Solfestival i Skjåk 4.-9. mars 2024

Page 1

Velkomne til SOLfestival i Skjåk!

Vi ynskjer sola velkomen attende til Skjåk med ein lågterskel kulturfestival for alle.

Det er eit rikt kulturliv i Skjåk med mange aktive lag og foreiningar som har faste samlingar gjennom året i tillegg til fleire enkeltarrangement. Vi som jobbar på biblioteket og med kultur i Skjåk kommune ynskjer å lage ein lågterskel kulturfestival for både barn, ungdom og vaksne. Dette er tidfesta til den 4.–9. mars for da har sola kome attende på dei fleste plassane i Skjåk!

Vi ynskjer sola velkomen attende og samlar ulike delarrangement i ein kulturfestival, der vi syner fram noko av alt det vi held på med i Skjåk.

Her er ingen aktivitet for liten eller for stor. Kanskje kan dette bli ein årleg tradisjon?

Møt Arne Brimi laurdag 9. mars kl 12

Arne Brimi blir med på SOLfesten i Gamleheimstrædet. Han skal koke blåbærsupe på bål + at vi skal få ei smaksprøve på Gudbrandsdalsost Anno 1863.

Måndag 4. mars

Kl 10 Sesongopning av Frøbiblioteket og

SOLsikkekonkurranse. Opning av SOLutstillinga som er laga av barnehageungar og elevar i Skjåk

Kl 18

Sjakk Kvar: Friviljugsentralen

Arr: Skjåk Sjakk

Kl 18 Luftpistolskyting for ungdom (Er du under 18 år, må du ha med ein føresett)

Kvar: Industrivegen 60

Arr: Skjåk Pistolklubb (Gamle snikkeriet)

Kl 18.30 Spinning

Kvar: Industrivegen 60. Arr: Skjåk IL

Kl 19 Mat og prat før filmen "SAU"

Skjåk Mat lanserer ei ny grillpølse.

Kvar: Marlo Grendehus

Arr: Landbrukskontoret og

Bygdekinoen.

Kl 20 Filmen "SAU". Billettpris kino kr 130

Tysdag 5. mars

Kl 11 Kjerringtreff i Husflidslaget

Ta med handarbeid og kom!

Kvar: Skjåkvegen 1581

Arr: Husflidslaget

Kl 14 Badminton for alle

Kvar: Skjåkhallen. Arr: Skjåk IL

Kl 15 Møt Edel Ordførar. Her kan du ta opp ting som engasjerer deg

Kvar: Biblioteket. Arr: Ordføraren

Kl 18 "Les i lag - einsleg på ein tysdag"

Kvar: Biblioteket

Kl 18 Skyting på jaktsimulator

Kvar: Industrivegen 60

Arr: Skjåk Jeger og Fisk (kl 18-20)

Kl 20 Oldboys fotball/handball

Kvar: Skjåkhallen. Arr: Skjåk IL

Onsdag 6. mars

Kl 10 Gul Frukost

Kvar: Friviljugsentralen Inngang kr 75

Kl 10.30 SOLtur (LHL-tur). Oppmøte på Skeimoplassen. Vi et nista vår i kantina på kommunehuset etter turen. Kommunen spanderer kaffi. Bli med du også!

Arr: LHL

Kl 17 Barnetrimmen for ungar i barnehagealder

Kvar: Skjåkhallen. Arr: Skjåk IL

Kl 18 Husflidskafé med utstilling av 50 genserar som er designa og strikka av Torunn Bruheim Haugen. Bli med og stem på kva for genser du kan tenkje deg. Den med flest stemmer vil bli ei ferdig mønsterpakke. Trekning av gåvekort frå Bøstugu/Galleri Mathilde

Kvar: Skjåkvegen 1581 (Gamle Nordberg S-lag)

Kl 18-21

Kl 19 Boklansering av den nye krimboka "Stjernefallet" av og med forfattar Magnhild Bruheim.

Gul servering: SOLO og SOLbollar

Arr: Skjåk folkebibliotek

Skjåk Helsesenter slår eit slag for SOLbeskyttelse denne veka med m.a. utdeling av SOLbriller.

