Tempo 2 2023

Page 1

Magasinet om å jobba og bu i Etne og Vindafjord

Portrettet Ole Strømø

20 4 24

Yrkesval Tunneldrivaren Bedriftsprofil Aldri utlært


4

8 14

11 18

30

24

35

INNHALD 3 Leiar

11 Min CV Anette Lauareid Hovda

24 Aldri utlært

moglegheiter 8 Mange i helsesektoren

18 Ingeniør på interiør

35 Kommunalsjefane

4 Tunneldrivaren

2

2 • 2023

14 Lokale berekraftstudentar

30 Golfsimulatoren i Skånevik


Utvikling i næringslivet gir behov for ny kompetanse

Magasinet om å jobba og bu i Etne og Vindafjord

Utgåve nr. 2 2023

foto: AEH

Ansvarleg utgjevar:

Nils Einar Steinstø Fikse Næringsforening

Fikse Næringsforening Ansvarleg redaktør: Nils Einar Steinstø Redaksjon: Nils Einar Steinstø

– Grip sjansen! Nye bransjar og utvikling i næringslivet gir også behov for ny og meir samansett kompetanse. Folk skifter jobb oftare, jobbane blir meir fleksible og den fysiske avstanden mellom arbeidsplassen og der du er blir mindre viktig. Vegen blir til medan me går, men interesser og talent påverkar karrierevala me tar. Så har me kvar og ein ansvar for å få mest mogleg ut av dei vala. Det betyr at me må vere aktive i å søke etter nye utfordringar, lære nye ferdigheiter og ta initiativ til å utvide vårt kunnskapsområde. For å utvikle krysskompetanse og forme vegen vår undervegs, er det viktig å vere open for å lære og vekse. Det kan vere å ta kurs eller vidareutdanning på ulike område, delta i prosjekt som utfordrar oss på nye måtar, eller engasjere seg i tverrfagleg samarbeid. Ved å vere bevisst på vår eiga utvikling og proaktiv haldning til å tileigne oss ny kunnskap og kompetanse, kan me skape ein karriere som er prega av brei kompetanse og moglegheiter. Evna til å bruke kunnskap og ferdigheiter frå ulike fagområde i nye situasjonar blir kalla krysskompetanse, noko som blir viktigare og viktigare i arbeidslivet. Ein person med krysskompetanse er i stand til å tenkje utanfor boksen, sjå samanhengar på tvers av fag og finne innovative løysingar. Utdanning er ein viktig faktor for å utvikle krysskompetanse. Samstundes er krysskompetanse ikkje berre noko dei som har høgare utdanning har med seg. Utdanning kan vera både akademisk og praktisk, og det er ein kombinasjon av begge som ofte gir den beste læringsopplevinga.

Omega 365 Design: Astrid E. Hjelmeland Judith Sørhus Litlehamar Hanna Maria van Zijp Design: Omega 365 Design Foto: Hanna Maria van Zijp Kristian Risanger Astrid E. Hjelmeland Framsidefoto: Kristian Risanger Annonsesal:

Christine Rødne Brataas Opplag: 4 200

Trykkeri:

Haugesund Bok & Offset Magasinet blir fulldistribuert i kommunane, til husstandar og bedrifter i Etne og Vindafjord. Elles på messer og strategiske stadar i distriktet.

Grip sjansane som byr seg og lukke til med vala!

2 • 2023

3


Yrkesval

TUNNELDRIVAREN

Å vere nøyaktig er noko av det viktigaste i jobben som stikningsleiar, meiner Synne Heggen Åsbø, som trivst godt i anleggsbransjen

Sjølv om ho er vaksen opp i familiebedrifta Åsbø Sanddrift i Etne tenkte ho aldri på at ho skulle gå same yrkesveg. Sjølvsagt var ho innom sandtaket frå tid til annan, men ho var ikkje den som trygla pappa Ivar om å få sitje i dei største maskinene. Så sterk var ikkje interessa. Derimot teikna ho hus og hytter, rom og fasongar på skisseblokka si, og drøymde etter kvart om å bli arkitekt. — Eller radiolog. Eg var og innom tanken på bygg-ingeniør, seier ho sjølv og ler godt av at yrkesmåla kunne variere såpass. — Men det blei jo ikkje slik. I siste sekund endra eg valet mitt på studiesøknaden og sette faget «landmåling og eigedomsdesign» øvst. Kanskje aller mest fordi eg innsåg at faget arkitekt kunne bli vel tøft, og at eg såg at ein kunne ta det kreative med seg inn i faget landskapsarkitekt. Det hadde og noko å seie at eg ikkje trong realfag for å gå denne retninga. — Men du valde ikkje landskapsarkitekt? — Nei, haha. Pappa tulla av og til med at «me skulle hatt ein landmålar, det kunne du ha utdanna deg til». Eg lo av det, men så var det jo det eg blei til slutt. Livet byr på nokre moglegheiter som berre må tas, skiinteressa førte henne til eit år på folkehøgskule med pudderkøyring på

