

Skjåk Turløyper SA skal gje folk gode tur- og naturopplevingar sommar og vinter gjennom organisering av tiltak og vedlikehald av skiløyper og turstigar i Skjåk. Skjåk Turløyper står for organisering og koordinering av all skiløypekøyring.
Skiløypene kjem ikkje av seg sjølv, og bak dei flotte moglegheitene for skigåing i Skjåk ligg eit stort arbeid i vedlikehald og oppkøyring av løypenettet. For å få til dette er vi heilt avhengige av inntekter frå kommune, sponsorar og støtte frå privatpersonar.
Skjåk Turløyper ynskjer deg med på laget for å sikre oppkøyring av skiløyper. Alt av innkomne midlar blir brukt til å finansiere drifta eller investeringar for å utvikle løypetilbodet ytterlegare.
Løypebidraget er valfritt, men vårt forslag er:
Kr 800 per husstand/familie/hytte
Kr 400 per enkeltperson
Kr 50 per enkelttur
Løypebidrag
kan du betale til:
Oppdatert løypeinformasjon finn du på:
www.loyper.net og på vår facebookside
www.facebook.com/skiogtur
Med atterhald om vær- og føreforhold er det skiløyper på desse stadene i bygda:
• Ljosløypa i Botn
• Bottrunda
• Ljosløypa i Dønfoss
Helger, vinterferie og påske blir desse løypene køyrt:
• Åslivegen
• Åsen – Billingen – Fjellro – Nysætra
• Åsen rundt (frå ca 15. februar)
• Grotliløypene
(Grotli-Hamsevika - Kjerringtjønnene- Grotli, med avstikkar inn til Viksvatnet er vårløype)
• Sotaløypene
Bottrunda 7,8 km
Skianlegg 3,0 km
Åsen rundt 22,6 km
Pollfoss – Åsen 6,4 km
Åsen – Stuttgongen 4,6 km
Stuttgongen – Pollfoss 11,6 km
Vuluvatnet rundt 11,3 km
Åsen – Nysætra 5, 1 km Nysætra – Stuttgongen 1,6 km
Løypene i Botn/Nysætra/Billingen blir køyrde av Skjåk turløyper
Mysubytta - Solsida 1,6 km
Mysubytta - Syrtbyttjønn 2,5 km
Røykjeskålsvatnet - Syrtbyttvatnet 4,5 km
Sota -hyttefeltet 2,5 km
Sota - Liavassosen 6,9 km
Sota – Mysubytta rundløype 10,4 km
Løypene på Sota/Mysubytta blir køyrde av Explore Skjåk for Skjåk turløyper
Grotli hotell – Hamsevika - Kjerringtjønne 7,9 km
Grotlirunda 3,9 km
Grotli vest 2,4 km
Grotlivassrunda 5,6 km
Heillstuguløypa 15,1 km
Mastrunda 2,2 km
Løypene på Grotli blir køyrde av Skjåk hytteservice og Grotli Høyfjellshotell for Skjåk turløyper
Dønfoss ljosløype 7,2 km
Løypa i Dønfoss blir køyrde av Skjåk IL skigruppa