Tempo 1 2022

Page 1

Magasinet om å jobba og bu i Etne og Vindafjord

24 Ungdomsbedrift Gjenbruk av oljefat

18

Portrettet Janne Larsen Sævareid

10 Unik bedrift

Tradisjonsrikt garveri


4

14

10

18 28

32

24 23

INNHALD

2

1 • 2022

3

Leiar

18

Bakar mot straumen

32

Liv mellom husa

4

Ringen er slutta

23

Skaper rom med funksjon

34

Treng fleire fagfolk

10

Har garva skinn i 70 år

24

Møblar av oljefat

14

Får ta ansvar

28

Eit hus med driv


Ein må våge å satse, og ein må våge å vente.

Magasinet om å jobba og bu i Etne og Vindafjord

Utgåve nr. 1 2022 foto: AEH

Nils Einar Steinstø Fikse Næringsforening

Ansvarleg utgjevar: Fikse Næringsforening Ansvarleg redaktør: Nils Einar Steinstø

Kreativitet i bedriftene Bygdene våre treng unge menneske som vil etablere seg, og som tilfører næringslivet vårt viktig kompetanse. Kan nøkkelen til suksess vere levande bygder, urbane kvalitetar, gode møteplassar og flott natur? Unge som etablerer seg har med seg viktig kompetanse for å skape berekraft og attraktivitet i bygdene. I dag er innovasjon absolutt nødvendig for å overleve i ein tøff og krevjande marknad. Det er avgjerande at bedriftene våre klarer å omstille seg etter kvart som marknadar, teknologi og andre rammevilkår endrar seg. Vilje til risiko går hand i hand med tolmod. Dersom me aksepterer at satsinga har risiko må me og ha tolmod til å trø feil somme gonger. Dette tolmodet gjeld både for oss sjølve og for oppgåvene – me må vite at ein feil ikkje undergrev heile prosjektet eller oss som personar. Kreativitet tek tid, og inkluderer mange ulike idear og retningar langs vegen.

Redaksjon: Nils Einar Steinstø Omega 365 Design: Astrid E. Hjelmeland Judith Sørhus Litlehamar Inga Klokkerstuen Wangensteen Marcus Rødne Design: Omega 365 Design Foto: Økland Foto Marcus Rødne Framsidefoto: Økland Foto Annonsesal: Christine Rødne Brataas

Kreative personar veit dette, og dei vei at dersom ein berre held ut vil truleg nyttig kunnskap og brukbare idear dukke opp. Utan tolmodet er det mange kreative prosjekt som diverre ikkje hadde sett dagslys. Ein må våge å satse, og ein må våge å vente.

Opplag:

Me er heldige! Bedriftene våre har god driv, og er gode på kreativitet og innovasjon.

Trykkeri:

DET ER DEN DRAUMEN Det er den draumen me ber på at noko vedunderleg skal skje, at det må skje – at tidi skal opna seg at hjarta skal opna seg at dører skal opna seg at berget skal opna seg at kjeldor skal springa – at draumen skal opna seg, at me ei morgonstund skal glida inn på ein våg me ikkje har visst um.

6 000

Haugesund Bok & Offset Magasinet blir fulldistribuert i kommunane, til husstandar og bedrifter i Etne og Vindafjord. Elles på messer og strategiske stadar i distriktet.

- Olav H. Hauge

Hovudsa ma rbeidspa rtna r

1 • 2022

3


Det har vore viktig for oss begge å gjera det me har lyst til. Karoline Berge

Det er god tumleplass i stova og høgt under taket, så Aria lett kan balansere på far Vegard Berge sin arm. Live held seg i armane til mor Karoline Berge.

4

1 • 2022


Jobb og bu

RINGEN ER SLUTTA

Dei har tatt livet litt som det kjem, men når det kom til å velga stad å busetje seg måtte det eit par ekstrarundar og eit hus på Nerheim i Ølen til for å landa ei avgjerd.

– Eg sa fyrst blankt nei, smiler Karoline Berge, som er oppvaksen på Bømlo. Men då dei fekk sjå huset og tomta ute for sal, der dei nå bur, var det tunga på vektskåla for å få Karoline med til Ølen. Med to små barn kjente Vegard Berge, som vaks opp i Ølensvåg, på lysten til å flytte heimatt til større boltreplass og eit behov for å få koma nærare både sjø, fjell, vener og familie. – Det var eit stort ønske for Vegard å flytte tilbake til Ølen, og for meg var det ikkje eit alternativ å flytta tilbake til Bømlo. Då ville Stavanger vore alternativet, fortel ho. – Eg var nok redd for å bli sittande aleine – utan vener, sidan me hadde opparbeidd oss eit stort nettverk i Stavanger. Men det har ikkje vore noko problem. Det har berre blitt nye og fleire vener via arbeid, borna sine aktivitetar og barnehage, i tillegg til gode vener frå tida vår i Stavanger, Lundeneset vgs. og Vegard sine barndomsvener og deira familiar, fortel ho. Familien til Vegard er tett på og vegen til Bømlo er ikkje lengre enn at det kan besøkast begge vegar hyppig. Live (2) vinkar i vindauget med mor Karoline, medan Aria (5) og far Vegard kjem og møter oss nedom huset. Live har laga seg flott Gruffalo-krone i barnehagen, som ho har festa på hovudet. Syklane får fart på plattingen som ligg lunt mot sør. Her kan det køyrast i sirkel rundt utestova før dei sprett vidare opp på på plenen for å hoppe på trampolinen. Sola varmar godt i den romslege hagen og Vegard fortel dei har ei særs romsleg tomt på rundt 1,7 mål. – Ein får som regel ikkje tilgang til tomter over 1 mål på nye utbyggingar i dag, så det er ganske luksus, smiler Vegard. Hagen var allereie godt opparbeidd då dei flytta inn. Her er det velstelte tre, buskar og stauder, som er klare for å sprette og

påskeliljer som strekker seg mot sola. – Me var jo spente på kva som dukka opp i hagen fyrste våren etter me flytta inn, seier Karoline. Frå hagen, terrassen og huset er det utsikt rett ut Ølensfjorden. Bak huset er det landbruksjord og dei slepp direkte innsyn i bakhagen. Den einaste ulempen dei har tenkt på etter dei har flytta inn, er at borna må krysse E134 den dagen dei skal gå til skule og aktivitetar sjølv. – Men me får berre læra dei til å sjå seg godt om. Begge borna er i barnehagen. Dei får dra nytte av tilboda som er lokalt, og er allereie med på både bading og allidrett, og neste år blir det nok fotball for eldstejenta, ifølge foreldra. Tømraren Vegard, som til dagleg jobbar med sal av rehabiliteringar på eldre boligar for Berge Sag, har fått boltra seg godt etter dei tok over huset i oktober 2020. Det raude åttitalshuset er nesten ferdig renovert innandørs. Ei luftig og romsleg stove møter deg frå terrassen og utsikten frå stova rett ut fjorden er upåklageleg. Stilen er minimalistisk og med flotte golv og møbler gennomgåande i eik gir det eit delikat og lunt uttrykk. Dei har valt å ikkje gå for open kjøkkenløysing. – Det er greit å kunne lukke døra om det flyt for mykje, om nokon stikk innom, ler Karoline. Ho fortel ho hentar mykje interiørinspirasjon frå Instagram, og så er ho jo heldig som har ein tømrar på lag. – Eg er nøgd så lenge eg får beskjed om kva som skal gjerast, smiler Vegard. Huset er stort og har heile sju soverom. – Me har ikkje planar om å fylle alle sjølv, ler han. Men med Karoline sin familie på Bømlo og gode vener frå Stavanger er det godt med gode gjesterom. For dei vart innflyttinga midt i koronapandemien ikkje udelt

1 • 2022

5


Det er god plass for leik på den romslege tomta. Både trehjulssykkel og balansesykkel tas flittig i bruk. I det nyoppussa leikerommet er det godt å klatra og ta seg ut for to aktive jenter.

negativt. Det var ikkje så mykje som skjedde elles på det sosiale. Familien flytta fyrst inn i kjellaren og budde der til dei hadde fått pussa opp etasjen over. – Det gjekk overraskande fint å flytte med to små, er dei samde om. For døtrene Live og Aria er det god tumleplass, både utandørs med trampoline, rutsjebane på plenen og god plass for sykling. Innandørs har dei fått seg eige leikerom, med klatrevegg og ribbevegg med madrass under. Dei er uredde og klatrar og hoppar. – Det er ikkje alltid eg vil sjå på, smiler Karoline. Dei likar å ta seg ut og foreldra legg til rette for det. Det er ikkje like strenge krav til leik her, som i barnehagen, der ho jobbar. Elles er det og tydeleg at det er rom for kos og klatring på både mor og far sine skuldre, og Aria klarar lett å balansere på far sin arm. Karoline og Vegard var unge då dei møtte kvarandre på Lundeneset vidaregåande skule, der begge hadde søkt seg inn på salg og service-linja. Lysten til å gå på ein sosial skule vog mest i valet av studie dengong, og ingen av dei hadde store planar for utdanningsvegen vidare. – Systera mi hadde gått på Lundeneset og anbefala det til meg, seier Karoline. – Eg ville ha eit sosialt år og hadde høyrt frå mange at det var veldig bra på Lundeneset, og salg og service var det einaste eg kom inn på, ler Vegard. Etter to år med salg og service og eit år påbygg, valde dei kvar sin folkehøgskule. – Det har vore viktig for oss begge å gjera det me har lyst til, understrekar Karoline. Medan ho tok turen til Molde på snowboard, sjø- og sportlinja, valde Vegard ballidrett i Ulsteinvik, der han fekk dyrka fotballinteressa.