4

2 • 2023

timeplanen, og ho likar seg aller best når prosjekta på jobb krev noko ekstra tankearbeid av henne. I dag bur ho og sambuaren Ole Rasmus i Vikedal, dermed blir det pendling til anleggsjobbane i AF Gruppen. Fly tidleg måndag morgon, heim igjen torsdag ettermiddag. Viss det ikkje er noko som freistar med bylivet i Oslo i helgene, då stoppar ho gjerne igjen i Oslo. — Nett no så bur eg ikkje i brakker, eg og ei eg jobbar med har fått vår eiga leilegheit i Oslo. Det er veldig fint, sjølv om eg og har trivst med brakkelivet, det er noko eige med at den gjengen som jobbar saman og bur saman. Under studiet fekk ho sommarjobb i AF Gruppen, som førte til tilbod om fast jobb etter bacheloren. I dag har ho vore tilsett i selskapet i snart seks år, og har no stort ansvar som stikningleiar, og har ansvaret for at me bygger alt slik som byggherren har bestilt. — Eg jobbar jo med med tunneldriving og stikningsarbeid under jorda, så det er litt annleis enn det folk ofte tenkjer på med landmåling. Då ser ein raskt for seg oppmåling av tomter, trur eg. — Som stikningsleiar må ein vere nøyaktig, slik at det blir rett. Når me driv tunnel gjer me det ofte frå to sider, då må ein vere nøye slik at tunnelløpa treffest på midten til slutt. Det


Ho drøymde eigentleg om å bli arkitekt. Likevel blei det anleggsarbeid og jobb som stikningsleiar i AF Gruppen for Synne Heggen Åsbø (28). Det angrar ho ikkje på.

2 • 2023

5


Synne Heggen Åsbø er glad i utfordringar, og meiner det viktigaste er at heile arbeidslaget dreg i same retning.

Då eg starta vart eg kasta ut i eit vasskraftprosjekt i Eidfjord, der det berre var eg som var stikkar. Synne Heggen Åsbø (28)

er rom for å gjere feil, men ein må fange det opp tidleg nok til at konsekvensane ikkje blir for store. Særleg kan det ha store kostnadsgivande konsekvensar dersom ein gjer ein liten feil og produksjonen stoppar opp. — Kjenner du på at ansvaret tynger? — Nei, i grunnen ikkje. Eg har fått så god opplæring at eg kjenner meg trygg på oppgåvene. Men feil har eg gjort, det gjer nok alle somme gonger. I dag er pendlarlivet framleis kjekt, ikkje minst sidan gjengen på jobb er av den trivelege sorten. Ho fekk tidleg prøve seg på store utfordringar, og har fått tillit heile vegen. — Då eg starta vart eg kasta ut i eit vasskraftprosjekt i Eidfjord, der det berre var eg som var stikkar. Eg måtte ta heile rolla som stikningsingeniør, både feltoppgåver og dokumentasjon av mengde mot byggherre. Men det gjekk veldig godt, hadde ein fin gjeng rundt meg som lot meg få prøve og feile. — Me har jo ofte press på oss når me jobbar med stikking, prosjektet stoppar opp om me ikkje blir ferdige til rett tid. Men eg likar det, sjølv om det innimellom er eit jag. Ho likar også at det ofte er same gjengen som reiser frå prosjekt til prosjekt, dermed blir ein godt kjent. Av prosjekt dreg ho fram Storlia og Vesle Kjela Kraftverk for Statkraft, E6 forbi Stockholm og landføringstunnel av Statpipe på Kalstø. I dag er ho på eit Statnett-prosjekt i Oslo der det skal lagast ny kabeltunnel. Det blir mange arbeidsdagar ute på tur. — På mange måtar føler eg jo at eg har to sambuarar, ein heime og ei her i Oslo. Jobben har jo og gitt meg mange gode vennskap, som også er der på fritida. Så lenge ein ikkje har familie er pendlarlivet fint, eg trur det blir litt annleis viss det kjem ein dag.

