Mitt Ryfylke 2018 3

Page 25

MITT RYFYLKE | HJELMELAND

25

GJER STEIN OM til gull

Sand frå Årdal finn ein blant anna igjen i plattformar i Nordsjøen og bruer i Danmark. NorStone meiner det vil vere sandressursar i Årdal i minst 10 år til. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: HILDE HAUGE

N

> NorStone i Årdal produserer 550 000 tonn sand i året, kvaliteten er så god at den blir brukt som referansesand hjå til dømes SINTEF.

orStone i Årdal produserer 550 000 tonn sand i året. Sjølv om ressursane er avgrensa meiner bedrifta ein skal kunne ta ut sand i Årdal i minst 10 år til. Driftsleiar Svein Mæland har jobba i bransjen i heile 35 år, og veit det meste ein treng å vite om sandproduksjon. — Det har vore ei rivande utvikling på desse åra, både i maskinparken, med automatisering og auka fokus på HMS. Det er viktig for oss at dette er ein trygg arbeidsplass, seier Svein og viser veg inn i møterommet. Her er det utsikt mot produksjonsarealet og på veggen heng eit bilete av Årdal slik det såg ut før steinbedrifta gjorde inngrep. I etterkant har store deler av arealet blitt senka om lag 20 meter ned. — Det er klart at tidene har endra seg, det er strengare krav med tanke på miljø og arkeologi før ein kan ta ut sand. Bedrifta har hatt fleire utbyggingar gjennom åra, og har investert mykje for å få ei enklare produksjonslinje. Likevel er framleis mykje av utstyret frå 1970-talet. ­ Dette er eit stort og tungt verk, det er mykje som — må skiftast ut for å få det meir effektivt. Samstundes som me i dag har hatt ei rivande teknisk utvikling,

meiner Svein. Han har tatt oss med inn i det aller heilagste, nemleg kontrollrommet der operatør Leif Arne Bjørkeland har full kontroll. På skjermane ser ein heile produksjonslinja, der stein og grus effektivt blir skilt ned til sand og stein i ulik typar, som til dømes 0/8 sand og ulike singelfraksjonar. Dersom noko stoppar opp, at steinen til dømes blir for stor til at knusaren klarer å løyse det på eiga hand vil det lyse raudt på skjermen og produksjonslinja stoppar opp. Sjølv om alt er digitalt og automatisk er det viktig med fagfolk som kan ha kontroll og overblikk her oppe. — Eg er jo her oppe altfor sjeldan, det blir ikkje tid til det. Men her gjer dei ein viktig jobb, slår Svein fast medan Leif Arne set på kaffitraktaren. Desse to har jobba saman i mange år, og kjenner kvarandre godt. Produksjonsformann Kjetil Vasstveit er også innom i kontrollrommet for å slå av ein prat denne dagen. Industri vil alltid vere ein risikoarbeidsplass, og hjå NorStone har ein opplevd det ein ikkje skal oppleve. I 2015 fall ein mann ned frå ein 18 meter høg silo og mista livet, og i vår vart bedrifta dømt til å betale bot. Ulukka har sett djupe spor.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.