Tempo Næringsmagasin 2 2021

Page 1

Magasinet om å jobba og bu i Etne og Vindafjord

24

Yrkesval Tidleg start

18

Portrettet Lars Hovda

4

Jobb og bu Framskunda heimflytting


4 14 10

28

32

18

24

INNHALD 3

Leiar

14 Gler seg til kvar dag på jobb

28 Ketchup-effekt i fotballen

4

Folka er viktigast

18

Mekanisk sjef med stø kurs

32

Søkjer fleire innbyggjarar

Skobutikk i hundre

24

Tidleg arbeidsstart

34

Kvifor flytte heim

10

2

2 • 2021


Magasinet om å jobba og bu i Etne og Vindafjord

Utgåve nr. 2 2021 Ansvarleg utgjevar: foto: AEH

Fikse Næringsforening

Nils Einar Steinstø Fikse Næringsforening

Me må høyre på ungdommen Me ser at mange ungdommar flyttar frå bygda og inn til byane etter vidaregåande for å studere, jobbe eller oppleve kva storbyen har å tilby. Men korleis kan me få dei tilbake når dei skal etablere seg? Kva må til for at Vindafjord og Etne blir attraktive nok til at ungdommane ynskjer seg tilbake? Det finst ingen enkle svar på dette, men me må våge å undre oss og løfte spørsmålet opp. Kanskje kan me finne ut av det saman, både innbyggarar, politikarar og næringsliv? La oss berre ha det sagt, det er bra at me luftar oss! Dei fleste av oss som har vakse opp i ei lita bygd veit at me har godt av å sjå noko anna enn det me alltid har sett, treffe andre menneske enn dei me har kjent heile livet og få nye impulsar frå menneske som er annleis enn oss sjølv. Me må berre sørge for at bygde-Noreg er attraktivt nok å komme tilbake den dagen ungdommen bestemmer kvar dei skal etablere seg. Bygde-Noreg treng ungdommar om bygda skal leve videre inn i framtida. Politikarane og næringslivet på bygda må ta ansvar og sikre at bygdene har gode nok tilbod å kome med til ungdommar om dei reiser ut for høgare utdanning. Mange seier dei gjerne vil heim når dei skal etablere familie, likevel er det mange som er usikre på om dei finn relevante jobbar. Dei ynskjer å bu på bygda fordi det er trygt og roleg, og dei kjenner seg heime her. Samstundes er det mange som saknar tilboda byen kan gi. Kanskje er dette tida for å sparke litt fortgang i dei digitale og fleksible arbeidsplassane som me veit unge søkjer? Slik kan dei ta med seg jobben heim til bygda, eller jobbe ”himante” når det trengs. Høyr på ungdommen – så kjem me kanskje litt nærmare svaret på det store spørsmålet!

Ansvarleg redaktør: Nils Einar Steinstø Redaksjon: Nils Einar Steinstø Omega 365 Design: Astrid E. Hjelmeland, Judith Sørhus Litlehamar, Inga Klokkerstuen Wangensteen Design: Omega 365 Design Foto: Kristian Risanger Inga Klokkerstuen Wangensteen Judith Sørhus Litlehamar Framsidefoto: Kristian Risanger Annonsesal: Christine Rødne Brataas Opplag: 4 500 Trykkeri: Haugesund Bok & Offset Magasinet blir fulldistribuert i kommunane til husstandar og bedrifter i Etne og Vindafjord. Elles på messer i Haugesund, Stavanger, Bergen, Trondheim og Oslo og strategiske stader i distriktet.

Hovudsa ma rbeidspa rtna r

2 • 2021

3


Folk vil gjerne flytte heim, men dei gjer det kanskje seinare enn ein gjorde før i tida. Bjørnar Aastvedt

Aase Marie Stølås Jørgensen og Bjørnar Aastvedt er glade for å vere tilbake på Silda i Etne.

4

2 • 2021


Jobb og bu

FOLKA ER VIKTIGAST Bjørnar Aastvedt (27 år) og Aase Marie Stølås Jørgensen (26 år) har alltid hatt eit ynskje om å flytte heim, men pandemien skulle framskunde flytteplanane.

Det byrjar å bli kjølig i novemberlufta på Silda i Etne, men inne hjå Aase Marie og Bjørnar er det varmt, innbydande og triveleg. Den to år gamle cockapoo-hunden Cooper svinsar ivrig rundt i stova. Familien har landa støtt i heimbygda, kor dei begge vaks opp. Sjølv om tanken om å flytte til Etne hadde vore der lenge, skulle likevel heimekontortilværet i Bergen, hausten 2020, få fortgong i planane. – Korona blomstra opp att i Bergen i fjor haust, og me vart begge sendt på heimekontor. Det var utfordrande då me på mange måtar budde i eit kontorlandskap. Eg sat på gjesterommet, medan Bjørnar sat med spisebordet fullt med skjermar. Middagane vart inntatt ved stovebordet og me haldt oss stort sett heime. Bjørnar hadde den sosiale beten gjennom Sandviken (fotballag han spelte på), men elles fekk me nytt lite av det byen vanlegvis kunne tilby. Me reiste så ofte som me kunne heim den perioden, då me kjende på ein større fridom i Etne. Då kom også tanken om å sjå på jobbmoglegheiter her, fortel Aase Marie.

Bjørnar er nytilsett i Helgevold Gruppen der han jobbar som teknisk teiknar. Valet av arbeidsgjevar då han kom heim, var ikkje tilfeldig. – Eg tok fagbrev som elektrikar på vidaregåande, og lærlingtida hadde eg hjå Helgevold. Etter eg tok fagbrev, reiste eg til Bergen kor eg tok to år på fagskule og to år på høgskule. Eg utdanna meg til elektroingeniør og arbeidde to år i Bergen hjå Apply og Rambøll. Då me bestemte oss for å flytte heim, var det veldig kjekt å komme tilbake til Helgevold og arbeidsplassen i Sandeid. Eg trivst særs godt der, og visste det var eit godt miljø å komme tilbake til, fortel han. Aase Marie var innom Stavanger før ho flytta vidare til Bjørnar i Bergen. Då ho skulle søke jobb heime, viste det seg at rekrutterarane ho kontakta om hjelp, sjølv trengte henne på laget. – Eg starta på ein bachelorgrad i sosiologi i Stavanger der eg spesialiserte meg i personalleiing. Siste året tok eg i Bergen, og

2 • 2021

5


Jobb og bu

så gjennomførte eg ein Master i arbeidslivssosiologi. Då eg sat med siste arbeidet på masteroppgåva våren 2020, fekk eg jobb hjå Din utvikling, som er eit selskap som samarbeider med NAV. Der var eg frå september til desember, før me avgjorde at me ville flytte på oss. Eg kontakta då Hamnøy som driv med rekruttering, for å få hjelp til å finne passande stillingar på Haugalandet. Det viste seg at dei hadde behov for folk sjølv, og etter ein prosess hjå dei, fekk eg tilbod om stilling. Eg starta hjå dei som researcher i januar i år og eg har no arbeidsstad på Frakkagjerd, fortel ho.

Hunden Cooper har fått ein stor hage å boltre seg i.