6

2 • 2023

— I koronatida sat du fast i eit prosjekt i Sverige? — Ja, haha. Det vart nokre lange veker. Eg var på jobb i Sverige, og så måtte eg ha åtte dagar i karantene i friperioden min. Då var det ikkje mange dagar igjen før det var jobb på nytt. Men det gjekk det også. Ho tenkjer ikkje så mykje på at ho jobbar i ein mannsdominert bransje. Ho heiar på alle kampanjar og alt arbeid som blir lagt ned for å få meir mangfald på arbeidsplassen, det er og gledeleg og sjå at det stadig blir fleire damer på jobb. — Då eg starta var me tre jenter i prosjektet, og slik har det eigentleg vore etterpå. Me er sjølvsagt i mindretal, men det jamnar seg meir ut trur eg. Og eg er ikkje så oppteken av om det er menn eller damer eg har som kollegaer, så lenge dei bidreg det dei kan for at me skal kunne løyse oppgåvene saman. Men det er sjølvsagt ein positiv fordel for miljøet på jobb at me er fleire kvinner. Arbeidsmoralen er sterk, og målet er stadig å skape mest mogleg verdi for arbeidsgivar, samstundes som ein får sjans til å utvikle seg på jobb. Og skulle det bli stopp i anleggslivet, så ser Synne mange gode moglegheiter i næringslivet heime i Vindafjord og Etne. — Ja, der trur eg det er mange spanande bedrifter for meg og min bakgrunn. Eg har for så vidt ei brei utdanning og har nokre år bak meg i entreprenørbransjen, så mogleg det kunne vore interessant for nokon. Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Ingvild Lunde Vinsrygg og Hans Fredrik Asbjørnsen


• MEKTIGE OG SPENSTIGE NATUROPPLEVINGAR • TRYGG OG GOD OPPVEKST • RIKT KULTURLIV • NÆRINGSLIV I VEKST

Etne kommune

SKÅNEVIK BLUESFESTIVAL

FOTO: LARS GUNLEIKSRUD

SKAKKESENTERET

FOTO: SONJA FRAFJORD

ETNE OMSORGSSENTER

FOTO: SONJA FRAFJORD

SKÅNEVIK

FOTO: ROAR BÆVRE

FUGL FØNIX HOTEL, ETNE

FOTO: SONJA FRAFJORD

VIA FERRATA, FJÆRA FOTO MATTIAS FREDRIKSSON

Etne kommune er omringa av flott og variert natur og ligg sør i Vestland fylke. Kommunen grensar til Kvinnherad, Ullensvang, Suldal, Vindafjord og Sauda, der dei tre siste ligg i Rogaland. Dei fleste innbyggjarane bur rundt tettstadane Etne og Skånevik. Kommunen er eit godt utgangspunkt for å nå stader som Haugesund, Bergen, øyriket i Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane.

ETNE KOMMUNE

Sjoarvegen 2, 5590 Etne Tlf. 53 75 80 00 post@etne.kommune.no • www.etne.kommune.no

I Etne kommune kan du busetje deg i landlege omgjevnader med det du treng av butikkar og andre servicetilbod i nærleiken. Det er gode og velorganiserte kommunale tenester for innbyggjarane. Etne kommune har eit stort mangfald i lokalsamfunnet, der livskvalitet for alle står i sentrum. VELKOMMEN!

TURISTINFORMASJON:

Fugl Fønix Hotel tlf. 53 77 14 40 Åkrafjordtunet tlf. 53 77 14 80 Skånevik Fjordhotell tlf. 53 77 07 00


Eg trur me må bli flinkare til å snakke om kor viktig jobben er, og ikkje minst få på plass fleire år med utplassering i arbeidslivet. Kristin Kesküla (20)

Mange moglegheiter i helsesektoren Det er ikkje tilfeldig at Kristin Kesküla (20) valde helsefagarbeidar som yrkesveg. Ho har alltid drøymt om å jobbe med folk, og trur meir utplassering på ungdomsskulen kan auka interesse for faget.

