Omdømmestrategi (2022) - Skjåk kommune

Page 1

Omdømmestrategi - Skjåk kommune

Omdømmestrategi Skjåk kommune

«Skjåk - naturlegvis» s. 1


Omdømmestrategi - Skjåk kommune

Innleiing Alle er best tent med eit godt omdømme. Det gjeld ikkje berre kjente norske eller internasjonale merkevarer, men også offentlege verksemder og kommuner. Skjåk kommune har sett omdømmebygging på dagsorden. Ikkje fordi vi opplever å ha eit dårleg omdømme, men i ei erkjenning av at Skjåk og kva vi kan tilby har låg kjennskap. Auka kjennskap og kunnskap vil styrke omverda si oppfatning av oss.

«Eg omtalar Skjåk som ein selgjar til folk som ikkje kjenner bygda»

s. 2


Omdømmestrategi - Skjåk kommune

Bakgrunn for strategien med mandat

Formål med strategien

I desember 2019 vart det vedteke i kommunestyret at Skjåk kommune skal utarbeide ein omdømmestrategi. I oppstartsaka som vart vedteke hausten 2020, er eit sitat som har vore retningsgjevande for arbeidet med strategien.

Omdømmebygging for Skjåk kommune handlar om å bygge og ta vare på eit godt omdømme som skal gi betre utgangspunkt for å lykkast på ulike områder. Skjåk skal ha eit godt omdømme for at folk som bur her skal trivast og for at folk skal ha eit ynskje om å besøke oss og å flytte hit, samt at bedrifter vil etablere seg i Skjåk. Eit godt omdømme er avhengig av at vi er medvitne rundt kva vi er og kva vi ynskjer å vera, og at vi legg grunnlag for korleis vi snakkar om oss sjølve og korleis andre snakkar om oss. Skal ein realisere det potensialet som ligg i samspelet mellom kommunen, innbyggarane, organisasjonane og næringslivet i kommunen, må ein arbeide målretta og bevisst med omdømmebygging. Det er avgjerande å sikre seg at det er eit felles verdigrunnlag og ei forståing mellom aktørane når det gjeld kva Skjåk kommune skal vera og kva vi skal stå for.

“Strategiarbeidet skal etablere felles forståing for no-situasjonen og dokumentere denne. Strategien skal motivere og forankre omdømmearbeidet i organisasjonen og hjå innbyggjarane. Strategien skal fastsette ambisjonsnivå og avklare kommunen si rolle og oppgåve. Strategien skal identifisere dei viktigaste faktorane for omdømmet til Skjåk kommune, og desse skal vektast etter viktigheitsgrad, moglegheit for påverknad og resultathorisont. Strategien skal belyse/vurdere/foreslå: a) Interne tiltak som vil kunne påverke omdømmet positivt til Skjåk kommune. b) Eksterne tiltak som vil kunne påverke omdømmet positivt til Skjåk kommune. c) Aktive tiltak som Skjåk kommune gjer for å betre kommunen sitt omdømme.

Omdømmestrategien med tilhøyrande vedlegg har som mål å klargjere roller, forventninger og tiltak som skal gjennomførast i perioda 2022-2028.

Dette skal munne ut i satsningsområde, framtidig organisering og ressursbehov for arbeidet med omdømmet. Alle tiltak skal vera berekraftige og i samsvar med FN sine klimamål og klimanøytrale innan 2025.” Vedlegg 1 omfattar kommunestyrevedtaket i si heilheit.

s. 3


Omdømmestrategi - Skjåk kommune

«Desto meir eg reiser og bur i inn og utland desto meir er eg bestemt på å flytte attende»

s. 4


Omdømmestrategi - Skjåk kommune

Planprosess Arbeidet med å forme omdømmestrategien til Skjåk kommune starta i januar 2021. Det vart etablert ei arbeidsgruppe som besto av 5 personar frå ulike sektorar i Skjåk kommune. Grunna korona-pandemien har det ikkje vore mogleg å gjennomføre prosessen med så mange fysiske møte og samlingar som var planlagt. Delar av arbeidet er difor gjennomført digitalt. Det har vore regelmessig kontakt og rapportering med administrativ leeiing, formannskap og kommunestyret gjennom prosessen. I same periode har Skjåk kommune òg arbeidd fram ein næringsstrategi. Med bakgrunn i at omdømme og næring kan og bør utnytte moglege synergieffekter, vart det vedteke å samhandle tett med utarbeiding av begge strategiane. I tillegg har Skjåk kommune ein bustrategi under utarbeiding.

