1 minute read

66 RAVNEJUV

Next Article
61 HIMMELRIKET

61 HIMMELRIKET

r avnejuvvegen, t okke kommune, t elemark 59,50° n , 7,99° a | 575 moh .

o m du ikkje har høgdeskrekk frå før, så får du det her. Eventuelt manglar du truleg sjølvinnsikt, sjelefred og realitetsorientering. Ravnejuv, eller Ravnegjuv som det heitte i gamle dagar, var på eitt tidspunkt faktisk ein av dei største turistattraksjonane for den europeiske overklassen. Ikkje berre er utsikta spektakulær og suget dei fleste av oss får i magen, heilt unikt, lokale luftstraumar gjer også at det til tider kan vere umogeleg å bli kvitt kva ein no måtte finne på å kaste utover kanten, det kjem rett opp att.

Advertisement

Det bratte stupet over Tokkeåi går 350 meter rett ned, og eg klarar ikkje å la vere å leggje meg på kanten for å sjå ned. Då kriblar det godt i magen.

Så tidleg som i 1865 var Ravnejuv nemnt i utanlandske reisehandbøker på fleire språk, og i 1878 kom det kongelege på besøk. Den svenske kronprinsen Gustav og den franske keisarprinsen Napoleon IV var turkameratar og rei hit i lag over fleire etappar frå Christiania. Bygdefolket hadde fått nyss om at prominent besøk var på veg, og rakk å få sett opp ein paviljong få meter frå stupet. Kostnadene tok hotellvert Olav Å. Sandok på Nesland i Vinje, ein Bonaparte-arving på vitjing gjorde underverk for omsetnaden. Men prinsar frå to nasjonar gav dei eit lite logistikkproblem, for å heise flagg på ein respektabel måte måtte to flaggstenger setjast opp. Det løyste dei lett, ein liten meter frå stupet, men sjølve flaggheisinga gjekk det verre med. Kort tid før prinsane skulle kome, hengde det eine flagget seg fast på halv stong. Den uredde sprekingen Halvor Skaret visste råd, han kleiv opp i stonga som svaia utover sjølve stupet. Slike detaljar lét han seg ikkje påverke av, og fullførte jobben sjølv under rojalt tidspress. Gustav og Napoleon vart ofseleg imponerte over Ravnejuv og fortalde sidan om den vanvitig ville staden i kretsar med høge konsentrasjonar av blått blod. Det gjekk ikkje lengre tid enn til neste sommarferie før også kong Oscar II tok turen. Han var konge av Sverige og Noreg frå 1872 til unionsoppløysinga i 1905, og nabolandet vårt regjerte han over i ytterlegare to år før stafettpinnen gjekk vidare. Slike storfine besøk fungerte som framifrå marknadsføring, og tilstrøyminga vart så heftig at eit sommarhotell vart sett opp berre 300 meter frå

This article is from: