__MAIN_TEXT__

Page 1

NÆRINGSMAGASIN | 5

ÅR |

NR 3:2018

MITT RYFYLKE | FINNØY

Tema

Hjelmeland & Finnøy

Tomatar

i vekst

Portrettet

Gull av

Gordon Sunde

gråstein


Design: Eli Tangen

med

STAVANGER SYMFONIORKESTER

JULEKONSERT 13. DESEMBER KL 20.00 / 14. DESEMBER KL 18.00 OG KL 20.00

Kom i julestemning, opplev høytidsstemningen og la freden senke seg med Stavanger Symfoniorkester i julepyntet Fartein Valen.

Per Kristian Skaldstad, dirigent Tore Renberg, konferansier Frank Braafhart, trompet Halvor F. Melien, baryton Medvirkende: Stavanger symfonikor

NYTTÅRSKONSERT 9. OG 11. JANUAR KL 19.30 / 12. JANUAR KL 18.00 LØRDAG: GRATIS FERGE FRA TAU/HJELMELAND OG JØRPELAND

Så snart julen er vel overstått, blir det fest og sprudlende orkestermusikk i Fartein Valen når vi går i gang med våre tradisjonelle nyttårskonserter!

Nick Davies, dirigent Tora Augestad, mezzo Espen Beranek Holm, konferansier

THE MUTE ÅRETS JULEGAVETIPS! PREMIERE 29. MARS 2019

The Mute er en vakker kjærlighetshistorie om Tom og Jenny, fortalt uten ord, med musikk som språk. En unik symfonisk stumforestilling med Janove Ottesen, Christian Eriksen og Nina Ellen Ødegård.

FARTEIN VALEN, STAVANGER KONSERTHUS BESTILL BILLET TER PÅ SSO.NO

Blomsterdekorasjon: Stilken & Strøm Foto: Anne Lise Norheim

DEN SØTESTE STEMNINGEN


3

MITT RYFYLKE

INNHALD

11

14

Redaktør Judith Sørhus Litlehamar

Prosjektleiing Astrid Eidhammer Hjelmeland

Design Terje Hodne

Design Marianne Ågotnes

Design Erich Monteiro

Design Irene Landa

Redaksjon Maria Djuve Vågen

Annonsesal Christine Rødne Brataas

Fotograf Hilde Hauge

Fotograf Jan Nordtveit

28

Fjellam frå Ryfylke..........................................................................

4

Ny oppdrettsteknologi......................................................................

11

Veksthus for framtida.......................................................................

14

Portrettet: Gordon Sunde..............................................................

18

Steinknusarane i Årdal......................................................................

24

Spirande kreativitet............................................................................

28

Lokal nisjebutikk.................................................................................

32

Lanserer BeljoToys.............................................................................

35

Magasinet Mitt Ryfylke er produsert av Omega Design. Besøk oss på: omegadesign.no Framsidefoto: Hilde Hauge Opplag: 3 500 Fulldistibuert i temakommunane. I tillegg blir magasinet distribuert fleire stadar i Ryfylkekommunane, Nord-Jæren og på Haugalandet. Sjå mittryfylke.no for fullstendig liste. Trykk: Haugesund bok & offset Tips oss: judith@omegadesign.no

Mangfaldig region Ryfylke er mangfaldig på natur, kultur og opplevingar. Moglegheitene i denne regionen er store for dei som vil ha eit alternativ til byregionen. Me har arbeidsplassar, hyttetomter samt gode bu- og levevilkår. Ryfylke er også eit reisemål der ein kjem tett på natur, kultur og folk. Ein tur til Ryfylke er ei oppleving av fjord, fjell, grender og byar på ein dag om ein vil det.

Marit Larsen, styreleiar i Ryfylkealliansen |

Foto: Meister Fotografi

Les Mitt Ryfylke på nett: mittryfylke.no Følg oss på Facebook: facebook.com/mittryfylke

M


4

>

Lise Vistnes ynskjer at stadig fleire skal oppdage den spesielt gode smaken i Fjellam frå Ryfylke.

MITT RYFYLKE | FINNØY


MITT RYFYLKE | HJELMELAND

5

Lise Vistnes meiner lamma som går på det bognande fjellbeitet i Ryfylke får ein heilt spesiell smak og kvalitet. No kan du smake Fjellam frå Ryfylke og avgjere sjølv TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: HILDE HAUGE

Smaken frå heia

I

deen om å vise fram tradisjonen med sauer på heiabeite er gamal. – Eg håpar jo at folk flest vil kjenne at dette er ein god smak, og at kjøtet vårt held god kvalitet. Bøndene våre er opptekne av at dette skal vere skikkeleg kvalitetsprodukt som held høg standard, seier Lise medan ho heilt naturleg svingar kniven over fenalåret som ligg på kjøkkenbenken. Me har invitert oss sjølve heim til sauebonden, matentusiasten og læraren Lise Vistnes på garden Sie i Årdal. – Dette har blitt snakka om i lange tider, men ingen har gjort noko med det. Ikkje før nokre sauebønder sette seg saman hausten 2016, med mål om å kunne få auka inntektene av

sauehaldet samstundes som ein fekk vist forbrukaren at ein kunne kjøpe reine kvalitetsprodukt som verken har gått på dyrka sommarbeite eller har blitt fora lenge på kraftfôr på hausten. Gruppa fekk hjelp av Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke og Matmerk. På det første temamøtet om ein skulle lansere merkevara Fjellam frå Ryfylke møtte det 100 interesserte bønder frå heile regionen. No er det førebels 40 bønder som er med i prosjektet. — Det er jo i grunn ei stor skam at ein ikkje får meir betalt for dei gode produkta våre. Då må ein gjere noko ut av dette sjølv, og få formidla historia om lamma til forbrukaren, meiner Lise.

— Me brenn for dette, og det er det eg er aller mest stolt av. At desse bøndene kan ranke seg i ryggen og stolt vise fram lamma sine, som dei arbeider så hardt med gjennom året. Det hadde ikkje falt dei inn å selje eit innmarkslam som heialam, meiner Lise og viser til at det er sett visse krav for at eit lam skal kunne seljast under merkevara Fjellam frå Ryfylke. Mellom anna må det naturlegvis ha beita i Ryfylke og det må vere minst 16 kilo tungt. Hjå Lise Vistnes og mannen Sølve handlar det mykje om sau. Dei to bordercolliane Linus og Lucie jobbar tett ved sida av matmor Lise. Medan


6

MITT RYFYLKE | HJELMELAND

>

> Lamma som blir presentert under merkevara Fjellam frå Ryfylke har gått på eit rikt fjellbeite i Ryfylke gjennom sommaren.

FJELLAM Fjellam frå Ryfylke er lansert som eit lokalt og kortreist produkt. Fjellamma har gått på eit freistande heiabeite i Ryfylke gjennom sommaren, noko som gir ein ekstra god smak og kvalitet.

unghunden er vel ivrig og gjerne tar ei ekstra økt berre for å vise fram kunstene luntar den erfarne rundt og kikkar roleg rundt seg. Ho veit ho har full kontroll og at ho er det naturlege

jobb, og alle sauebønder veit kor vond kjensla er når ein saknar dyr ein ikkje finn.

— Det er jo i grunn ei stor skam at ein ikkje får meir betalt for dei gode produkta våre, då må ein gjere noko sjølv.

Lise har dekka på kjøkkenbordet. Ho serverer fenalår, rømme og flattbrød, og heimelaga saft. På gryteklutane er det sjølvsagt eit sauemotiv. Sjølv er ho glad i mat og veit kor viktig det er med gode råvarer, ekte og kortreist mat. På nettsidene til Fjellam frå Ryfylke kan ein kjøpe heile og halve lam, i tillegg til pinnekjøt og fenalår av ryfylkelam som er produsert hjå samarbeidspartnar Vikedal Gardsmat. I Ryfylke finst bergarten fyllitt som er rik på mineral og gir gode vekstvilkår for ei rekkje planter. Heiane i Ryfylke er rike på urter, vier og næringsrikt gras som gir god smak på lammekjøtet, i tillegg gir heiatradisjonen lamma god kondisjon, som også er med på å forme sunne og spreke dyr. — Me trur jo at den største målgruppa er kvalitetsbevisste forbrukarar, som bur i og utanfor Ryfylke. I Ryfylke er det jo allereie mange som har ryfylkelam i frysa, meiner Lise Vistnes og peikar på at mange har utvikla mindre

[Lise Vistnes]

valet når det verkeleg trengs ein hund med autoritet bak saueflokken. Lise og Sølve har om lag 90 vinterfora sauer og håpar det skal vere liv laga for næringa også i framtida. Dette prosjektet handlar også om å gjere forbrukaren bevisst på kulturlandskapet me har i Ryfylke, og på den gode dyrevelferda som pregar desse mindre gardsbruka der folk kjenner sauene sine. Her betyr kvar sau meir enn eit enkelt individnummer på ei liste. — Og heiaområda her er jo utfordrande. Du får eit spesielt kjennskap og forhold til sauene når ein har lange dagar på sauesamling gjennom krevjande tverrdalar, myrer og holer på jakt etter sauer som er sakna. Her har me ingen sauegjetar som har dette som

nisjeprodukt før dei, det er godt å hauste erfaringar frå andre som har utvikla liknande produkt før.