Dette er ei teoretisk analyse av kva som gjer eit lokalsamfunn attraktivt for tilflytting. Analysen viser at det er nødvendig med eit systematisk arbeid der fleire sektorar blir trekte inn i arbeidet. “Alt heng saman med alt” - som tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland sa.

I strategiprosessen er det innhenta dokumentasjon frå ulike forskingsmiljø som mellom anna seier fylgjande:

I fylgje Distriktssenteret handlar omdømmearbeid om å kartlegge kommunens kvalitetar, definere mål for korleis ein vil utvikle lokalsamfunnet, og kva målgrupper ein vil rette seg mot for å lykkast. Dersom omdømmearbeidet skal påverke kor attraktiv staden verkar, og mogleg vekst, må dei ulike utviklingstiltaka vera forankra i ein overordna strategi for kva lokalsamfunnet skal vera kjent for. Når kommunen arbeider kontinuerleg for å betre kvalitetane hjå eien stad og samtidig er flinke til å fortelje om dei betringane som skjer, kan omdømmet til eit lokalsamfunn bli påverka.

Telemarksforskning har på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet utvikla ein programteori for attraktivitet. Dei peikar på fire hovudgrupper av faktorar som påverkar attraktiviteten. Dei fire kategoriane er:

• Bygningar og areal • Amenitetar (kommunale tenester, servicetilbod, fritidsaktivitetar, tilgang på naturopplevingar og friluftsliv) • Identitet og stadleg kultur • Omdømme

«Skjåk er tradisjonsbevisst, men lange tradisjonar for å tenkje nytt»

s. 5


Omdømmestrategi - Skjåk kommune

«Skjåk er verdas finaste bygd, rik på naturopplevingar, nært både fjell og fjord»

Distriktssenteret viser til at dei som lykkast best i omdømmebygging scorar betydeleg betre enn andre på fylgjande fem kjelder til eit godt omdømme: a) b) c)

d)

e)

Synlegheit. Utan merksemd, inga omdømme Særpreg. Å vera tydeleg og ulik frå dei andre opptek interessentane Autentisitet. I det lange løp kan ein ikkje jukse. Å vera ekte er ein føresetnad for emosjonell tilknytning, som vidare er ein føresetnad for å bygge eit godt omdømme. Innsyn. Bedrifter, organisasjonar og kommunar som framstår som opne/ transparente har lettare for å oppnå eit godt omdømme. Konsistens. Alle interessentane skal kjenne att same type ord og handling frå alle hald i bygda, kommunen eller regionen.

s. 6

Innovasjon Norge (2006) seier kort oppsummert at dei som lykkast med omdømmebygging er dei som har evne til å arbeide langsiktig med å styrke omdømmet. For å lykkast med strategiarbeidet og innfri forventningane i mandatet har det vore sett søkjeljos på forankring og involvering. I strategiprosessen har det vore lagt stor vekt på å involvere både innbyggjarar og utflytta skjåkværar i arbeidet. Dette er gjort med gjennomføring av ei omfattande spørjeundersøking som hadde særs god oppslutning, med over 550 svar. I tillegg har det vore gjennomført dialogmøte og gruppesamtaler med unge/ungdom, næringsliv og reiseliv. Informasjonen som vart samla inn er svært verdifull og dannar utgangspunkt for vidare arbeid med strategien.


Omdømmestrategi - Skjåk kommune

KONKLUSJON OG ANBEFALINGAR Kommunedirektøren vurderar at Skjåk i utgangspunktet ikkje har ei utfordring med omdømme sitt, men at det er for låg kjennskap og kunnskap om Skjåk. Som grunnlag for strategiarbeidet vart det gjennomført ei stor kartlegging med gjennomføring av ei spørjeundersøking der over 550 har svara. Vi valde opne spørsmål i undersøkinga for å få mest mogleg info og med ynskje om at respondentane skulle bruke eigne ord. Dette gav svært god respons. I gjennomsnitt brukte kvar enkelt 20 minutt på å svare på undersøkinga. Det vil seie at til saman 184 timar har vorte brukt på å seie noko om omdømmet til Skjåk. Informasjon frå spørjeundersøkinga har danna grunnlag for SWOT og for utveljinga av dei prioriterte satsingsområda. For å lykkast med strategiarbeidet er det identifisert nokre kritiske suksessfaktorar. Strategien må vera forankra med eigarskap på alle nivå i den kommunale organisasjon. I tillegg må kommuna ha tilstrekkeleg med kompetanse og kapasitet for å gjennomføre. Bevilging av økonomiske midlar må samsvare med målsettingar og ambisjonar som gjer kommunen i stand til å realisere handlingsplanane.

