1 minute read

61 HIMMELRIKET

g autefallheia, d rangedal kommune, t elemark 59,07° n , 8,71° a | 520–670 moh .

Advertisement

d ei har lege her lenge, desse spektakulære og fargerike svaberga, det var førre istid som la dei att etter seg. Eg har sett mange bilete av Himmelriket og alltid late meg fasinere, men utruleg nok aldri teke turen sjølv. For den unike staden ligg berre to og ein halv kilometer godt oppmerkt sti frå næraste parkeringsplass ved skisenteret.

Det er regn i lufta då eg startar turen, men eg går raskt oppetter åsen og passerer snart ein barnefamilie. Dei yngste slit litt med enkelte glatte parti oppover det blankskura fjellet. Granitten inneheld vakre, lyse årer av kvarts, noko som har gjeve skråninga namnet Kvitbergheia.

Øvst oppe deler stien seg i to, den som ligg lengst aust eller til høgre frå parkeringsplassen, gjev den råaste openberringa av Himmelriket i det eg passerer nokre små myrer med spreidd fureskog. Det har berre teke meg knappe tjue minutt hit frå eg starta, og eg stoppar for å nyte herlegheita. Eg kjenner meg nesten overjordisk med utsikt over dei imponerande fargenyansane som lagar mønster i den elles blankpolerte dalsida. Det går i grønt, raudt, brunt, lilla, kvitt og svart. På ytterlegare ti minutt har eg sloppe inn og står midt i riket av ti tusen år gamal granitt. Sjølv utan godkjenning av St. Peter. Det er heilt stilt, og eg prøver å rope. Stemma ber bra i denne dalgropa som er kjend for eminent akustikk. Det går rykte om spontane konsertar, om enn ikkje frå verdskjende artistar. Men dei kjem.

Regndropane fell litt tettare no, men det er framleis ikkje ille. Dessverre gjer regnet at fargane blir meir diffuse og flyt meir i eitt. Dei mest imponerande besøka blir derfor på tørre dagar, helst med naturleg lyssetjing av sola.

Eigentleg heiter svaberga Jørundskarsvåene, men kallenamnet Himmelriket har no nærast monopol. Det er enklare å hugse og skildrar opplevinga av den særeigne dalgropa betre. Ho minner eigentleg mest om eit tradisjonelt romersk amfiteater der ho skrår slakt oppover mot toppen 700 meter over havet.

Dei siste åra har også syklistar skjønt kor fantastisk det er å sykle på dei svære svaberga. Og vinterstid er det ein framifrå skibakke, men då er fargeprakta godt gøymd under snøen. Dei fleste nyttar uansett skitrekket på Gautefall Skisenter på andre sida av riksvegen.