Studvest 2012 17

Page 16

16

16. mai 2012

DEBATT

STUDVEST

Leserinnlegg: Maks 500 ord. Kronikk: Maks 1000 ord. Innleveringsfrist er mandag kl. 12.00. Skriv til debatt@studvest.no, og legg ved et portrettfoto. Redaksjonen forbeholder seg retten til å forkorte tekster, samt å publisere innleggene på studvest.no.

GNIST – ei satsing som gjev resultat KAMPANJER ANDERS KVERNMO LANGSET STUDENTREPRESENTANT i ARBEIDSUTVALET TIL GNIST I HORDALAND

Den 9. mai skriv Studvest om GNISTkampanjen under overskrifta «Staten vil styre studentene», og intervjuar mellom anna medieprofessor Helge Østbye ved UiB. Østby konkluderer med at «de fleste kampanjer er mislykkede», og hevdar at; «Kampanjer blir iverksatt av politikere for at de skal føle at de gjør noe». Han er kritisk til bruk av kampanjer fordi han mener de mangler substans og sjeldent utretter noe. Dette innlegget handlar om substansen i GNIST. Det vil ifølgje Statistisk sentralbyrå mangle 18 000 lærarar i Noreg i 2020. Sidan Hordaland er eit såkalla «10 prosent-fylke» kan ein her rekne med

å mangle rundt 1800 lærarar. Sjølvsagt kunne ein la vere å gjere noko spesielt med det, og satse på at det ordnar seg. I mitt hovud, som komande lærar, er ikkje det eit alternativ; det skulle berre mangle at ein samlar sentrale samfunnsaktørar og drøftar korleis ein skal løyse desse heilt konkrete utfordringane. Eit av verkemiddela er målretta arbeid med rekruttering. GNIST er partnarskapen for ei heilskapleg lærarsatsing, og «skal målrette og samordne innsatsen for å heve skolens kvalitet gjennom å bedre lærernes kompetanse og bidra til en god og stabil rekruttering til læreryrket.» I løpet av kampanjeperioden for GNIST (20082012) har ein sett ei ganske formidabel utvikling; antalet førstevalssøkjarar, altså dei som har lærarutdanning på førsteval, har auka med 54 prosent. Tilsvarande auke for all høgare utdanning var i same periode på 22 prosent.

Ved å bryte tala ned til Hordaland, og til dømes sjå på Høgskolen i Bergen, ser ein at førstevalssøkjarar auka med 22,7 prosent i 2009, 33,8 prosent i 2010 og sank med 11,9 prosent i 2011. At det gjekk noko ned i 2011 måtte nesten skje, all den tid 33,8 prosent auke er grenselaust høgt. Andelen ikkje-kvalifiserte, altså dei som ikkje fyller minimumskrava for å søke lærarutdanning, var 37 prosent i 2009, 31 prosent i 2010 og 26,6 prosent i 2011. Med andre ord er utviklinga omvendt proporsjonal; andelen førstevalssøkjarar auke medan langt færre er ikkje-kvalifiserte. Denne utviklinga er i stor grad representativ for alle institusjonane med lærar­utdanning i Hordaland. Om det kvalifiserer til at professoren meiner kampanjen er vellukka er vanskeleg å vite, men tala snakkar for seg. At Noreg vil mangle 18 000 lærarar i 2020 er faretruande. Difor er det for-

nuftig pengebruk at staten frontar kampanjar som GNIST og GLØD, hvor den siste er satsinga på barnehagesektoren – det viser at staten er sitt ansvar bevisst for at vi også i framtida skal kunne sende ungane våre ut i skular og barnehagar til kompetente, reflekterte og fagleg sterke yrkesutøvarar. Det er ikkje nokon som har interesse av å skape glansbilete eller freiste ungdom med ekstra tusenlappar. Vi skal trass alt rekruttere, og behalde dyktige yrkesutøvarar som kan skape gode læringstilhøve for born og unge i framtidas skule. GNIST-kampanjen handlar om å gje eit realistisk bilete av læraryrke og lærerutdanning, til ungdom som har det i seg.

vinnere av roskildekonkurransen! Det begynte på en noe laber Kanye West-konser t under Roskilde 06. Etter en stund måtte jeg velge en enkel løsning, nemlig å pisse i det tomme ølglasset mitt. I det øyeblikket da glasset var helt fullt ble jeg utsatt for en bjørneklem i høy fart

fra en kompis som akkurat hadde sett meg. Resultatet ble at hele glasset ble tømt utover en to meter høy danske i shorts som stod foran meg. Jeg lukket øynene og venta på et hardt slag, men dansken snudde seg bare og sa «Vær litt forsiktig da

mann» med en vennlig tone. Dette gjenspeiler den gode stemningen på Roskilde, og at alle er tjommier. Det økte terningkastet mitt på konserten fra 3 til 6, og stemningen etter denne hendelsen gjorde dette til min beste konsertopplevelse!

Med dette konsertminnet stakk Andreas Aarnes av med festivalpass til årets Roskilde!

De tre andre heldige vinnerne er Johanne Vaagland, Vetle Wetlesen Vedeld og Kristine Skaaheim.

Gratulerer!


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.