s. 7

Strategien tek utgangspunkt i at kommunen må endre arbeidsmetodikk for å betre omdømmet sitt. Endringa er å gå frå ein defensiv til ein offensiv arbeidsmetodikk. For å lykkast med dette, anbefalar strategien at det blir prioritert å jobbe med intern forankring på alle nivå i kommunen, ekstern forankring blant innbyggjarar og utflytte skjåkværar, offensiv bruk av kommunikasjon for å sikre auka synlegheit, og til sist resultatoppfylging. Intern forankring fordi vi av erfaring frå tidlegare arbeid veit at gjennomføringsevna avheng av at både politikarar og administrasjon i kommunen har eigarskap til omdømmestrategien samt at roller er tydeleg fordelt. Ekstern forankring er prioritert fordi brei oppslutning og positiv energi for omdømmeprosjektet blant innbyggarar og utflytte skjåkværar, er ein viktig føresetnad for at det skal lykkast. Undersøkinga viser at vi har alt for mange “skjulte tenester» i Skjåk, så difor er kommunikasjon eit prioritert satsingsområde. Ein meir offensiv bruk av kommunikasjon i alle kanalar vil bidra til at desse tenestene blir kjent. Til slutt er ein avhengig av resultatoppfylging for å få framdrift og at vi når konkrete resultatmål på kort og lang sikt.


Omdømmestrategi - Skjåk kommune

STRATEGIEN Situasjonsbeskriving I kommuneplanen sin samfunnsdel for Skjåk 20172028, er det peikt på at tradisjonell verksemd går hand i hand med oppleving, industri – odling og hausting og bruk og vern av naturen. Tenestene i Skjåk kommune er godt utvikla, dette som fylgje av politiske prioriteringar og tidvis gode økonomiske rammer som følgje av høge kraftprisar og løyvingar over inntektssystemet frå staten. Kommunen legg stor vekt på skule, barnehagar og eldreomsorg – tenester som forskarar framhevar som viktige i rekrutteringssamanheng.

Skjåk kommune har eit areal på 2140.45 km2. Omlag 80 pst av kommunens areal er verna etter naturvernlova. Det gjer at ein vesentleg del av Skjåk sitt landareal er urørt natur, og kan nyttast til naturopplevingar på ein heilt unik måte. Vatnet er sjølve livsnerva for busetnaden i kommunen. Som den turraste kommunen i landet med ein årsnedbør på under 300 mm hadde det vore umogleg å kunne bu og livnære seg i området utan å kunne utnytte vassreservoara i fjellet. Det gamle munnhellet om at «skaffar vår herre oss sol så skal vi sjølve skaffe væte» kan stå som eit motto for Skjåk-bygda, òg i 2021. Dei klimatiske endringane som kloden er inne i har konsekvensar for Skjåk. Området vil bli utsett for naturhendingar og katastrofar. Likevel er den klimatiske stabiliteten høg og sjølvforsyningsgraden stor.

«Eg ynskjer at borna mine skal vekse opp i Skjåk»

s. 8


Omdømmestrategi - Skjåk kommune

«Det mest unike med Skjåk er klimaet, kan vatne når det trengs vatning. Det fører til store avlinger og god kvalitet»

s. 9


Omdømmestrategi - Skjåk kommune

«Det mest unike med Skjåk er det vesle miljøet som gjer at ein aldri føler seg einsam»

Ved andre kvartal 2021 var folketalet 2176 innbyggjarar.

For å nå ut med varene har transportsektoren vore sentral, og også her har skjåkværene hatt ei vilje til å satse på eigne krefter. Gründerånd og gründervilje kan vere ein fellesnemnar. Som vertskap for to nasjonalparkar, og i randsona til fleire andre, har kommunen fått i oppdrag å forvalte det nasjonale fellesskapet sine skattar. Parallelt med dette er kommunen vertskap for den siste største kraftutbygginga. Dette har gått parallelt. Sjølv om vasskraftutbygginga for ein del har vore kontroversiell, ser ein i dag at dette er ei av dei verkeleg berekraftige energikjeldene også globalt. Tryggleik og Stabilitet er samleomgrep når Skjåk skal skildrast med enkle ord. Det er stabilt klima, relativt stabil folketalsutvikling og stabil folketalssamansetnad.

