3 minute read

78 UNDERVASSSKULPTURPARKEN UNDER SJØHOLMEN

s andvika, b ærum kommune, a kershus

59,89° n , 10,54° a | –2 moh . s pring og ting: sjoholmen.com p å ei lita kai rett nedanfor kunst- og kulturhuset Sjøholmen står to personar og kikar ned i vatnet. Det har mann og dotter gjort sidan 2018, og sandvikingane har eit ståande veddemål om kva tid dei skal hoppe uti. Bronsestatuane hintar til ein undervasspark med endå ti statuar laga av den verdskjende kunstnaren Jason deCaires Taylor. I elleve land, fordelte på fire verdsdelar, har briten laga statueparkar som står på ulike djup, den under Sandvika heiter Nexus og er den einaste i Norden. ter, ofte ispedd litt sladder. Dei visste kvar folk skulle av, og til og med kva som feila folk, for som medisinbod hadde dei innsideinformasjon om så mangt. Toget var i det store og heile ein viktig livsnerve. Posten hadde eigne tilsette om bord, som sorterte, fordelte og delte ut post frå ei spesiell vogn som hadde brevsprekk framme og bak.

Advertisement

Tyler var i Noreg i januar 2016, på jakt etter eit arktisk område. Då han kom til Sjøholmen, var det is på fjorden og heilt magisk lys midt i blåtimen.

«Vi lét vere å fortelje han at det er sol, komplett isfritt og hyggelege badetemperaturar her kvar sommar. Heldigvis spurde han heller ikkje, men bestemte seg for å leggje skulpturparken sin her», fortel Mette Torstensen som er dagleg leiar for det private kulturhuset.

Heilt gratis var parken ikkje, og Sjøholmen var avhengig av støtte for å lande prosjektet på grunt vatn. Ein av hovudintensjonane er å få born til å fange interesse for livet i fjorden. Sjølve statuane er laga av mikrosement med same pH-verdi som sjøvatnet rundt. Det gjev ideelle tilhøve for planter, som begynte å vekse på statuane allereie etter eit par veker. Ytterlegare veker seinare kom leppefiskarten berggylte, som var på utkik etter godsaker, og no er det eit komplett økosystem i sving i undervassparken som ligg på to meters djup.

«Før var det heilt dødt her, men vekstane endrar oksygenkonsentrasjonen i vatnet og legg grunnlaget for liv. No ser vi at skjel, krabbe og hummar kosar seg blant plantene», forklarer Mette. Organismane filtrerer også vatnet og gjer det reinare.

Trass i grunt vatn verkar skulpturparken å vere for utilgjengeleg for folk flest, berre eit par hundre menneske tek seg bryet med å dykke eller snorkle rundt statuane kvart år. Det er ein sterk kontrast til kunstnaren sine skulpturar på havbotnen utanfor Cancun i Mexico. Dit kjem hundretusenvis av menneske årleg. Dei litt hyggelegare badetemperaturane i vatnet der året rundt kan vere noko av forklaringa. Nexus kjem frå latin og tyder knutepunkt eller samanheng. Utstillinga set fokus på at ingen eig havet, at vi har eit felles ansvar for å verne om det og skapningane som bur der, og at menneskeheita er avhengige av havet for å overleve. Dei ti skulpturane er forankra til botnen med rustfrie stålkalar, fordi menneskefigurane ikkje er laga i massiv sement og derfor vil flyte.

«Eg reiste til skule i Kongsberg med skuletoget kvar dag. Slik sett er Numedalsbana ein av grunnane til at eg snakkar litt fransk, språklina på gymnaset måtte ein til Kongsberg for å ta», hugsar Knut Jarle.

Han går med meg til dresinane som står i kø på skjenene like ved den nedlagde stasjonsbygningen i Veggli, og viser korleis eg skal snu dresinen, før han vinkar meg av garde. Det er nesten som å sykle, nærare opplæring er ikkje naudsynt. Det er påbode med hjelm, elles gjeld det berre å kle seg etter vêret. Eg syklar av garde, og det går overraskande lett. Friksjonen er i utgangspunktet mindre enn med vanleg sykkel, men fire hjul i staden for to tek vekk noko av fordelen. Kvar gong eg passerer ein svilleskøyt, smell det, som på eit ordinært tog. Eg passerer dei gule trebygningane på Kjerre stasjon i fin fart og held oppe tempoet langs Numedalslågen. På høgresida ligg Kjerredammen med ei demning som høyrer til kraftproduksjonen i dalen.

Kort tid etter kjem eg til ein kald, rå og temmeleg mørk tunnel. Spennande, for kven veit kva som skjuler seg her i mørkeret? Heldigvis er denne berre 300 meter lang og heilt rett, slik at det alltid er lys å sjå i enden. Like etter kjem det ein tunnel til. Denne er dobbelt så lang. Takka vere ein lang sving er det umogeleg å sjå noko som helst i det stupande mørkeret. Men dresinen held seg på skjenene, så lys er eigentleg ikkje naudsynt av andre grunnar enn for å unngå å bli mørkeredd.

Ved vesle Kravikfjorden stasjon i Nore og Uvdal kommune tek eg matpause og nyt utsikta over den flotte naturen som ligg rundt innlandsfjorden.

Dei mange stasjonane på Numedalsbanen var delte opp i to kategoriar. Dei små, som denne, hadde berre gods- og postekspedering. Politisk ukorrekt nok vart dei kalla «kjerringstasjonar» samanlikna med dei store, som også hadde togmeldingsteneste og stasjonsmeister. Desse inkluderer Veggli, Flesberg og Rollag.

Ein kar som hadde prøvd dresinsykling privat, inviterte sidan med seg eit dusin kollegaer på lagbyggingstur. Men i starten sikra han seg dresinen som stod først i køen og sykla av garde som eit olja lyn. Dei andre rista berre på hovudet før dei sakte begynte å sykle nordover. I den andre tunnelen gøymde initiativtakaren seg midt i svingen og rigga seg til med ein kassettspelar som han hadde hatt i ryggsekken. Då dei andre omsider kom inn i tunnelen, trykte han på ‘play’, og spelte av lyden av eit tog som fløyta kraftig.

«Kollegaene trudde toget kom, fekk fullstendig panikk og kasta seg av dresinane sine», flirer den gamle konduktøren. «Men det er sjølvsagt ikkje lov å gjere slikt, altså», poengterer han halvalvorleg.