Paret har ikkje sakna bylivet sidan dei flytta, og tykkjer Etne oppfyller dei fleste behov. – Me har ikkje sakna Bergen, men det er nok mykje fordi me den siste tida ikkje hadde tilgang til dei fritidstilboda me vanlegvis nytta oss av. Her i Etne er det eit godt kulturtilbod, og me prøver å få med oss det som skjer. Når noko skjer, må me støtte opp, og i sum får me med oss meir enn då me budde i Bergen, fortel Aase Marie. – Då me er særs glade i musikk og å gå på konsertar, kan me somme gonger sakne eit meir variert tilbod, men ein kan få gode konsertopplevingar i Etne også. Heine Totland på Etne IL sin jubileumsfest var heilt fantastisk, fortel ho. Begge to er glade i eit aktivt liv, og medan Bjørnar spelar

fotball på A-laget til Etne, har Aase Marie deltidsjobb som instruktør på treningssenteret Frisk i Ølen. – Eg er veldig glad for at me har eit så godt treningssenter på ein liten stad! Dei har eit variert tilbod og gode timar. I tillegg er eg blitt ivrig Etne-supportar. Då me budde i Bergen følgde eg ikkje med på Sandviken i like stor grad, men her møter folk på kampane og det er eit stort samhald. Det er veldig gøy, seier Aase Marie. Sjølv om Etne kan by på vakker natur og eit godt kulturtilbod, er det likevel ein ting som er det viktigaste ved bygda. – Folka er viktigast. Her har me familie og vener tett på. Det kjennest trygt og godt å flytte til eit nettverk. Me var så heldige å få kjøpe eit hus som ligg rett over vegen frå foreldra mine, og det å ha familien på begge sider nært er fint. Vanlege stoppestader i kvardagen som butikken, blir også sosiale møteplassar, då du møter så mange kjende ansikt. I starten kom Bjørnar aldri heim frå butikken, fordi det var så mange å snakke med, ler ho. Kommunedirektør i Etne kommune, Bjørn Tollefsen, har uttrykt bekymring for dalande fødselstal i kommunen. Paret ser lyst på utfordringa. – Det tok me veldig personleg, så då gjorde me noko med det, ler Bjørnar. Aase Marie er gravid og paret ventar ein son i februar. Dei er også særs optimistiske på kommunen sine vegne. – Det er klart at dersom det blir fødd færre born, vert det vanskelegare å oppretthalde tilboda i kommunen. Me er avhengige av tilflyttarar og stabile fødselstal. Samstundes er mange av våre vener allereie flytta heim, og dei som bur vekke ser for seg å flytte heim på sikt, seier Aase Marie. – I dag startar også folk seinare med å få born og etablere seg. Dalande fødselstal er også ei landsdekkande utfordring, då folk i større grad gjerne får to born i staden for tre. Samstundes har me eit mykje meir optimistisk bilete av situasjonen basert på dei me kjenner og tankane deira om å flytte heim, utfyller Bjørnar. – Folk vil gjerne flytte heim, men dei gjer det kanskje seinare enn ein gjorde før i tida. – Det er to ting eg saknar frå Bergen: quiz og frisbeegolf! Det er quiz i romjula her, men i Bergen gjekk eg gjerne på det kvar veke. Men dette er aktivitetar ein fort kan sette i gong sjølv. Viss du vil at noko skal skje i eit bygdesamfunn, kan du ikkje sitte og vente på at andre skal gjere det. Dette ser ein i mykje av det som skjer i Etne. Drivhuset til dømes, er eit nytt og veldig flott tiltak laga av lokale eldsjeler. Folk har giv og skaparglede og tar tak når dei vil få noko til. Det er ei veldig positiv side ved bygdelivet, framhevar han.

Tekst og foto: Inga Klokkerstuen Wangensteen

6

2 • 2021


Folk har giv og skaparglede og tar tak når dei vil få noko til. Det er ei veldig positiv side ved bygdelivet. Bjørnar Aastvedt

Familien er i vekst, og i februar kjem nok eit tilskot.

2 • 2021

7


Omega 365 Design

Bli med på reisen Er du kreativ og nysgjerrig? Har du skaperglede og engasjement til å drive innovasjon og videreutvikling av vår teknologi? Vi trenger flere dyktige kollegaer!

• • • • • • •

MEKANIKK SOFTWARE ELEKTRONIKK KYBERNETIKK ROBOTIKK SALES SUPPORT

Sjekk ut autostoresystem.com/career

PROJECT MANAGEMENT

autostoresystem.com

weareautostore


Omega 365 Design

Husk på oss når du skal søke læreplass

Ferdigbetong • Blandeverk i Suldal, Vindafjord, Tysvær og Stord • Transport og pumping av erfarne sjåfører

Bygg, mur og hage • Elementer for bolig, nærings- og landbruksbygg • Legoblokk og Big Block støttemur (produseres i Tysvær) • Mini Trønderblokk og Forskalingsblokk

Kvalitet og trygghet siden 1988.

• Heller, belegningsstein og kantstein

Vann og avløp

Haukelivegen 431 / 5574 Skjold +47 975 51 770 / haakull-ersland.no

• Kummer, ig-rør, kabelkanaler, slamavskillere, sandfangskummer, lokk og rister Telefon 5377 5200 mail@olenbetong.no

www.olenbetong.no

Omega 365 Design

Me vøle alt,

sving neom då vel!

Åpent alle kvardagar kl. 08:00-16:00

Etne Bilservice

post@etnebilservice.no

53 75 60 65

Tongane 65

5590 ETNE

etnebilservice.no


Erling Ole Ronæs kan sjå tilbake på ei lang historie i den lokale skobutikken.

10

2 • 2021

Erling Ole driv ein butikk med lange historiske røter på Etne Senter, og lojaliteten til kundane er sterk. –Midt i koronatida tenkte eg at det sikkert er best å stenge ned nokre dagar, men når eg skulle lukke porten så klarte eg det ikkje. Eg fekk det ikkje til, fortel skobutikkeigaren i Etne. 100 år med historie ligg bak skobutikken som i 2019 omsette for vel 4,8 millionar kroner.

sko frå andre fabrikkar. I 1957 overtok mor mi og tanta mi bedrifta, og i 1972 tok mor over alt. Då søstrene overtok var det også slutten for fabrikken, etter den tid er det berre skobutikken som har overlevd. Trebotnsko var også på veg ut og kundane ynskte seg andre typar sko på den tida, fortel Erling Ole som kan sjå tilbake på 100 år med ærverdig skohistorie i eigen familie.

Det var Ole A. Baardsen som starta med trebotnskofabrikk i 1921. Han gjekk i lære i Skånevik rundt 1910 før han reiste til Trondheim for å starte trebotnskofabrikk. Så vart mor hans alvorleg sjuk og Ole bestemte seg for å reise heim der han på nytt starta skofabrikk. Han sparte opp 7000 kroner for å bygge fabrikk og bustadhus nede ved Etnesjøen. – Det var mykje pengar på den tida, han dreiv fabrikken fram til 1957. På det meste hadde han fire personar i arbeid, dei sat og forma sko over lesten og pinna dei som dei sa. Det var mykje arbeid som låg bak kvar einaste skopar. – I løpet av dei åra han dreiv butikk byrja han også å ta inn

Bestefar Ole A Baardsen gifta seg ikkje før han var godt oppi førtiåra, men fekk etter kvart etablert seg med familie i Etne. Mor til Erling Ole, Nora, vaks inn i bedrifta som faren dreiv, og hadde fått skobutikken med seg frå barnsbein. Erling Ole kan hugse ho fortalde at dei trilla sekkar med sko ned til kaien for at dei skulle seljast andre stadar, då fekk dei fem øre for kvar sekk dei frakta ned. – Det passa nok godt for henne og tanta mi å drive butikken, dei var heime med små barn, og butikken var i kjellaren på huset. Eg trur nok dei likte det, og det var nok ei arv også for dei.


Bedriftsprofil

Skobutikk i hundre

Baardsen Eurosko i Etne fyller 100 år i år. Dagleg leiar Erling Ole Ronæs er tredje generasjon i butikken og har funne sin lest i livet.

I 1977 døyr far til Erling Ole i ei tragisk ulykke og eit par år etterpå døyr mor til Erling Ole i kreft. Erling Ole var 14 år då det tragiske hende og familielivet vart snudd på hovudet. Plutseleg var Erling Ole og søskena åleine, og butikken måtte drivast av andre. – Me leigde folk til å stå i butikken, og sjølv budde me hjå tanta vår. Eg hadde aldri direkte planar om å ta over drifta. Men då eg var 20 år valde eg å satse likevel, dei som leigde butikken hadde gjort ein god jobb, men no var dei også klare for at nye krefter tok over igjen. – Og eg ynskte å bu heime, og vere tett på familien, så det passa godt. Og så har eg aldri kome meg vekk igjen, eg er her endå, og her kjem til å bli verande til eg blir pensjonist, slik er det berre. Det var starten på det som så langt er 36 år med Erling Ole som dagleg leiar i ein skobutikk som stadig er i endring. – Det er stor skilnad på den butikken eg overtok, og den som

me driv i dag. Den eg overtok var ein butikk på 40 kvadrat nede i ein kjellar, der dreiv eg i 10 år før eg bygde ny butikk i 1994. I 2006 opna Etne Senter og eg flytta inn der, då selde eg huset eg hadde bygd. Han brenn for at kundane skal finne sko som passar, og ikkje minst som kan hjelpe dei som har vonde kne, hofter eller rygg. Funksjonalitet og sko med helsegevinst er viktigare for Erling Ole enn mote og trendar. – For meg ligg nok interessa mest i at sko kan hjelpe folk, me er ikkje laga for å gå så mykje på hardt underlag, me er skapt for å springe i skogen. Og då kan det bli tøft for føtene våre, og dei skal jo bære oss heile livet. Mange av kundane hjå Baardsen Eurosko kjem igjen og igjen, i Etne handlar du ikkje på Eurosko, du handlar hjå Erling Ole. – På ein liten plass kjem ein endå tettare inn på kundane sine enn i ein by, me kjenner kundane på ein heilt anna måte, men marknaden er mindre. Eg kan få på plass ein nettbutikk viss eg