Folketalspyramiden over viser at det er ei relativt vaksen befolkning, ein stor del er over 45 år. Utdanningssystemet i Norge er slik at dei aller fleste må flytte ut for å ta utdanning, og sjølv om mange har lyst til å ”flytte heim att”, vil det vera eit spørsmål om det er noko å flytte heim att til. Om lag 70 pst av innbyggjarar mellom 15 og 74 år er sysselsette. Det har vore ein svak gradvis nedgang i sysselsettingsdelen sidan 2010, men variasjonane er små. Konklusjonen kan vere at prosentdelen sysselsette i kommunen er jamt stabil. Landbruket er fundamentet for busetting og næring i bygda. Det utgjer om lag 17 prosent av næringsgrunnlaget i Skjåk. 26 prosent er knytt til industri og produktbearbeiding og 67 pst er tenesteyting, under dette kjem sysselsetting i offentleg sektor. Det er lange tradisjonar for å skape eigne arbeidsplassar, gjennom foredling av landbruksprodukt (mølle, ysteri, sagbruk), etablering av industriproduksjon og ikkje minst dei ulike reiselivs- og servicebedriftene. s. 10

For dei fleste vil det å bu på eller flytte til ein plass handle om det gode daglegliv, med arbeid eller skule, gode fritidsaktivitetar og kommunale tenester tilpassa det behovet ein har til ei kvar tid. For å stimulere til auka tilflytting må kommunen medverke til at desse ynskja eller behova blir ivaretekne.

«Dersom folk spørr om eg kunne tenke meg å flytte attende ein gong, så svarar eg alltid ja»


Omdømmestrategi - Skjåk kommune

Målsetting Overordna målsetting med strategien er at vi skal bli meir offensive og innovative i arbeidsmetodikken for å styrke omdømmet til Skjåk kommune. I tillegg til den overordna målsettinga har strategien fylgjande delmål:

• Politikarar og tenesteytarar i kommunen skal

sikre oppslutning og gjennomføring for strategien. Det skal vera tydeleg fordeling av roller og ansvar.

• Kommunedirektøren skal sikre ei brei oppslutning og energi for omdømmeprosjektet blant innbyggjarar og andre for å styrke omdømmet vårt, slik at Skjåk framstår som ei spennande kommune å bu i.

• Kommunedirektøren skal sikre ein offensiv kommunikasjon som gjer Skjåk kommune meir synleg i alle kanalar.

«Dersom Skjåk skal fortsette og være passive, der vi sitter inne og skryter av hvilken muligheter det er uten at vi formidler det utad, så vil dette over tid være skadelig.»

• Kommunedirektøren skal sikre at tiltak og aktivitetar som blir gjennomført skal ivareta kravet om bærekraft og klimanøytralitet.

FN´s bærekraftmål

s. 11


Omdømmestrategi - Skjåk kommune

Informasjonsinnhenting

Oppsummering frå spørjeundersøkinga

Som grunnlag for strategien har kommunedirektøren gjennomført ei spørjeundersøking i tillegg til samtaler og intervju med utvalde grupper i perioden mars til april 2021. På spørjeundersøkinga har totalt 530 respondentar fordelt på 298 kvinner og 232 menn svara. Respondentane har vore i aldersgruppa 13-85 år. Spørjeundersøkinga er delt inn i 10 ulike målgrupper for å sikre viktig informasjon. I tillegg til spørjeundersøkinga har det vore gjennomført fleire gruppesamtaler med ulike målgrupper.

Spørjeundersøkinga har avdekka at det er stor einigheit blant målgruppene. På spørsmålet om kva som er det mest unike med Skjåk er det stor einigheit om at det er naturen og dei moglegheitene den gjev oss, samt tryggleiken og fridomen ved å bu her. Mange legg óg vekt på at industrien, skaparkrafta og alle gründerane er heilt unikt med Skjåk. Respondentane svarar nesten gjennomgåande at dei snakkar positivt om Skjåk til andre. Mange skildrar at dei kjenner seg stolt over å høyre til Skjåk. Det blir ofte brukt store ord for å beskrive bygda, - «verdas beste bygd», «verdas finaste plass», og «heime» går ofte att.