Lise har også fleire gode oppskrifter til dei som vil prøve fenalår eller pinnekjøt i meir utradisjonelle former. — Hugs på at du kan fryse pinnekjøt, prøv gjerne pinnekjøt med coleslaw til sommaren. Då dampar du pinnekjøtet først for så å grille det i fem minutt på kvar side. Bruk gjerne aluminiumsfolie under kjøtet så slepp du at det heng fast. — Tradisjonelt er fenalår servert med flattbrød og rømme, eit godt tips kan vere å lage tyttebærrømme til, fortel Lise. — Og korleis lagar ein den perfekte julemiddagen av pinnekjøtet? — Kjøtet må ligge i vatn mellom 24 og 36 timar, alt etter kor salt ein ynskjer smaken skal vere. Hugs å skifte vatn minst ein gong. Tradisjonelt vart pinnekjøtet dampa på bjørkekvistar, men ein kan også bruke rist. Damp i 2­–3 timar til kjøtet losnar frå beina. Server gjerne med poteter og kålrabistappe. Då er julaftan redda, smiler Lise.


MITT RYFYLKE | HJELMELAND

7


MALING

GULVLEGGING

MUR & FLIS

ILDSTED

griegseafood.no

SOLSKJERMING

INTERIØRKONSULENT Kontakt oss for løsninger og tilbud

Andersen & Harestad

Godkjent bil-og traktorverkstad. Service og reparasjon på alle bilmerke, båtar, traktorar, landbruksutstyr og anleggsmaskinar.

MALING GULV MUR ILDSTED

Andersen & Harestad AS, Ryfylkevegen 1982, 4120 Tau Tlf.: 51747576, E-post: post@andersenharestad.no

Opningstider: Måndag–fredag 07:30–15:30 Kontakt: 908 13 998 post@viganeset.no

viganeset.no

Ryfylkemuseet

booking: 480 50 600 post@hjelmelandspa.no hjelmelandspa.no

– lokalhistorisk museum for heile Ryfylke

Velkommen til førjulstida på Hjelmeland!

Foto: Ryfylkemuseet

Tirsdag 18/12 inviterer vi til en hyggelig førjulskveld på hotellet. Vi lover at du garantert kommer i julestemning!

Omega Design

JULEKONSERT MED MORTEN SAMUELSEN

ÅRETS JULERESTAURANT

Velkommen til julepyntet hotell med god julemat! Søndagsbuffet/familiejulebord 25/11, 2/12, 9/12 og 16/12 fra kl. 13–16. Se øvrige åpningstider og tilbud på hjelmelandspa.no/arets-julerestaurant

GAVEKORT

Gavekort i alle prisklasser for spabehandlinger, måltider eller opphold. Gavekort kan sendes i posten eller via mail. Bestill på hjelmelandspa.no eller kom innom og kjøp over disk.

SPA - timeout før jul

Julekampanjer på spabehandlinger, hudpleie, make-up og spaprodukter.

Nesasjøhuset Kolbeinstveit Litunet Viga Hummermuseet

Følg oss gjerne:

Strandstaden Jelsa Industriarbeidermuseet & Åbøbyen Jonegarden, Hustveit Røynevarden

post@ryfylkemuseet.no www.ryfylkemuseet.no

Håland Brødrene af Sand Bibmus Hjelmeland Bygdemuseum


JULEGAVER

fra Mikals Laks 2018

Spesialitet merket for unik smak!

ABSOLUT TRADISJON

hel side - pakket i matpapir

Stort utvalg i Rogalandsbunader og tilbehør

GAVEESKE med 2 valgfrie produkter. Total mengde ca. 0.8 kg. Velkommen til julehandel på fabrikken vår på Skiftun. Tlf. 51 75 01 90.

Steinkargata 29, 4006 Stavanger

www.nordakerbunader.no

kingmikal.no

VELG INNOVATIV HYBRIDDESIGN TOYOTA C-HR HYBRID

TOYOTA C- H R AC T I V E

PRIVATLEIE

326.200,-*

2.311,-/

MND*

VINTERHJUL

50% ELEKTRISK

UTEN TILLEGG I PRISEN

UTEN LEDNING**

Sørvest

*Inkl. frakt, lev. og reg.omk. Startleie/etabl.gebyr 54.890,-. Totalt 138.066,-. 3 års bindingstid. Total kjørelengde 45 000 km. Toyota C-HR Hybrid forbruk/CO2/NOx: fra 0,38 l/mil, fra 86 g/km, fra 9,6 mg/km. Avbildet bil kan ha påmonter ekstra utstyr. Vi tar forbehold om trykkfeil. ** Gj.snittlig kjøreandel 50% (tid) basert på 5000 prøvekjøringer med gj.snittsfart 37,9 km/t. Målingene er utført ved hjelp av utstyr fra Driveco OY, montert i over 600 demobiler hos Toyota-forhandlere.

Toyota Sørvest AS toyotasorvest.no

Vestre Svanholmen 9–11 4313 Sandnes Tlf.: 51 82 25 00


? sialisering

udiespe

ller st Fagbrev e

JA TAKK,

begge fordeler! Invester eitt ekstra år ved Sauda VGS – og slå to fluer i ein smekk! Etter fire år hos oss, kan du gå ut med både fagbrev og dei faga du treng for å kome inn på ingeniørstudiet. Med Yrkes- og studiekompetanse (YSK) kjem du altså ut med dobbel kompetanse. Og ikkje nok med det: løn under opplæringa.

sauda.vgs.no facebook.com/Sauda.vgs 51 92 28 00 • sauda-vgs@skole.rogfk.no

Foto: Fotograf Nordtveit Omega Design

Er du arbeidssøkjande, føresett eller ser etter ny yrkesveg/utdanning?

...og det er enda mer spennende på innsiden både for små og de litt større

Velkommen til Suldal og Sauda si Yrkes- og utdanningsmesse 2019 50 lokale og regionale bedrifter og utdanningsinstitusjonar stiller på messa vår. Sjå meir på utdanningiryfylke.no

17. JANUAR I SULDALSHALLEN

ÅPNINGSTIDER: 01. september - 31. mai: mandag - lørdag 10.00-16.00 søndag 10.00-18.00 01. juni - 31. august: hver dag 10.00-19.00 Kjeringholmen, Stavanger telefon 51 93 93 00

norskolje.museum.no


MITT RYFYLKE | FINNØY

11

DIGITALISERER FÔRINGA Grieg Seafood har utvikla eit kontrollsenter på Judaberg for fjernfôring ute i anlegga. Målet er at alle dei 12 anlegga i Rogaland blir lagt inn under senteret i løpet av 2019. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: FOTOGRAF NORDTVEIT & TOMMY ELLINGSEN

>

Grieg Seafood digitaliserer no fôringa

H

er kan eg fylgje godt med på matinga, om fiskane et opp maten dei får, eller om me til dømes må senke farten, fortel Simon Knutsen. Saman med Roy Evan Strømskag sit han på eit kontor oppe i Coop-bygget på Judaberg.

Framfor seg har han åtte store skjermar som viser alt han treng å vite om det indre livet i merane på dei to anlegga, som til no er med i pilotprosjektet hjå Grieg Seafood. Å flytte fôring frå sjø til land er ikkje noko nytt i oppdrettsnæringa, men Grieg Seafood ynskjer


MITT RYFYLKE | FINNØY

>

12

å skape eit eige kompetansesenter der ein i tillegg kan seie noko om lusenivå, algesituasjonen i sjøen, om vêr- og straumforhold og meir om arbeidssituasjonen til dei som jobbar ute på anlegga. Målet er å auke produksjonen og få betre kvalitet på produktet.