2 • 2021

11


Det er stor skilnad på den butikken eg overtok, og den me driv i dag. Erling Ole Ronæs

Butikksjefen i Etne gir gjerne gode råd til den som er ute etter nye sko.

vil, men eg trur ikkje det er noko for meg. Eg har venner som driv skobutikk andre stadar i landet, og som ikkje sel så mykje som venta over nett. Hjå oss kan dei derimot gå inn og bestille varer som dei så kan hente i butikken. Eg har meir tru på det. Han har ikkje angra på at han i 1995 vart ein del av Eurosko, her får han fagleg påfyll, inspirasjon og siste nytt om motane. – Det er klart eg er oppteken av mote, men det er og godt å få litt hjelp til det. I denne bransjen ligg me jo nesten eit år lenger framme i tid. Ein må forstå kva kundane vil ha. Karantenetida førte til at det ikkje blei reising på messer, dei tilsette vart permitterte, og butikken fekk ei drastisk nedgang i inntektene våren 2021. Utover hausten tok det seg derimot opp, noko som hjelpte på. Likevel trur Erling Ole skobutikken har lidd under at alle bryllaup, konfirmasjonar og 17. mai-arrangement vart avlyste, ingen skal noko spesielt, og då handlar dei også færre skopar. – Men sommaren i fjor var god, då hadde me nesten berre norske turistar innom her, og dei legg absolutt meir pengar

12

2 • 2021

igjen enn dei utanlandske. Med seg i butikken har han Anne Lise Severeid, som har jobba side om side med Erling Ole i 20 år. I tillegg pleier han å ha inne ein skuleungdom til ekstrahjelp og helgejobbing. Sjølv jobbar han meir enn han likar å tenkje på. – Eg tel ikkje arbeidstimar, men familien heime gjer det av og til, det kan hende dei ofte syns eg jobbar for mykje. Eg er stort sett alltid på jobb, den einaste gongen eg har vore vekke var då eg øydela ein fot på ein skitur, det vart ein liten pause, seier han og ler. – Blir det ein fjerde generasjon som tek over? – Det trur eg eigentleg ikkje, sjølv om dei skal få bestemme det sjølv. Dei har vel sett kva arbeidstimar eg har lagt ned, trur nok dei ser det som enklare å vere tilsett ein stad, men ein veit jo aldri.

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar / Medvind24 Foto: Inga Klokkerstuen Wangensteen


NÆRING PRIVAT

Våre advokater bistår næringsliv, offentlige etater og privatpersoner med alle typer rettsspørsmål og tvister. Besøk oss på våre kontor i Haugesund, Åkrehamn og Etne.

www.eurojurishaugesund.no


Ragnhild Litlehamar synes det er ei stor glede å få vere ein del av oppveksten til Olav Hundseid, Herman Birkenes og Jakob Bertinius Helgevold (fremst i biletet).

Gler seg til kvar dag på jobb

Haustsola skin på fargesprakande tre utanføre Småfolk barnehage, og innandørs er dagen i full gong. Atten år gamle Ragnhild Litlehamar er lærling på andre året i den private barnehagen i Etne, og står smilande i døra. Ho har funne sin plass.

– Eg starta på Helse- og oppvekstfag ved Ølen vidaregåande skule på VG1. Ei lita stund vurderte eg å gå vidare som helsefagarbeidar, men då eg er særs glad i born fann eg ut at Barneog ungdomsarbeidarfag var rette vegen på VG2. Eg er særs glad i å vere rundt born, og er oppvaksen med mange sysken. No har eg også hatt gleda av å bli tante, så det å jobbe med ungar var noko eg visste eg kom til å trivast med, seier ho. Ho gjekk sjølv i Småfolk barnehage då ho var lita, så læreplass hjå dei stod høgt på ynskjelista då ho skulle gå i gong å søke. – Eg sendte kun søknad til Småfolk og hadde påbygg som plan B. Gleda var stor då eg fekk telefon med tilbod frå den daglege leiaren. Det var enkelt å svare ja. Det første året av lære-

14

2 • 2021

tida nølte eg likevel litt på om eg hadde valt rett retning. – Eg var usikker på om eg skulle gjennomføre, men etter kvart fall brikkene på plass. Dette har eg inntrykk av at er vanleg hjå mange lærlingar. Ein er usikker i starten, men når ein vert varm i trøya, vert ein trygg på at ein har tatt rett val. No er det kun ei fryd å jobbe her. Eg gler meg til jobb kvar dag og det å bli møtt av dei glade ungane når eg kjem på jobb, er noko av det beste med jobben. Ho kan ikkje få fullrost arbeidsgjevaren nok. – Her blir du verkeleg sett. Eg er del av ein fellesskap og tenkjer ikkje over at eg er ein lærling i det daglege. Ein kjenner seg meir som ein fullverdig tilsett og ressurs i barnehagen. Å få den tilliten frå dei andre er veldig fint, seier ho.


I lære

Eg er del av ein fellesskap og tenkjer ikkje over at eg er ein lærling i det daglege. Her blir du verkeleg sett. Ragnhild Litlehamar

Ragnhild Litlehamar får ein god klem av Olav Hundseid.

Undervegs i lærlingtida får ho jamleg oppfylging av rettleiar, Øyvind Øverland. Han er barnehagelærar og dei jobbar saman på avdelinga Spirrevippene som har sju born frå 2–3 år. –Då me jobbar på same avdelinga, skjer størsteparten av oppfylginga gjennom det daglege arbeidet og kontinuerleg dialog. Me har og sett av møtetid ein gong i veka, og har ein intern plan me fylgjer undervegs i lærlingtida, fortel Øverland. Målet er å gjere lærlingane våre så klare for barnehagetilværet som mogleg og dei oppgåvene som høyrer med. Samstundes håpar me at me også får vist fram kor flott det er å jobbe i barnehage. Å jobbe med ungane gir mykje meistring og glede. Det er heller ingen arbeidsplasser du får meir ærleg respons, seier Øverland med eit breidt smil om munnen. Litlehamar er heilt einig i skildringa av oppfylginga av lærlingar. –Eg får god tilbakemeldingar jamt og trutt, og det er låg terskel for å spørje om noko. Opplæringskontoret er også innom kvart halvår for oppfylgingssamtale. Eg vil absolutt anbefale andre å søke lærlingplass, og særleg i Småfolk. Du blir særs godt ivaretatt, seier ho. Som lærling nyt ho også godt av fagleg påfyll dei tilsette får. – Småfolk er ein ein EQ-barnehage (emosjonell intelligens). Me har og nylig fått kurs innan Marte Meo-metoden som er ein særskilt arbeidsmåte retta mot samspelet mellom born og vaksne. Det er særs interessant og veldig kjekt å få tilbod om dette via arbeidsplassen no under lærlingtida. Eg opplever at det er ein barnehage som er i utvikling og oppteken av kompetansen til dei tilsette. I tillegg til vidaregåande opplæring og lærlingtid, er Litlehamar klår på at det og høyrer ein del menneskelege kvalitetar med i jobben. Som lærling må ein vere open, omsorgsfull og jordnær i møte med ungane. Overfor foreldra og andre tilsette er det og viktig å vere blid og imøtekommande. Me erstattar ikkje foreldra, men er likevel ein stor del av oppveksten til ungane. Det gir ei veldig stor glede, avsluttar Litlehamar.

Tekst og foto: Inga Klokkerstuen Wangensteen

2 • 2021

15


Me tilbyr Kontorløysingar tilpassa ditt behov Ein livleg arbeidskvardag med trivelege folk i eit ekspansivt næringslivsmiljø

Eit kontor i Medvind?