Vedlegg 2 omfattar spørjeundersøkinga som er sendt ut til ulike målgrupper.

I alle målgruppene kjem det fram at Skjåk er alt for lite kjent. Respondentane meiner mange oppfattar Skjåk som ein ukjent plass, eller ein plass ein køyrer forbi. Mange skriv også at dei må forklare at vi er nabobygda til Lom for at folk skal forstå kvar Skjåk er. Respondentane meiner at dei som kjenner til bygda har mykje positivt å seie. Dei peikar på at mange meiner skjåkværane er reserverte og rolege, men flinke til å få til ting, og at bygda er kjent for den flotte naturen. Alle respondentane er einige om at Skjåk må bli betre kjent. Dei ynskjer at folk skal oppfatte Skjåk som ein plass det er godt å vekse opp og bu, og dei er opptekne av at Skjåk skal vera ei bygd folk har lyst til å flytte til, og at vi skal vera inkluderande og gjestfrie. Mange legg også vekt på at folk skal oppfatte Skjåk som ei innovativ bygd med gode moglegheiter for potensielle bedrifter. Respondentane ynskjer at Skjåk må bli betre til å vise fram og marknadsføre dei moglegheitene og tilboda som er her.

Fylgjande målgrupper har delteke i spørjeundersøkinga og antall respondentar i kvar målgruppe står i parentes:

• • • • • • • • • •

Studentar (68) Utflytta skjåkværar (115) Skjåkværar som har flytta heim (55) Skjåkværar (80) Næringslivet (50) Tilflyttarar utan tilknyting til Skjåk (40) Unge/ungdom (38) Landbruk (47) Lag og organisasjonar (7) Deltidsinnbyggarar/hyttefolk (30)

«Eg vil at folk skal veta om Skjåk, og ikkje berre nabokommuna til Lom»

Alle er samde om at det er skjåkværar og alle med relasjon til Skjåk som er ansvarlege for korleis Skjåk blir oppfatta. Studentane seier at dei føler eit ekstra ansvar for å fortelja om Skjåk, når dei er «ute i verda» og treffer nye folk. Mange legg også til at kommunen og politikarane har eit ekstra ansvar.

s. 12


Omdømmestrategi - Skjåk kommune

«Eg som student har stor påverkingskraft på korleis Skjåk blir oppfatta»

Både av studentar og unge svarar fleirtalet at dei ynskjer å bu i eller flytte attende til Skjåk. Det største hinderet for at studentar og unge skal flytte attende til Skjåk er fyrst og fremst arbeid og lite fritidsaktivitetar i bygda. Dersom det skulle bli meir interessant å flytte attende svarar dei sosiale møteplassar, eit meir attraktivt sentrum, og betre moglegheiter for å kjøpe attraktive bustadar. Mange peikar på at Skjåk manglar ein sosial møteplass, og at dersom unge skal reise ut på noko som til dømes kafé eller pub, reiser dei til Lom eller Vågå. Av deltidsinnbyggarane svarar også fleire at dei kunne tenke seg å bu i Skjåk. Skjåkværar som har flytta heim peikar på at hovudgrunnen til at dei flytte attende fyrst og fremst er tilhøyring til bygda, familie og naturen. Mange seier at dei har flytta attende for at ungane skal få vekse opp på ein slik stad, med gode og trygge oppvekstvilkår. Nærleik til besteforeldre blir også trekt fram som viktig. Det som var avgjerande for at skjåkværane flytta heimatt var fyrst og fremst arbeid og bustad. For å få folk til å flytte til Skjåk er attraktive arbeidsplassar og attraktive bustadar det mest avgjerande. Mange peikar på at det er vanskeleg å finne arbeid til «begge». Utflytta skjåkværar seier at dersom det skulle bli meir interessant for dei å flytte attende, må det til betre ordningar på å finne aktuell bustad, attraktive arbeidsplassar, eit meir attraktivt sentrum, fleire sosiale møteplassar og fleire arrangement. Fleirtalet av respondentane peikar på viktigheita av at dei som fløt hit føler seg inkludert og godt teke imot av bygdafolket.