­­ Det er jo nesten ein livsstil å jobbe her, — det er ikkje mange pausane ein har frå skjermen i løpet av ein dag, her må ein konstant vere på [Roy Evan Strømskag]

­— Ikkje minst vil me med dette klare å fôre større deler av døgeret enn dei klarer ute på anlegga, meiner Roy Evan Strømskag. ­— Her hjå oss har me ekspertar på fôring, som arbeider skift, med sju dagar på og sju dagar av. Sjølv om dei ikkje fôrar på nettene, så kan ein fôre utover kveldane og få ein ekstra effekt av det. Grieg Seafood har 12 anlegg i drift i Rogaland, og vil gjerne legge alle desse inn under kontrollsenteret i løpet av neste år. I kontrollrommet handlar det om fagleg kunnskap og om å vere nøyaktig. Den største utfordringa no er nettdekning ute på anlegga, som til dels kan vere varierande og gjere dataoverføringane litt vanskelege. ­— Det er kjekt å kunne skape eit fagleg miljø for fôring av fisk. Me treng at dei som jobbar med dette er gode på fôring, og at dei bryr seg om dei små detaljane som er så viktige her, seier Strømskag medan Simon nikkar, utan å flytte blikket frå skjermen. ­— Dersom straumen i sjøen endrar seg til dømes så påverkar det matinga og kor mykje mat fisken klarer å ta til seg. Då må ein justere med ein gong, fortel Roy Evan Strømskag. ­— Det er jo nesten ein livsstil å jobbe her, det er

ikkje mange pausane ein har frå skjermen i løpet av ein dag. Her må ein konstant vere på, slår Strømskag fast.

GRIEG SEAFOOD Grieg Seafood har etablert eit kontrollsenter på Judaberg som tar seg av fjernfôring av oppdrettsfisk. I første omgang er det to pilotanlegg som er lagt inn under senteret, målet i løpet av 2019 er å få alle 12 anlegga i Rogaland inn i senteret.

Etter kvart håpar dei å kunne samle inn data som både vil betre arbeidsdagen til dei tilsette, og ikkje minst kvaliteten på fiskeproduktet. Prosjektet har fått namnet «Grieg Seafood Precision Farming». I følgje Strømskag er prosjektnamnet inspirert av landbruksomgrepet frå USA, der små detaljar blir optimalisert for eit perfekt resultat. Dette frigir tid for røktarane til andre oppgåver i løpet av arbeidsdagen. I tillegg vil teknologien meir kontroll på kor dei tilsette til ei, noko som aukar tryggleiken. I tillegg til Rogaland har Grieg Seafood lakseproduksjon i Finnmark, Canada og på Shetland. ­— Målet er å ha fjernfôring på alle anlegg i alle regionar i løpet av 2019, uttalte konsernsjef Andreas Kvame til Fiskeribladet. Dette i samband med IntraFIsh og DNB sitt arrangement Seafood Investment Forum i London i september. ­— I første omgang handlar dette om å hente inn mest mogleg datagrunnlag. I tillegg gjeld det å samle data for å bruke kunstig intelligens som støtte til operatøren. Dette er framtida, slår produksjonssjef Kjetil Ørnes fast. Men skal dei utvikle kontrollsenteret treng dei meir plass, noko som har ført til at Grieg Seafood no er på leit etter ei passande tomt, gjerne i Finnøy kommune som har ei god geografisk plassering for eit slikt senter.

> Roy Evan Strømskag fortel engasjert om den digitale utviklinga i kontrollsenteret, medan Simon Knutsen fylgjer med når fisken blir fôra. > Førebels er det to anlegg som er lagt inn under kontrollsenteret på Judaberg. Målet er at alle 12 senter i Rogaland kjem inn i løpet av 2019.


MITT RYFYLKE | FINNØY

13


14

MITT RYFYLKE | FINNØY

SATSAR PÅ VEKSTHUS Håvard Skavland har investert meir enn 30 millionar i nye veksthus for tomat. 41-åringen er stadig på jakt etter nye område han kan betre i drifta. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: FOTOGRAF NORDTVEIT

H

åvard vart tomatbonde då han berre var 18 år. Han er tredje generasjon som satsar i bransjen, men sidan han er nummer fire i søskenflokken vart det aldri hans tur til å overta heimegarden. Farfar til Håvard, Einar Skavland, bygde faktisk eit av dei første veksthusa på Talgje i 1937. — Du veit, det var her i Finnøy at denne næringa starta opp for 90 år sidan, me har det rette klimaet til å få god vekst. Kombinasjonen av fjord, fjell og sjø, gjer dyrkingsforholda for tomatar optimale. Klimaet er mildt, og lyset som blir reflektert frå sjøen er med på å gi søte tomatar, meiner Håvard. Han visste tidleg kva veg han ville gå. — Eg hadde og lyst til å satse på tomatproduksjon, og var heldig slik at eg fekk kjøpe meg ein gard på Talgje. Garden er berre på 40 dekar men me har utnytta arealet godt, og det sto faktisk eit nytt veksthus på 1,5 dekar på garden då eg overtok, fortel tomatbonden som har utvida fleire gonger, og berre det siste året har dobla arealet med veksthus på garden. Leverandørar frå Nederland har nyleg vore på Talgje for å setje opp eit nytt veksthus, som saman med det han har frå før totalt gir eit areal på om lag 26 dekar med tomatproduksjon. No ventar ein berre på at dei spesielle glasplatene skal bli monterte. — I Nederland er dei ekspertar på dette, dei har mykje meir erfaring enn oss. Dei som var her har montert veksthus i heile verda. — Dette er heilt nye og større glasruter som skal gi ein ekstra effekt med at sollyset spreier seg meir i veksthuset, eg er litt skeptisk endå, men spent på

om det verkar slik dei lova, nemleg at det skal gi 4–5 prosent betre innstråling enn det me hadde før. Håvard legg hovudet bakover og ser opp mot skyene som svever over drivhuset. Han er klar over at bransjen blir sett på ein versting når det kjem til CO2-utslepp, sjølv om naturgassleidningen som Lyse Energi la til Rennesøy, Finnøy og Talgje i 2002 var eit steg i rett retning. Før den tid hadde ein brukt olje og propan til oppvarming i veksthusa. Då det vart bestemt at Finnøy og Rennesøy blir ein del av «Nye Stavanger» frå 2020 kom det også fram at oljebyen kjem til å bli ein av landets verste på nettopp CO2-utslepp. — I produksjon av tomatar i veksthus brukar me naturgass til oppvarming. Me nyttar og CO2 til fotosyntesen. Mange gartnarar har no investert i buffertank som kan samle opp overskotsvarmen om dagen, slik at den kan brukast til oppvarming om natta. Mengda CO2 som går ut pipa er minimal. Me er i stadig utvikling og målet er å bli enda betre på miljø, seier Håvard. Lenge frykta tomatbonden at ein skulle innføre ei eiga CO2-avgift på drifta, den er no utsett. Noko Håvard er glad for. — Det var viktig for oss at det ikkje vart noko av denne avgifta, me treng gass og bruken av CO2 i produksjonen for å utnytte fotosyntesen optimalt og auke produksjonen. Uansett har næringa nesten halvert energibruken dei siste 15 åra, ikkje minst ved å kombinere naturgass med vekstlys.


>

MITT RYFYLKE | FINNØY

Håvard Skavland utvidar nok ein gong, og får no 25 kvm veksthus til tomatproduksjon. Han satsar på framtida.

15


16

MITT RYFYLKE | FINNØY

— Du veit, det var her i Finnøy at denne næringa starta opp for 90 år sidan. [Håvard Skarvland]

>

Håvard Skavland er oppteken av norsk, sunn og kortreist mat. Han håpar stadig fleire blir opptekne av kvalitet, også i matvegen.

— Eg har også investert i varmegjenvinnarar som skal gjenvinne opp mot 90 prosent av fuktig varme i veksthuset som tradisjonelt må luftast ut gjennom vindauga. No kan eg bruke gardinene mykje meir og spare meir energi. Det siste året har vore i den mest hektiske enden. Kona Edle har tatt eit år med permisjon frå jobben

— Du veit, det var her i Finnøy at denne næringa starta opp for 90 år sidan.

ding, meir enn dobling av arealet vil gi endå større effektivisering, trur Håvard. — Det er mykje å organisere, og det var godt å kunne vere to om dette, det var viktig å få med Edle i drifta, slår han fast. Digitalisering og effektivisering av drifta har også ført til at han lettare kan ta ein ferietur og likevel ha full kontroll der heime, før var han meir avhengig av å vere tilstades. Kanskje me nesten kan ha «normal» ferie med familien på sommaren no, — Men det er klart det har også fleire sider, no er me jo nesten alltid på jobb, seier Håvard.

[Håvard Skavland]

som assisterande styrar i Hagatoppen barnehage for å vere dagleg leiar ved gartneriet. Det er fire fast tilsette på garden, men i sesongen er dei opp mot 30 tilsette. No arbeider Håvard for å utvikle fleire leilegheiter på garden som arbeidsfolk kan bu i, samstundes som han har investert i hus som dei og kan bruke. — Det er stort sett utanlandsk arbeidskraft her, det er ikkje så lett å få norske arbeidarar til å ta på seg slikt sesongarbeid. Mange tilsette, store investeringar og stadig høgare krav frå Bama førte til at den administrative jobben i gartneriet stadig auka. Inne i pakkeriet er det høg aktivitet, her blir tomatane sortert og pakka i ein imponerande fart. Også pakkeriet står for ei utvi-

Ekteparet har tre barn, tvillingane Edwin og Håkon på 17 år, og Eirik på 14 år. Alle er dei aktivt med i drifta. Spesielt har tvillingane stått på og hjelpt foreldra no når det nye veksthuset skulle på plass. — Eg har gjort det aller meste av grunnarbeidet sjølv, med eigne maskiner. Den eine gravemaskinen hadde me frå før, den andre kjøpte me til dette. Ein sparer raskt inn den investeringa viss ein skal rekne i arbeidstimar, meiner Håvard. Han legg raskt til at han aldri hadde aldri greidd dette utan Edwin og Håkon som har stått på ved alle ledige stunder frå hausten 2017 og i heile 2018. Totalt har han investert meir enn 30 millionar i grunnarbeid med tomta, veksthus, vekstlys og trafo. Det er ei stor investering, men verken Håvard eller Edle har mista nattesvevnen av den grunn.


>

MITT RYFYLKE | FINNØY

I sesongen er det mange tilsette på Skavland Gartneri, her blir tomatane sortert og pakke i eit eige pakkeri.

— Kanskje kona har, men ikkje eg, ler Håvard. Tomatproduksjonen og utviklinga på garden er meir som ein livsstil, og han er ikkje framand for tanken på at nokre etter han også ein gong i framtida vil drive med tomat. — Eg skjønar godt at det er andre ting som opptar dei nett no, slik skal det også vere. Gartneriet har leveringsavtale med Gartnerhallen som forsyner Bama med frukt og grønt. Bama sine kundar er Norgesgruppen og Rema 1000, og perletomatene er merka med namna Gårdens tomater og Søte tomater. Skavland Gartneri produserer perletomater av sorten Angell og Swetelle, Juanita, Bamano som er orange perletomater og klasetomater. Dei produserer også tomatplanter til eige bruk, i tillegg til at dei sel planter til andre gartneri. – Me kjøper frø som me sår rundt juletider, det går om lag fire–fem dagar frå me sår til den første spira kjem. Store deler av plantene podar me for å få ei sterkare og betre plante. Då kuttar me toppen av ein sort plante med sterk rot, og set på ein topp frå ei plante med god evne til å produsera frukt. Så går to veker før planta er så stor at den må plantast om. For å få til dette er me heilt avhengig av kunstig lys, fortel Håvard. — Når dei er sju veker gamle og 60 cm lange

plantar me dei ut i veksthuset, då klarer dei seg med naturleg sollys. Men me har og investert i lysarmaturar for å sikre at plantene får godt lys, det er ikkje alltid så mykje sollys i februar. No må ein befrukte blomane på plantene slik at det skal bli tomatar, difor har me bol med humler som hjelper oss med det, forklarer tomatbonden. Han viser oss eviglange rekkjer med store tomatplanter i veksthuset, smaker på ei av tomatane og helsar smilande på dei som jobbar med effektive hender. — Tomatplanta kan faktisk bli alt frå åtte til 12 meter lang, og den er eittårig, så i slutten av året riv me dei ut, for så å byrje på nytt igjen. Håvard er oppteken av å fremje den norske, sunne og kortreiste maten. Sjølv er han glad i tomatar, og et i følgje seg sjølv sikkert for mykje. — Mange er bevisste forbrukarar, men det er viktig at me er gode på å kommunisere slik at valet blir enklare. Merket «Nyt Norge» er eit godt tiltak, det gjer jobben litt enklare, meiner han. — Det er jo ein kontrast at ein i Frankrike syklar til gourmetbutikken for å handle, medan me her i landet køyrer SUV til supermarknaden. Då er det noko som ikkje stemmer.

17


18

MITT RYFYLKE | FINNØY

Gordon Sunde (47) veit mykje om å gå på trynet, og om å kjenne angsten bite i kroppen. Heldigvis veit han også mykje om korleis det er å leve ut ein draum. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: FOTOGRAF NORDTVEIT

Husteiknaren

H

an møter oss på kaien. I svart adidasgenser, kvite adidassko og dongeribukse kjem han akkurat to minutt for seint til å nå båtavgangen. – Dei er vane med at eg er sein, humrar han. – Kona mi syns alltid det var flaut når dei ropa på ferja «no ventar me på Sunden», så det enda opp med at eg sletta nummeret til alle ferjene. Du veit alle kjenner alle på Fogn, det er berre 350 innbyggarar her, fortel Sunde og speidar utover perla i Ryfylkebassenget. – Her vil folk deg vel, sjølv om du går på trynet støttar dei deg. Eg har jo tryna nokre gonger, så eg veit kva eg snakkar om, seier Gordon før ein ny latter trillar av garde. Han peikar og forklarer på den korte køyreturen til heimen på Bø. Her ligg også kontorlokala til Miljø Bygg som Sunde var dagleg leiar for fram til sommaren 2015. Bedrifta gjekk gjennom nokre tøffe år etter finanskrisa i 2008 med millionar i underskot. – Dei påfølgande åra var krevjande og eg kjende eg jobba på autopilot, seier han. Gordon meinte tida var komen til å gi roret vidare, dermed tok Stian Nesvåg og Egil Halsne over drifta av byggfirmaet medan Gordon tok med seg betongdelen i bedrifta over til sitt eige arkitektfirma.

– Det har vore ein stor suksess, dei skulle sikkert fått tatt over mykje tidlegare. Eg kjende eg var klar for noko nytt, og med litt mindre ansvar, fortel Gordon og legg vekt på at prosessen var krevjande. Dei tilsette og dagleg leiing i bedrifta gjorde ein kjempejobb for å kome ut av det så greitt som mogleg. – Det er godt å ha nokon å kvile hjå i slike tider, og eg har lært mykje av den prosessen. – Alt dette gav meg også meir tid til å teikne, og skape folk sine husdraumar. Det var jo kveldsarbeid når det var på det mest hektiske. No kan eg bruke tida mi på det eg likar aller best. Gordon Sunde teiknar hus tvers gjennom. Han har ikkje vitnemål å vise til, men derimot erfaring og

Gordon Sunde Sivil status: Aktuell: Drøymer om: Førebilete: Les: Høyrer på:

lærdom, heilt frå ungdomstida og fram til no. Gordon meiner det er viktig å kome tett på kundane sine, og finne ut kva behov dei har i kvardagen. Det er infrastrukturen i huset som er det viktigaste, og ein må finne gode løysingar som også fungerer i framtida. Til no har han teikna om lag 60 bygningar, mange av dei viser godt igjen i terrenget som moderne hus med ein sterk signatur. Sjølv er han ikkje så oppteken av ein spesiell stil, og slår fast at han gjerne kan teikne både funkishus og meir tradisjonelle bygg. – Det er jo dei som skal bu der, og ikkje eg. Det viktigaste er at eg lyttar, eg må jo spørje om kva planar dei har, kor mange barn har dei tenkt å få, kva er viktig for dei på fritida? I 1987 var han ferdig på Tryggheim Vidaregåande Skule, og byrja som lær-

(47)

Gift med Anne, fire barn Populær arkitekt som teiknar hus «alle» i Finnøy vil ha Ei arkitektutdanning (i denne draumen eksisterer verken pengar eller angst) Våre rause foreldre Dyslektikar, men skal prøve å lese bok nr 2 no, som er «Fiasko er suksessens mor» av Leif Arild Steen. Akkurat nå høyrer eg på Lauren Daigle med Rescue, Gåte med Isdals kvinnen, Skambankt med Horisonten Brenner, Keala Settle-This is me.


MITT RYFYLKE | HJELMELAND

Portrettet

Gordon Sunde

— No kan eg bruke tida mi på å teikne hus, det er det eg likar aller best.

19


MITT RYFYLKE | FINNØY

>

Gordon lyttar til kunden før han set seg ned ved teiknebordet. Infrastrukturen i huset er det aller viktigaste, meiner han.

>

20

Kunst er også viktig for Gordon, han blir inspirert av linjer, fargar og form.

ling hjå faren Bernhard Sunde i Sunde Bygg. Då han byrja på Tryggheim var Sunde Bygg eit stort byggefirma med stor arbeidsstokk, så kom krisa, og firmaet vart redusert til berre Gordon og

— Dette huset er eit godt døme på skomakarens barn. Pengane strakk ikkje heilt til, så då blir det nokre kriseløysingar [Gordon Sunde]

faren. Tre månadar før Gordon skulle ta fagprøven valde han å hoppe av, og gjekk inn i militærteneste. – Eg kjende på at det var rett, då fekk far sjansen til å ha eit arbeid han kunne leve av. Eg veit han hadde mange vakenetter på grunn av økonomien, seier Gordon og kikkar ut vindauga i funkishuset han sjølv har teikna og bygd. Då Gordon kom heim igjen etter militæret byrja han som maskinkøyrar i Sunde Hageservice. Etter kvart vart det og godsrute på Fogn og seinare langtransportkøyring. Etter nokre år med køyring, og eit pendlarliv mellom transportbasen i Bergen og kona som studerte til sjukepleiar i Stavanger, kom han på nytt inn i byggebransjen. – Eg har jo lært veldig mykje av far, eg har gode minner om stunder med teiknebrettet i kjellarstova, sjølvsagt med ei sky av gul mix i rommet, seier Gordon og ristar på hovudet. I 1996 starta han og faren opp Miljø Bygg, der Gordon seinare kjøpte faren ut. Dagane var hektiske. Gordon jobba nesten heile tida, medan arbeidsstokken auka på. Til slutt sa fornufta og kroppen nei, Gordon flytta over til heimekontor i kjellaren, der han og dei tre tilsette no sit. Kvardagen er rolegare, sjølv om grøne tal og høg


MITT RYFYLKE | FINNØY

21

>

Gordon har lært seg mange triks for å kunne leve med angsten i kvardagen.

fakturerringsgrad framleis er viktig for å halde roen. – Veit du at me faktisk har sølvbryllaup i år?, undrar Gordon og mimrar om tida som nygift då han såg kona og sjukepleiarstudenten Anne to gonger i månaden. Anne er også frå Fogn, og valet om å busetje seg på øya var lett, bylivet freista ikkje i lengda. Gordon er på veg opp den bratte trappa i huset han deler med kona og hunden Milie. Av dei fire barna er det Peder (11) og Kaia (18) som går i ein kreativ retning på arkitektur og designlinje på vidaregåande, som framleis bur heime. Ida (16) går i farens fotspor på Tryggheim, medan storebror Tobias (20) derimot jobbar i Risa. Kona Anne smiler og ler, men legg ikkje skul på at ho aller helst no vil kome seg ut på luftetur med hunden og lar Gordon vere igjen med det lange og rause kjøkkenbordet. Og ikkje minst den imponerande utsikta der ein kan sjå heilt til Stavanger, Rennesøy og Finnøy som no blir ein kommune. – Dette huset er eit godt døme på skomakarens barn. Pengane strakk ikkje heilt til, så då blir det nokre kriseløysingar, fortel Gordon og kikkar seg rundt. Huset har store vindauga, mykje lys

og fleire nivå som skaper ein spanande dynamikk mellom stove og kjøkken. – Skulle eg valt på nytt ville eg hatt alt på eit plan, det hadde me tidlegare, eg saknar kontakten med bakken. Bakkekontakt er elles noko Gordon har mykje av. Det har han også når han ope fortel om si eiga angst. Om kjensla av å miste kontrollen i store forsamlingar, om redsla for å snakke i eit byggemøte, eller sitje på ein buss eller hurtigbåt saman med andre. – Det er mange situasjonar eg berre må kome meg gjennom, eg anar ikkje kor denne angsten kjem frå, men etter kvart som den bygde seg opp måtte eg lære meg nokre triks for å kome meg gjennom dagen. Eg har gått av hurtigbåten to stopp for tidleg, berre for å få eit pusterom. Angsten har gitt mange utfordringar

i kvardagen. – I dag trur eg kanskje eg kunne klart ein kvardag i eit klasserom, men neppe då. Det vart for tøft, men det er viktig for meg at barna mine får gode utdanningar dei kan lene seg på. Eg har jo ikkje noko anna enn eit truckførarbevis. – Det blei skrive ein gong at eg ikkje likte å gå på skulen, det er ikkje heilt sant. Eg likte det vel heller litt for godt, og klarte ikkje konsentrera meg, fortel han og ler. På nytt står me på ferjekaien på Fogn, denne gongen faktisk ute i god tid. Fotografen lar seg freiste av utsmykkingane i venterommet og samtalen glir over på religion. – Eg har jo ei gudstru, og kjem frå ein kristen familie. Eg vil nok kalle meg puddingkristen, eg snakkar ikkje så mykje om trua, men når alt kjem til alt så trur eg det er meir mellom himmel og jord enn me kjenner til. Eg ber mykje i kvardagen. Båten kjem. Gordon slår av ein prat med ein nabo, vinkar til ein annan og slår fast at telefonen har ringt mange gonger. – Eg har ikkje panikk av den grunn, du finn ikkje meg i telefonen i eit middagsselskap, så gale er det ikkje.


Foto: Benjamin Nordhagen, Portal Norge

RAUS OG EKTE Me i Ryfylke er stolte av Bjørn Moe! Bjørn er bonden ved Suldalslågen som starta med gardsturisme for over 35 år sidan. I dag er Mo Laksegard i Suldal kjent i både inn- og utland, ikkje minst for laksefiske og laksesafari. I november blei Bjørn Moe heidra for sin tolmodige, kreative og hardtarbeidande innsats. – Bjørn er raus, kunnskapsrik, inkluderande og eit veldig godt eksempel på ekte vertskap, heiter det i grunngjevinga for «PiltOla prisen 2018». Bjørn var stolt og rørt. Festlyden i Folkets Hus i Sauda var begeistra og litt rørte dei også. – Bjørn Moe er nærast for ein bauta å rekna, med lidenskap for spesielt laksen og Suldalslågen som få andre har. Me snakkar ikkje berre om laksen og lågen som ein økonomisk ressurs, men

Ryfylkealliansen er ei foreining som gjennom langsiktig merkevarebygging skal fremja identitet, verdiskaping og bulyst. Alliansen har 170 medlemer, med både kommunar, bedrifter og andre verksemder.

om eit ekte engasjement og «passion» for den sårbare naturen, skriv juryen vidare. Pilt-Ola, eller Ole Olsen Sangesand (1779-1858) frå Lysefjorden var gründer, entreprenør og ein dristig næringsdrivande med solide opp- og nedturar. Ryfylkealliansen deler ut denne næringsprisen kvar haust. Me i Ryfylke er stolte av Bjørn Moe. Han er ein av mange ryfylkingar som meir enn gjerne ønskjer deg velkomen til Ryfylke!

RYFYLKE.NO #ryfylke


Foto: Benjamin Nordhagen, Portal Norge

TØFF OG DYKTIG Me i Ryfylke er stolte av Elisabeth Grønvik! Fruktdyrkaren frå Grønvik i Hjelmeland tryllar fram den eine herlege styrkedrikken etter den andre. Ho profilerer produkta og Ryfylke i heile Norge. «I det frodigaste av Ryfylke, i ei vestvend og grønkledd li ved den gneistrande Fisterfjorden i Hjelmeland, ligg Grønvik. Med eit klima og jordsmon som er ideelt for epledyrking, vert eplemosten frå Grønvik frisk og fruktig, herleg og leskande.» Slik kan du lesa på både kartongar og nettsider frå Grønvik Gard. Blei du tørst?

Elisabeth Grønvik har dei to siste åra vunne prisar i Det Norske Måltid, for ulike typar eplemost. Me i Ryfylke er stolte av Elisabeth. Ho er ein av mange ryfylkingar som meir enn gjerne ønskjer deg velkomen til Ryfylke!

Me vil løfta Ryfylke opp og fram

Forsand kommune

Strand

Hjelmeland

Suldal

Sauda

RYFYLKE.NO kommune kommune#ryfylke kommune kommune

Ryfylke, nord-aust i Rogaland, byr på fjell- og fjordperler, by- og bygdaliv. Regionen er ein viktig leverandør av mat frå hav- og landbruk. Næringslivet er kjenneteikna som nyskapande med solid drift, både for store og små bedrifter. Ryfylkingen bidreg til lokal utvikling og er stolt leverandør av kvalitetsprodukt- og tenester.

Omega Design

I november fekk Elisabeth Grønvik pris, «Merkevareprisen Ryfylke». Prisen blir delt ut til ei verksemd i Ryfylkealliansen, som er dyktig til å markera Ryfylke, ikkje minst ved å bruka den flotte ryfylkelogoen aktivt.

– Elisabeth er ein stabukk, i ordets beste meining. Med ei blanding av erfaring, kunnskap, optimisme og ryfylkebegeistring, har ho nådd ut til mange menneske, står det i grunngjevinga for prisen.


24

MITT RYFYLKE | HJELMELAND


MITT RYFYLKE | HJELMELAND

25

GJER STEIN OM til gull

Sand frå Årdal finn ein blant anna igjen i plattformar i Nordsjøen og bruer i Danmark. NorStone meiner det vil vere sandressursar i Årdal i minst 10 år til. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: HILDE HAUGE

N

> NorStone i Årdal produserer 550 000 tonn sand i året, kvaliteten er så god at den blir brukt som referansesand hjå til dømes SINTEF.

orStone i Årdal produserer 550 000 tonn sand i året. Sjølv om ressursane er avgrensa meiner bedrifta ein skal kunne ta ut sand i Årdal i minst 10 år til. Driftsleiar Svein Mæland har jobba i bransjen i heile 35 år, og veit det meste ein treng å vite om sandproduksjon. — Det har vore ei rivande utvikling på desse åra, både i maskinparken, med automatisering og auka fokus på HMS. Det er viktig for oss at dette er ein trygg arbeidsplass, seier Svein og viser veg inn i møterommet. Her er det utsikt mot produksjonsarealet og på veggen heng eit bilete av Årdal slik det såg ut før steinbedrifta gjorde inngrep. I etterkant har store deler av arealet blitt senka om lag 20 meter ned. — Det er klart at tidene har endra seg, det er strengare krav med tanke på miljø og arkeologi før ein kan ta ut sand. Bedrifta har hatt fleire utbyggingar gjennom åra, og har investert mykje for å få ei enklare produksjonslinje. Likevel er framleis mykje av utstyret frå 1970-talet. ­ Dette er eit stort og tungt verk, det er mykje som — må skiftast ut for å få det meir effektivt. Samstundes som me i dag har hatt ei rivande teknisk utvikling,

meiner Svein. Han har tatt oss med inn i det aller heilagste, nemleg kontrollrommet der operatør Leif Arne Bjørkeland har full kontroll. På skjermane ser ein heile produksjonslinja, der stein og grus effektivt blir skilt ned til sand og stein i ulik typar, som til dømes 0/8 sand og ulike singelfraksjonar. Dersom noko stoppar opp, at steinen til dømes blir for stor til at knusaren klarer å løyse det på eiga hand vil det lyse raudt på skjermen og produksjonslinja stoppar opp. Sjølv om alt er digitalt og automatisk er det viktig med fagfolk som kan ha kontroll og overblikk her oppe. — Eg er jo her oppe altfor sjeldan, det blir ikkje tid til det. Men her gjer dei ein viktig jobb, slår Svein fast medan Leif Arne set på kaffitraktaren. Desse to har jobba saman i mange år, og kjenner kvarandre godt. Produksjonsformann Kjetil Vasstveit er også innom i kontrollrommet for å slå av ein prat denne dagen. Industri vil alltid vere ein risikoarbeidsplass, og hjå NorStone har ein opplevd det ein ikkje skal oppleve. I 2015 fall ein mann ned frå ein 18 meter høg silo og mista livet, og i vår vart bedrifta dømt til å betale bot. Ulukka har sett djupe spor.


— Det er eit forferdeleg minne som me naturlegvis alltid vil ha med oss. Det set ting i perspektiv, fortel Svein. Sjølv om arbeidsdagen aldri blir heilt den same, har arbeidsstokken stått saman. ­— Det er ein god gjeng som jobbar her, og me har lite utskifting. Folk går stort sett av med pensjon. I tillegg til den faste gjengen har også bedrifta tradisjon for å ta inn lærlingar. Her kan ein få læreplass i fleire fag, som operatør, maskinkøyrar, elektro og mekanisk. ­— Det er viktig med lærlingar, ikkje minst for å sikre ei langsiktig rekruttering, slår Svein fast. Sandindustrien i Årdal har lang historie, NorStone er eit resultat av at Norsk Sand og Singel & Grus slo seg saman på byrjinga av 90-talet. Avdelinga på Mælsøyrane industriområde i Årdal har hatt store betongleveransar til både oljeindustrien, bruprosjekt i Danmark og til aluminiumsverk på Island, noko som er grunnen til at ein har spesialisert seg på betongtilslag. Nesten alt som blir produsert går til betongformål, og det aller meste blir levert ut med båt. Norstone har eige kaianlegg og har til no i år hatt 273 anløp med båt. Norstone har også ein eigen lab, som sjekkar kvaliteten på all sanden som går ut.

Gro Sæbø er logistikk- og kontoransvarleg og viser fram laben der sanden blir sikta gjennom ulike filter for å sjekke om kvaliteten held mål. Tradisjonelt har sanden frå Årdal veldig god kvalitet, så god at den blir brukt som referansesand hjå til dømes SINTEF, ved betongtesting for andre sanduttak i landet.

>

MITT RYFYLKE | HJELMELAND

Sand er ikkje eit utømeleg råstoff, og uttak krev at ein har gode relasjonar til både kommune og grunneigarar, noko som somme gonger kan vere utfordrande for alle partar. No står fleire nye prosjekt for døra, dersom dei får plass i kommuneplanen til Hjelmeland kommune og ein kjem i mål med grunneigaravtalar. Norstone ynskjer nemleg å ta ut eit nytt område på 784 dekar til i Årdal, noko som Stavanger Aftenblad har rekna ut til å bli det same som 110 fotballbanar, i tillegg ynskjer dei å ta ut 205 dekar i Jøsenfjorden. Ein av lastebilane til Gausland Transport svingar inn på området, transportbedrifta har fire bilar som går konstant i transport her. ­— Me har sett i verk nokre tiltak dei siste åra for å avgrense uttaket slik at Årdal ikkje blir tømt for ressursar. Blant anna avvikla me ordninga med to skift i 2014, no går alle på dagskift. Eg tippar no at me held på med sanduttak i meir enn 10 år her, meiner Svein.

Driftsleiar Svein Mæland har jobba i bransjen i 35 år, han veit alt ein treng å vite om sandindustri.

Sanden i Årdal blir grundig kvalitetssjekka, her sit Gro Sæbø og sjekkar om sanden held mål

>

26


GOD JUL & GODT NYTTÅR Omega Design

til alle våre kundar, annonsørar og samarbeidspartnarar. Me gler oss til gode møte i 2019.

NÆRINGSMAGASIN | 5

ÅR |

NR 3:2018

MITT RYFYLKE | FINNØY

Tema

MITT RYFYLKE

MAGASIN

ÅR |

|5

Hjelmeland & Finnøy

| FINNØY

NR 3:2018

NÆRINGS

MITT

RYFY

LKE

| FINN

Tema

Hjelmeland Finnøy

ØY

&

18

INGS

MAG

ASIN

|5

ÅR

| NR

3:20

NÆR

Portrettet

Tomatar

Gordon Sunde

i vekst a

Tem

nd

Gull av

gråstein

&

ela y Hjelm nø Fin

Gull av

Portrettet

Gordon

Tomatar

i vekst

Norsk Stein AS har Europas største anlegg for produksjon av tilslag til asfalt og betong, veibygging og offshorekonstruksjoner. Vi er lokalisert i kommunene Suldal, Strand, Forsand og Larvik. Vi er 255 tilsette og 17 lærlinger med en årsproduksjon på opp mot 15 mill. tonn. Se: www.mibau-stema.com

Sunde

gråstein

ll av

Gu

tein

grås ttet e Portre Sund

rdon

tar Toma t

Go

ks

i ve

Helsing frå alle oss i Omega Design Omega Design AS Ølensvåg Sand Sauda omegadesign.no

Omega Design Foto: Kari Aarhus Dolmen

Naturlegvis.

facebook.com/hjelmelandkommune hjelmeland.kommune.no


28

MITT RYFYLKE | HJELMELAND

> Anne Dale Nordbø tryllar fram dei mest fantastiske blomeoppsatsar, bukettar eller kransar.