6

1 • 2022

Familien fann draumeheimen på Nerheim i Ølen. F.v.: Live (2), mor Karoline, Aria (5) og far Vegard Berge, med Ølensfjorden i bakgrunnen.

Ingen av dei har hatt ein klar tanke om yrkesveg, men stega dei har tatt har ført dei i havn. Karoline fortel at ho frå ho var lita har ønskt å jobbe med folk, og vurderte barnevernutdanning før ho landa på førskulelærarutdanning då paret flytta til Stavanger etter folkehøgskulen. – At eg skulle jobba med barn fall seg heilt naturleg, seier ho. Vegard starta ei aktiv jakt på kva han skulle bli då han blei stor då dei flytta til Stavanger. – Eg flytta til Stavanger utan å vite kva eg ville. Men heilt frå eg var liten har eg sagt at eg skulle bli tømrar. Med studiespesialiserande i bagasjen var det vaksenopplæring som var alternativ veg for å få tømrarfagbrevet. Det gjekk seg og fint til. – Eg var innom opplæringskontoret og møtte ein kar som skulle hjelpe meg å finne eit firma eg kunne starte løpet for fagbrev på 3,5 år i. Då me kom dit, viste det seg å vera firmaet til syskenbarnet mitt, Mats Oftedal. Eg hadde praksis hjå han før eg starta hjå Anders Gilje, og lærte mykje av alle oppdraga eg fekk vere med på i hans firma. Siste året i løpet tok eg i Kaph Entreprenør, der eg mellom anna fekk jobba med skadetaksering og rehabilitering for forsikringsselskap. Då Berge Sag lyste ut stilling som seljar i byggfornyelse i 2020 vart lysta til å flytte til heimbygda med familien forsterka og prosessen med å få med seg Karoline vart starta. – Då kom jo òg salg og service-studiet frå Lundeneset godt med, og ringen var slutta, smiler Vegard lurt. For Karoline løyste jobbsituasjonen seg raskt etter dei hadde landa avgjerda om å busetje seg i Ølen. – Veka etter me kjøpte huset, lyste Vindafjord kommune ut ledig stilling som føreskulelærar i Sandeid. Der jobba ho frå oktober 2020 til april i år. Ho starta nyleg i ny jobb som pedagogisk leiar i FUS Ølensjøen. Tekst: Astrid Eidhammer Hjelmeland Foto: Marcus Rødne


Treng du hjelp til å ta vare på huden din?

n du Nå ka time bestille på e direkt mi. a nettsid

Min kompetanse og kunnskap gir deg tryggleik og kvalitet. Bestill ein konsultasjonstime hjå meg, der du får rettleiing om dei beste produkta og behandlingane for din hud. Informasjon om prisar og behandlingar finn du på nettsida: etnehudhelseklinikk.no Klem Nina

Hudsjukepleiar Etne Hudhelseklinikk, Haugen, Etne mob 911 13 304 • hei@ninakristinhaugen.no etnehudhelseklinikk

etnehudhelseklinikk

SVÆRT GODT UTVALG I MANGE TYPAR SKINN I VÅRT FABRIKKUTSALG

- TENK GLOBALT, KJØP LOKALT ! SA U ES K IN N

LÆR

REINS DYRS KINN

BESØK VÅRT FABRIKKUTSA LG I ØLENSVÅG Måndag - torsdag Fredag Laurdag Bjoavegen 187 - Ølensvåg

10.00-16.00 10.00-17.00 11.00-14.00 52 76 50 00

post@granberggarveri.no

Norske kvalitetskinn

Sidan 1951

granberggarveri.no

facebook.com/granberggarveri


Omega 365 Design

Opplev sommaren i

#VakreVindafjord Turistinformasjonen: Telefon 48 25 85 58, Haukelivegen 722, 5580 Ølen Biletet er tatt av Synnøve Matre frå toppen av Øktaren i Sandeid Andre opplevingar? Sjekk ut nettsida vår Vakre Vindafjord på www.vindafjord.kommune.no/vakre-vindafjord

vindafjord.kommune.no


Flytt til Etne kommune! - Kort veg til alt!

Tomteselskapet Etne har salgsklare, sentrumsnære tomter fleire stader i Etne og Skånevik

Salgsklare tomter Omega 365 Design

PRESTALIO

Etne Betong tilbyr: Strukturblokker for støttemur Ferdige blokker for muring i sjø Tilbehør til forskaling/støyping Ferdigbetong med renne-/pumpebil

FITJA

KAMBE

PMS uncoated

Ta kontakt for pristilbod!

Epost: post@tomteselskapet-etne.no

Tongane 71, 5590 Etne, tlf 53 75 67 12 • post@etnebetong.no

Telefon: 458 65 508

www.etnebetong.no

westcon.no

INNOVATIVE LØSNINGER for en bærekraftig fremtid

Omega 365 Design / Økland Foto

MF HYDRA – ÅRETS SKIP 2021


Bedriftsprofil

Har garva skinn i 70 år Olav Granberg og familiebedrifta i Ølensvåg er av sjeldan rase. Granberg Garveri er nemleg det einaste industrigarveriet igjen her i landet.

Dan Pop har lang erfaring med å reinske skinna for feitt og kjøt i skjeremaskina.

10

1 • 2022

Olav Granberg møter oss i fabrikk-utsalet til Granberg Garveri. Her kan ein kjøpe tøflar og store skinn til hytter, godstolen heime eller bubilen. Ein kan og sikre seg gyngesau til minstemann eller sitjeunderlag av skinn. Olav stiller i stripete T-skjorte, blå jakke og arbeidsbukse. Sjefen på garveriet sit ikkje berre ved kontorbordet, han er tett på produksjonen og veit at detaljar og kvalitet er like viktig gjennom heile produksjonslinja. Kvart skinn som kjem inn til garveriet skal ut igjen til kundar og målet er alltid ypparste kvalitet. – Skinna skal gjennom mange prosessar før det ligg i butikken, seier Olav. Han viser veg inn i den store produksjonshallen for å vise nokre av dei omfattande stega som skinna må gjennom i garveprosessen. Etter ein liten nedgang gjennom koronatida har det på nytt stabilisert seg med om lag 42 årsverk i bedrifta. Her veit alle kva dei skal gjere. Skinn blir tatt imot, sortert, salta, vaska, reinska for fett og kjøt, garva, tørka, innsmurt med fett, tromla og karda. Garveprosessen på eit vanleg saueskinn

er i heile 30 prosessar, noko som krev nøyaktig handarbeid og litt tolmod. I lokala til Granberg Garveri er det skinn overalt, ute på hudlageret er det nesten endelaust med pallar som snart skal inn i produksjon. – Me er det einaste garveriet i landet som driv industrielt. Det finst eit lite garveri i Vågå som driv utan maskinar. Dei brukar til dømes granbark i garveprosessen, medan me brukar meir syntetisk stoff. Eg har faktisk vore sensor der oppe då lærlingen skulle ta fagbrev. Trass lite rekruttering i faget er Olav forsiktig optimist med tanke på rekruttering til garvarfaget. – Det er framleis mogleg å bli utdanna som industriell garvar. Utdanninga vart lagt ned, men no er det under evaluering, seier Olav. På garveriet er produksjonen todelt. For det første bestiller dei sjølve ønska mengd skinn frå slakteri over heile landet, som dei skal garve og selje vidare. I tillegg kan både bønder og private næringsdrivande sende inn skinn som dei ynskjer garva. Alle desse returskinna får eit eige nummer trykt på baksida slik at rett person får rett skinn heim igjen. Olav går med raske steg gjennom lokala, han helsar på nokre av arbeidarane som med erfarne hender sender skinna gjennom maskinar. – Før var det i stor grad kvite saueskinn som vart etterspurt, no er det 90 prosent farga skinn folk vil ha. Trendar og motar endrar seg heile tida og me må fylgje med. – Sjå her, seier han og løftar opp eit av skinna. – Lukt på dette, er skinnet produsert i utlandet vil det lukte ein del, våre skinn luktar ikkje når garveprosessen er over, fortel han. Og dei fylgjer med hjå Granberg Garveri. På grunn av manglande kollegaar og stadig færre som driv i bransjen på verdsbasis blir det og stadig ledige maskinar som vekkjar interessa i


Olav Granberg kan sjå tilbake på 70 år med garverihistorie. Sidan han overtok i 1995 har han investert om lag 50 millionar i bedrifta.

Før var det mange som ville ha kvite saueskinn, no vil 90 prosent ha farga skinn. Motar og trendar endrar seg heile tida. Olav Granberg

1 • 2022

11


Ein av skattane i bedriftsmuseet er denne helsesokken som skulle «holde dem varm og tørr på beina».

Melina Miklos brukar kniv til å reinskjære saueskinn medan Hildegunn S. Stendal kontrollerer skinnet til slutt.

