3 minute read

85 KLIMAPARK 2469

j uvvatnet, l om kommune, o ppland s pring og ting: klimapark2469.no l ike ved den kjende Juvasshytta ligg ein handhoggen istunnel som er full av isskulpturar og fleire tusen år gamle arkeologiske skattar og funn. For ikkje å gløyme Noregs eldste is, med sine 7600 år. Dei fleste isbreane her heime dukka opp først tusen år seinare. Tunnelen ligg ved foten av Galdhøpiggen og er ei framifrå oppleving både for dei som sidan ønskjer å erobre landets høgste fjell, og ikkje minst for dei av oss som heller vil vente med noko lågare puls enn den betre halvdelen, som absolutt skal krysse av toppen 2469 meter over havet på lista si. fleste padlarane tek turar på mellom tre dagar og ei veke. Vanlegvis startar dei ved Femund Canoe Camp, men spesielt gjestar som kjem att, ønskjer å utforske nye delar av den 60 kilometer lange innsjøen. Då tilbyr Karin og Rick skyss med kanohengar så nær ønskt område dei kjem med bil. For ihuga villmarksentusiastar er det populært å utvide utforskinga også til andre innsjøar i nabolaget, som Isteren, Sølen eller Gunnarsjøen.

61,68° n , 8,35° a | 1851 moh .

Advertisement

Istunnelen og Klimapark 2469 er ikkje noko dårleg alternativ.

«Dette er ei sommaroppleving med gåsehudgaranti. Folk blir overraska når dei kjem inn i istunnelen og ser kor vakkert det er», seier naturrettleiar Dag Inge Bakke bak gråtonane i skjegget.

Eit besøk her er meir enn berre underhaldning, i kryssingspunktet mellom kunst, historie og reelle opplevingar frå notida er eit besøk til istunnelen ei aha-oppleving. Om ein midt i den sakte, men sikkert smeltande isen ikkje skjønar kor reell og dramatisk klimautfordringa vi står i, er, er det neppe håp om at rullegardinene nokon gong vil gå opp.

«Den viktigaste bodskapen er at dette er eit landskap i endring på grunn av klimaendringane. Men vi seier medvite ikkje så mykje direkte om det. Vi vil at folk skal reflektere og tenkje sjølve. Her er alt frykteleg visuelt og tydeleg; blir det varmare, så smeltar isen, så enkelt er det», åtvarar Dag Inge.

Kunsten i tunnelen er utforma og lyssett av ein iskunstnar med passande namn til jobben, Peder Istad frå Molde. Stemninga han har laga inne i isen, er heilt eventyrleg. Kombinasjonen mellom isen, kunsten, arkeologiske funn og norrøne element fungerer framifrå og gjev ei heilt spesiell stemning.

Den første tunnelen vart planlagd i 2009 og graven ut året etter. Då hogg entusiastar, arkeologar og forskarar seg inn i isen for å studere strukturen på han. Det var med på å etablere eit forskarnettverk som har utveksla viktig kunnskap og nye oppdagingar sidan. Uheldigvis smelta det hol i taket i 2011, og dei måtte lage ein ny tunnel på 375 kvadratmeter.

Barnefamiliar tenkjer gjerne meir på komfort og føretrekkjer heller overnatting på campingen, i hytter, glampingtelt eller gapahuk. Det er også høve til å nytte grillhus, dusjar, badstove, leikeplass og volleyballbane på det bilfrie campingområdet. Samstundes avgrensar mange av dei padlinga til dagsturar. På den andre sida så tek ein kano lett 400 liter, eller like mykje som ei stasjonsvogn, så mangel på plass til pikkpakk er ikkje noka unnskyldning for å droppe langtur.

Femunden er omkransa av Femundsmarka nasjonalpark, som er mellom dei største samanhengande villmarksområda sør i Skandinavia. Tusenvis av små vatn, store skogar og runde åsar ligg berre og ventar. Til skilnad frå bratte fjordlandskap på Vestlandet og i Nord-Noreg så er fjelltoppane her langt «snillare».

«Skogane er tynne og det kryr av myrer. Dessutan er ikkje fjella bratte, noko som appellerer til stadig fleire som er leie av evinnelege toppturar langs opptrakka stiar. Her er det få stiar, og både enkelt og innbydande å gå heilt vilkårleg. Då freistar det lett med ein aldri så liten fjelltur for å få eit pusterom frå padlinga», fortel Rick.

Ironisk nok set mange spesielt pris på dårleg vêr. Det heile blir litt villare, tøffare og meir utfordrande. Dermed blir meistringskjensla endå sterkare og opplevinga meir minneverdig.

Spesielt gjeld det utanlandske gjestar, som utgjer eit fleirtal av padlarane. Stordelen av desse har heller aldri vore i villmarka før. Då set Karin og Rick av ekstra tid for å sikre seg at ingen tek unødig risiko. Alle får opplæring, og turane skreddarsyr dei med detaljerte kart. For å unngå Severin Suveren-smellar har kanovertskapet alltid kontroll på vêrmeldinga, det er ikkje uvanleg at det blåser opp på Femunden. Då kan det fort bli tungt å padle heim att for utrente armar. For kanosjefane gjeld det å kunne vere strenge og kome med tydelege beskjedar. Sjølv midtsommars er det berre åtte ni grader i Femunden, det gjer at spesielt asiatar og sør-europearar kjapt får panikk.

Likevel har ryktet om innsjøen som den siste villmarkspadleperla i Europa fått bein å gå på dei siste få åra, noko som ofte plasserer Femund Canoe Camp høgt på prioriteringslista over slike destinasjonar. I Sverige må ein stort sett finne teltplass før lunsj, elles er nesten ingenting ledig. Og i Tyskland er det berre eit fåtal vassvegar som kan padlast, og trykket på dei har auka enormt. Det er kanskje ikkje så rart at stadig fleire padlarar kjem attende år etter år. Eg undrar meg om det ikkje kan bli i travlaste laget.

«På ingen måte! Resten av året ser vi knapt eit einaste ukjent menneske, så vi sparer på inntrykka frå somrane og lever på dei resten av året», seier Rick med eit glis.