Kesküla er snart i mål med den toårige læreperioden som helsefagarbeidar i Etne kommune. Til sommaren er ho klar for fagprøve, noko ho ser på med spenning. — Eg gler meg meir enn eg gruar meg. Eg har fått så god hjelp og rettleiing her at eg føler meg trygg på oppgåvene. Sjølve prøven går over tre dagar, med teori, praksis og vurdering. Det kan bli nokre lange dagar, seier ho og ler. I løpet av halvanna år som lærling har ho vore innom dei fleste avdelingane på sjukeheimen, og hatt fleire gode mentorar med seg for å lære kva arbeidsdagen kan innehalde. I dag er ho ute på jobb med heimesjukepleia. — Det er jo litt annleis, då kjem me heim til folk og får sjå korleis dei lever. Det likar eg godt, eg er glad i folk og vil gjerne jobbe med å hjelpe dei som treng det. — Føler du at du spring litt etter stoppeklokka i ein hektisk kvardag? — Nei, eigentleg ikkje. Du skal jo halde deg innafor tida du har fått utdelt. Men du må aldri vise til pasienten at du har det travelt, det er det aller viktigaste. Dei skal ikkje lure på om du har tid til dei, seier den reflekterte 20-åringen. 8

2 • 2023

Familien hennar er frå Estland, og for 11 år sidan flytta dei til Odda, der Kesküla har tatt helsefag på vidaregåande skule. I dag bur ho på hybel i Etne, noko ho trivst så godt med at ho ikkje vil avskrive jobb vidare i kommunen. — Blir det aktuelt med jobb vidare, er eg interessert i det. Seinare kan det godt hende eg vil vidareutdanne meg til vernepleiar, men no vil eg jobbe nokre år først. Her har eg flotte kollegaer og eit godt arbeidsmiljø der eg trivst godt. Om 10 år kan det hende eg er vernepleiar på eit sjukehus, eg likar at sjukehuset byr på så mange faglege utfordringar og at det går raskt der. Eg likar å ha det travelt. — Men korleis kan ein få endå fleire til å velje helse- og omsorgsfag? — Eg trur me må bli flinkare til å snakke om kor viktig jobben er, og ikkje minst få på plass fleire år med utplassering i arbeidslivet. Ein kunne godt hatt utplassering kvart år på ungdomsskulen, då er ein betre rusta den dagen ein skal velje kva ein vil gjere vidare. Helsesektoren skrik etter folk og kompetanse, heldigvis er det mange vegar inn i bransjen. Hilde Selland Winterthun jobbar


Lærling Kristin Kesküla og sjukepleiar Bente Kristiansen deler gjerne faglege erfaringar. Kristin skryt av oppfølginga ho har fått frå kollegaer i læretida som helsefagarbeidar i Etne kommune.

Det har alltid vore ein deltidskultur i helse og omsorg, det er eit potensiale der som me kan utnytte meir. Sigurd Gjerdevik

som kommunalsjef helse og omsorg i Etne kommune. Ho meiner ein spesielt vil ha behov for kompetanse som helsesjukepleiar, fysioterapeut, vernepleiar, helsefagarbeidar, allmennlege og sjukepleiar dei neste åra. Også ho er oppteken av tidlege besøk på arbeidsplassane. — Ein kan invitere inn ungdomsskuleelevar på praksis-besøk der helsefagarbeidarane arbeider. Helsefagarbeidarane kan og besøkja skulane for å fortelje om jobben sin. Eg trur i alle fall me må framsnakke yrket vårt og arbeidsplassen vår i større grad. Det har vore mykje negativt fokus i nasjonal presse dei siste åra spesielt med tanke på lønnsnivå, eller for lite kompetanse i eldreomsorga, for lite bemanning eller for mange oppgåver. Då er det ikkje mange som ynskjer å utdanne seg innafor helse og omsorg. — For å rekruttere så trur eg at me må ha ein interessant arbeidsplass for våre tilsette der dei både får bidra med sin kompetanse, men og utvikle og vidareutdanne seg. Dei gode historiene om kvifor det både er verdifullt og utviklande å jobbe i helse- og omsorgssektoren må kome fram. — Er det fleire måtar ein kan få jobb i helsesektoren på? — Det er mogleg å starte som assistent, for så å utdanne seg

2 • 2023

9


Kristin er oppteken av å gjere ein så god jobb som mogleg og meiner det er viktig at pasienten alltid føler seg i sentrum. I framtida kan ho godt tenkje seg å bli vernepleiar.