Ølensvåg. Siste tilskotet er ein stollemaskin som kjem heilt frå Barcelona, den strekker skinna. Garveriet i Ølensvåg har og eigen verkstad som tar seg av vedlikehald på alt mekanisk. Sjølv om effektivisering og investeringar i maskinar står i høgsetet er det langt mellom timeføringsappar og digitale system. Olav stoppar ute ved lageret og dreg fram eit laminert ark der det er ført sirlege lagerlister for hand. – Kvifor skal me endre på noko som faktisk fungerer, det er det ingen grunn til, meiner Olav. Det kjem inn skinn frå slakteri frå heile landet, i tillegg til frå privatpersonar og mindre aktørar som gjerne har små produksjonar av skinnprodukt. Denne dagen er det til og med kome inn 12 moskuskinn som er tatt ut frå Moskus-stamma på Dovre, lenger nede ligg og ein stabel med selskinn. På eit år er det om lag 80 000 skinn innom garveriet. 50 000 av desse er saueskinn, medan om lag 25 000 er reinsdyrskinn. I tillegg til bruksskinn blir det og produsert produkt som vegetabilsk garva skinn og trommeskinn. Historia til garveriet er lang, og Olav er andre generasjon i drifta, ein nevø i tredje generasjon er også med Med seg i bedrifta har han og kona Anne Line Granberg som jobbar med sal av saueskinn. Bestefar til Olav var malar i Sverige, på grunn av mangel på linolje til bruk i maling reiste han til Noreg og Haugesund der dei brukte sildolje til å lage måling av. I 1919 gjekk han i gatene i Haugesund og bestemte seg for at den første kvinna han møtte på skulle han helse på. – Det viste seg å bli bestemor mi, seier Olav og smiler. – Etter kvart gifta dei seg og fekk far min og bror hans. Bestefar reiste seinare til USA for å sikre inntekt til familien, og i Noraeg tok familien mot fleire flotte skinnprodukt som lærsko, jakker og hanskar av skinn, til og med eit pennalhus i skinn, frå han som var i utlandet. Det var slik skinn-interessa til far min vart vekt.

12

1 • 2022

Far til Olav, Karl Johan Granberg, gjekk i lære som garvar og bestemte seg for å starte opp sjølv saman med broren sin Paul. Det var bakgrunnen for Granberg Garveri & Skinnkonfeksjon som starta opp i 1951 på Innbjoa. Ti år etter delte dei to brørne selskapet i to, medan Karl Johan heldt fram med garveriet satsa Paul på hanskeproduksjon, det me i dag kjenner som hanskeprodusenten Granberg på Bjoa. – Eg trur noko av grunnen til at me fekk det til den gongen og framover var at far allereie i 1966 sikra seg lastebil. Då kjøpte han ein Opel Blitz som han brukte til å hente og levere varer med. Etterpå har det alltid vore lastebil på bruket, fortel Olav. Olav tok opp arven etter faren og tok over bedrifta i 1995, etter den tid har han stadig hatt nye utbyggingsprosjekt på gong, og investert om lag 50 millionar kroner. No arbeider bedrifta med nytt reinseanlegg på næringsområdet. Historia betyr mykje for Olav, han meiner fortida kan fortelje oss mykje om kva veg me bør ta framover. Gjennom åra har bedrifta tatt vare på det aller meste, frå gamle telefonar, skilt, skrivemaskinar, dei første skinnjakkene som vart laga eller sykkelen mor til Olav brukte då ho kom til bygda frå Hallingdal. Alt dette er blitt eit eige bedriftsmuseum, med eigne rom som viser oppstarten på bedrifta, 70-talet og 90-talet. Olav viser fram ei kvittering frå bestefaren si tid i USA, medan han dreg fram attesten faren fekk då han gjekk i lære. Alt har sin verdi. Inni museet står og ein heilt eigen postkasse, og oppi den ligg ei original utgåve av Haugesunds Avis frå 1970-talet. Bedrifta feira 70 år i fjor, og boka om garverihistoria er under arbeid. Kva som skjer med garveriet framover er ikkje Olav så sikker på. – Me får sjå kva som skjer der, ingen av borna har sagt tydeleg at dei vil ta over, men me er ikkje klare til å gi oss for det. Me finn nok ei løysing, seier Olav. Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Økland Foto


Hos oss vil du som elev bli godt ivaretatt, og vi har stort fokus på trivsel, trygt miljø og kvalitet. Våre erfarne og engasjerte trafikklærere og instruktører vil gjøre sitt ytterste for at du får det beste opplæringstilbudet på Haugalandet! KOM I GANG! Bestill trafikalt grunnkurs eller kjøretime:

Vi tilbyr førerkortopplæring i klasse B/BE, C/D1, CE/DE, T og M post@haugaland-as.no | +47 52 70 87 90

Omega 365 Design

SKAL DU TA LAPPEN?

LOKAL HAVN

INTERNASJONALT FARVANN flexible and reliable maritime transport services

l arrivashipping.no l

Me har KLIKK & HENT

Nå yrer det av liv i hagen! Etne / ope 8-18 (9-15) tlf. 53 77 11 30

bondekompaniet.no


Lærlingen og Gamlingen

Får ta ansvar Ivar Samland Tendal (18) har snart vore to år i lære hjå Samland Maskinservice og ser fram til å gå over i fast stilling etter bestått fagprøve som landbruksmekanikar.

Tendal er i ferd med å ferdigstille feilsøking og reparasjon av Power take off (PTO), kraftuttaket som ikkje virka på ein traktor, som gjer at kraftutdrive reiskap ikkje fungerer optimalt. – Det eg driv med, er kjekt, fortel han. Når eg feilsøker finn eg ut om det er det elektriske eller mekaniske det er noko gale med. Han trivst som lærling og likar utfordringar og finne ut av ting sjølv. Det meiner han er eit fortrinn med å vera lærling i ei lita bedrift. – Her får eg lov å vera innom mykje forskjellig og eg får ta ansvar. Det er lettare å læra når eg får gjera jobben sjølv, og så spør eg om eg treng hjelp eller er usikker på noko. Det nærmar seg fagprøve, og etter den er bestått er målet å bli verande i bedrifta han har hatt læretida i. – For meg er det ikkje aktuelt med offshore-turnus. Til det er eg for rastlaus, eg likar ikkje sitte i ro, smiler han.

Fredrik Samland skipa Samland Maskinservice i 2020 og er læremeister til lærling Ivar Samland Tendal.

Fredrik Samland er eigar av bedrifta og læremeister for Tendal saman med landbruksmaskinmekanikar Even Stensrud. Han fortel at han har behov for fleire folk, og vurderer å ta inn fleire lærlingar. Samstundes ser han at det krevst mykje eigeninnsats og vilje til å læra og stå på skal ein passa inn som landbruksmaskinmekanikar-lærling. – Det er viktig for oss at ein lærling er sjølvgåande og tør å tenke sjølv. Dei må og handtera kundedialog og ha stor interesse for faget. Og så må ein vera fleksibel og vera klar for å ta i eit tak når det trengst. Sidan 2018 har Samland Maskinservice vore under same tak som Norsk Maskinformidling. Dei flytta inn i lokala nede på kaien, på den tidlegare Hundhammer Transport-tomta i Ølen, i årsskiftet 2018–2019. Her er det god plass inne, og ute er det utarbeidd ei stor kai med Ølensfjorden rett ut, om nokon vil ta turen via sjøvegen. – Det er jo jækla sentralt, smiler Fredrik Samland lurt. – Eg må jo innrømma det. Til å vera Stordals- og etnebu sit det langt inne å innrømme at plasseringa han har er ganske gunstig. Landbruksmaskinmekanikaren har kundar i heile distriktet

14

1 • 2022

som gjer utgangspunktet i Ølen gunstig. – Me opplever å få stadig nye kundar, det har vore eit jamt tilsig sidan oppstarten i mai 2018, fortel Samland. – Det er ei stor kundegruppe i Etne, Kvinnherad og i Vindafjord og i tillegg har me kundar frå Haugalandet, Odda og nokre frå Hardanger. Samland har sjølv gått utdanningsvegen som lærling. Han gjekk på teknikk-, industri- og produksjonslinja (TIP) på Tesdal i Etne frå 2007 og fekk læreplass på Eik-senteret Haugesund som mekanikar. Der blei han i sju år etter endt fagprøve i 2011. Ein del år pendla han frå heimstaden Stordalen i Etne, men fekk etterkvart servicebil, slik at han starta arbeidsdagen heimante. Etter ei tid melde lysta til å starta opp for seg sjølv, og i august 2020 fekk han med seg Ivar Samland Tendal, som hadde gått VG1 TIP ved Ølen Vidaregåande skule og VG2 TIP arbeidsmaskinlinja. Tendal fekk prøve mekanikaryrket allereie då han var på utplassering på Eik-senteret på ungdomsskulen. Så fekk han og prøve seg hjå Samland, etter han starta for seg sjølv. – Utplassering er med å gi ei god erfaring for dei som vurderer læreplass, understrekar Samdal. – Slik får dei lov å prøva teori i prakis. På skulen lærer ein seg det mest grunnleggande. Og Samland, som relativt nyleg starta for seg sjølv, har erfart at det ikkje er noko 8–16-jobb å bygge opp eit firma, sjølv om han stortrivst med den nye kvardagen. – Det er viktig å vera mobil og tilgjengelig, særleg på vårsesongen, fortel Samland. – Me leverer tenestene våre opp mot både anlegg og landbruk og er uavhengige og ikkje knytt til noko kjede. Samland har og fått sertifisert seg for å kunne tilby årskontroll og årlege sertifiseringar for anleggsmaskinar. – Her kan det vera behov for å rykke ut på seine ettermiddagar og nattetid når det til dømes er høgsesong i slåtten. Kor mange einingar som er innom årleg tar han ikkje på ståande fot. Men samarbeidet med Norsk Maskinformidling AS aleine sørger for meir enn 300 einingar på oppdragslista årleg. Med så jamn auke i ordreflyten krevst det òg fleire hovud og hender for å halda kontroll. Samland har nyleg tilsett ein ressurs som skal ta seg av rekneskap og adminstrasjon, som vil frigjera tid for han til å bidra som mekanikar att. Tekst: Astrid Eidhammer Hjelmeland Foto: Marcus Rødne


Her får eg lov å vera innom mykje forskjellig og eg får ta ansvar. Ivar Samland Tendal

Ivar Samland Tendal (18) har vore i lære hjå Samland Maskinservice sidan august 2020.