Gode møterom med videokonferanseutstyr og enkelt bookingsystem

Me har har ledige kontorplassar og møterom i Etne, Sandeid og Ølensvåg.

Eit stort nettverk av nyskapande bedrifter og sparringpartnarar frå ulike bransjar

Stikk innom eller ta kontakt med oss! Telefon 971 88 516 post@medvind24.no

medvind24.no

westcon.no

INNOVATIVE LØSNINGER for en bærekraftig fremtid

Omega 365 Design

Foto: Økland Foto

MF HYDRA – ÅRETS SKIP 2021

YARDS

I

POWER & AUTOMATION

I

OLVONDO

I

LØFTETEKNIKK

I

DESIGN POLEN

I

GEO


• MEKTIGE OG SPENSTIGE NATUROPPLEVINGAR • TRYGG OG GOD OPPVEKST • RIKT KULTURLIV • NÆRINGSLIV I VEKST

Etne kommune

SKÅNEVIK BLUESFESTIVAL

FOTO: LARS GUNLEIKSRUD

SKAKKESENTERET

FOTO: SONJA FRAFJORD

ETNE OMSORGSSENTER

FOTO: SONJA FRAFJORD

SKÅNEVIK

FOTO: ROAR BÆVRE

FUGL FØNIX HOTEL, ETNE

FOTO: SONJA FRAFJORD

VIA FERRATA, FJÆRA FOTO: ÅKRAFJORDEN NATURE B&B

Etne kommune er omringa av flott og variert natur og ligg sør i Vestland fylke. Kommunen grensar til Kvinnherad, Ullensvang, Suldal, Vindafjord og Sauda, der dei tre siste ligg i Rogaland. Dei fleste innbyggjarane bur rundt tettstadane Etne og Skånevik. Kommunen er eit godt utgangspunkt for å nå stader som Haugesund, Bergen, øyriket i Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane.

ETNE KOMMUNE

Sjoarvegen 2, 5590 Etne Tlf. 53 75 80 00 post@etne.kommune.no • www.etne.kommune.no

I Etne kommune kan du busetje deg i landlege omgjevnader med det du treng av butikkar og andre servicetilbod i nærleiken. Det er gode og velorganiserte kommunale tenester for innbyggjarane. Etne kommune har eit stort mangfald i lokalsamfunnet, der livskvalitet for alle står i sentrum. VELKOMMEN!

TURISTINFORMASJON:

Fugl Fønix Hotel tlf. 53 77 14 40 Åkrafjordtunet tlf. 53 77 14 80 Skånevik Fjordhotell tlf. 53 77 07 00


Portrett

Lars Hovda ser over eit prosjekt saman med Ole Johnny Jensen.

MEKANISK SJEF MED STØ KURS Sunnhordland Mek. Verksted (SMV) er ei av få bedrifter internasjonalt som leverer gule spesialkøyretøy. Lars Hovda er mest opptatt av å skape solide og attraktive jobbar lokalt.

– Det er berre fire bedrifter i verda som produserer det same som oss. Dei er i Holland, Italia og Tyskland, i tillegg til ei anna norsk bedrift, seier Lars Hovda og sveipar blikket over industriområdet Leknestangen i Skånevik. Nyleg har SMV inngått avtalar om levering av køyretøy til Speira Karmøy, Hydro Aluminium Karmøy, og til Rio Tinto på Island. – Det er tredje køyretøyet me leverer til denne kunden på Island, dei har mykje eigenprodusert kraft som dei nyttar til tre store smelteverk. Dei har vore ein viktig kunde for oss, seier Lars. Han går ståltrappene i kontorbygget med raske steg. Med baseball-caps, grå v-genser og turbukse lyser det ikkje direktørstilling av 53-åringen. På kontoret i toppetasjen har han god utsikt over Skåneviksfjorden og fjella han er blitt så glad i dei siste åra. – Å vere leiar i ei bedrift som stadig er i utvikling er krevjande, det er vel fire-fem år sidan eg forstod at skulle eg halde ut dette presset måtte kroppen vere i god form. Då byrja eg å gå i fjellet. Nokon utfordra meg med ei tid dei hadde klart å kome 18

2 • 2021

seg til topps på ein nut. Eg tenkte: «det skal eg klare å slå», seier han og ler medan han serverer kaffi i svarte koppar. Å svinge seg innover den smale vegen til Skånevik kan minne om å køyre «dollarvegen» frå Ropeid til Sauda, også ein veg som ber fram til ei bygd innerst i ein fjord med skaparkraft og industri. Skånevik har i overkant av 500 innbyggarar, og store bedrifter som SMV, Knutsen Dørfabrikk, Funtek, Johansen Rør og Skånevik Fjordhotel. Vegg i vegg med hotellet er no bygda godt i gang med å finansiere eige utebasseng til eit budsjett på 12 millionar kroner. Dugnadsånda står framleis høgt i bygda. – Det gjer den absolutt, og for oss som bedrift er det veldig viktig å kunne bidra. Me må dra lasset saman, men eg er nok ikkje den som bakar kaker eller er på måledugnad, eg treng timane her på jobb, seier Lars. Kommunedirektør i Etne, Bjørn Tollefsen, har uttalt at SMV er ein godt bevart skatt i kommunen. Det ein skulle tru var ein mekanisk verkstad er så mykje meir enn det, det er ei teknologibedrift med høg kompetanse i alle ledd, meiner han. SMV omsette i 2020 for i overkant av 53 millionar, året ber likevel


FA K TA preg av den tøffe koronatida og resultatet vart 1,1 million i minus, mot eit overskot på over 4 millionar i 2019. – Den siste tida har vore utfordrande, og litt uoversiktleg. Pandemien gav oss ein usikker marknad, og det blei stilt. Eg kjenner jo at me har vore litt restriktive med å hoppe på prosjekt som har store kostnadar. Me forstod alvoret då Noreg stengte ned, men me visste jo ikkje at det skulle pågå så lenge. Dei tilsette fekk heimekontor, og permetteringar sto for døra. Lars sat på topp-kontoret kvar einaste dag og jobba med å få bedrifta framover, trass pandemien. Sjølv om tapet vart stort kom dei ikkje inn under dei statlege kompensasjonsordningane, dermed måtte dei stå på eigne bein. – Me kapsla jo nesten bedrifta inn. Men eg såg jo at folk fungerte på heimekontor, dei produserte og dei var i kontakt med kundar. Den digitale utviklinga gjekk raskt, me vart gode på teams. Bedrifta har 10 ingeniørar, i tillegg til produksjon av køyretøy i eigen verkstad. I 2008 kjøpte dei seg og inn i den mekaniske bedrifta MCE i Etne. Målet var å fase ut ein del av blant anna sveisearbeidet, slik at ein fekk nytta større del av lokala i Skånevik til montasje. Smelteverksindustrien har alltid vore ein av dei største kundane hjå SMV, no står også den framfor eit grønt skifte. – No skal alle ha elektrifiserte maskinar i smelteverksindustrien, dette blir ei stor omstilling. Utfordringa er at dei skal tole sterk varme, og at dei skal klare

Namn: Lars Hovda (53) Aktuell: Dagleg leiar i SMV Les: Det går mykje i aviser på nett, nyhende og næringslivstoff, elles likar eg godt å lese krim, helst i feriemodus. Høyrer på: Mykje forskjellig, både nytt og gammalt, men likar spesielt godt rock’n’roll og blues frå 70-talet og utover, i tillegg til musikk som gjer at ein berre må ut og svinga seg. Førebilete: Då må eg nesten nemna personar som har fått til noko ekstraordinært her lokalt, og då kjem me ikkje utanom Ingvar Hognaland, Jacob Hatteland og gjengen deira i Vats. I tillegg er dei som stiller opp for fellesskapen år etter år i bygdene flotte førebilete.