Det er mogleg å starte som assistent, for så å utdanne seg vidare som fagarbeidar eller på høgskule. Hilde Selland Winterthun

vidare som fagarbeidar eller på høgskule. Det er alltid nyttig å vere litt kreativ slik at ein kan bidra til aktivitet og fellesskap, seier Winterthun. — Me har eit veldig høgt behov for arbeidskraft framover, berre for å dekke inn «turnover», altså folk som går av naturleg med pensjon. Me treng både helsefagarbeidarar og sjukepleiarar framover, seier kommunalsjef helse og omsorg i Vindafjord kommune, Sigurd Gjerdevik. Han viser til kompetanseløftet, som via kompetansemidlar frå statsforvaltaren bidrar med midlar til etter og vidare-utdanning på alle nivå. Gjerdevik er oppteken av å oppfordre dei tilsette til å søkje om etterutdanning og kunne tilby gode ordningar slik at folk kan kombinere jobb, familieliv og studiar. — Det må harmonere med det me klarer å tilby og kva folk søkjer på av studiar. Desentraliserte studiar er veldig interessant. Det gjer det absolutt enklare for dei som må få kvardagen til å gå opp. Gjerdevik viser og til andre tiltak for rekruttering, som prosjektet «Menn i helse». Arbeidssøkjande menn i alderen 20 til 55 som er registrert i NAV kan søkje om å bli helserekrutt, både Vindafjord og Etne kommune er med i ordninga. — Dette er eit flott tilbod, der me har hatt nokre kandidatar i vår kommune og. Det er eit supplement til hovudtyngda av fagarbeidarane, som kjem frå vidaregåande skule. Behovet for fleire hender i helse og omsorg er altså veksande, og Gjerdevik ser på rekruttering som ei av dei største utfordrin 10

2 • 2023

gane framover. I tillegg blir det viktig å auke stillingane til dei som allereie jobbar i kommunen, og som ynskjer å jobbe meir. — Det har alltid vore ein deltidskultur i helse og omsorg, det er eit potensiale der som me kan utnytte meir. Mange av dei unge som startar no ynskjer full jobb og høgare stillingar enn mange ynskte før. Ein del av deltida er frivillig, og gjerne kulturelt betinga. Det har ofte vore kvinnene som har tatt meir av jobben heime, det er og flest kvinner i denne sektoren. — Me må lyse ut stillingar i 80–100 prosent, me vil jo absolutt ikkje miste dei som sjølve ynskjer å jobbe i 80 prosent. Det viktigaste er at stillingane me kan tilby er attraktive og ikkje blir for små til å leve av. Det er sjølvsagt mykje anna som og er viktig, ein skal trivast på arbeidsplassen, det skal vere gode ordningar og arbeidsoppgåvene må opplevast som overkomelege, seier Gjerdevik. Han viser til at mange til dømes held fram med langvakter, også etter koronatida der dette vart meir som normalen. — Det er jo positivt, sjølv om det er logistikk knytt til det også. I tillegg må arbeidsplassen då ha fasilitetar som passar, ein må kunne kvile ein stad i løpet av vakta. Gjerdevik er også oppteken av å ta inn lærlingar for å gi dei gode læreplassar, men ser også at søknadstala på dei aktuelle linjene i lokalsamfunnet går nedover.