Spørjeundersøkinga avdekkjer at det er ein stor bustadmangel i Skjåk. Mange peikar på at det er/ har vore problematisk å finne bustad. Fleirtalet seier dei ynskjer seg småbruk, einebustadar eller leilegheiter. Mange nemner også at det er nok hus, men at mange står tome eller ikkje blir seld vidare. Fleirtalet av målgruppa «skjåkværar utan tilknyting til Skjåk» seier at hovudgrunn til at dei valde å flytte hit var på grunn av partnar som er frå bygda. Fleire peikar på naturen og friluftslivmoglegheitene her, samt fordelar innan jakt. Dersom denne målgruppa skal velje å flytte frå bygda att, vil hovudgrunnen vera mangel på sosiale møteplassar og at det er vanskeleg å bli inkludert.

«Eg flytte til Skjåk for reinsjakt og kjærleiken»

s. 13


Omdømmestrategi - Skjåk kommune

Av unge har heile 90% hatt sommarjobb, og seier at dei har hatt svært god erfaring og nytte av det seinare. Dei peikar også på at dette har gjort at dei har vorte meir attraktive på jobbmarkedet seinare. Næringslivet viser til mange fordelar med å vera lokalisert i Skjåk. Dei viser til den strategiske plasseringa mellom aust og vest, at det er sentralt, det er lov å lykkast, stabil arbeidskraft med gode folk, rimelege faste utgifter og låg arbeidsgjevaravgift, ingen kø, og eit trygt og godt samfunn. Ulemper ved å vera lokalisert i Skjåk er at det er vanskeleg å skaffe kompetanse, det er lange avstandar og lang leveringstid, dyre transportkostnadar, vêrhardt, og heilårsdrift kan vera vanskeleg. Næringslivet ynskjer også at vi må legge betre tilrette for gründerar og nyetableringar. Dei vektlegg samarbeid som ein viktig faktor for å lykkast. Næringslivet seier også at sosiale møteplassar og attraktive bustadar er avgjerande for at arbeiderane skal trivast å bli verande. Vedlegg 3 omfattar meir detaljert oppsummering av resultata frå kvar målgruppe.

«Det er mange småe ”grunderar” i Skjåk og eg føler folk møter dei med ope sinn.»

s. 14


Omdømmestrategi - Skjåk kommune

SWOT Basert på spørjeundersøkinga er det utarbeida ei SWOT-analyse som viser styrker, svakheiter, moglegheiter og truslar:

S

W Styrker

Svakheiter

Lokal stoltheit Trygt og godt Samhald Vakker natur - friluftsliv Godt oppvekstmiljø Flinke til å få til ting/skaparkraft Lokalmat/merkevarer Del av Nasjonalparkriket Godt utbygd fibernett

Låg kjennskap/kunnskap om Skjåk Manglar kjente fyrtårn Mangel på arbeidsplassar Mangel på bustadar Lite kjente fritidsaktivitetar Få samlingspunkt/sosiale møteplassar Lite attraktivt sentrum

SWOT ANALYSE

O

T

Omdømme

Moglegheiter

Truslar

Etablere fleire fyrtårn Større synlegheit og nærver Ta betre vare på eigne innbyggarar Dialogprogram med unge utflyttarar Eit meir attraktivt sentrum Boligbygging Hjelp med jobb – til begge Barnehagegaranti Gründersatsing/-tilrettelegging

Kommunikasjonskapasitet Synligheit/nærver Dalande dugnadsvilje Fråflytting Får ikkje med partnaren heim Tida gjer det vanskelegare å flytte attende

s. 15


Omdømmestrategi - Skjåk kommune

Målgrupper Kommunedirektøren har vurdert mange ulike målgrupper som kan vera aktuelle for omdømmearbeidet. I målgruppesegmenteringa har vi konkludert med at det er mange som må inkluderast og at fylgjande målgrupper er dei viktigaste;

• Politikarar

Fordi dei er premissgjevar for gjennomføringsevna av tiltaka som blir anbefalt i strategien. Dei er også “eigarar” av strategien og hovudansvarleg for at den blir realisert.

• Tilsette i kommunen

Fordi dei er administrativt ansvarleg for planlegging og gjennomføring av politiske vedtak. I kvardagen er det dei tilsette i kommunen som har kontakt med øvrige målgrupper. I den grad kommunen skal tilrettelegge for planlegging og gjennomføring av tiltak, vil det bli gjort av tilsette i kommunen.

