Agdernæring Nr.4 2009

Page 14

Evje Utvikling as: Evje Utvikling AS Evje Utvikling as er et selskap som skal bidra til vekst og utvikling av næring i Evjedistriktet. Etter at omstillingsperioden på 6 år var over 31.12.07 besluttet kommunen å videreføre selskapet. Formålet var å bruke erfaringene og kompetansen fra omstillingsarbeidet til å opprettholde intensiteten i næringsarbeidet videre fremover. Etter omstillingsperioden er fokuset dreid til rådgivning/veiledning, prosjektledelse, kompetanse- og nettverksarbeid.” Telefon: 37 92 70 10 www.evje-utvikling.no

Evjemoen Næringspark AS På Evjemoens 880 daa eiendom og 60.000 m2 bygningsmasse er det nå et variert næringsliv. Det meste av bygningsmassen er utleid, og flere tomter og bygg er solgt. Med beliggenhet i hjertet av Agder og svært gunstige tomtepriser, er interessen for næringstomtene stigende. I tillegg til bedriftene er det stor aktivitet knyttet til lagerutleie, stevner og arrangement. Telefon: 37 92 70 20 www.evjemoen.no

14

Alltid ei open dør Bedriften Evje Utvikling as er lokalisert under same tak som Evjemoen Næringspark as. Knut Kjetil Møen er dagleg leiar, men han klarer seg ikkje utan uvurderlig hjelp frå dei to «jentene sine.» Torhild Gautestad er sekretær medan det på dynna til Connie Barthold heng eit skilt med påskrifta «prosjektleiar.» Evje Utvikling as er eit selskap som skal vere ein pådrivar for – og ein rådgjevar til, vekst i heile distriktet. Møen strekar under – med to strekar – at Evje Utvikling as famnar om mykje meir enn berre Evjemoen. Her finn du alltid ei open dør. Dette gjeld om du er ein røynd bedriftsleiar eller du er i ei oppstartingsfase. Er det naudsynt, kan du her m.a. få råd og tips til den daglege drifta i eiga verksemd. Det kan vere tale om prosjektplanar og økonomistyring eller kan hende marknadsføring. Lokalt sit Evje Utvikling på mykje kompetanse innanfor fleire fagområde, men henter gjerne inn eksterne fagfolk dersom dette syner seg naudsynt.

Connie Barthold fortel med innleving om såkalla «Frukostmøte» som vert meir og meir populært. Ein uformell møteplass for næringslivet der nettverksbygging og kompetanseheving kan vere to høvelege stikkord. Her finn du mange spanande emne på møteplanen, og Connie nemner m.a. presentasjonsteknikk og styrearbeid som to emne som nyleg har vore handsama. – Frammøte er bra, men det er alltid plass til fleire, seier prosjektleiaren. Framleis like engasjert. Samstundes ber ho om at ein presiserer at næringslivet i kommunen har vist seg å vere initiativrike og levedyktige i den omstillingsperioden dei har vore inne i. Det er og starta ei eiga kvinnegruppe i samarbeid med Setesdal Regionråd. Ei gruppe som tek sikte på å nå ut til flest mogleg kvinnelege leiarar i distriktet. Desse møta vert skipa til på kveldstid. Evje Utvikling as skal vere eit tilgjengeleg verktøy i den daglege drifta. Eit verktøy for næringslivet i heile regionen. Ikkje berre på Evjemoen. Ikkje berre frå Evje & Hornnes kommune. Næringslivsfolk frå heile grannelaget er òg velkomne. Hjå Evje Utvikling as er dei gjestfrie. Her finn du alltid ei open dør. Skulle det vere naudsynt så kjem dei og ut og vitjar deg og di verksemd, på din heimebane.

Dagleg leiar i Evje Utvikling AS, Knut Kjetil Møen.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.