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland


Anette Lauareid Hovda (47) Etter ein kvinnsalder i barnehagebransjen, har Anette Lauareid Hovda nesten doktorgrad i relasjonar. Det har ho med seg inn i jobben som dagleg leiar på Haugaland Opplæringskontor. — CV-en din er prega av barnehage, leiing og relasjonar. Korleis kom du inn i den verda? — Det stod i skuledagboka mi då eg var ti år, at eg ville jobba med barn og driva barnehage. Det har vore mitt store engasjement. Eg tok barnepleie med påbygg på vidaregåande, og så førskulelærarutdanning på deltid, samstundes som eg jobba i barnehage. Leiarkompetansen har eg først og fremst frå barnehagen. Eg har vore leiar i 25 år, men det å eiga sjølv, gjer at du leier på ein annan måte fordi ansvarsområdet er mykje større, med alt frå økonomi til personaloppfølging. — Kva slags drivkraft kan me lesa ut frå CV-en din? — Eg har jobba med barn sidan 1995. Drivkrafta er å gi ungane moglegheit til å få god bagasje med seg vidare, det er veldig engasjerande. Relasjonar har alltid opptatt meg. Det har eg også vidareutdanna meg i. Dei siste ti åra har eg hatt reint administrativt arbeid i barnehagen. Arbeidet med barn har difor blitt reint fagleg, samt leggja til rette for barna og deira kvardag ved å rettleia tilsette. Når eg har jobba som dagleg leiar i barnehage, er det mest dei vaksne og relasjonane der som har vore mitt daglege virke. Eg er opptatt av at ein kan ikkje vera mot andre meir enn det ein kan vera mot seg sjølv, og at ein kan styrka eigen emosjonelle intelligens i personalsamanheng. Relasjonskompetansen blir viktig i møte med lærlingane eg skal jobba med nå. — Det står her at du er EQ-terapeut. Kva er det? — Det er ein som jobbar ut frå emosjonell intelligens, og hjelper folk til å sjå kor det tynger. Alle har bagasje – og oppgåva er å hjelpa og styrka den viktigaste typen intelligens me har. Me har hatt ei rekkje industrielle revolusjonar, og nå har me vår første emosjonelle revolusjon. På grunn av kunstig intelligens, får me mindre og mindre kontakt med andre menneske. Menneske si evne til kreativitet og samhandling, blir avgjerande. — Kva har du lært mest av, arbeidserfaring eller skule, fagbrev og utdanning? — Eg har alltid jobba medan eg har studert. Å knyta teorien opp mot praksis umiddelbart, gjer at ein får meir forståing og tyngde i det. Det er viktig å sjå teori, erfaring og handlingar i samanheng, at ein ikkje berre ser dei tre isolert. Det vil skapa vekst og utvikling i større grad. — Kva motiverer deg for fagleg utvikling? — Eg går inn i det med heile meg. Det å læra meg sjølv å kjenna meir og meir, er veldig motiverande. Då møter eg andre menneske med eit opnare sinn, fordi eg møter meg sjølv med opnare sinn. Det er ei stor motivasjon å vera undrande og støttande til andre. — Kva er det me ikkje ser på cv-en din? — Det du ikkje ser på cv-en min nå, er at eg nettopp har etablert mitt eige firma, Electio. Det skal eg jobba med på sida av rolla som dagleg leiar. Kor det tar meg, er usikkert, men det handlar om relasjonar. Eg ønskjer å jobba med vegleiing og kursing av skular og barnehagar, familieterapi og personaloppfølging i bedrifter. Uansett kva yrke me har, så er relasjonane viktige. Korleis me har det med oss sjølv og andre, er avgjerande for å trivast og lukkast i arbeidslivet. Tekst: Hanna Maria van Zijp Foto: Istoria

Min CV C U R R I C U L U M V I TA E

Arbeidserfaring • Dagleg leiar i Haugaland opplæringskontor November 2023–d.d. • Eigar og dagleg leiar i Electio AS September 23-d.d • Styreleiar i Fikse Næringsforening Juni 2021–d.d. • Konsulent, EQ Instituttet Januar 2019–d.d. • Styreleiar i Haugaland opplæringskontor Februar 2014–september 2023 • Eigar, Småfolk barnehage Januar 2004–oktober 2023 • Dagleg leiar i Bjoa barnehage Desember 2003–juli 2004 • Dagleg leiar i Vågen barnehage August–november 2002 • Dagleg leiar i Bjoa barnehage August 2001–juli 2002 • Lærar på Fjæra skule Januar–juni 2001 • Avdelingsleiar i Fjæra barnehage August 1996–april 1999 • Assistent i Skånevik barnehage August 1995–juli 1996 • Butikkmedarbeidar på Kyrping bensin og daglegvare April 1995–juli 1996 Utdanning • Master i familieterapi og relasjonelt arbeid, Høgskulen på Vestlandet September 2023–d.d. • Familieterapi og relasjonelt arbeid, Høgskulen på Vestlandet September 2021–juni 2023 • EQ-terapeut, EQ INSTITUTTET 2016–2018 • Relasjonspedagog, Relasjonssenteret 2014–2015 • Økonomi i barnehageleiing, BI Norwegian Business School 2007–2008 • Bachelor i førskulelærar, Høgskulen på Vestlandet 1997–2001 Anna • Medlem av Viltutvalet i Etne kommune 2019-d.d • Sauebonde 2012–d.d. • Styremedlem IF Klypetussen 2014–2016 • Styremedlem Hordaland bygdeungdomslag 1994–1996 • Styremedlem Etne bygdeungdomslag 1992–1996 I serien Min CV fortel lokale profilar om eigne vegval og bakgrunn.