1 • 2022

15


Bli en del av teamet! Omega 365 er i stadig vekst og trenger mange nye ansatte. Søk jobb hos oss i dag!

Omega 365 Solutions Vi leverer prosjektstyringsverktøy og programvare til en rekke ulike bransjer, og trenger deg som er nyutdannet eller har erfaring innen:

Me har ledige kontorplassar i Etne, Sandeid og Ølensvåg

• Microsoft Azure-teknologi • Software-utvikling • IT-prosjektledelse

Kontorløysingar tilpassa ditt behov.

• IT-sikkerhet

Omega 365 Consulting Vi leverer konsulenttjenester til et bredt spekter av bransjer, og trenger ingeniører og annet personell innen bygg og anlegg, fornybar energi og olje og gass: • Prosjekt- og byggeledelse • Elektro, instrument og telecom

Fullt utstyrt møterom med enkelt bookingsystem.

• Teknisk sikkerhet og prosess Finn alle våre stillinger her:

Ein livleg arbeidskvardag med trivelege folk i eit ekspansivt næringslivsmiljø.

omega365.com/jobs

Eit stort nettverk av nyskapande bedrifter og sparringspartnarar frå ulike bransjar.

Stikk innom eller ta kontakt med oss! 97 18 85 16 – post@medvind24.no


TOPP MODELLEN

99 55 77 99

INGEN AV VÅRE VARMEPUMPER VARMER ET ROM RASKERE

suldal-billakkering.no

Teknologi man føler.

Gratis befaring Tlf: 97 60 54 32

Suldal Billakkering AS Sandeidvegen 355, 5585 Sandeid post@suldal-billakkering.no Lakkering | Bilskade | Bilglass | Antirust | Storbil | Dekk og felg | Bilverksted | EU-kontroll

E-post: bjarte@lauareid.no

Omega 365 Design

Me vøle alt,

sving neom då vel!

Åpent alle kvardagar kl. 08:00-16:00

Etne Bilservice

post@etnebilservice.no

53 75 60 65

Tongane 65

5590 ETNE

etnebilservice.no


Portrett Skånobrødet er ein av bestseljarane hjå Janne Larsen Sævareid på Larsen Bakeri.

Bakar mot

straumen Då Janne Larsen Sævareid (46) tok over Larsen Bakeri i Skånevik hadde ho ein visjon. Ho ville skape eit handverksbakeri der gjestene både kunne lukte nysteikte brød og sjå bakaren sjølv i arbeid.

– Eg jobbar faktisk for å vere liten. Det kan vere vanskeleg når det kjem spørsmål om eg ikkje kan starte utsal i ei anna bygd, sende brød med ferja eller kanskje opne avdeling på Stord? Det er mange bakeri som blir nedlagde, men eg har bestemt meg. Me skal vere eit lite og eksklusivt bakeri, folk må kome til Skånevik for å handle hjå oss, seier Janne Larsen Sævareid bestemt. Ho er femte generasjon bakar i bygda og kan sjå tilbake på 134 år med bakerihistorie. Me må tilbake til året 2010. Janne Larsen Sævareid som har vakse opp på bakeriet i Skånevik har tatt utdanning som førskulelærar og har jobba 10 år i barnehage. Ho har nett fått jobb i skulen då telefonen frå faren kjem. Ragnvald Larsen er fjerde generasjon bakar i Skånevik, her dreiv han saman med kona Hildegunn som jobba i butikken. Gjennom heile oppveksten fortalde dei dottera Janne at ho slett ikkje måtte ta over etter dei, utdanning måtte ho bestemme heilt sjølv. Denne dagen i 2010 vil faren berre orientere dottera om at dei no hadde lyst til å selje bakeriet, kvardagen var blitt vel krevjande. – Då vakna det noko i meg. Eg som heile tida hadde sagt at eg ikkje skulle ta over her, eg som ikkje eingong har vore interessert i å bake. Tanken på at bakeriet kunne forsvinne vart for

18

1 • 2022

tung, eg kontakta pappa og sa at eg ville søkje om permisjon eit år for å delta i bakeridrifta, viss dei berre kunne utsetje salet litt. Eg måtte vite meir om kva eg eventuelt takka nei til, seier Janne. Det vart starten på ein seks år lang karriere som lærling i familiebedrifta. Læringskurva var bratt, og mange detaljer skulle på plass. Då Janne heiv seg inn i bakeridrifta fekk og foreldra ny giv til å prøve seg fleire år, men tala var ikkje gode og behovet for ei omlegging kom tydelegare fram. – I 2016 overtok eg drifta, og saman med mor og far fann me ut at me måtte snu på drifta. Me valde å satse på eit mindre bakeri, der kundane må kome til oss for å kjøpe baksten vår. Det ser ut til at det var ein god ide, no er me og sertifisert som handverksbakeri, fortel den engasjerte bakaren. 12 år etter at telefonen frå faren kom er Janne framleis på bakeriet. No som eigar, dagleg leiar og bakar. Ho eltar på deigar, serverer kundar og nokre dagar set ho seg heime for å finne ro nok til kontorarbeid, planar og nye visjonar. Bakeriet i Skånevik starta som bakeri og kolonialbutikk i 1888, og er eit av dei eldste i landet. Det var tippoldeforeldra til Janne, Jens og Olufine som starta opp bakeribedrifta. Bilete


av oldeforeldra til Janne, Ragnvald og Audhild Larsen, tronar på skiltet som ynskjer velkommen inn døra på bakeriet. Under skiltet heng ein påskedekorasjon med påskeliljer og stemorsblomar. På mange måtar er ringen no slutta. – Tippoldeforeldra mine starta opp eit lite handverksbakeri bak gjestgivaren i Skånevik. Her var det lite maskinar og mykje handverk. Dette minner godt om det bakeriet eg ynskjer å drive i dag. – Bakeriet har faktisk flytta fire gonger, på 1970-talet bygde bestefar eit lite industribakeri. Då var tanken at bakeriet skulle bli stort med høg produksjon. Far min jobba i bakeriet, medan mor var i butikken. Dei hadde på det meste fem-seks bakarar i arbeid og rådde meg frå heile yrket, det var rett og slett for tøft, fortel Janne. I dag er bakeriet i ferd med å bli kjent for handverkstradisjonar, lun og koseleg stemning og kort veg frå bakaren i arbeid og gjestene som nyt den smaksrike baksten. Janne har stor respekt for gode råvarer og at ekte bakst treng både tid og kjærleik for å vise seg frå si beste side. Bakeriet i Skånevik ligg midt i bygda som har nært opp til 1000 innbyggarar, men desto fleire hyttefolk, gjester og turistar er faste kundar. – Handlegata vår er nesten som ein sørlandsidyll, mange blir overraska over kor mange småbutikkar me har, og kor fint det er her inne. Det er klart at ferja som kjem inn her er ei viktig ferdsleåre for oss, det hadde ikkje vore det same utan det, slår ho fast. – Me har for få sitjeplassar, det viser seg spesielt når det er laurdag, sommar og høgtider som no i påska. Eg går svanger med nokre utbyggingsplanar for å få fleire

FA K TA Namn: Janne Larsen Sævareid (46) Bur: Skånevik Aktuell: Driv Larsen Bakeri som nett fekk status som handverksbakeri. Les: Krim. No har eg og oppdaga lydbok. Det er heilt fantastisk, då går til og med husarbeidet lett. Høyrer på: På jobb går det i P1, ingen får lov til å skifte kanal der. Elles er eg glad i norsk musikk, og gjerne pop. Førebilete: Mamma og pappa, dei er mine gode mentorar og førebilete, både privat og på jobb.

1 • 2022

19


Portrett

Kanelsnurr og kaneldrøm med egg er blant bollefavorittane, saman med skuleboller. Solbrød er det nyaste brødet Larsen Bakeri tilbyr.

plassar, men me får sjå korleis det går, seier ho. Bakeriet sitt utstillingsvindauge er sosiale medium. På Facebook møter ein bilete av rustikk bakst servert på trefjøler, Janne sjølv som står med bakarforkledet rundt livet med ein stor sekk med økologisk og steinmalt mjøl i armane. Alt i bakeriet blir baka frå botnen av. Framleis legg ho grovt mjøl i bløyt og set hev kvelden før. Det gir henne betre tid på morgonen, på formiddagen fram til 13-tida er det full produksjon i bakeriet. – Den tida då eg som regel er åleine i bakeriet er ei veldig fin tid. Somme gonger er det ikkje alltid alt går etter planen, men det er det som er så fint med å vere bakar. Ein får alltid ein ny sjanse i morgon, seier Janne og ler. Foreldra er framleis aktivt med i drifta, og i følgje Janne treng faren berre å kaste eit blikk i bakeriet for å sjå at noko ikkje er heilt som det skal. – Har eg gløymt å ha salt i grovbrøda treng eg ikkje prøve å skjule det for han. Han har eit trent blikk for dette, og eg lærer stadig nye ting av han. Janne og mannen Per Jarle Sævareid har to vaksne søner på 18 og 21 år. Kvardagen hennar handlar stort sett om bakeriet, om nye planar, produkt og utvikling. Ho veit at ho treng nokre kvileskjær for å finne rom til å tenkje lenger enn morgondagen, dei beste pustepausane finn ho på fjelltur. Aller best likar ho seg med fjellsko på beina og sekk på ryggen, då kan tankane og utfordringane få svive fritt. – Det nyttar nesten ikkje å ha fri når ein er heime, då blir det lett til at eg tar ein tur innom bakeriet for å sjekke noko eller gjere noko. Det nyttar ikkje. Difor har me no kjøpt oss leilegheit i Vågslid, det er langt nok vekke til at eg og kan klare å ta fri. Foreldra bur i etasjen over bakeriet, dei kjem ofte ned for å hjelpe til i nokre timar om gongen. – Eg er heldig sidan dei kan jobbe i korte periodar når det trengs. Men ingen går på dugnad, det er viktig for meg, her

