Farlege forskjellar
Kvifor stor økonomisk ulikskap er eit samfunnsproblem
RES PUBLICA
© Res Publica, Oslo 2025
ISBN papirbok: 9788282263214
ISBN e-bok: 9788282263283
1. utgåve, 1. opplag 2025
Omslagsdesign: Andreas Brekke
Sats: Punktum forlagstjenester
Boka er sett med: Minion Pro 11/14,5
Papir: 70 g Holmen Book Cream 2,00
Trykk og innbinding: UAB Balto print
Forfattaren har mottatt støtte frå Fritt Ord og Det faglitterære fond.
Materialet i denne publikasjonen er omfatta av åndsverkloven. Utan særskild avtale med Res Publica er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate som heimla i lova eller gjennom avtale med Kopinor, interesseorganet for rettshavarar til åndsverk. All bruk av heile eller delar av utgivinga som grunnlag eller som treningskorpus i generative modellar som kan skape tekst, bilete, film, lyd eller anna innhald og uttrykk, er ikkje tillate utan særskild avtale med rettshavarane. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og kan straffast med bøter eller fengsel. www.respublica.no
Denne boka er trykt på miljøvenleg papir.
Innhald
Forord 7
Kapittel 1
Havets gull, dei nye formuane – og korleis dei rike pregar politikken 11
Kapittel 2
Kvifor er det så skadeleg med økonomiske forskjellar? 33
Kapittel 3
Fattigdom stel barndom, håp og helse 53
Kapittel 4
Smular frå dei rikes bord – om aukande økonomiske forskjellar og eit lite hyggeleg kaffiselskap 73
Kapittel 5
Den feilaktige trua på at vi får lønn som fortent 91
Kapittel 6
Demokrati døyr i mørket 109
Kapittel 7
Omfordeling i ei verd av skatteparadis 129
Kapittel 8
Seks vegar ut av forskjellsveksten 143
Forord
Ein gong eg skulle på familiebesøk, fekk T-banen tekniske problem før vi var framme. Då måtte eg ta beina fatt, frå Holmenkollen T-banestasjon og opp til huset eg skulle til ved skogen rundt
Frognerseteren i Oslo. Mens pulsen slo i det eg gjekk oppover bakkane, tok eg det eg trudde var ein snarveg gjennom skogen, på ein bratt sti som gjekk gjennom buskar og kratt.
Stien stoppa plutseleg. Eg måtte gjette på retning. Etter kvart kom eg ut av skogen og inn på ei lysning. Der låg det eit symjebasseng og spegla seg i sola. Rundt stod ei rekke store, grå statuar. Bak meg var det gjerde og panoramautsikt over Oslo. Hjartet mitt hamra. Eg var så skamfull – korleis hadde eg klart å forville meg bak gjerdet og på innsida av eigedommen til ein eller annan veldig rik person?
Eg fann ingen logisk veg ut som tok meg i den retninga eg skulle. Eg enda opp med å snike meg langs husveggen og springe over oppkøyrselen mot bilvegen, som om eg var ein tjuv. Mens eg forta meg ut, såg eg for meg bjeffande hundar og sinte, rike folk.
Eg fniste litt, men følte meg også lita. Etterpå måtte eg tenkje på kva som skjedde. Kvifor kjente eg frykt og skam over å ha gått på ein framand plen?
Sånn var det ikkje då eg var lita. Då løpte vi barna fram og tilbake mellom husa våre. Vi budde alle i ganske nye, ganske like bustadar, bygde for oljearbeidarar i Stavanger. Der var ingen gjerde, berre tujahekkar og stiar vi sjølv hadde tråkka opp. Då kjentest det aldri som noko problem å springe gjennom hagen til ein av naboane – det var noko alle vi barna gjorde for å kome raskare til kvarandre.
I dag bur vår vesle familie i ei treroms leilegheit på Oppsal i Oslo, med delt plen. Vi har ein felles benk og eit felles bord. Den uskrivne regelen oss naboar mellom seier at alle har lov til å slå seg ned, ingen kan okkupere bordet for seg sjølv.
Ein forskjell på desse tilfella er rikdom. Har du råd til eit enormt hus i Holmenkollåsen, med basseng og kunst, får du kanskje eit ekstra behov for å beskytte det. Og kan hende var det ein autoritetsfrykt som slo inn hos meg, og som fekk beina mine til å skjelve der eg stod og hadde surra meg bort. Det er lett å få ekstra respekt for folk med mykje pengar.
Når dei rikaste blir så rike at dei treng å setje opp høge gjerde for å halde omverda vekke, signaliserer det makt og utestenging. Det minner om samfunn som er annleis enn det norske sosialdemokratiet.
Rikdom, fattigdom og økonomiske forskjellar påverkar oss, som samfunn og individ. Målet med denne boka er å kaste lys over kva som skjer når vi har ulik tilgang til pengar. Desse pengane gir ulike mengder makt og fridom gjennom livet. Dei påverkar oppvekstvilkåra, helsa vår og kor stor sjanse vi har for å leve friske liv med mange gode leveår. Det blir mindre tillit og meir uro i samfunnet når forskjellane blir for store.
Noreg har vore eit land med relativt små forskjellar mellom fattig og rik. Gjennom sterke fagforeiningar og omfordelande politikk har vi bygd opp velferdsstaten og fått eit av verdas beste samfunn å leve i. Dette er noko mange av oss er stolte av og har lyst til å ta vare på.
Dei siste tiåra har dette vore i endring. Sidan tidleg på 2000-talet har vi hatt ein sterk vekst i talet på milliardærar, samtidig som andelen barn som veks opp i fattige familiar, har blitt tredobla i same periode. Ulikskap forplantar seg i generasjonar. Barnet til ein milliardær har eit heilt anna utgangspunkt for livet sitt enn eit barn av ein sosialhjelpsmottakar. Dette betyr at kva familie vi blir fødde inn i, har mykje å seie for moglegheitene våre til å leve trygge og gode liv. Når ulikskapen aukar, dannar det grunnlag for at forskjellane kan auke endå meir i framtida, med mindre vi gjer noko med denne utviklinga no.
Mi frykt er at forskjellane mellom folk skal vekse seg så store at vi ikkje berre får fysiske gjerde mellom fattig og rik, men også mentale hinder. Møtest ikkje barna våre lenger på dei same skulane, handlar vi ikkje på den same butikken, og ser bustadane våre heilt ulike ut, mistar vi etter kvart også evna til å forstå kvarandre sine liv. Det gjer samfunnet vårt dårlegare.
Kor store vi lar desse forskjellane mellom folk bli, er eit djupt politisk spørsmål. Vi bør snakke meir om når det blir for mykje ulikskap, og korleis den kan bli mindre.
For barna som skal vekse opp, har det mykje å seie om dei kjenner på det likeverdet, den tryggleiken og det fellesskapet eg opplevde der eg sprang gjennom hagar for å ringe på hos vener då eg var lita. Blir det for mykje rikdom hos nokre få, stenger det resten ute, og alle får eit dårlegare liv.