• Alle skjåkværar og deltidsinnbyggarar/

hyttefolk Fordi faste og deltidsinnbyggarar er våre beste ambassadørar. Dersom ikkje dei er stolte og framsnakkar Skjåk er det vanskeleg å få andre målgrupper til å ha ei positiv oppfatning om oss.

• Gründermiljøer

Fordi vi allereie har ein posisjon som ei bygd med stor skaparkraft, vilje og evne til å få til ting samt at det er lov å lykkast, vi har noko heilt spesielt å tilby gründerar og dei som ynskjer å starte eigen verksemd. Skjåk kommune skal vera attraktiv for familiar og arbeidstakarar som ikkje har noko tilknytning til Skjåk.

• Turistar/friluftsmenneske

Fordi vi har ei spesiell plassering midt mellom tre Nasjonalparkar. Vi har ein unik, urørt og variert natur og kan tilby naturopplevingar i alle sesongar med ein kombinasjon av mange uoppdaga perler der ein kan bevege seg utan å gå i kø og tilrettelagte tilbod som passar for dei fleste. Vi har lokalmatproduksjon og varierte overnattingsplassar med ein sterk kulturog historieforankring. Skjåk kommune skal vera attraktiv for familiar og arbeidstakarar som ikkje har noko tilknytning til Skjåk.

• Media

• Utflytta skjåkværar

Fordi det er viktig at utvalde media og journalistar kjenner oss og kan formidle våre verdiar og tilbod på ein positiv måte.

Fordi dei har eit nettverk utanfor Skjåk, eit litt anna forhold til bygda og er viktige ambassadørar for å auke kjennskap og kunnskap om oss og det vi har å tilby.

«Det er ikkje så mykje som skal til for at Skjåk blir betre og artigare»

s. 16


Omdømmestrategi - Skjåk kommune

Posisjonering/assosiasjoner Ein sterk identitet og tydeleg posisjon er ein føresetnad for å bygge eit godt omdømme og ein sterk relasjon til våre prioriterte målgrupper. Kommunikasjon må vere konsistent og heilheitleg over tid og både bodskap, form og innhald må vera attkjennbart for omverda.

Dei fleste kommuner og bygder har pågåande prosjekt med omdømmebygging og utarbeiding av posisjoneringsstrategiar. Målet er å bli tydelegare og meir attraktive i sine utvalde marknader og målgruppesegment. Skjåk må finne sin posisjon i forhold til nabobygder og nabokommuner slik at den skil seg frå dei. Posisjonen skal óg gje gode moglegheiter for truverdig og relevant bodskapsutvikling og kommunikasjon.

Assosiasjonskartet nedanfor viser ulike element som er av betydning for dagens opplevde posisjon, der nokon er sterkare enn andre samt dei områda som bør styrkast i framtida for å oppnå ynskt posisjon.

Kartet viser hvilke assosiasjoner man har til Skjåk. Assosiasjonene som har tykke blå streker er sterkere enn de med tynne streker. Vi ønsker å forsterke assosiasjonene som er ringet inn med rødt og skal jobbe aktivt for områdene hvor det er tykke røde streker, slik at vi oppnår ønsket posisjon for Skjåk. s. 17


Omdømmestrategi - Skjåk kommune

«Vi må tørre å satse tørre å skyte - legge ned eit godt stykke arbeid for å markedsføre Skjåk som den perla i Norge som vi er!»

Kritiske suksessfaktorar

Prioriterte satsingsområder/anbefaling

Kommunedirektøren meiner det er ein del viktige føresetnadar som må vera på plass for at vi skal lykkast med å realisere strategien. Dei viktigaste kritiske suksessfaktorane er:

Kommunedirektøren peiker på fylgjande satsingsområde for å nå målsettinga om å gå frå ein defensiv til ein offensiv arbeidsmetodikk i arbeidet med å styrke omdømmet til Skjåk vil vi anbefale at fylgjande satsingsområde blir prioritert:

• Intern forankring både hjå politikere som er

• Intern forankring

premissgivarar og hjå tilsette i kommunen som vil ha eit stort ansvar for gjennomføring av planar og tiltak i samarbeid med utvalde aktørar.

Fordi vi av erfaring veit at gjennomføringsevna er avhengig av at både politikarar og administrasjon i kommunen har eigarskap til omdømmestrategien samt at roller og ansvar er tydeleg fordelt.