Torsdag 7. mars

Kl 11 SOLfest i skulegarden med naturstig, leik og aktivitetar. Festen er ope for alle.

Kvar: Skjåk barne- og ungdomsskule

Kl 19 Innebandy for alle

Kvar: Skjåkhallen. Arr: Skjåk IL

Kl 19 Dametrimmen

Kvar: Snikkeriet. Arr: Skjåk IL

Kl 19.30 Foredrag v/Oskar Puschmann

Om kulturlandskap og attgroing.

Fotograf Oskar Puschmann syner fram landskapsendringar og resultat frå etnologisk undersøking i Skjåk med like bilde frå for 50 år sidan og nå. Kvar: Kantina på skulen

Arr: Landbrukskontoret

Kl 20 Danseøving i gamaldans

Kvar: Dønfoss grendehus

Arr: Skjåk spel- og dansarlag

Fredag 8. mars

Kl 11 Solfest for bebuarar på Skjåkheimen saman med 3. klassingane.

Kvar: Skjåkheimen

Kl 12 Markering av Kvinnedagen m/filmframsyninga "Milk County"

Kvar: Skjåk folkebibliotek

Servering: SOLo, appelsin og snacks

Kl 18 Foredrag med Gabriella Mathisen

Kvar: Marlo Grendehus.

Arr: Nordigard Ramstad og MOT

Servering: Lademjølk og mørlefse

Laurdag 9. mars

Kl 12-14

SOLfest og familiedag

Kvar: Gamleheimstrædet

Arr.: Komitéen

❖ Antrekk: noko gult (om du vil)

❖ Aking, ta med eigen doning

❖ SOL på små og store fjesv/Skjåk Turlag

❖ Kul SOLløype v/Skjåk Turlag

❖ Spikking for store og små v/Skjåk Husflidslag

❖ Bålkokking med Arne Brimi

❖ Smak av den nye, gode

Gudbrandsdalsosten Anno 1863

❖ Underhaldning

❖ Markering for folk med SOL i namnet sitt

Vi har varm grill. Ta med litt å grille om du vil.

Kl 12 Badminton for alle

Kvar: Skjåkhallen

Arr: Skjåk IL

Kl 12 POLSkurs

Kvar: Kantina på ungdomsskulen

Arr: Skjåk spel- og dansarlag

Vi tek atterhald om endringar i programmet og snømengda i Gamleheimstrædet. Programmet blir oppdatert på nettsidene til Skjåk kommune.

Foredrag med Gabriella Mathisen

Frå rus til verdas tøffaste ultraløp. Møt verdsmeisteren Gabriella!

Bak Gabriella Mathisen ligg det ikkje berre hundrevis av mil, personelege merittar og oppnådde mål. Bak ho ligg også eit liv som innheld meir svik, vonde minne og urettferdigheit enn det dei fleste kan klare å førestille seg. Ein vanskeleg barndom med omsorgssvikt glei etter kvart over i ei eiga vond og lang rushistorie. No reiser ho verda rundt og deltek på verdas tøffaste ultraløp under steikande sol, på glovarm ørkensand og uendeleg mange mil foran seg. Og ho elskar det. Ho representerer ei sterk stå-på vilje og staheit. Kom og høyr denne ubeskriveleg inspirerande dama fortelje om livet sitt.

Arr: Nordigard Ramstad og MOT. Fredag 8. mars kl 18. Marlo Grendehus.

"Livet er ei gåve, uavhengig av utgangspunkt.

Det er ikkje viktig å

passa inn, det er meir viktig å vera seg sjølv.

Det å tora å vera seg sjølv.

Alt treng ikkje vera perfekt. Livet er ikkje perfekt."
Foto: Robert Rønning/NRK

Boklansering med Magnhild Bruheim

Endeleg ei ny krimbok frå Magnhild Bruheim!

Krimboka "Stjernefallet" skal lanserast på biblioteket under "SOLfestivalen" 2024.