2 • 2021

19


seg gjennom fleire skift 365 dagar i året, fortel Lars. SMV sin jobb er å finne gode løysingar der bedriftene ikkje har automatiske løysingar på plass, det betyr at ingeniørane stadig er i tenkeboksen for å utvikle nyskapande og miljøvennlege løysingar, ofte spesialtilpassa og skreddarsydde for kunden. – Me må ha rom for å feile, får nokon ein god ide hjå oss og me vel å gå for den skal alle stå bak ideen. Ingen skal stå åleine om utviklinga her, seier Lars og snakkar seg varm om arbeidsgjengen som står på for at Skåneviks-bedrifta skal halde seg aktuell i den internasjonale konkurransen. – Dei er dei viktigaste me har, og no er eg glad me kan treffast på jobb igjen. Den viktige praten over kaffikoppen og turen innom nabokontoret er veldig viktig, både sosialt og fagleg, slår han fast. Rekruttering er og ei av dei største utfordringane framover. SMV er kjende for å satse på lærlingar, noko som også gav dei prisen som Årets lærebedrift i 2018. Dette året har dei inne fem lærlingar, som Lars meiner er eit glimrande grep for å sikre seg rekruttering av fagutdanna personell. – Me bur jo i eit distrikt med eit imponerande næringsliv, så det er jo rift om dei flinkaste. Berre sjå til Autostore, Westcon, Ølen Betong eller Granberg. Det er mange bedrifter der dyktige gründerar står bak, seier Lars. – Me var faktisk med i oppstarten til Autostore, me teikna

den første gridden, produserte og monterte dei første 6–7 anlegga. Men på eit tidspunkt vart dei for store for oss, no produserer me serviceprodukt til dei, fortel han og viser til at dei stadig er på jakt etter både mekanikarar, elektrikarar og ingeniørar. Ved årsskiftet er målet at ein har fem nye tilsette på plass, i løpet av neste år bør det vere dobla. – Når folk med lang fartstid sluttar så tenkjer eg at det kjem til å bli ei utfordring å erstatte dei, men så kjem det nye flinke folk med nye tankar. Det er alltid like rart korleis det dett på plass. SMV vart stifta i 1958 av bestefar til Lars, Anders Hovda. Då var namnet Seimsfoss Mekaniske Verkstad. Etter etableringa i Skånevik i 1968 blei namnet endra til Sunnhordland Mek. Verkstad, og i 1980 var det far til Lars, Paul Hovda og broren Gudvin som overtok eigarskap og leiing i bedrifta. I dag er det Lars som styrer roret, også han har to brør med seg i bedrifta. – Me har jo vakse opp med dette, me kunne merke om salet gjekk godt i praten rundt middagsbordet. Og eg starta tidleg å jobbe her, eg sopte spon under dreiebenken i gamleverkstaden og fekk nokre kroner for det. – Bestefar Anders meinte det fanst to typar menneske, mekanikarar og dei andre. Den tekniske interessa er nok med vidare i generasjonane, meiner Lars som sjølv tok utdanning som maskiningeniør og i bedriftsøkonomi. Den eldste av Lars sine tre barn jobbar i dag som elektroingeniør i SMV. Lars er likevel usikker på om han vil råde neste generasjon til å ta over, til det er businessen blitt for tøff og arbeidsdagane for krevjande. – Om fem år håpar eg me blant anna har vore med og fornya parken med spesialkøyretøy og at ein har grøne køyretøy på mange verk. Min visjon er å skape ein trygg og interessant arbeidsplass, både for dei som er fagutdanna og dei som har høgare utdanning. I 2001 hadde Lars besøk på kontoret av ein som selde utemøblar, tilfeldig kom praten inn på ein gard som denne seljaren visste var til sal i Latvia. Far til Lars gjekk forbi døra og overhøyrde praten, han snudde raskt og stakk hovudet inn døra. Det var starten på eit lite eventyr der Hovda-familien i saman med andre lokale fekk prøve seg som bønder i Latvia. – Det var ikkje lenge etter denne dagen at handelen var i boks, og far var på veg til Latvia. Han hadde fine dagar på kontoret då og sakna nok andre utfordringar. Med seg fekk han lokale krefter som Martin Berge, ein svigerson og mine kameratar i aksjeklubben Opptur. I Latvia venta eit bruk som sto til nedfall, dei tilsette hadde ei usikker framtid og bygningane var gamle. Då dei nett selde garden etter 20 år var det blitt eit mønsterbruk med 950 dyr, av desse var 465 mjølkekyr. – Eg trur det seier noko om den drivkrafta som ligg hjå ein gründer, om at ein alltid ser at noko er mogleg sjølv om det i utgangspunktet kan høyrast ut som ein vill ide, seier Lars.

Paul Ove Nordbø tek seg av målinga på prosjekta, her i drøs med Lars Hovda.

20

2 • 2021

Tekst og foto: Judith Sørhus Litlehamar


Portrett

Min visjon er å skape ein trygg og interessant arbeidsplass, både for dei som er fagutdanna og dei som har høgare utdanning. Lars Hovda

Wojciech Kwiatkowski har full kontroll på sveisinga.

2 • 2021

21


Omega 365 Design

God mat God stemning Kvalitet til kvardag og fest ® ®

Jobbe hos oss?

®

Knudsen Dørfabrikk AS er i stor utvikling, og treng flinke folk i framtida. I åra som kjem treng me: • CNC-operatør med fagbrev, og/eller relevant erfaring. CAD/CAM-kunnskap er ekstra bra. • Du som har utdanning innan IT/programmering, og gjerne har erfaring frå produksjon. • Nokon som har fagkunnskap innan overflatebehandling.

Omega 365 Design / Foto: Istoria

• Deg som har fagbrev som trevaresnekker, eller tilsvarande. • Lærlingar. Snekkerfaget, industrimekanikar, og innan sal og administrasjon.

Tjellevegen 35, 5593 Skånevik tlf 53 75 51 44, post@rknudsen.no

synleg

med godt

innhald.

Etne Betong tilbyr: Strukturblokker for støttemur Ferdige blokker for muring i sjø Tilbehør til forskaling/støyping Ferdigbetong med renne-/pumpebil Ta kontakt for pristilbod!

• Grafisk design • Kommunikasjon • Reklame • Film, foto & lyd

Tongane 71, 5590 Etne, tlf 53 75 67 12 • post@etnebetong.no

tlf 400 06 077 omega365design.no

www.etnebetong.no

.

• Nettside & app


Grethe Solheim

Lars Olav Larsen

Ølen Randi Steinsland

Siri Tungesvik Vestbø

Skjold

Wenche Helen Søndenå

Marit Synnøve Frantsen

Randi Risanger

Tid til en kaffe og en drøs om din økonomi? Våre rådgivere i Vindafjord tar gjerne en samtale om sparing, råd og forsikring. Av oss får du skreddersydde råd om hvordan du kan bedre din økonomiske situasjon. Kom innom din lokale filial eller ring oss på 52 70 50 00. Vi serverer kaffe og gode råd.

Lokal, nær og personlig haugesund-sparebank.no


Foto: Kristian Risanger

I ARBEID FRÅ

UNG ALDER Lovise-Amanda Lærdal og Sander Hustoft meiner begge at tidleg arbeidserfaring er gull verdt i vidare karriereløp.

24

2 • 2021


Yrkesval Lovise-Amanda Lærdal meiner det er viktig å få arbeidsoppgåver tidleg.

Ein må vere audmjuk og lytte til andre, alle kan lære noko av kvarandre. Det hjelper ikkje å ha gode idear viss ein ikkje får folk med seg. Lovise-Amanda Lærdal

Lovise-Amanda er oppvaksen på gard i Etne og fekk tidleg vera med på garden. I dag er 26-åringen HMSK-leiar i Ølen Betong. – Eg trur å få være med tidleg om oppgåver og arbeid er viktig. Oppgåver gjer at ein meistrar og veks på det, og lærer å kjenne seg sjølv betre. Då ønsker ein også å prøve meir, meiner ho. Ho skildrar ein barndom der ho kanskje ikkje var den som var i slåtten kvar sommar, men som var glad i dyr, og fekk tidleg vera med på dyrestell i fjøset. – Me har vore med i fjøset sidan me var bittesmå, me temde på kalvar, måkte og strøydde for dyra. Det er viktig at ein får oppgåver som betyr noko, og at ein ser at det ein gjer er viktig. – Ein kan heller ikkje sitje inne og vente på at arbeidslivet skal ta ein med storm. Opplever ein meistring tidleg i livet ser ein og at det ein øver på blir ein god til. Ingenting kjem gratis, og alle arbeidsoppgåver er ikkje like spanande, slik er det berre. slår HMSK-leiaren fast. Ho var i 12-årsalderen då ho hadde bestemt seg for å kjøpe hesten ho hadde på lån. Faren hadde gått med på avtalen, men pruta så lenge med hesteseljaren at seljaren gav opp og ville ikkje selje likevel. – Då ringde eg opp igjen til seljaren og gjorde ny avtale, hesten blei ikkje så billig likevel. Eg trur mor og far var såpass imponerte over at eg ordna opp at dei berre lo av heile greiene