2 • 2023

11


Me har KLIKK & HENT

Det du treng til kulda kjem Etne / ope 8-18 (9-15) tlf. 53 77 11 30

bondekompaniet.no

4 SKIPSVERFT MED 6 DOKKER

Omega 365 Design

Riggreparasjon • Skipsreparasjon • Skipsbygging

Karmsund

Tørrdokk: 120x 30x 8,1 meter 2 dypvannskaier for skip

Florø

Dokkhall: 200x 40x 7 meter 1 dypvannskai for skip og rigg

Helgeland

Dokkhall: 97x 25,5x 7 meter Tørrdokk: 120x28x 9 meter 4 dypvannskaier

Ølensvåg

Flytedokk ØD: 76 x 13,25x 6 m Flytedokk WD: 150 x 26.5x 6.8 m 4 dypvannskaier for skip og rigg

westcon.no

12

2 • 2023


Omega 365 Vi er en global kompetansebedrift som leverer løsninger, ekspertise og personell for å effektivisere prosjekter og drift. Bli en del av vårt team!

• Spennende kundeoppdrag • Lokale og nasjonale jobbmuligheter • Sterkt kompetansemiljø • Løsningsorienterte team • Engasjerende arbeidsmiljø • Inspirerende teambuildinger • Fantastiske feriehus • Unikt verferdsprogram

omega365.com/jobs

2 • 2023

13


Det er ikkje alltid det samstemmer med kva me ønskjer, og kva som faktisk er berekraftig. Ivar Halvorsen

Lokale berekraftstudentar — Dette hjelper oss til å forstå kva berekraft betyr, og korleis me kan gjere gode tiltak, både hjå oss og ute hjå kundane, seier dagleg leiar i 5-Pluss, Ivar Halvorsen. Han er ein av mange som denne hausten deltok på kurset «Berekraft i praksis» ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Heile fire tilsette stiller frå 5-Pluss. — Det er fleire grunnar til at dette var eit attraktivt kurs for oss, og du får verkeleg nokre aha-opplevingar. Eg hadde nok førestilt meg at dette handla meir om miljø og natur, men det er eit komplekst og samansett bilete, fortel Halvorsen. — Ordet berekraft kan jo vere litt svevande og uklårt, det er eit stort spørsmål å finne ut kva det inneber for oss og kundane våre. Me er bevisste på at me må lære meir om dette, seier han. Bedrifter lokalt kan no sikre seg kompetanseheving via fleire nyttige HVL-kurs som blir arrangert i samarbeid med Medvind Næringshage og Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF). Først ute er altså det høgaktuelle temaet berekraft. HVL lovar at berekraft-kurset skal gi bedriftene praktisk kunnskap om korleis ein kan jobbe strategisk. Her presenterer kurshaldar Ineke de Rezende verktøy, metodar og modellar som kan brukast for å integrere berekraft. Rezende sjølv er berekraftsleiar i Norconsult og leiar for ressursgruppa Grøn lønnsomhet i Næringsforeningen Haugalandet, i tillegg til at ho underviser hjå HVL. Undervisninga går over to dagar, og ein vel sjølv om ein ynskjer kursbevis eller å ta eksamen mot slutten. Kursdeltakar Halvorsen ser behovet for å vite meir om kva som er ein berekraftig driftsmodell for næringslivet, og ikkje

14

2 • 2023

minst for å forstå kor breitt sjølve omgrepet er. — Dette er jo meir og meir eit krav for alle kundane våre, alle skal rapportere og vise til at dei tar miljø, HMS og berekraft på alvor. Til dømes har alle bønder sin klimakalkulator, me må forstå kor viktig dette er. Og ikkje minst hjelpe dei med tala slik at dei og kan utvikle seg positivt. I landbruket går ein og mykje åleine, noko som igjen kan gå utover drifta og påverke miljø, planter og dyr. — Alle må gjere sine vurderingar på reiser, tidsbruk og kostnadar når dei vurderer nye produkt eller arbeidsområde. Og så må ein sjå på kva miljøtiltak ein kan få til, det handlar om å bli bevisst på heile kjeda, seier Halvorsen. Han legg vekt på at det er viktig å sjå heilskapen, både i bedrifta og hjå dei som jobbar der. — Ein må ha godt arbeidsmiljø slik at folk trivs, og at dei får utvikle seg. Fungerer ikkje dette har ikkje folk det bra elles heller. Det er og ein viktig del av berekraft. Også Anne Fremmersvik, autorisert rekneskapsførar i 5-Pluss, er godt nøgd med kurset. — Det er jo eit stort tema, men det verka interessant, og det


Gjengen i 5-Pluss er godt nøgde med berekraftstudiet, f.v Anne Mathiesen Fremmersvik, Ivar Halvorsen, Haldor Skare og Ingvild Skare.