• Forståelse for kva som skal til og kven som

har ansvar for å bygge eit godt omdøme og samstundes vite kor lite som skal til for å rive det ned og kor fort det kan skje. Omdømmebygging er eit langsiktig og kontinuerleg arbeid.

• Ekstern forankring

Fordi brei oppslutning og positiv energi for omdømmeprosjektet blant innbyggjarar og utflytta skjåkværar, er ein viktig føresetnad for at det skal lykkast.

• Utarbeiding av eit tydeleg kommunikasjons-

• Kommunikasjon

konsept som forsterkar vår posisjon som “Gründerbygda med god energi”.

Fordi offensiv bruk av kommunikasjon i alle kanalar vil bidra til at alle dei “skjulte tenestene” i Skjåk blir kjent. Kjennskap og kunnskap er avhengig av at vi er regelmessig til stade og formidlar gode historier i ord og bilete.

• Tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse til å

vera synlege og til stade på dei arenaene og i dei kanalar som er viktige og riktige.

• Bevilgning av midlar som samsvarar med

målsettingar og ambisjonar og set kommunen i stand til å realisere handlingsplanar.

• Resultatoppfylging

Fordi vi er avhengig av framdrift og at vi når konkrete resultatmål på kort og lang sikt.

«Ha en plan fra A-Å!»

s. 18


Omdømmestrategi - Skjåk kommune

Handlingsplan Vi skal frå ord til handling og difor er det viktig å ha konkrete tiltak knytta til kvart satsingsområde

• Tiltak for å profesjonalisere

• Tiltak for å sikre intern forankring - Forankring av omdømmestrategien på

kommunikasjonsarbeidet

politisk nivå

- Utvikle ein kommunikasjonsplan med

kommunalsjefnivå

- Utvikle retningsliner for kommunikasjonsarbeid

ansvar som må forankrast

- Utarbeide ei ja/nei ordliste for stimulere til

kommunalt tilsette

- Kompetanseheving for eigne tilsette - Utvikle ein medieplan og ein kanalplan - Identifisere og etablere kontakt med utvalde

kommunikasjonskonsept

- Forankring av omdømmestrategien på

og formidling

- Utarbeide ei tydleg fordeling av roller og

riktig ordbruk

- Forankring av omdømmestrategien hjå alle - Kompetansehevingsprogram i forhold til omdømmebygging

medier og journalistar

- Tilrettelegge for å igangsette lokale - Formidle suksessar

- Utvide billedbank - Sikre kompetanse og kapasitet som

• Tiltak for å motivere innbyggarar, utflytta

-

- Kick off - lansering av omdømme- og nærings-

-

- Etablere prosjektgrupper for ideutvikling av

-

- Utvikle sertifiseringsprogram for lokale

- -

omdømmeprosjekt

skjåkværar, Skjåk-vener og andre

strategien med eit bygda-arrangement for alle tiltak som aukar synlegheit ambassadørar

- Gjennomføre ambassadørkurs for lokale - - - -

-

gjenspeglar ambisjonar Sikre økonomiske ressursar som gjenspeglar ambisjonar Skape arena og aktivitetar som gjev kommunikasjonsmoglegheiter Formidle suksessar, gode historier og referanseprosjekt Bevisstgjering rundt grafisk profil Utvikle ein digitaliseringsplan

• Tiltak for resultatoppfylging - Etablere rutinar for oppfylging av framdrift

entusiastar og ildsjelar Utnevmning av lokale ambassadørar etter gjennomført kurs Dialogprogram med unge studentar Dialogprogram med utflytta skjåkværar Formidle suksessar

og resultat - Regelmessig resultatrapportering til utvalde målgrupper - Oppfylging av at roller og ansvar blir overhalde - Pådrivar på prosjekt som påverkar omdømmet - f.eks bustadbygging, næringsutvikling, utvikling av eit penare sentrum, sosiale møteplassar etc.

Vedlegg: Vedlegg 1 omfattar kommunestyrevedtaket i si heilheit. Vedlegg 2 omfattar spørjeundersøkinga som er sendt ut til ulike målgrupper. Vedlegg 3 omfattar meir detaljert oppsummering av resultata frå kvar målgruppe. s. 19


Omdømmestrategi - Skjåk kommune

s. 20



Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.