og lot meg få hesten, seier Lovise-Amanda og smiler. – Eg trur jo og at arbeidserfaringa har vore med å gjere meg litt meir handlekraftig. Og ikkje minst at me fekk prøve heime, det var ikkje sånn at dei tvinga oss til å arbeide, men dei tok oss med i oppgåvene og var positive. På ein gard ligg det jo i generasjonane bakover at ungane skal få vere med, og lære at dei og kan bidra. Og eg trur at den meistringskjensla gir gode grunnlag for ein seinare i livet. Lovise-Amanda meiner viljen til å samarbeide med andre og er viktig for å bli attraktiv på arbeidsmarknaden. – Ein må vere audmjuk og lytte til andre, alle kan lære noko av kvarandre. Det hjelper ikkje å ha gode idear viss ein ikkje får folk med seg. Gjensidig respekt er viktig, og legge litt ekstra i det du gjer for å få god kvalitet. Det vil alltid bli lagt merke til. Og ver ærleg, det er viktig å kunne seie kva ein eigentleg meiner. Ho var ikkje sikker på at det skulle bli HMSK, for det er nok mange jobbar ein sikkert kunne ha passa til, men valde til slutt å studere til HMS- og kvalitetsingeniør. – Det er engasjerande å jobbe med HMS, det rører jo med heile bedrifta. Alt frå helsa til dei tilsette, ytre miljø, tryggleik på jobb og til kvalitet på varene ein leverer ut. Eg trivst godt i

2 • 2021

25


Yrkesval

Ølen Betong og lærer mykje, målet er å gjere ein god jobb, ha det kjekt i livet og ta dei moglegheitene som byr seg, fortel den unge leiaren.

Foto: Inga K. Wangensteen

Sander Hustoft er berre 22 år, men allereie sjølvstendig næringsdrivande. Midt i koronaperioden valde han å slutte i røyrleggarjobben hjå Vassbakk & Stol, og starte eiga bedrift heime i Etne. – I utgangspunktet hadde eg vel tenkt å starte opp for meg

sjølv i friperiodane på jobben, men så bestemte eg meg for å hoppe i det. Eg veit ikkje om det er spesielt modig, eg tenkjer jo at eg truleg får meg jobb om dette ikkje skulle gå vegen. Men allereie etter få månadar som sjølvstendig næringsdrivande har han fulle dagar, somme gonger treng han å leige inn ein ekstra til å vere med på større jobbar, der til dømes mykje røyr skal skiftast ut. Likevel ser han for seg å vere åleine i bedrifta i mange år før det blir aktuelt å tilsetje fleire. – Det blir nok lange dagar og mykje jobb no i starten, men det er kjekt å kunne jobbe for seg sjølv. No går det eg fakturerer inn til mi eiga bedrift, det er litt kjekt, seier den unge bedriftsleiaren. Sjølv starta han opp som avløysar i 12-årsalderen, og er samd med Lovise-Amanda i at all arbeidserfaring er mykje verdt seinare på yrkesvegen. Etter vidaregåande vart det læretid hjå Rørlegger Nils Torgrimsen i Ølen. Eg treivst veldig godt der, for meg er miljøet på ein arbeidsplass viktig. Hjå Torgrimsen var dei flinke til å skape miljø, det tar eg med meg vidare.

Sander Hustoft satsar på eiga bedrift, berre 22 år gammal.

26

2 • 2021

Aase V. Berge er dagleg leiar i Berge Sag Fagbygg. Ho meiner tidleg arbeidserfaring gjennom ulike jobbar både er viktig og ein fordel for ungdom å sikre seg. – Det gir ungdom innblikk i ulike type yrke, gjer dei kjende med arbeidslivet og byggjer opp CV. Det er ikkje avgjerande kva jobb dei har hatt. Har dei hatt jobb tidleg, vore aktive og prøvd ulike type jobbar, også jobbar dei ikkje synes er attraktive så stiller dei sterkare som jobbsøkjar seinare Dei har vist at dei har vore engasjerte og har mestra utdanning og arbeid samtidig. – Me er heldige i Etne og Vindafjord som har så mange bedrifter og moglegheiter for ungdommane til å få seg sommarjobb og deltidsjobbar, seier ho. HR-leiar i Helgevold, Line Njåstad er samd i at arbeidserfaring er eit fortrinn. – Me er bevisste på dette når me rekrutterer, me spør gjerne etter om det ikkje alt står i CVen. Å vere vane med å jobbe tidleg er alltid ein fordel, me ser ofte at dei som har vakse opp gard eller jobba som avløysar eller hatt andre jobbar som ung, har med viktig erfaring. Ein er blitt van med å ta i eit tak, og har gjerne lært seg å sjå meir kva arbeid som skal gjerast og ein tek gjerne meir initiativ. Ein er også vane med å ta ansvar som å kome seg opp om morgonen, seier ho. Tekst: Judith Sørhus Litlehamar


Flytt til Etne kommune! - Kort veg til alt!

Tomteselskapet Etne har salgsklare, sentrumsnære tomter fleire stader i Etne og Skånevik

Salgsklare tomter Omega Design

PRESTALIO

FITJA

KAMBE

Din lokale

varmepumpeleverandør!

PMS uncoated

kontakt oss

bjarte@lauareid.no www.panasonicvarmepumper.no

Epost: post@tomteselskapet-etne.no

976 05 432

Telefon: 458 65 508

52 71 35 10

Hos Vindafjord trafikkopplæring setter vi eleven i fokus.

Omega Design Foto: Økland Foto

Effektiv opplæring Fornuftige priser Opplæring i de fleste klasser

Tlf. 52 76 20 10 - www.vindtraf.no Kontorer i Ølen, Skjold og Haugesund


Bli en del av teamet! Omega 365 er i stadig vekst og trenger mange nye ansatte. Søk jobb hos oss i dag!

Omega 365 Solutions Vi leverer prosjektstyringsverktøy og programvare til en rekke ulike bransjer, og trenger deg som er nyutdannet eller har erfaring innen: • Software-utvikling • IT-prosjektledelse • IT-sikkerhet

Omega 365 Consulting Vi leverer konsulenttjenester til et bredt spekter av bransjer, og trenger ingeniører og annet personell innen bygg og anlegg, fornybar energi og olje og gass: • Prosjekt- og byggeledelse • Elektro, instrument og telecom • Teknisk sikkerhet og prosess Finn alle våre stillinger her:

omega365.com/jobs

Foto: Kristian Risanger

• Microsoft Azure-teknologi

Ketchup-effekt

i fotballen Etter halvtanna år med lite aktivitet i fotballklubbane i Vindafjord og Etne, opplever klubbane no reine ketchupeffekten både hjå spelarar og tilskodarar. – At det har vore ein korona-effekt, er det ingen tvil om, fortel leiar for det nye A-laget til Vindafjord IL, Oliver Vestbø. Det har blitt snakka om lenge at det kunne vere kjekt å starte opp A-lag i klubben att, og no etter korona opplevde me ei enorm interesse for oppstart av eit nytt lag. Dette ser me ikkje berre i kraft av at mange ynskjer å vere med å spele, men me ser det og på heimekampane våre. Bygdefolket møter entusiastisk opp for å heie, og det er tydeleg at det har vore eit sakn etter skikkelege lokaloppgjer der det vert storoppgjer mellom bygdene, seier han engasjert. Idéen om å starte opp eit nytt A-lag i Vindafjord IL kom for alvor då Ølen måtte trekke laget sitt før sesongen starta. Fleire spelarar frå Sandeid, Vikedal og Imsland sto brått utan eit tilbod, og Oliver Vestbø og Kjell André Steinsland frå Sandeid gjekk ut på Facebook for å lodde stemninga for eit nytt A-lag i dei brune Vindafjord-draktene.

28

2 • 2021


Erling Bjarte Rullestad og Oliver Vestbø representerer lag i to ulike divisjonar, men gler seg likevel over naboane sin framgong.

Oppvekst og fritid

Foto: Elen Merethe Hetleflåt Ramsvik A-laget til Etne legg bak seg ein god sesong i 5. divisjon.

