22 ·
H I S TO RI A O M BU N A D EN
kvinnetrøye frå talle i Luster, i grøn tett vadmål med brun-svarte fløyelskantar og messingknappar. Saum midt i ryggen og bakovertrekte skuldersaumar. Smale tosaums-ermar med brei fløyelskant. p.e. foto: nbf
det blå ålivet etter Steinor A. Berge (1814–1905). Sydd av tynn silke med roseknoppar, fôra med lin og kvarda med svart rettskoren fløyel. p.e. foto: nbf
hellene på raustloftet, medan det blå ålivet hadde lege på kistebotn. Svigermor hadde brukt det ein gong då ho var med å profilera onkelen si bedrift, Grimstad Gartneri, på jubileumsutstilling i Trondheim i 1930. Frå barndommen hadde eg i bakhovudet den såkalla «Bringe-bunaden» med brodert åliv i gilde fargar. Eg hugsa og eit glimt av ei brurekrune (det var nok Walaker-kruna) i gylt sølv på kvitt sengeteppe på Klokkarhaugen i Luster. Sjølv hadde eg nyss stått krunebrur i nysydd sognebunad og med Stedje-kruna frå Sogndal. Men dette gamle var då noko heilt anna enn det me brukte til bunaden no? Den neste aha-opplevinga eg fekk var då franske Pascale Boudonnel, dukka opp på tv-skjermen og i vekeblad i ein annleis sognebunad. Dette kjende eg eit forunderleg slektskap til, og eg vart endå meir nysgjerrig. Det synte seg at Pascale ville ha ein bunad med lokale røter då ho gifte seg og kom til Undredal i 1986. Sogn Folkemuseum og Bunad- og folkedraktrådet hadde hjelpt med rettleiing og gransking. Pascale gjenskapte ein kvinnebunad frå tidleg 1800-tal, vov sjølv tøy til dos og forkle og sydde drakta si etter originale modellplagg frå indre og midtre Sogn som var på museet. Artiklar i lokalavisene og i Norsk Husflid fortalde om rekonstruksjon av mannsbunad for Sogn, og kjennskap med Gunnvor Urheim og