sib.no/no/ bolig/beboer/internet for meir informasjon.

13


Læringsstøtte

Få hjelp

Dersom du bruker UiB-maskiner, eller koplar deg opp mot UiB med di eiga maskin, så får du tilgang til mange tenester som berre er tilgjengelege for deg som UiB-student.

På nettsida ’UiB og meg’ (uib.no/ studentinfo) finn du oversikt over pc-stover, brukarrettleiing for oppkopling av eigen pc, oversikt over tilrådd utstyr og annan nyttig brukarinformasjon.

Eit døme er retriever.no der ein kan søke i artiklar i norske aviser eller digitale bibliotek. Sjå uib.no/ub for meir informasjon.

Pc-stover Pc-stover er arbeidsplassar for studentar. Her finn du maskiner drifta av UiB. Ved pålogging med brukarkonto får du tilgang til ditt eige lagringsområde. For å kome inn på pc-stover og lesesalar med pc-ar må du bruke studentkortet og pin-koden din. Alle fakulteta har eigne pc-stover og plassar for oppkopling av eigen pc. I tillegg kan du nytte deg av tenestene ved læringssentera til Universitetsbiblioteket.

14

IT-avdelinga er også på Facebook. Her kan du få driftsmeldingar og annan informasjon (facebook.com/itavduib). Vi har dessutan IT-assistentar som kan hjelpe deg med å kople til trådlaust nett, skrivar og andre tenester frå UiB, rettleie ved installasjon av virusvern o.l. IT-assistentane gir ikkje generell brukarstøtte på private maskiner.


6. FAGLITTERATUR Universitetsbiblioteket Universitetsbiblioteket (UB) er eit moderne læringssenter og ein del av det faglege og pedagogiske tilbodet ved UiB. UB har bibliotekavdelingar ved alle fakulteta. Biblioteket tilbyr • arbeidsplassar med Internett • tilgang til store boksamlingar • tilgang til elektroniske tidsskrift, oppslagsverk og annan faglitteratur på nettet • kurs og rettleiing i informasjonssøking og støtte til oppgåveskriving • Chat med en bibliotekar på uib.no/ub. Chatten er open frå kl. 10–15 måndag til fredag i semestea.

Spesialsamlingane våre inkluderer store biletsamlingar, manuskript, diplom, kart, antikvariske boksamlingar og aviser, og fleire foto- og dokumentarkiv er tekne inn i UNESCOs kulturarvregister. Her får du tilgang til unike historiske arkiv og rettleiing i bruk av fotografi som kjelde. Studentkortet ditt fungerer òg som lånekort ved UB. Bruk det aktivt! Du er velkomen som brukar ved biblioteket. Du finn meir informasjon på nettsida våre, uib.no/ub.

Det meste av det som finst av både trykt og elektronisk materiale ved biblioteket, kan du søkje fram via UB sin elektroniske katalog.

15


Fakultetsbiblioteka Bibliotek for humaniora Adresse: Haakon Sheteligs plass 7 Opningstid i semesteret: Måndag–torsdag: 08.30–20.00 Fredag: 08.30-19.00 Laurdag: 10.00-16.00 ubbhf@ub.uib.no, +47 55 58 25 18

Bibliotek for juridiske fag Adresse: Magnus Lagabøtes plass 1 Opningstid i semesteret: Måndag–onsdag + fredag: 08.30–19.00 Torsdag: 09.00–19.00 ubbjur@ub.uib.no, +47 55 58 95 95

Bibliotek for realfag Adresse: Johannes Bruns gate 12 Opningstid i semesteret: Måndag–fredag: 08.00–19.00 Tysdag: 09.00–19.00 ubbrb@ub.uib.no, +47 55 58 48 10

Bibliotek for psykologi, utdanning og helse Adresse: Christies gate 12 Opningstider i semesteret: måndag–fredag: 08.30–19.00 ubbps@ub.uib.no, +47 55 58 24 52

16

Bibliotek for samfunnsvitskap og musikk Adresse: Fosswinckels gt. 14 Opningstid i semesteret: Måndag–fredag: 08.30–19.00 ubbsv@ub.uib.no, +47 55 58 32 61

Bibliotek for medisinske og odontologiske fag Adresse: Jonas Lies vei 91 Opningstid i semesteret: Måndag–fredag: 08.30–19.00 ubbps@ub.uib.no, +47 55 58 66 77

Fagbokhandel Akademika er ein fagbokhandel der du finn pensumbøker og alt du treng til studia. Akademika sitt hovudutsal er på Studentsenteret.


7. STUDENTVELFERD Studentsamskipnaden i Bergen Studentlivet er meir enn studia, difor finst Studentsamskipnaden. Når du har betalt semesteravgifta til SiB, kan du nytte alle SiB sine tilbod. SiB vil at du skal ha det godt som student i Bergen! På Studentsenteret har vi samla dei fleste av SiB sine tilbod under eitt tak:

SiB Rådgiving Her får du individuelle råd og rettleiingstimar, og tilbod om ei rekkje spennande og nyttige kurs i blant anna eksamensmeistring, å ta ordet eller stressmeistring, heilt gratis. Ta kontakt på radgivning@sib.no.

SiB Psykiske Helseteneste (SPH) Gratis psykologtilbod til studentar. Kort ventetid. Besøk oss på Studentsenteret, eller bestill time på telefon 55 54 51 45.

Refusjon av legeutgifter SiB refunderer helseutgiftene dine når dei overstig 550 kr i løpet av eit år. Dersom du har utgifter til lege, fysioterapeut, transport

eller tannskadar, kan du gå til sib.no/helse der du finn søknadsskjema og informasjon om kvar du får pengane tilbake.

Legene på Høyden og 7 Fjell Legesenter Studentane i Bergen har to eigne legetilbod. Tenestene er fastlegetilbod, men tilbyr også akuttimar for studentar som ikkje har fastlegen sin i Bergen. Sjå sib.no/no/helse/ lege for meir informasjon.

SiB Tannlege Studentane har ei eiga tannhelseteneste på Årstad og på Danmarks plass. Her får du tannundersøkingar og tannbehandling til rimelege prisar. Telefon: 55 20 64 58/59.

Helsestasjon SiB og Engen Helsestasjon samarbeider om å gi eit gratis helsetilbod med fokus på studentar si seksuelle helse. På Engen Helsestasjon får du gratis reseptar og kondom, test av kjønnssjukdomar og råd om sex og samliv. Ope måndag, tysdag og onsdag 15.30–18.00. Inga timebestilling, trekk kølapp når du kjem.

17


Karrieresenteret Lurer du på kva du skal bruke utdanninga di til? Kom gjerne på Karrieresenteret tidleg i studia, og drøft det med ein karriererettleiar. Senteret hjelper deg òg med CV, jobbsøknader, intervjutrening og tips om arbeidsmarknaden. Karrieresenteret driv traineeprogrammet Trainee vest, som kvar vår lyser ut traineestillingar.

SiB Trening SiB driv seks flotte treningssenter rundt om på campus. To av dei ligg i Bergen sentrum, og det største er på Studentsenteret. Hos SiB Trening kan du trene alt frå aerobic, pilates, vekttrening, symjing, klatring og squash med meir til ein rimeleg pris.

SiB Bustad SiB har over 4000 hybeleiningar med ulike fasilitetar. Vi har ein bustad for deg anten du ønsker å bu aleine, dele kjøkken, dele bad, bu med eller utan barn eller bu i kollektiv. Søk om bustad hos oss via sib.no/bolig. Les meir om tilboda på sib.no.

18

Studentprestane Treng du ein å dele tankane dine med, har studentprestane tid. Du bestemmer kva vi skal snakke om. Vårt tilbod er for alle studentar uavhengig av livssyn. Studentprestane er tilsette av Den norske kyrkja. Adresse: Studentsenteret, Parkveien 1 Kontakt: Kan treffast etter avtale Telefon: 55 58 47 14, Inge Høyland og 55 58 94 45, Marie Grindheim E-post: inge.hoyland@prest.uib.no og marie. grindheim@prest.uib.no Nettside: studentprest.no

Utdanning i Bergen Utdanning i Bergen arrangerer spennande turar som skitur, båttur, fjelltur og mange andre aktivitetar. Alle turane er subsidierte for studentar ved UiB. Sjekk ut utdanningibergen.no for meir informasjon om dette. Utdanning i Bergen driftar også studentbergen.no. På desse sidene får du den mest komplette oversikta over studentorganisasjonane og studentaktivitetane i Bergen.


UTGJEVAR: GRAFISK DESIGN: FOTO: TRYKK: OPPLAG: PAPIR:

Studieadministrativ avdeling, Universitetet i Bergen Kommunikasjonsavdelingen, Universitetet i Bergen Eivind Senneset (forside, s. 9, 12) • iStockphoto (s. 5) • SiB (s. 19) Bodoni AS, Bergen 700 G-Print (115 g/250 g)


uib.no