4 minute read

87 URØRT SKI- OG SYKKELEVENTYR

s kogstad, a lvdal kommune, h edmark 62,11° n , 10,54° a | 565 moh . s pring og ting: urortskiogsykkel.no

« e g må berre orsake rotet, Siri er på elgjakt», seier Audun Jøstensen Lutnæs idet han ønskjer meg velkomen til den gulmåla garden i Utkant-Alvdal. Rundt oss spring nokre høner fritt og kaklar om kapp. Saman med kona Siri Hafstad Eggset driv han Urørt Ski- og Sykkeleventyr. Dei ville lage eigen arbeidsplass med favorittaktiviteten i hovudfokus: unike naturopplevingar. Då er Nord-Østerdalen perfekt, området er undervurdert og underbesøkt så det held, med sitt nettverk av stiar og grusvegar i skog og på fjell. For ikkje å snakke om at naturen skil seg ut. Dei enorme fjellområda er teppebomba av reinlav og busker som gjev eit flott fargespel, spesielt i det vakre lyset på våren og hausten. Dei få tilreisande får dessutan viddene nesten heilt for seg sjølve. Å vere åleine i og med naturen er luksus for mange, med tilhøyrande høg verdi.

Advertisement

Siri og Audun har jobba som guidar elles i Noreg og i eit heilt anna terreng i Georgia landet, ikkje den amerikanske delstaten. Begge er frå Alvdal og har alltid drøymt om å byggje opp noko eige. Som ein bonus er den populære verksemda med på å byggje opp Alvdal også, for tilreisande kjem frå heile landet og blir inspirerte av dei fantastiske stisyklingstilhøva i ikkje altfor bratt terreng. Så gjer ekteparet også krav på å bu i Noregs sykkelvogge.

Begge er opptekne av berekraft og at fleire skal hugse å ta omsyn til dyre- og plantelivet i naturen vår. Det meste baserer seg på tohjulingar, sjølv om snøgarantien i området også gjer skiaktivitetar attraktive. I alle høve er toget som tilførselsveg viktig. At Alvdal ligg mellom

Dovre- og Rørosbana, gjer det lettvint å kome hit på miljøvenleg vis, noko som får gjestane over i berekraftmodus allereie før dei kjem fram.

«Det bør, skal, må vere sjølvsagt at vi som lever av å leike i naturen, samstundes er brennande opptekne av å ta vare på han», slår Audun fast. Verksemda starta dei i 2019, året før dei tok over garden og landet stengde ned. Sidan Urørt opererer ute og driv med små grupper, kunne dei halde oppe drifta. Dei fleste kjem hit for turar på tre–fire

«Dei 250 moskusane her er ikkje negative for Dovre, men talet på alle som skal sjå moskus, er det. Dyra treng ikkje meir kontakt med menneske enn det dei allereie har», seier Rune alvorleg. Opphaveleg er han Lesja-bonde, no kosar han seg på fjellet heile sommaren. Av 150 turar har det berre skjedd to gonger at han ikkje har sett moskus. Men moskusgaranti opererer selskapet ikkje med.

«At det er ein sjanse for ikkje å sjå moskus, gjer det heile litt meir spennande. Alt handlar om å levere litt meir enn det folk forventar», avslører den rutinerte guiden. Selskapet har sett eit tak på 18 personar på kvar tur, for å minimere avtrykket. Vanlegvis er ein moskustur på rundt ei mil, men spesielt midtsommars må ein ofte gå dobbelt så langt for å sjå dei folkeskye dyra. I heten trekkjer dei langt inn på fjellet. Selskapet arrangerer turar også på vinteren, framkomstmiddelet kjem då litt an på ferdigheitene til dei som er med. Nordmenn er nesten alltid flinke nok til å gå på ski, om føret er godt nok, medan utlendingane som regel må ta til takke med truger. Elles dett dei og slår seg. Det går ikkje i hop med meistringskjensla, som er så viktig om ein skal få folk til å halde fram med å nytte og nyte naturen.

Komplikasjonar er det heldigvis ikkje så mange av. Men ei dame la att mobiltelefonen sin sju kilometer inne i fjellheimen. At mobilen ikkje låg i lomma, oppdaga ho ikkje før på Dombås. Utruleg nok fann ein annan guide att telefonen dagen etter, og sende han heim til dama i posten.

Verre var det for ein tyskar som langt inne i ingenmannsland såg seg nøydd til å leggje kabel bak nokre buskar. Brått kom han springande med buksa nede på leggane, samstundes som han ropte: «Moskus, moskus!» Rune vart både overraska og redd, heilt til ein uskuldig liten islandshest stakk hovudet fram. Sjeldan har tyskarar vore flauare. Men historia enda ikkje der. To veker seinare trefte Rune faktisk same karen att på ein sti på Dovre, leiande på ei norsk dame.

Guiden klarte ikkje å dy seg og spurde om han hadde sett nokre hestar i det siste. Dermed måtte han til pers og fortelje heile historia til ein stadig meir lattermild kjærast.

Slik Rune ser det, er moskusen berre ein liten del av opplevinga. Han og dei andre guidane fortel historier frå 400 millionar år attende, syner fram planter og set ting i perspektiv. Lesja-karen ønskjer å inspirere og få folk til å tenkje og reflektere over kor sårbar og kompleks naturen er.

«Dette lågterskeltilbodet er med på å endre haldningar på sikt, og eg meiner verkeleg at moskussafari er eit folkehelsetiltak. Vi snakkar låge skuldrer, høg stemning og null stress. For ikkje å gløyme mosjonsperspektivet», seier han før han set seg inn i bilen og køyrer av garde.

Kjelder

A SBJ ø RNSEN , P. C HRISTEN OG M OE , Jø RGEN : «Jutulen og Johannes Blessom». Norsk folkeeventyr. Henta frå: http://runeberg.org/folkeven/032.html

E LVES æ TER , H ALVORSON m.fl.: Reisehaandbog over Gudbrandsdalen og Lillehammer. Lillehammer – Gudbrandsdalens Turistforening, 1905.

H OLT , Kå RE : Skoggangsmann: en fortelling om Rottenikken. Oslo: Gyldendal, 1984.

S ANDBERG , E ILIV : Hoel Gård. Historier og minner gjennom 200 år. Absolutt forlag, 2019.

S TEEN , S VERRE : På falittens rand. Cappelen, 1953.

F OTO : Sjå fotolista s. 271

A LLE ANDRE FOTO : Gunnar Garfors

OMSLAGSFOTO : Gunnar Garfors

B OKDESIGN : Øystein Vidnes · vidnes.xyz

F ONT : Newzald, Söhne og National av Kris Sowersby

P APIR : Maxima Natural Offset 120 g, FSC

T RYKK OG INNBINDING : Balto Print

© SKALD 2023 www.skald.no

ISBN : 978-82-7959-355-3

ClimatePartner.com/18507-2307-1002