Magnhild Bruheim debuterte i 1997 med boka «Varselet». Ho har seinare gjeve ut ei rekkje romanar for barn, ungdom og vaksne. «Stjernefallet» er den sjuande krimromanen hennar.

Magnhild vaks opp i Skjåk og er i dag busett på Lillehammer. Boksal og signering.

Arr: Skjåk folkebibliotek. Onsdag 6. mars kl 19. Skjåk folkebibliotek.

Gode tilbod og tips under SOLfestivalen

• Skeid Kro melder at dei har tilbod på kaffi, SOLbollar og SOLis denne veka.

• Akantus Blomster på Skjåk Kjøpesenter melder at dei har “SOLstikk” denne veka med mange gode tilbod. Fylg med på facebooksida deira.

• Godbiten Café på Skjåk Kjøpesenter melder at dei har tilbod på SOLbollar og kaffi denne veka.

• Skjåk Kjøpesenter har pynta med soler og har fleire gode tilbod.

• Sysselsetting Lom og Skjåk har laga dyrkepinnar av bambus med tekst som t.d. agurk, tomat, chili m.m. for sal.

• Skjåk Mat lanserer ei ny grillpølse denne veka

Mat og prat og filmen "Sau"

Ein sjarmerande feelgood-film som har fått ståande applaus og stor merksemd både i Norge og i utlandet.

Bli med til småbruket i Nordland som skal skifte til neste generasjon, frå far til dotter. Filmen syner eit varmt og nært portrett av ein familie. Den handlar om tradisjon og overlevering av kunnskap, om å finne sin eigen veg i andre sine fotspor. Landbrukskontoret spanderer kveldsmat før filmframsyninga og Skjåk Mat lanserer ein ny grillpølse.

Arr: Landbrukskontoret og Bygdekinoen. Måndag 4. mars kl 19 (film kl 20). Marlo Grendehus

Sesongopning av Frøbiblioteket

Eit tilbod til alle hobbygartnarar

Her kan du "låne" frø om våren. Når hausten kjem kan du sanke frø frå plantene du har dyrka. Om du vil, kan du levere frø attende til biblioteket, slik at andre kan "låne" dei året etter. Prinsippet er Lån-Dyrk-Sank-Lever.

SOLsikkefrø

Som ein start på SOLfestivalen deler vi m.a. ut SOLsikkefrø. SOLsikka er kanskje den gladaste blomen. Den har imponerande farge og størrelse og er ein fin matstasjon for småfuglane. Dessutan er den Ukraina sin nasjonalblome. Den symboliserer håp og fred. Dyrk solsikker og sprei glede rundt deg. Kven dyrkar den største solsikka? Send inn bilde og mål til: skjaak.folkebibliotek@skjaak.kommune.no innan 1.oktober 2024. Fin premie!

Foto: Lars Sandved Dalen/NIBIO

Foredrag og bildeframsyning av fotografen

Oskar Puschmann

Om attgroing, utbygging, modernisering og landskapsendringar

Oskar Puschmann har gjort dokumentasjon av landskapsendringar til eit livsverk. Sidan 2002 har han refotografert over 6000 historiske landskapsfoto. Frå Axel Lindahl på 1880-talet og av mange andre fotografar heilt opp til vår eiga tid. Dette gjeld også fotografi frå område i Lom og Skjåk frå før i tida og nå.

På denne måten bidreg Puschmann til kunnskap om konsekvensane av attgroing, utbygging, modernisering og om verdien av landskaps- og bygningsvern der ein faktisk set inn tiltak og ressursar.

Arr: Landbrukskontoret. Torsdag 7. mars kl 19.30. Kantina på Skulen Kom og sjå ei utandørs

SOLutstilling/utsmykking

- ved fontena i Bismo av elevar ved

Lom og Skjåk kulturskule: Karusell kunst, Visuell kunst, Minikarusell

Vi tek atterhald om endringar i programmet. Programmet blir oppdatert på nettsidene til Skjåk kommune. Her finn du også kontaktinformasjon. Oss tållåst!

Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.