20

1 • 2022

skal alle ha lønn. Bedrifta har fire tilsette, i sommarsesongen er dei oppe i åtte-ni, no er Janne og på leit etter ny lærling. Den førre ho hadde er i dag bakar i bedrifta. – Det er ganske vanskeleg å få tak i lærling, sidan faget har hatt ein nedgang dei siste åra. Eg trur nok mykje av forklaringa ligg i tøffe arbeidstider og lønnsnivå på det. Men no meiner mange det kan bli eit oppsving, la oss håpe det. – Ein av fordelane ein kan ha som lærling hjå meg sett opp mot eit industribakeri er jo at ein kjem tettare på sjølve bakeprosessen og ikkje minst kundane. Bakeriet har det meste ein treng av både grovbakst, kaker og anna søtt. Medan bygdefolket helst er innom for å handle noko dei vil ta med seg til helgeturen eller kvardagsnista er situasjonen litt annleis for hytteturistane. – Dei vil gjerne sitje her i kafeen og nyte maten. Dei kjem først tidleg på dag for å handle brød til frukosten på hytta, så kjem dei attende til lunsj for å ete på bakeriet, og gjerne få noko ekstra godt til kaffien. Janne blir inspirert av andre bakeri ho fylgjer på sosiale medium, og ikkje minst av tilbakemeldingane ho får frå gjestene. – Dette med å starte bedrift og vere bedriftsleiar er noko som ligg i meg frå før. Ein gong leika eg med tanken om å starte privatbarnehage her i Skånevik, det vart det aldri noko av men gleda over å skape ein arbeidsplass er den same. Likevel gjer eg ikkje dette for ein kvar pris, ein må ha såpass igjen for innsatsen at ein kan leve av det, seier ho. – Ein av dei draumane eg ikkje har sett ut i livet er å ta inn skuleelevar her og la dei få oppleve bakeriet på nært hald. Det må eg få til ein gong. Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Økland Foto


Me skal vere eit lite og eksklusivt bakeri, folk må kome til Skånevik for å handle hjå oss. Janne Larsen Sævareid

Brøda til Larsen Bakeri har fått namn frå lokale stader for å byggja identitet.

1 • 2022

21


VI ER ALLTID PÅ JAKT ETTER

NYE TALENTER!

En trygg arbeidsgiver

En jobb å være stolt over!

I over 100 år har Berge Sag levert kvalitetsboliger og hytter til det norske folk. Er du på jakt etter jobb? Se hvilke ledige stillinger vi har ute nå på bergesag.no, eller send en åpen søknad til bergesag@bergesag.no!

bergesag.no


Utdanning og yrkesval

Skaper rom med

funksjon Interiør, design og arkitektur er eit spanande fagfelt. Sara Helene Kvammen Haugen og Helen Edvardsdotter Fatland er to av dei som valde denne yrkesvegen.

Sara Helene jobbar i dag som interiørdesignar hjå det lokale entreprenørfirmaet Brødrene Mæland i Etne. Her gir ho gode råd til dei som skal byggje hus eller hytte, teiknar planløysingar og planlegg korleis rom og funksjon gir ei ramme for det livet som skal levast der. – Det er viktig med gode og gjennomtenkte løysingar, difor er det og viktig at me kjem inn tidlegare i prosessen enn ein ofte har gjort tradisjonelt. Mange trur at interiørdesignaren skal velje farge på puter og gardiner, men det blir aldri bra viss ikkje grunnlaget i huset er bra, meiner ho. – Det er og litt spesielt på landsbygda, der ein gjerne byggjer hus ein skal bu i lenge, og i fleire livsfasar. Sjølv utdanna ho seg som interiørdesignar i Stavanger før ho starta i jobb hjå møbelbutikken In Design i Haugesund. Her blei ho verande i 10 år. – Her fekk eg teikne, selje møblar og kome tett på kundar. Det var ei bratt og fin læringskurve, fortel Sara Helene. Etter eit år med pause der heile familien flytta til Asia, kom ho tilbake til regionen. Då kom telefonen frå Brødrene Mæland, som lurte på om ho ville starte som interiørdesignar i bedrifta. – Dei var modige som satsa på dette, men kundane er klare for det. Eg plar seie til dei at dei må bruke meg til det eg kan vere med å gi råd på, ikkje vente til me skal velje farge til veggane. – Mitt tips til dei som ynskjer å velje denne yrkesvegen er å vere open for at ein kan jobbe på ulike vis, både inn mot bedrifter, privatpersonar eller arkitektkontor. Helen er frå Etne, men jobbar i dag som interiørarkitekt i DARK Stavanger. Bedrifta har hatt ein god vekst og har no 15 tilsette. Interiøravdelinga har vokse frå ein til tre tilsette på få månadar. Her jobbar ho med eit breitt spekter av prosjekt innan offentleg og privat sektor, som hotell, restaurantar, bustadar og nærings- og utdanningsbygg. – På arbeidsplassen min sit engasjerte og kunnskapsrike interiørarkitektar, landskapsarkitektar og arkitektar side om side, eit samspel som resulterer i funksjonell, spanande og berekraftig arkitektur innanfrå og ut.

Helen er utdanna interiørdesignar frå det som i dag er Høyskolen Kristiania, og har bachelorgrad i interiørarkitektur frå Griffith College i Dublin. I dag er ho interiørarkitekt MNIL. Etter studiene jobba ho også som restaurantsjef og interiørarkitekt ved gjenopninga av Fugl Fønix Hotel i Etne, i høve 20-årsjubileet. Som interiørarkitekt veit Helen at å forme gode rom er ein større prosess enn å plassere veggar og møblar på ei teikning. – Kvardagen er i endring, og me blir stadig utfordra til å tenke berekraftig og innovativt, både kva gjeld arbeidsmetodikk, korleis me samhandlar på jobb og privat, kor me finn ro og korleis psykologien i farge- og materialval påverkar oss. For meg er det tydeleg at interiørarkitekten spelar ei nødvendig rolle i arkitektfaget, og at dei beste prosjekta skjer i samspel med arkitekt, landskapsarkitekt og tekniske fag. – Dersom ein har moglegheita, anbefalar eg å studere i utlandet. Ikkje berre får ein oppleve ein annan kvardag og kultur, men ein får verdifull fagleg kompetanse som eit supplement til det ein får heime, som gjer ein betre rusta for arbeidslivet. Det er ein stor fordel å kunne skape gode relasjonar i dette yrket, me får mykje ansvar og det krev tillit.

Helen Edvardsdotter Fatland jobbar i DARK Stavanger og brenn for at interiørarkitekten kjem tidleg inn i byggeprosjektet. (Foto: DARK Stavanger)

Sara Helene Kvammen Haugen meiner interiørdesignaren skal sikre gode og gjennomtenkte løysingar. (Foto: Privat)

Helen meiner interiørarkitekten skal vere med i prosessen heilt frå starten, på lik linje med arkitekt og tekniske fag, for å sikre at konsept, planløysing og materialitet er forankra og varetatt frå skisse til ferdigstilling. Interiørarkitekten har ei lengre og meir teknisk utdanning enn interiørdesignaren, som gjerne kjem inn seinare i byggeprosessen. – Me strevar etter å forstå oppdragsgivaren sine behov og visjonar, og utfordrar dei gjerne. Romma me beveger oss gjennom og oppheld oss i, påverkar oss. Dei har mange og ulike funksjonar, og det blir stilt stadig fleire og strengare krav til korleis dei formast. Korleis lever, lærer og jobbar me? Kva gjer at me trivst i eit rom, eit bygg, eit byrom? Me designar bygg frå innsida og ut, og det viktigaste er at det skal fungere for dei som skal bruke bygget. – Kva tips vil du gi nokon som lurer på å velje dette yrket? – Eg hadde tatt kontakt med nokon som har gått den vegen, og sjekka opp i kva studiemoglegheiter som finst, meiner Helen. – Det er eit komplekst fagfelt med mange moglegheiter, og det er dette som gjer det så spanande. Tekst: Judith Sørhus Litlehamar

1 • 2022

23


MØBLAR AV

OLJEFAT Det kokar godt for dei seks ungdommane i ungdomsbedrifta Tønnå UB. Det er innspurt før NM i ungdomsbedrift, der dei er kvalifiserte i ikkje mindre enn seks konkurransekategoriar.