Med friske fargar og ein god porsjon kreativitet skaper Anne Dale Nordbø blomehelsingar som er til glede for mange. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: HILDE HAUGE

Fargerike blomegleder

A

nne Dale Nordbø står bak den knallgule disken på garasjeloftet heime på Byrkja på Hjelmeland. På disken ligg det blomar i alle slags fargar, julepynt, greiner og grønt, midt mellom alt står ho sjølv og tryllar fram eit såkalla reir, ein låg blomebukett som passar godt i låge vasar. Med rutinerte hender legg ho reiret i den eine handa før ho plasserer blomar og dekor i ein imponerande fart. Den mest hektiske tida for blomsterdekoratør Nordbø står for tur, og i desember kan ho sjå langt etter lange kveldar med kakebaking og adventskos. Allereie på sommaren byrjar Anne å planlegge jul. — Før jul blir det mange lange arbeidsdagar ja, men det er kjekt, ikkje minst å kunne glede alle kundane som tar kontakt og som skal ha blomegåver eller pynt til sin eigen heim, seier ho og kikkar rundt seg. — Du skulle vore her i går, då såg det ikkje ut her, seier ho og lar hendene gå ein runde i lufta. Eg har på ein måte system i rotet og, men eg måtte rydde før de skulle kome. Bak lilla skåpdører skjuler det seg ei imponerande samling av små detaljar som kongler, tørka epleskiver, og

nostalgisk julepynt. I ein krok på loftet står det sirlege stablar med korger, spann og vasar. Etter 12 år i bransjen veit Anne kva som må til for å kunne

— Tenk enkelt, eg likar det rustikt og naturleg. [Anne Dale Nordbø]

trylle fram vakre blomar til alt frå dåp, bryllaup, gravferd eller som no når julefeiringa står for tur. Ho starta hjå Blomsterhjørnet på Hjelmeland i 2006, etter kvart vart ho lærling og tok fagbrev som blomsterdekoratør i 2011. I 2016 vart blomebutikken ho jobba på lagt ned, og Anne sto framfor eit avgjerande val. Enten kunne ho finne seg ein annan jobb, eller starte for seg sjølv. — Det var berre å hoppe i det, eg opna dørene her rett etter at eg mista jobben, og det har eg ikkje angra på. Gründerlivet passar meg godt, eg styrer dagane mine sjølv og får meir fridom, slår den kreative blomsterdekoratøren fast.

— Det gjekk unna i rekordfart då eg først hadde bestemt meg, det var jo ingenting å vente på. Eg har ikkje investert mykje heller, her oppe på loftet var det barna som styrte, eg måtte kaste dei ut, men det gjekk greitt, seier ho og ler. Barna Daniel (18), Christoffer (16), Maren (10) er blitt så gamle at det er lettare for mor å satse på ei eiga bedrift der mange arbeidstimar blir lagt ned. Både dei og mannen Rune støttar mor sitt val. I tillegg til fagbrevet som blomsterdekoratør er ho utdanna utstillingsdesignar, noko som gjer at ho ikkje berre kan levere blomar, men også ta seg av utstillingar for butikkar og bedrifter. I tillegg sel ho helse- og velværeprodukt frå blomeverkstaden. Ho har ikkje noko stort blomelager, så hjå Anne må ein bestille i god tid dersom ein vil sikre seg noko frå verkstaden hennar. Ho blir inspirert av å skape noko som kan glede andre, og ikkje minst ved å kunne spele ei rolle på dei store dagane hjå folk. Anna inspirasjon finn ho også på Instagram, og så er ho alltid innom blomebutikkar som ho passerer. — Eg kjem tett på folk, og er ofte med


MITT RYFYLKE | HJELMELAND

29


MITT RYFYLKE | HJELMELAND

>

30

SPIRÅ i både sorg og glede. Nokre kjem her kvart år med same skåla og vil ha den same juledekorasjonen dei alltid har hatt. Andre ynskjer eit annleis uttrykk i bryllaup eller ein spesiell bursdag. — Og eg er der når familien er i sorg, gravferder er jo ein stor del av bedrifta mi. Sjølv om det er tungt, er det og godt å kunne vere der for dei, fortel Anne med ettertanke. Ho speidar utover juletreskogen til faren Jon E. Dale, tidlegare denne dagen tok ho på seg regnklede og støvlar før ho vandra ut i juletreskogen for å samle inn grønt til juledekorasjonar, kransar og bukettar. På benken inne på loftet står ein julenisse som treng ny og grøn drakt, så blir den raskt klar for nok ei julefeiring hjå ein av Anne sine mange faste kundar. — Eg har kundar frå heile kommunen, og det er eg glad for. Det handlar jo og litt om å kunne halde opp eit

> Jula er høgsesong for blomedekoratør Anne Dale Nordbø, i desember blir det mange lange arbeidskveldar.

godt tilbod her lokalt. Anne Dale Nordbø driv blome— Har du gode førjulstips til verkstaden Spirå heime på garasjeloftet korleis ein kan pynte til ei vakker på Byrkja på Hjelmeland. Ho er utdanna adventstid og julefeiring? blomsterdekortatør og ustillingsdesignar, i tillegg til at ho sel helse- og velære— Tenk enkelt, eg likar det ruprodukt frå blomeverkstaden. stikt og naturleg. Prøv å samle inn kongler og mose frå alle slags tre, nokre greiner med litt kvit mose på er vakkert i seg sjølv. Og hugs på at ein enkel krans på døra gir god stemning. Det er ikkje alltid det treng å vere så avansert, fortel blomedekoratøren. nydelege variantar av lilla og rosa. Ho — Hugs på at du må vaske vasane trivst godt med å bruke kreativiteten som blomebukettane dine står i. Dei fritt, sjølv om det viktigaste er å lytte til aller fleste hugsar på å vatne blomane, kunden. men viss ein klarer å vaske dei ein — Det er travle, men gode dagar gong i veka, så unngår ein bakteriar dette. Sjølv om det no er blitt luksus å og blomane klarer å stå lenger. Hugs få sjansen til å lese ei bok eller å strikke også på å setje dei kaldt på natta viss litt, seier Anne og viser fram det du kan, slår Anne fast. ferdige reiret. Buketten blir sett saman med dei andre blomehelsingane som Yndlingsfargane til Anne går igjen i ventar på nye eigarar, kvar og ein får alle dei bognande blomane, her er det sitt eige klistremerke med logoen på.


FILTER Foto: Per Inge Fjellheim

Tett på dei gode opplevingane I Sauda er det vilje til vekst og utvikling, noko som viser godt igjen i lokalsamfunnet. I dag har me omlag 100 km med oppkøyrde og/eller merka turløyper i sju dalføre. Med hjelp av flinke dugnadsfolk i alle dalføra er det gjennom fleire år blitt utvikla eit flott løypenett i kommunen. Dette veit me blir sett stor pris på av fastbuande, hytteeigarar og andre besøkande. Velkommen til Sauda – heile året – heile tida.

Ryfylkebanken - alltid tett på

Me satsar på Ryfylke

Ta kontakt. Telefon 51 75 44 00 hjelmeland-sparebank.no

FILTER Foto: Trine S. Hanaset

Lokalt og digitalt. Me hjelper deg der du er.


32

MITT RYFYLKE

>

Hjå Ryfylke Landhandel på Jørpeland får du tak i unike produkt frå inn- og utland.

Vil selja unike produkt Det går mot jul og på Jørpeland inviterer Øyvind Stuvik inn til ein god og stemningsfull førjulshandel i den nyopna butikken Ryfylke Landhandel.

TEKST: ASTRID EIDHAMMER HJELMELAND | FOTO: PRIVAT

I

landhandelbutikken kan du finna unike kvalitetsprodukt frå inn- og utland. Her kan du finna alt frå handlaga knivar, såper, mjuke skinntøfler, saueskinn til treproduk for liten og stor. Ønskjer du å la deg freista av nokre matspesialitetar byr butikken på spekepølser, saft frå Grønvik gard og Forsand, heimelaga lefser, smakfull honning og søte karameller. Er du klar for å testa ut variantar av pinnekjøt før julemiddagen, kan Stuvik lokka med fleire sortar frå lokale aktørar. Her vil du finna noko for ein kvar smak og gane. Øyvind Stuvik likar å tenka i nye banar. I tillegg

til å driva Fjordexpedition kajakkutleige opna han dørene i butikken Ryfylke Landhandel på Jørpeland i oktober der han sel mat-, interiør- og husflidsprodukt og klede. Sidan det roa seg i kajakk-bedrifta i september-oktober, har han jobba døgeret rundt for å få Ryfylke Landhandel opp å gå til opninga i oktober. Per i dag har han ikkje nokon tilsette, men får god hjelp av kona og dei to døtrene på seks og ti år, som gladeleg er med og prisar på varer. ­Målet er å få opp ei næring som dannar grunnlag for levebrød under dei rolege periodane Fjordexpedition har frå oktober til april og å kunne selja noko


33

>

MITT RYFYLKE

RYFYLKE LANDHANDEL lokalfolk vil ha nytte av til jul, vinter og påske, fortel Stuvik.

seg dagstur for å gjera ein god handel.