– Me fekk ekstremt stor respons. Det dukka brått opp 22 mann på kvar trening. Då me spelar sjuerfotball måtte me til og med ha innbyttarar på trening. Me rekna med at mange ville dette av utover hausten, men det er framleis 16–17 mann med. Me snakka først om å melde på eit oldboys-lag, men då fleire av dei som er med er under 34 år (red. aldersgrensa i Oldboys-fotballen) vart det enklare å melde på eit A-lag. Fristen for å melde på eit lag i serien var eigentleg gått ut i februar, men då me tok kontakt med kretsen fekk me lov til å melde på eit lag i 7. divisjon, fortel han. Laget møter mange naboar i 7. divisjon og stiller i første rekke med sjuarlag. – Både Ølen 2, Bjoa, Nedstrand og Sauda spelar i avdelinga vår. I tillegg møter me Rubbestadneset og Bømlo. Viss me er nok folk til kamp, kan me også stille med nierlag eller elleverlag om motstandandarlaget kan stille med same lagoppsett. Sjuerlagskampane spelar me på kunstgrasbana i Sandeid, medan me nyttar bana i Vikedal som heimebane om det vert nier- eller elleverlag, då den er større, seier Vestbø. Laget ligg no på 3. plass på tabellen og målet for serien er klinkande klart. – I første rekke skal me kome over Ølen 2 på tabellen, men i bortekampen mot Rubbestadneset var me første laget i avdelinga til å hente poeng. Kampen enda 3-3, og med tanke på at Rubbestadneset ligg på opprykksplass ser det lovande ut, seier han. Laget opplever også medvind på heimebane. – Det er særs mange som møter på kampane for å sjå og det kjem folk i alle aldrar. Mange er stolte av dei brune fotballdraktene og mange er nok nostalgiske og hugsar tilbake til stordomstida til det tidlegare A-laget til Vindafjord IL. Mange

av spelarane har no også born som kjem og heiar. Det er stor stas, uttrykker Vestbø. Spørsmålet er no om laget klarer å halde entusiasmen og engasjementet oppe. – Me spelar siste kampen mot Bjoa på heimebane i Sandeid. Då skal me ha ein liten lagfest etterpå med kåringar og oppsummering. Me må og lodde stemninga for neste sesong. Me håpar det ikkje berre er eit lite blest, og at Vindafjord IL sitt A-lag er kome for å bli, avsluttar han. I Etne har dei hatt eit stabilt A-lag i mange år, men har i haust likevel merka ein auke av supporterar på tribuna. – Mange har nok vore sultefora på ein møteplass under korona, og no møter det rundt 150 menneske på kvar heimekamp. Dette er heilt unikt og me opplever at folk har eit ektefølt engasjement for laget, fortel leiar i Etne IL, Erling Bjarte Rullestad. Det er på toppen også blitt starta ein ny ein supporterklubb som byr på eigenkomponerte songar og sørger for trøkk på tribuna. Det er tydeleg at folk set pris på heimekampane som ein sosial arena. Også i A-lagsstallen har dei merka ein liten auke. – Det er fleire på trening etter korona enn det var før. Det kan kanskje komme litt av dei gode resultata, men også av at spelarane er utkvilte og motiverte etter ein lang pause, understrekar han. Klubben som spelar i femte divisjon, ligg per no på tredjeplass på tabellen, og det ser ut til å bli tett mellom laga i toppen. – Målet er å vinne dei siste kampane, men me tek kamp for kamp, avsluttar Rullestad. Tekst: Inga Klokkerstuen Wangensteen

2 • 2021

29


Bli en del av Team Helgevold Lyst på en spennende jobb for fremtiden? For å ivareta vår kundemasse og imøtekomme markedets etterspørsel, er vi alltid på jakt etter flinke og motiverte folk.

• Lager- og logistikkarbeider • Elektrikere Les mer om våre ledige stillinger på helgevold.com eller send oss en åpen søknad til rekruttering@helgevold.com og fortell oss hvorfor du vil bli en ”helgevolder”.

Me har KLIKK & HENT

Det du treng til kulda kjem Etne / ope 8-18 (9-15) tlf. 53 77 11 30

bondekompaniet.no


Omega 365 Design • Foto: Bodil Imsland

Opplev vinteren i

VakreVindafjord Turistinformasjonen: Telefon 48 25 85 58, Haukelivegen 722, 5580 Ølen Sjekk ut våre opplevingar på nettsida: vindafjord.kommune.no/vakre-vindafjord/opplev-vindafjord

vindafjord.kommune.no


Kommunedirektør i Vindafjord, Yngve Folven Bergesen Foto: Ellen Marie Hagevik, Vindafjord kommune

SØKJER FLEIRE INNBYGGJARAR Rekruttering og folketalsutvikling er dei største utfordringane for Etne og Vindafjord framover, meiner kommunedirektørane i dei to kommunane.

– Eg opplever at Vindafjord er eit godt samfunn. Det er ein god plass å bu og å drive bedrift. Me har eit framoverlent næringsliv som truleg er unikt og som har ei sterk gründerånd. Det er spanande næringsklynger mellom anna i Vats, Ølen/Ølensvåg og Sandeid og bedrifter som Granberg på Bjoa og produksjonen av understella til Hywind Tampen på Dommersnes, seier kommunedirektør i Vindafjord, Yngve Folven Bergesen. Han kom frå jobben som underdirektør i Sjøfartsdirektoratet i 2018, og meiner han ser eit næringsliv i kommunen som heiar på kvarandre. Det håpar eg bedriftene og opplever at kommunen gjer, me ynskjer tett kontakt med dei for å vite kva dei treng. Me vil 32

2 • 2021

gjerne støtte opp om gode tiltak, setje gode rammevilkår, finne gode næringsareal og kunne tilby eit godt tenestetilbod slik at folk har lyst til å bu her. Dermed sveipar han over på det som er og blir den største utfordringa for begge desse haugalandskommunane, nemleg folketalsutvikling og rekruttering. Sjølve befolkningstala har ikkje endra seg mykje frå inngangen av andre kvartal i fjor til same tida i år. Vindafjord har faktisk fått nye innbyggarar og har no eit folketal på 8740, Etne har hatt ein liten nedgang det siste året, frå 4064 ved inngangen til andre kvartal i fjor, til 4053 i år. Det som uroar kommunedirektørane er fordelinga mellom dei ulike aldersgruppene, for medan ein nå ser starten på ei stor


Me må etablere tidleg kontakt med dei som skal ut av kommunen, slik at dei kjenner oss godt når dei skal vurdere å kome heim igjen. Yngve Folven Bergesen

eldrebølge synk talet på ungdommar og unge vaksne i begge kommunane. – Me som kommune får ei utfordring med å møte framtida, me får fleire eldre og færre i arbeidsfør alder. Me treng fleire hender i Vindafjord kommune for å dekke opp det behovet. Samstundes må me likevel ha gode tenester, næringslivet må ha rom for å utvikle seg og me treng attraktive arbeidsplassar. – Bustadattraktiviteten er samansett av mange behov som oppvekstmiljø, gode bustadtomter, tomter og jobb til begge to i eit forhold, seier Folven Bergsen og peikar på attraktivitetsprosjektet Vakre Vindafjord som skal vise fram dei beste sidene til kommunen, samstundes som ein får samla kva kommunen kan tilby. – Me må etablere tidleg kontakt med dei som skal ut av kommunen, slik at dei kjenner oss godt når dei skal vurdere å kome heim igjen.