Dette inneber mykje intervju i forkant av NM, fordi fire av seks konkurransar skal avgjerast før sjølve NM går av stabelen 2.–3. mai. Dagleg leiar i Tønnå UB, Sander Kjølvik, fortel at dei deltek i kategoriane for beste ungdomsbedrift, marknadsføring, samarbeid med næringsliv, rekneskap, forretningsplan og HR-bedrift. Dei siste dagane før dei reiser austover går det mykje i intervju og øving på å «pitche» inn deira idé og produkt, i samarbeid med Ungt Entreprenørskap. Det blir òg finpussa på intervjuteknikkar og presentasjonar i dei ulike områda. – Men det ligg ikkje heilt i naturen for ein vestlending å pitche, smiler Leif Kåre Kolnes, som er lærar for klassen i VG2 ved Lundeneset vidaregåande skule. – Det er litt vanskeleg å engasjere seg framfor mange. Ein må litt ut av komfortsona, stemmer Christian Åreskjold i Tønnå UB i. – Det er kjekt når ein får det til – det krev både øving og rollespel, seier Sander Kjølvik. Fyrste måndag i mai er dei på plass i hovudstaden for intervju på stand med juryen for tre av kategoriane, og det vil bli premieutdeling på ettermiddagen. – Det er dette som har vore mest uventa med heile ungdomsbedrifta, ler Kjølvik. – Me tenkte det var kjekt å delta i fylkesmeisterskapet for ungdomsbedrifter i Rogaland, men at me vann Beste ungdomsbedrift 2022 og blei sendt vidare til NM er heilt sjukt! I tillegg vann dei prisen for Beste regnskap i fylkesmeisterskapet. Bedrifta, som lagar stolar og bord av brukte oljefat, har opplevd stor interesse for produkta sine. Dei marknadsfører seg via dei sosiale kanalane Instagram og Facebook. – Her deler me innlegg og historier, slik at folk kan sjå kva me driv på med, fortel Sander. Christian Åreskjold har kappa klart mangt eit brukt oljefat til gjenbruk som stol og bord.

24

1 • 2022


Utdanning og yrkesval

FA K TA Ungdomsbedrift (UB) byggjer på prinsippet om å lære ved å gjera. I løpet av skuleåret skal det brukast kunnskap frå mange fag på ein praktisk måte. Lærar og mentor frå lokalt arbeids- og næringsliv er med på laget. ungdomsbedrift.no

Ungdomsbedrifta Tønnå UB ved Lundenest vgs. består av Sander Kjølvik (bak), f.v. Lilly Eidesvik, Nora Eikehaugen, Christian Åreskjold, Hanne Elise Hetland Vik og Håkon Svendsen (ikkje til stades).

– Me hadde ikkje så mange forventningar då me starta opp. Me tenkte me fekk starta opp og sjå om nokon var interesserte i det me produserte. Og det var det. Både bedrifter og privatpersonar har vore på kundelista. Nå har dei eit par større bestillingar for Stavangerbedrifter som skal på messe i august, og dei har sett strek for nye bestillingar. Ungdomsbedrift-faget har som prinsipp å lære ved å gjera, i løpet av eit skuleår. Det skal vera drift av ei bedrift med ekte produkt, kundar, leverandørar og pengar. – Det kunne vore kjekt å tatt dette vidare om det var stor interesse, men dei andre ungdomsbedriftene er i ferd med å runde av nå mot skuleslutt, og me har avslutta bestillingar og ferdigstiller dei som står att å produsere, fortel Kjølvik. Ideen til produktet henta dei etter inspirasjon av andre som hadde prøvd seg på gjenbruk av oljefat. – Me tok det vidare og designa stolar og bord, fortel Kjølvik, som og meiner dei har fått utvikla eit eige unikt produkt. Dei har fått gratis tilgang til oljefata via bedriftene Westcon, Jan’s Hydraulikk og Ølen Auto. – Det bidreg til å forlenge livsløpet for oljefat, understrekar Kjølvik. Delane som ikkje blir brukt i møbelproduksjonen, går til gjenvinning. – Det har vore lærerikt, fortel han. – Me får innblikk i korleis ein driv bedrift og alle er med i leiinga. Me har delt oss inn med dagleg leiar, økonomi- og rekneskapsansvarleg, marknadsføringsansvarleg, salssjef og produksjonssjef. Men han understrekar at alle bidreg i produksjonen og hjelper til der det trengst. I utgangspunktet jobbar dei med dette ein skuledag i veka. – Me har ungdomsbedrift-dag kvar måndag, då går heile

skuledagen til dette. Men om me har hatt mange bestillingar har me og jobba heile ettermiddagen, fortel Kjølvik. Ungdomsbedrift-faget er del av VG2 Salg og reiseliv, som er eit av alternativa for elevane som startar på VG1 Salg og service. Lærar Leif Kåre Kolnes fortel at det er lang historie og stor interesse for ungdomsbedrift på Lundeneset. Alternativet i faget er ei anna form for yrkesfagleg fordjuping. Kolnes fortel at det på landsbasis kun er 3 prosent av ungdomsbedriftene som når opp til å bli kvalifisert til NM, så han meiner dei allereie er vinnarar. – For mange elevar er det viktig og eit behov for å kunne fokusere på andre fag i eit studieløp. Rundt 40–50 prosent av ungdommar som har delteke i ungdomsbedrifter har større sjanse for å starta eiga bedrift seinare, seier Kolnes. Han meiner denne type miljø med ungdomsbedrifter og denne type tenking gir ei brei erfaring i kva det inneber å starta ei bedrift. – Her må det lærast om eigenkapital, registrering i Brønnøysundsregisteret, prising og drift. Tønne-bedrifta har nå fått testa ut ulike prisstrategiar og lært å forhalda seg til rekneskap, revisor og bygging av nettverk. For mange blir det annleis enn kva dei har sett for seg. Det er meir ein regel enn eit unntak, understrekar Kolnes. For Kjølvik og dei andre i bedrifta har det vore eit travelt, men erfaringsrikt andreår på Lundeneset vgs. – Det er verdt å få med seg – er det mogleg å velge ungdomsbedrift, bør du ta den sjansen, seier Kjølvik engasjert. Tekst: Astrid Eidhammer Hjelmeland Foto: Marcus Rødne

1 • 2022

25


Interflora jorunn og joanas

Blomsterverksted

Interflora

bare lave priser

jorunn og joanas

Blomsterverksted

ETNE

n! e m m o k l e V ÅPNINGSTIDER: Etne senter: Måndag - Torsdag 10 - 18 Fredag 10 - 19 Laurdag 10 - 15

Vinmonopolet: Måndag - Torsdag 10 - 17 Fredag 10 - 18 Laurdag 9 - 16

Telefon: 53 75 62 20 Epost: kontor@etnesenter.no

Web: www.etnesenter.no Postadresse: Haukelivegen 997, 5590 Etne

1 • 2022 r

26

Rema 1000: Måndag - Fredag 8 - 22 Laurdag 9 - 20


Robots don’t build themselves Join us. Before it’s too late.

yet.


Drivhuset, som tidlegare romma eit planteutsal, er i dag utsals- og arbeidsstad for lokale kunstnarar og handverkarar.

EIT HUS MED

DRIV

På kort tid har Drivhuset i Etne blitt eit samlingspunkt for folk frå fjern og nær. Suksessoppskrifta er ifylgje initiativtakarane ein sterk fellesskap, blømande kreativitet og eit ynskje om å revitalisere nedre delen av Etne sentrum.

– Ynskje vårt var å skape meir liv i denne delen av sentrum, samstundes som me kunne danne ein arbeidsfellesskap for kreative sjeler som til no har jobba kvar for seg. Me var lenge på leit etter eit eigna lokale, men brått gjekk det opp for oss at det gamle drivhuset var den perfekte staden. Det ligg sentralt, men likevel tilbaketrekt, og hadde eit stort potensiale både inne og ute, fortel Yvonne Sandgren, ein av initiativtakarane. Ho driv butikken Prikkar, som sel klede og andre produkt med prikkar i Drivhuset. I dag rommar Drivhuset ni små butikkar kor det vert selt kunst, handverksprodukt, antikvitetar og klede, i tillegg til ein kafé. Dei har ope fredag til søndag, og har fått ein trufast fylgjarskare. – Det var viktig for oss at folk ikkje skulle komme til stengde dører, så me bestemte oss tidleg for å ha faste opningstider og dagar. Me var særs spente på om det kom til å komme folk eller

28

1 • 2022

om me kom til å stå der aleine, men det kom mange! På ein vanleg laurdag har me i snitt 80 besøkande innom, som er langt over forventning, smiler Sandgren. Gjengen bak Drivhuset har frå starten vore opptekne av å ikkje berre skape eit «minikjøpesenter», men at det skulle ha ei god atmosfære og vere ein stad folk har lyst til å opphalde seg og komme att. På kort tid har Drivhuset blitt til noko langt meir enn dei kunne drøyme om, og vegen skal no bli til medan dei går. – Me har allereie hatt konsert og invitert til fest. Konserten med Tønes og Frøkedal i februar var heilt fantastisk og noko som gav meirsmak. No i mai og juni skal lokala leigast ut til konfirmasjon og vigsle, og me skal også ha ein loppemarknad. Målet er at Drivhuset skal vere litt «allemannseige», og publikum må gjerne komme med innspel og ta kontakt. Me ynskjer alle arrangement, og dess meir spesifikke dei er, dess betre er det, seier Sandgren. Ei oppgradering av uteområdet er neste punkt på lista, og her


Fritid

Annelise Grindheim, Debby Fosse, Yvonne Sandgren, Edna Trovanelli og Aud Sigrid Flesland er sju av dei i alt ni faste utstillarane i Drivhuset.