Stuvik fortel at tanken om å kunne etablera ein butikk med lokalproduserte og unike produkt har modna over tid. Ein av grunnane til at tanken har meldt seg er at han dei to siste åra har samla inn svar via spørjeskjema til besøkande av Fjordexpedition. — Eit av spørsmåla har vore kva turistane saknar i Noreg, fortel han. Eit gjentakande svar frå utanlandske turistar er eit ønske om lokale matvarer og produkt når dei er på besøk på Jørpeland. I følge Stuvik er det mange som stiller seg undrande til at butikkane og utvalet er nett likt om dei er i Oslo, Nord-Noreg eller i Ryfylke. Dette ønskjer Stuvik å gjera noko med. Hjå Ryfylke Landhandel skal du som kunde finna produkt som

— Det er ikkje alltid dei produkta ein tenker skal selja godt, som gjer det, fortel Stuvik. Til dømes har salet av Rabarbrasaft frå Forsand tatt heilt av, medan salet av produkt frå til dømes Hadeland Glassverk ikkje har vist seg å vera like populære. I tillegg har salet av spekepølser frå Svindland i Flekkefjord og Åkrafjorden blitt ein slager. — Det er dei lokale tinga som sel mest, fortel han. Det utvalet me kan ta inn i vår butikk, finn ein ikkje i daglegvarehandelen, og for mange besøkande er det meir stas å kjøpa lokale produkt i nisjebutikken i staden for i daglevarebutikken. Stuvik ønskjer å formidla gode produkt frå Ryfylke, men hentar og produkt inn frå produsentar elles i landet og frå utlandet, når produkta er av høg kvalitet. For å finna gode varer har han reist rundt for å besøka ulike produsentar, men blir og direkte kontakta. Kravet han stiller er at det skal vera kvalitet, og av seriøse aktørar med gode arbeidsforhold. — Hjå oss skal du ikkje finna masseproduserte varer frå Kina, understrekar Stuvik. I staden for troll, sel han sau laga av ekte ull og Pilt-Ola turkoppar laga av gamaldags emalje. Han har og fått i produksjon ein lokal variant av Dialekttemp-målaren, med lokale uttrykk frå Strand kommune, som til dømes "Råkaldt" og "Ingen sengavarme". Stuvik fortel at han har henta inn ord og uttrykk hjå bebuarar på Forsand aldersheim og folk langs fjorden. Han har og tatt inn økologiske handlaga såper frå Danmark og han fortel at han stadig er på jakt etter å koma i kontakt med både lokale og regionale aktørar, som kan vera aktuelle å ta inn produkt av.

— Det utvalet me kan ta inn i vår butikk, finn ein ikkje i daglegvarehandelen, og for mange besøkande er det meir stas å kjøpa lokale produkt i nisjebutikken [Øyvind Stuvik]

du ikkje finn så lett andre stader. I tillegg er han i dialog med fleire produsentar om tilpassingar som kan gjera det meir attraktivt og lett for turistar å plukke med seg lokale produkt, særleg når det gjeld matprodukt, som dei kan nyta godt av medan dei er i Ryfylke. Eit verkemiddel er å tilpassa produkta til mindre format, fortel Stuvik. — Me er til dømes i gong med honningproduksjon og ramsløk på Jørpeland, som blir pakka i mindre glas enn vanleg, slik at dei er lette å pakka med seg på tur. Responsen hjå publikum og leverandørar har vore overveldande sidan oppstarten i oktober, fortel han, med besøk av både lokale, hyttefolk og folk som tek

Øyvind Stuvik opna Ryfylke Landhandel i oktober i år, og tilbyr sal av lokalmat, nisjeprodukt, interiørartiklar og spesialprodukt. Butikken har som mål å ta vare på historia og identiteten til Ryfylke.


Foto: Jarle Lunde / SuldalFoto.no

SULDAL K O M M U N E

Eksotisk – Aktiv – Trygg

Kommunen du opplysningar om kommunen og aktuelle nyheiter.

Kompetanse

Kultur

Næringsliv

Suldal kommune trenge mange typar kompetanse. For ledige stillingar i Suldal kommune, ta kontakt med personalsjefen eller sjå ledige stillingar på suldal.kommune.no

Suldal har eit rikt kulturliv. For annonsering av ulike kulturtilbod og arrangement, sjå lokal annonsering i grendene, Suldalsposten eller suldal.kulturhus.no

Suldal har eit variert næringsliv. Her får du det meste av det du treng. Ta kontakt med Suldal Vekst AS eller sjå suldal.kommune.no

gauthuncontainer.no Gauthun Containerutleie og Transport AS DU FINN OSS PÅ TAU

firmapost@partnerregnskap.no Årdal: 51 75 42 50 Jørpeland: 51 74 14 00 Autorisert regnskapskontor partnerregnskap.no

Betongarbeid - Naturstein - Fliser 4130 Hjelmeland - Tlf. 51 75 22 61 / 909 21 446


35

MITT RYFYLKE

LANSERER UNIKE LEIKER Etter mange år med grubling, testing og ein god porsjon tolmod kan Terje Gundersen endeleg gle seg over at dei eigenproduserte leikene hans er ute i marknaden. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: FOTOGRAF NORDTVEIT

I

deen om dei robuste treleikene starta i sandkassen heime på Suldalsosen då sønene var små. — Eg laga nokre leiker til dei som folk kommenterte då dei var på besøk. Det var starten på eit eventyr. Terje er no blitt leiketøyprodusent av eit leikekonsept som omhandlar tre, plast og ei heilt unik magnetkopling, kalla Magnito-I-Lock system. Teknologien sikrar at delane heng godt saman, og likevel er raske å ta ifrå kvarandre når ein brukar rette metoden. Dette gjer at leikene kan setjast saman til mange ulike køyretøy. I første omgang er det lansert ein serie med dumper, skogsmaskin og traktor. — Etter åtte år med arbeid er det endeleg produkt klare for sal. Det har vore mange utfordringar, som har vore kostbare, tidkrevjande og rett og slett demotiverande. Heldigvis har eg vore trygg på at produktet og konseptet er bra, slår Terje Gundersen fast. Han løftar fram sambygdingar som har hatt trua, og ikkje minst dei tilsette i Suldal Vekst som har vore avgjerande for at han har klart å gjennomføre prosessen med å få leikene ut i marknaden. — Eg er jo sjølvsagt stolt og letta over å ha nådd første delmål, nemleg å få leiker klare for sal. Terje sel leikene via sosiale medium og messer han reiser rundt på no før

jul, og han er også i ferd med å få nettbutikk på plass. Sidan i vår har han frest tusenvis av hol i leikene, han har montert køyretøya og pakka leiker. — Det har vore viktig for meg å kjenne til dei minste detaljane i produkta. Kjenner eg ikkje produktet, prosessane og utfordringane godt nok, kjem ein fort til kort når ein skal selje produkta, meiner Gundersen. Med eit produkt som er designa og utvikla i Suldal, og som har treklossar frå Italia, magneter frå Tyskland og plastikkdeler frå Kina, er det blitt eit internasjonalt produkt. Produksjonen føregår i Kina medan den norske innovasjonsbedrifta Pavels Innovation i Skien har vore med på marknadsføring og utvikling av produktet. Merkevara Beljo har fått namn etter forbokstavane i namna til sønene; Bård, Elias og Jonas. — Korleis går salet? — Over all forventning. Dei aller første produkta forsvann via Facebook i løpet av ei helg. Det var sjølvsagt utruleg moro og enormt motiverande Då var det berre å setje seg ned med produksjonen og få klart eit nytt parti.

slår gründeren fast. — Det er verdt alle utfordringane, tusenvis av timar med arbeid, frustrasjon og stress, men og mykje kjekt og spanande gjennom dei siste åtte åra. På teiknebrettet til BeljoToys er det allereie fleire nye produkt. I første omgang ynskjer Terje å utvikle meir utstyr til eksisterande produkt, som traktor og dumper. Etter kvart er det planar om ein serie uttrykkingskøyretøy og ein serie anleggsmaskiner for å nemne nokre

Terje Gundersen

(43)

Bur: Suldalsosen Sivil status: Gift, 3 barn Aktuell: Lanserer no sitt eige leiketøys-

— Kva drøymer du om vidare? — Eg drøymer om at BeljoToys skal klare målsetjinga i mottoet vårt: «We build smiles». At barn skal kose seg, utvikle seg og glede seg i leik med BeljoToys, er målsetjinga og draumen,

merke; BeljoToys


Bli synleg med godt innhald på nett Bli synleg i sosiale medium: Få opp aktiviteten og få fram bodskapet! Omega Design tilbyr tekstpakkar for produksjon av innhald til sosiale medium. Me tar oss av produksjon og publisering av innhald.

Bli synleg i Google: Bli synleg med god tekst på nettsida di. Me produserer og held vedlike innhald som gjer deg synleg i Google.

Me lagar nettsider som er:

✓ enkle å bruke ✓ søkeoptimaliserte ✓ universelt utforma ✓ responsive ✓ sikre

Omega Design AS Ølensvåg Sand Sauda omegadesign.no

Profile for Omega Design

Mitt Ryfylke 2018 3  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Mitt Ryfylke 2018 3  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Advertisement