Kommunedirektør i Etne kommune, Bjørn Tollefsen. Foto: Inga K. Wangensteen

Kommunedirektør i Etne kommune, Bjørn Tollefsen, kom til kommunen rett før pandemien starta tidleg i 2020. Då kom Tollefsen frå jobben som leiar for oljeselskapet Crudecorp. Han er samd med kollegaen i Vindafjord, og ser mange av dei same utfordringane i Etne. I sitt framlegg til budsjett for neste år har han sett av midlar til både opprusting av Skakke-senteret sin fasade og til det planlagde utebassenget i Skånevik. Han meiner det trengs investeringar for å sikre at dei unge kjem tilbake til kommunen. – Alle kommunar som blir avfolka snakkar om fin natur, men det hjelper ikkje. Me må vise at me vil satse på å få dei unge heim igjen. Det er no det gjeld, meiner han. – Arbeidsløysa vår er veldig låg, og me har attraktive arbeidsplassar, men me treng folk. Eg ser jo at me og i visse fagfelt slit med å få inn lærlingar i eigen kommune, me må vere meir på. Tollefsen viser til at kommunen må bli meir attraktiv, men er usikker på kva som trengs i tillegg til «pakken» dei alt har, med bustadtomter, barnehageplass, fritidstilbod og jobb til begge to. – Hadde eg visst løysinga på dette hadde eg nok drive med noko anna, seier han og ler Eg veit ikkje heilt kor me skal byrje eller korleis me skal få dette til, men eg er absolutt optimist. Det er jo så mykje spanande som skjer i kommunen, me må berre få det fram på ein god måte. Eg trur at dei som har klart å snu denne utviklinga har ein sterk patriotisme, at folk heiar på kvarandre og er gode ambassadørar for heimplassen sin. Begge kommunedirektørane peikar på utvikling av næringsareal som viktig for næringsutvikling. I Vindafjord er Ølen

Næringspark i Ølen nyleg etablert og i kommuneplanen er det sett av næringsareal på Knapphus. I Etne har dei regulert eit næringsareal på Fikse, som dei no utfordrar Vindafjord på om dei kan sjå på ei eventuell utviding over grensa til nabokommunen. I tillegg er det mogleg å finne ledig areal på Tongane. – For oss er det viktig å samarbeide, både mellom kommunane men og på Haugalandet, me er ein felles bu- og arbeidsregion, seier Yngve Folven Bergesen. Også Medvind24 og Fikse Næringsforening blir peika på som gode samarbeidsarenaer som bidreg til god næringsutvikling i begge kommunane. – Me hadde og gode erfaringar med Game of Skills, den lokale varianten av SildIkonValley. Prosjektet vårt vart ikkje så teknologibasert, men eit breiare innfallsrom på bedrifter som kunne vere med. Det vart eit vellukka prosjekt, meiner Folven Bergesen og viser til prosjektet som bidrog til at fleire bedrifter skaffa seg attraktive søkjarar til sommarjobbar.

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar

2 • 2021

33


Ledige stillinger

Vi ønsker fortløpende å ansette aktuelle, motiverte og dyktige kandidater: Industrielektriker Mekanikere/ Industrimekanikere/ Automatiker Ingeniører innen mekatronikk, mekanisk, automasjon

Kva skal til for at du flytter heim til Vindafjord eller Etne?

For ytterligere beskrivelser av stillingene gå inn på våre nettsider smv.as/jobs eller besøk oss på Facebook: facebook.com/SunnhordlandMek. Verksted

Maria Steinstø

Alder: 29 Heimkommune: Etne Noverande kommune: Kristiansand Yrke: Gründer

Alle søknader sendes til teknisk sjef Vidar Ølfarnes på e-post vlo@smv.as, tlf. : 959 66 233 www.smv.as

34

2 • 2021

Eg har sambuar frå Kristiansand, kor heile familien hans bur. Det som vil vera viktig for oss, om me skal kunne flytte heim til Etne, er gode vegforbindelsar mellom Vestlandet og Sørlandet. Betre fartsårer (E39, E134), slik at me kan transportere oss enkelt, kjapt og sikkert mellom Kristiansand og Etne. Betre forbindelsar i Noreg er med på å auke bu- og arbeidsmarknaden, og gir positivt utslag i mogelegheiter for bygde-Noreg. Dette ser ein tydeleg på Sørlandet med E18 mellom Grimstad-Lillesand-Kristiansand, og ein har same forventning når Nye Veier er ferdig med E39 mellom Kristiansand og Mandal, og etter kvart oppover mot Stavanger. Ikkje minst er det viktig å sjå at venner og familie flyttar tilbake/blir i området. Og då er ein avhengig av ein god/brei arbeidsmarknad, med ulike tilbod.


Olav Helland

Alder: 30 Heimkommune: Ølen Noverande kommune: Stavanger Yrke: Rekrutterar i MDE Group For min del vil nok ei eventuell heimflytting avhenge av tilfeldigheiter. Eg trvist veldig godt både i byen og på jobben, og har ingen umiddelbare planar om å flytte på meg. Dersom eg skulle få eit akutt behov for å byte ut kort avstand til pub og kulturelle tilbod med kort avstand til fjord og fjell, vil Etne eller Vindafjord vere ein naturleg stad å busette seg. Eg set pris på bygdemiljøet og har sjølv hatt ein trygg og god oppvekst i Ølen. Det som i mine auge skil Etne og Vindafjord frå andre bygdesamfunn, er det vanvittig varierte og gode næringslivet, som gjer at jobbmoglegheitene ikkje står tilbake i forhold til byane. Kort oppsummert vil nok ein «final destination» bli påverka av tilfeldigheiter og kven eg eventuelt ender opp med, så får me sjå om det blir i ein by eller Etne/Vindafjord på sikt.

Lars Kristian Aastvedt

Alder: 30 Heimkommune: Etne Noverande kommune: Stavanger Yrke: Planleggingsleiar i Rogaland fylkeskommune Eg syns Etne har mykje å by på, særleg innanføre fotballen og alt som skjer på Skakkesenteret. For at eg skal flytte heim måtte eg ha skaffa meg ein interessant jobb i området, då eg ikkje likar pendling og føretrekk det sosiale på jobb framfor heimekontor. Samstundes trivst eg veldig godt i jobben eg har no.

Therese Stople Gjendem Alder: 26 Heimkommune: Ølen Noverande kommune: Sola Yrke: Privatpraktiserande audiopedagog ved Hørselssenteret

Martin Djuve Vågen

Alder: 26 Heimkommune: Ølen Noverande kommune: Bergen Yrke: Revisor i KPMG Eg skal være heilt ærlig å seie at å flytte heim er noko eg godt kunne tenkt meg. Det er ikkje mangel på spennande moglegheiter i det lokale næringslivet på heimtraktene, og eg syns vårt distrikt har særs mykje å by på. Akkurat no bur eg i Bergen med sambuar og ein svært lærerik jobb der eg trivst godt. Eg trur det har sine erfaringsmessige fordelar å bu litt ute før ein eventuelt kjem heim, men for meg er ikkje terskelen høg for å vende heimover litt fram i tid.

Per i dag er det lite praktisk for meg å flytte heim til Vindafjord med tanke på yrkesvalet mitt. Fordi det er så få audiopedagogar må tilbodet sentraliserast for å auke tilgongen over eit større geografisk område, særskilt som sjølvstendig næringsdrivande. Eg ville difor vore avhengig av å ha jobben min i f.eks. Haugesund. Det som ville gjort meg positiv til å vurdere å flytte heim ville difor vore rimelegare og gode pendlarmoglegheiter, med tanke på bom og auke i ladestasjoner. I mitt arbeid er eg avhengig av bil, som vil gjere det viktig for meg å kunne komme meg frå A til B på ein miljø- og kostnadseffektiv måte. Eg trur også at folk busett på bygda hadde sett pris på å kunne oppsøke hjelp i nærområdet, så ei fleksibel ordning i samråd med helsetenesta i kommunen ville vore eit pluss. Eg er også oppteken av at det burde vere fleire og meir varierte fritidstilbod for born og unge, slik at færre fell utanføre.

2 • 2021

35


Omega 365 Design

Finn læreplass i

FINNFAG APPEN

Last ned Finnfag-appen i AppStore eller Google Play for å registrere deg og motta varslar om aktuelle stillingar.

Bli sett

Bli høyrt

Bli med

Synleggjer bedrifter og arbeidsplassar

Bedriftene sitt talerøyr

Faglege nettverk og møteplassar

• Ny E134 • Meir næringsareal • Forenkla byråkrati • Betre kommune- og fylkesvegar • Samhandling skule og næringsliv • Utarbeiding av lokalt havneforvaltningsprosjekt «Gul stripe»

• Gir ut næringsmagasinet Tempo • Arrangerer møteplass for lokale bedrifter og jobbsøkarar i 5 byar • Arrangerer møteplass for bedrifter og jobbsøkarar i Etne og Vindafjord koplar bedrifter og jobbsøkarar

/ EtneVindafjord

• NæringsGIV på Olalia • Bransjekoordinator • Fagseminar • L.Ærling – for lærebedrifter

etnevindafjord.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.