Antikvitetar, snurrepiperier og prikkar er også del av utvalet, og Drivhus-gjengen vil gjerne ha fleire med på laget.

er også planane mange. – Me ynskjer å lage ein liten oase kor folk får lyst til å slå seg ned med ein kopp kaffi, eller kanskje me til og med kan selje piknikkorger her på sikt. Det kjem også tre bikuber som skal plasserast i ein krok på uteområdet, så me kan lage vår eigen honning. Her bygger me stein på stein, smiler Sandgren. Annelise Grindheim er ein av malarane som held til i Drivhuset. Ho lagar oljemaleri og grafikk, og dei mest kjende motiva hennar er fuglar, insekt og landskapsmaleri. Ho har opplevd Drivhuset som utelukkande positivt og planlegg etter kvart å også flytte delar av atelieret sitt til staden. – Me har alle jobba kvar for oss tidlegare, og det kan til tider vere einsamt. No jobbar me side om side med kollegaer som skjønar prosessane, sjølv om me jobbar med ulike ting. Det kan på mange måtar samanliknast med ein næringshage som Medvind. Her kjem me på «kontoret» som sjølvstendig næringsdrivande, men er likevel del av ein arbeidsfellesskap. Å forlate huset for å gå på jobb, trur eg også er sunt. Ein jobbar kanskje ikkje nødvendigvis meir, men på ein betre måte. For Debby Fosse har deltakinga i Drivhuset betydd meir enn fleire anar. – Eg har hatt ein tung periode, då eg mista mange familiemedlemmer under pandemien i Brasil. Eg starta å lage lys og såper som terapi og oppretta ein eigen nettbutikk. Brått byrja eg å selje mykje og då Drivhuset lyste ut ein ledig plass, var det fleire som meinte eg burde bli ein del av dette. Eg hadde ikkje høyrt om det før, men etter å ha vore i kontakt med dei, vart eg raskt overbevist og no er eg veldig glad for at eg vart med. Fellesskapen og aktivitetsnivået her minnar om Brasil og eg kjende meg heime frå starten av, fortel Fosse med eit smil.

Gjengen legg ikkje skjul på at det også har vore ein del praktiske utfordringar på vegen, men ser at den kreative bakgrunnen kan vere ein fordel. – Me er vane med å tenkje nytt og finne gode løysingar, så alt har ordna seg etter kvart, fortel Edna Trovanelli. Ho er keramikar og har mellom anna invitert til fleire workshops i Drivhuset. Det er heller ingen tvil om at konseptet også bidrar til eit større utstillingsvindauge for kunstnarane og seljarane, men det er dei personlege møta som set sølvkant på prosjektet. – Ein får fleire personlege møte når ein held til på ein slik stad. Folk er interesserte og nysgjerrige på det me held på med og det er kjekt med høg aktivitet. Ein får i grunn automatisk eit større publikum. Besøkande kjem på jakt etter ulike ting, og dette er noko alle nyt godt av då me då får vist oss fram for fleire, fortel Annelise Grindheim og Edna Trovanelli. Drivhuset er på ingen måte fullt og eldsjelene bak vonar fleire vil bli med, anten som faste medlemmer eller i kortare tidsrom. – Me har rom for alt, men er særleg på jakt etter folk som sel produkt i ein prisklasse som er enkelt å ta med seg heim der og då. Ein til to faste utstillarar til hadde vore veldig kjekt, men me tilbyr også pop-up-plass til seljarar som ynskjer å stå her ein dag, ei helg eller ein månad. Det kan vere ein sel produkt som er sesongbaserte eller ein ynskjer å sikte seg inn mot førjulshandelen. Då håpar me at me kan vere ein ettertrakta stad å stille ut, og med på kjøpet får ein marknadsføring gjennom sosiale medium-kanalane våre, avsluttar Sandgren. Tekst: Inga Klokkerstuen Wangensteen Foto: Marcus Rødne

1 • 2022

29


• MEKTIGE OG SPENSTIGE NATUROPPLEVINGAR • TRYGG OG GOD OPPVEKST • RIKT KULTURLIV • NÆRINGSLIV I VEKST

Etne kommune

SKÅNEVIK BLUESFESTIVAL

FOTO: LARS GUNLEIKSRUD

SKAKKESENTERET

FOTO: SONJA FRAFJORD

ETNE OMSORGSSENTER

FOTO: SONJA FRAFJORD

SKÅNEVIK

FOTO: ROAR BÆVRE

FUGL FØNIX HOTEL, ETNE

FOTO: SONJA FRAFJORD

VIA FERRATA, FJÆRA FOTO: ÅKRAFJORDEN NATURE B&B

Etne kommune er omringa av flott og variert natur og ligg sør i Vestland fylke. Kommunen grensar til Kvinnherad, Ullensvang, Suldal, Vindafjord og Sauda, der dei tre siste ligg i Rogaland. Dei fleste innbyggjarane bur rundt tettstadane Etne og Skånevik. Kommunen er eit godt utgangspunkt for å nå stader som Haugesund, Bergen, øyriket i Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane.

ETNE KOMMUNE

Sjoarvegen 2, 5590 Etne Tlf. 53 75 80 00 post@etne.kommune.no • www.etne.kommune.no

I Etne kommune kan du busetje deg i landlege omgjevnader med det du treng av butikkar og andre servicetilbod i nærleiken. Det er gode og velorganiserte kommunale tenester for innbyggjarane. Etne kommune har eit stort mangfald i lokalsamfunnet, der livskvalitet for alle står i sentrum. VELKOMMEN!

TURISTINFORMASJON:

Fugl Fønix Hotel tlf. 53 77 14 40 Åkrafjordtunet tlf. 53 77 14 80 Skånevik Fjordhotell tlf. 53 77 07 00


Grethe Solheim

Lars Olav Larsen

Ølen Randi Steinsland

Siri Tungesvik Vestbø

Skjold

Wenche Helen Søndenå

Marit Synnøve Frantsen

Randi Risanger

Tid til en kaffe og en drøs om din økonomi? Våre rådgivere i Vindafjord tar gjerne en samtale om sparing, råd og forsikring. Av oss får du skreddersydde råd om hvordan du kan bedre din økonomiske situasjon. Kom innom din lokale filial eller ring oss på 52 70 50 00. Vi serverer kaffe og gode råd.

Lokal, nær og personlig haugesund-sparebank.no


Liv mellom husa God kommunikasjon, møteplassar og liv mellom husa er noko av oppskrifta på god sentrumsutvikling. Det er kommunalsjef for samfunnsutvikling i Vindafjord kommune, Anne Sofie Sandvik, og nytilsett rådgjevar plan og miljø i Etne kommune, Eileen P. Selland, samde om.

Eileen P. Selland er utdanna byplanleggar, og etter ni år i privat næringsliv har ho no starta i ny jobb som rådgjevar plan og miljø i Etne kommune. Ho gler seg til å bli betre kjend med utfordringane og gledene ved sentrumsutvikling i kommunesenteret Etne, og ikkje minst i bygdene rundt. – Den største overgangen frå privat næringsliv til kommunen er nok alle omsyna ein må ivareta i éin og same kommune. Her er rikspolitiske retningslinjer og lokale planar ein må tilpasse seg. Samstundes skal ein ta omsyn til dei som bur her, til mennesket som skal leve i gatebiletet, det er jo det viktigaste, meiner Eileen. Ho peikar på at medverknad frå alle aldersgrupper og samfunnslag er viktig når ein skal utvikle gode og attraktive sentrum. – Etne har så mykje å tilby. Me har ikkje minst ei sterk kulturhistorie og nærleik til sjø, i Etne og Skånevik spesielt. Me har òg mange møteplassar, god tradisjon for å gå ut og ete eller ta ein kaffi, samt at det er kunst og kultur i gatebiletet. – Møteplassar går igjen som noko av det viktigaste ein må

32

1 • 2022

få på plass i god sentrumsutvikling. Spørsmålet ein må stille er kva kan ein få til i romma mellom husa, og korleis kan ein binde sentrum saman? Det kreative samlokaliseringa Drivhuset er med på å gjere sentrum attraktivt for fleire målgrupper, meiner Selland. I tillegg er ein heldig som både i Etne og Skånevik har tette sentrum med gangavstand til det meste. Ho viser til at det er skrive ei masteroppgåve i landskapsarkitektur i 2017, som peikar på utfordringane mjuke trafikantar har i trafikken i Etnesjøen. – Me har og ein pågåande prosess med ny bussterminal, der målet er å inkludere sentrum på ein god måte. Det blir spanande å jobbe vidare med planen for å styrke sentrum. – Det er uansett menneska som er den viktigaste ressursen og dei som skaper liv i gatene. Me vil ikkje ha eit tomt sentrum, slår Selland fast. Anne Sofie Sandvik i Vindafjord kommune er opptatt av god sentrumsutvikling i kommunesenteret Ølen, men like viktig meiner ho utvikling i grendene er. – Sterke bygder må ha eit godt sentrum. Det er like viktig å


Eileen P. Selland er utdanna byplanleggar, no har ho fått jobb som rådgjevar plan og miljø i Etne kommune. Ho ynskjer å skape liv mellom husa i sentrum.

Kommunalsjef for samfunnsutvikling i Vindafjord kommune, Anne Sofie Sandvik, er oppteken av sentrumsutvikling i alle grender.

ha eit godt forhold til grendene når ein bur i Ølen, som motsett, meiner ho. – Det er ein styrke for kommunen vår at me har så levande og engasjerte bygder. Sandvik brenn for at eit breitt samarbeid gir godt grunnlag for sentrumsutvikling, både mellom private, det offentlege og næringslivet. Ho meiner det mange gonger er smart å utarbeide ein moglegheitsanalyse som kan gi folk eit godt høve til å spele inn kva dei meiner er viktig for å få til eit godt og attraktivt sentrum. – Slike prosessar kan bli finansiert av offentlege midlar mange gonger, men ein treng dei rette folka på plass, som ynskjer å bidra og få til noko. Ho meiner at sentrum i Ølen er i endring. Det som tradisjonelt sett var sentrum ned mot buss-terminalen i Ølen er nå blitt utvida ved etablering av Ølen Torg i Eiodalen. – Målet framover i Ølen må vere å knyte det gamle og det nye betre saman, og slik skape meir liv og handel i sentrum. Ein må skape naturlege møteplassar mellom husa, og sjå på korleis

ein kan utnytte området best mogleg, seier Sandvik. – Til dømes kan ein kanskje få ein effekt av sambruk på parkeringsplassar, slik at ein utnyttar potensialet heile dagen. Dersom ein får til eit nytt kollektivknutepunkt som fungerer godt, meiner Anne Sofie Sandvik at det kan vere mogleg å få til eit torg som kan binde sentrum saman. – Me må invitere til opplevingar, og skape gode og nye møtepunkt. Folk vil treffast i sentrum, meiner kommunalsjefen. – Me held på med eit spanande pilotprosjekt på tvers av bygdene Bjoa, Imsland og Vikebygd. Dei har ein del felles utfordringar, og ynskjer å jobbe for å auke bulysta og rekrutteringa. Det er grendeutvala som driv og eig desse prosjekta, men kommunen er med i styringsgruppa. Me har og fått med oss fylkeskommunen som gjennom den såkalla «Rogalandsmodellen» står bak prosjektet. Prosjektet ligg og naturlegvis under Vakre Vindafjord som paraply.

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Privat

1 • 2022

33


Haakull & Ersland Espen Vestbø dagleg leiar

1

Me treng tømrarar, både lærlingar som ønsker å bli tømrarar, men også fagarbeidar med nokre år erfaring.

2

Me er medlem i BYGGOPP. Me prøver å vise igjen i sosiale medium og snakke positivt om vårt fag. Me har og deltatt på ulike arrangement på videregåande skular, for å snakka om tømrarfaget.

Treng fleire

fagfolk

Småfolk Barnehage Anette Lauareid Hovda dagleg leiar

1

Me treng kontinuerleg tilgang på gode ringevikarar. Her er det sjølvsagt utdanna folk innan barne- og ungdomsarbeidarfaget og barnehagelærar som er mest ynskjeleg. Per nå har me ingen behov for fagfolk i faste stillingar. Likevel kan situasjonen endre seg fort i ein barnehage, f.eks. ved permisjonar eller auke av barnetal. Då er det sjølvsagt viktig med tilgang på kvalifiserte personar, som kan tiltre eventuelle ledige stillingar.

2

Småfolk er ei lærebedrift, og dei siste 11 åra har me hatt 1–2 lærlingar kvart år. I tillegg er me ein praksisbarnehage. Me tek imot studentar frå Høgskulen på Vestlandet, og me har hatt studentar frå Universitetet i Stavanger. Eg har og ved fleire høve delteke på informasjonsmøte på Ølen vgs., for å informera om kva me kan tilby som lærebedrift, og kva krav og forventningar me stiller til lærlingar.

Tempo har sendt ut spørsmål til ulike bedrifter for å høyra kva behovet for fagarbeidarar er i Etne og Vindafjord.

1 2

Kva treng de av fagfolk i di bedrift i dag og i nær framtid? Kva grep gjer de i di bedrift for å gjera fagområdet eller fagområda dykkar kjende og attraktive for rekruttering?

Etne Bilservice Jostein Grindheim dagleg leiar

Lærlingkontoret Yrkessjåfør og Logistikk Camilla Grindheim dagleg leiar

34

1 • 2022

1

Me manglar ca. 2000 yrkessjåførar på både gods- og persontransport. Prognosane viser at behovet vil auke med mellom 500 og 1000 nye sjåførar kvart år fram til 2030, bl.a. grunna forventa befolkningsvekst.

2

Me vil vere aktive i sosiale medium og besøke skular. Me var innom Ølen vgs. i februar og snakka med VG1 TIF-klassane. Me har òg hatt ein rekrutteringsturné med Sotin, som heiter ”Følg drømmen ikke strømmen”.

1

Kanskje ein fagarbeidar bilmekanikar.

2

Me gjer forsøk på å ha litt aktivitet rundt motormiljø her lokalt. Me har nokre veteranbilar sjølv, og fleire som jobbar her er knytta til «gatebilmiljø» og trekk merksemd frå moglege «mekanikarspirer». Elevar frå ungdomsskulen er hjå oss ofte, og viser interessere for det me balar med. Då nyttar me alltid høvet til å prata med dei om yrket vårt, og om moglegheitene for å få jobb som bilmekanikar. Tidlegare var det bilmekanikarlinje på Tesdal, men etter den blei lagd ned merkar me godt at rekrutteringsarbeidet er blitt annleis.


Helgevold Elektro

Westcon

Anne Marit Helgevold dagleg leiar

Malene Haraldsen HR-konsulent

1

Nå søker me etter industrimekanikarar, medarbeidar til miljøstasjonen og dokkarbeidar (ikkje krav om fagbrev). Me treng òg fleire lærlingar på plate, sveis og rør i åra som kjem. Det er låge søkartal i desse disiplinane, noko som bekymrar oss.

2

• Besøker Ølen vgs., då får dei potensielle læreplass-søkarane ein presentasjon av Westcon og kva me gjer. • Publiserer aktuelle saker frå verftet i sosiale medium slik at folk kan sjå kva me driv med. • Tar imot elevar på utplassering frå vgs. fleire gonger i året og lar dei prøve seg i forskjellige disiplinar og prosjekt. • Gir sommarjobb i produksjonen til lokal ungdom som snart skal ut i lære. • Stiller med stand på både bransjeog utdanningsmesser.

1

Dei ansatte er vår viktigaste ressurs, og akkurat nå har me behov for fleire flinke elektrikarar, både til service, nye hus/hytter og industri, og telekommunikasjonsmontørar på alle våre avdelingar. Me har og behov for fleire svakstrømsteknikarar og serviceteknikarar innan automasjon, og ein fagperson som kan bidra med å videreutvikla satsinga vår i Odda.

2

Me besøker dei lokale videregåande skulane, og me har stand på utdanningsmesser. Me har laga ein film om det å vere stolt fagarbeidar, og me prøver å vere synlege på sosiale medium. Me tar og imot utplasseringselevar, og gir dei eit innblikk i korleis ein arbeidsdag hjå oss kan vere.

AutoStore Merete Vårvik Matre Director People & Community

1

I møte med den globale veksten, vil AutoStore trenge fagfolk innan alle disiplinar, frå økonomi og administrasjon til salg og marknadsføring, opplæring og produktutvikling. Utviklingsavdelinga vår utgjer ein betydeleg del av selskapet, og i Noreg vil me alltid ha eit stort behov for teknologar og ingeniørar innan elektronikk, mekanikk og software. Me ser òg at behovet for meir spesialisert kompetanse aukar, særleg innan produktuvikling og produksjon. I fleire avdelingar jobbar me òg med å få på plass læreplassar med base på Haugalandet.

2

Me legg mykje tid i å utvikle ein heilskapleg og langsiktig employer branding. Konkrete tiltak er mellom anna å vere til stades på høgskular og universitet som utdannar teknologar og ingeniørar. Me har òg fokus på å vise korleis det er å jobba i AutoStore, slik at kandidatane veit kva som ventar dei av spanande utfordringar, samarbeidskultur, korte beslutningsvegar, flat struktur og hardt arbeid med mange utviklingsmoglegheiter.

SMV Lars Hovda Managing Director

1

Me treng fagfolk innan faga industrimekanikk, elektro og automasjon og plate og sveis. I tillegg har me behov for mekanisk ingeniør / teknisk tegnar og folk med prosjektleiar-erfaring.

2

Dei siste to åra har SMV hatt auka aktivitet, med utplassering av skuleelevar frå både grunnskule og vidaregåande. I tillegg har me auka andelen læreplassar frå 2 til 4–5 under utdanning samtidig. Elles deltar me på utdanningsmesser i regionen vår, inviterer skuleklassar frå Stord, Husnes og Ølen på besøk og legg til rette for medarbeidarar som vil ta YSK-utdanning eller gå opp som privatist.

1 • 2022

35


Omega 365 Design

Finn læreplass i

FINNFAG APPEN

Last ned Finnfag-appen i AppStore eller Google Play for å registrere deg og motta varslar om aktuelle stillingar.

Bli sett

Bli høyrt

Bli med

Synleggjer bedrifter og arbeidsplassar

Bedriftene sitt talerøyr

Faglege nettverk og møteplassar

• Ny E134 • Meir næringsareal • Forenkla byråkrati • Betre kommune- og fylkesvegar • Samhandling skule og næringsliv • Utarbeiding av lokalt havneforvaltningsprosjekt «Gul stripe»

• Gir ut næringsmagasinet Tempo • Arrangerer møteplass for lokale bedrifter og jobbsøkarar i 5 byar • Arrangerer møteplass for bedrifter og jobbsøkarar i Etne og Vindafjord koplar bedrifter og jobbsøkarar

/ EtneVindafjord

• NæringsGIV på Olalia • Bransjekoordinator • Fagseminar • L.Ærling – for lærebedrifter

etnevindafjord.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.