Kurshaldar Ineke de Rezende t.v. presenterte i berekraftstudiet verktøy, metodar og modellar som kan brukast for å integrere berekraft. Her i triveleg drøs med gjengen frå 5-Pluss.

er eit område eg ønskte å heve kompetansen på. Eg ønskte å finne ut kva og korleis me kan bidra meir for berekraft som privatpersonar, selskap og samarbeidspartnar for kundane våre, fortel ho. Kundane til 5-Pluss er små og mellomstore bedrifter i heile regionen. Ofte ser Halvorsen at spesielt familiebedrifter står framfor ein del vanskelege val. — Når neste generasjon skal bestemme seg er det fleire faktorar som speler inn, enten det er ei bedrift eller ein gard som skal førast vidare. Det viktigaste er uansett å ha interesse for det ein skal halde på med. Det er ikkje alltid desse overføringane til neste ledd er så berekraftige, seier Halvorsen. Han snakkar om å våge å ta på seg «miljøbriller», for å sjå om drifta er så berekraftig som ein ynskjer. — Det kan handle om forbruk, bruk av papir, køyring og reising. For vår del handlar det kanskje ofte om at me prioriterer å møte kunden ansikt til ansikt, somme gonger er det så stor verdi i det at ein vel å reise sjølv om ein kunne tatt det på Teams. — Det er ikkje alltid det samstemmer med kva me ønskjer, og kva som faktisk er berekraftig, avsluttar Halvorsen.

2 • 2023

15


–Viktig kompetanse Berekraftstudiet er berre starten på ei rekkje med kurs som Høgskolen på Vestlandet arrangerer lokalt i Vindafjord framover.

Framover kan ein ta kursa Prosjektleiing i praksis, Business English, Berekraft, lønnsemd og digitalisering, Endringsleiing og Strategisk leiing. Våren 2025 kan ein også delta på kurs i prosjektplanlegging for leverandørindustrien, modellering og analyse med Excel/Power BI, og same hausten kan ein få med seg kommunikasjon og forhandlingsforståing, for å nemne noko. — Desse studia er tilpassa folk i arbeid som ønskjer å få nytte av faga i eigen arbeidskvardag. Hovudoverskrifta for kursrekka er «leiing og forretningsutvikling», men dette er ikkje berre for leiarar. Det er også relevant for medarbeidarar innan administrasjon, økonomi, marknadsføring, prosjektpersonell og mange andre ressursar i bedriftene. Det faglege innhaldet og den praktiske gjennomføringa er tilpassa folk i arbeid, i ei rekkje ulike stillingar, der ein får naudsynt kompetanse for ei heil rekkje bedrifter, seier Aakra og skryt av samarbeidet med HVL. —Det er veldig kjekt å sjå at høgskulen er så aktive inn mot næringslivet. Eg meiner at skular og utdanningsinstitusjonar har eit stort potensiale i samarbeid. Kva tilbakemeldingar har de fått frå oppstarten på berekraftstudiet? —Veldig bra. Fleire deltakarar, inkludert meg sjølv, har vore usikre på korleis ein skal gripe an dette med «berekraft». Det er eit så uendeleg stort tema som kan verka vanskeleg å få grep om. Berekraft vil vera så avgjerande for utviklinga av næringslivet framover, men det er ei stor utfordring å faktisk forankra dette i praksis, særleg i mindre bedrifter. For mange som deltok var utgangspunktet det same; berekraft er svevande og vanskeleg å få tak på. Her fekk me ei praktisk tilnærming, som har bidrege til å ufarleggjera tematikken, samstundes som fleire har fått ei forståing av korleis dette kan innarbeidast i kvar si verksemd. — Ineke de Rezende har vore ein utruleg dyktig lærar som skjønar utfordringa med å forstå berekraftsperspektivet og korleis ein skal gjere om teori til praksis i næringslivet. Eg er veldig glad for at kurset også er sett opp på planen i 2025, sidan dette er noko fleire bør få med seg. Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland og Kristian Risanger

16

2 • 2023

Treng du hjelp til å ta vare på huden din?

Min kompetanse og kunnskap gir deg tryggleik og kvalitet. Bestill ein konsultasjonstime hjå meg, der du får rettleiing om dei beste produkta og behandlingane for din hud. Informasjon om prisar og behandlingar finn du på nettsida: etnehudhelseklinikk.no Klem Nina

Hudsjukepleiar Etne Hudhelseklinikk, Haugen, Etne mob 911 13 304 • hei@ninakristinhaugen.no etnehudhelseklinikk

etnehudhelseklinikk

God mat God stemning Kvalitet til kvardag og fest ® ®

®

Omega 365 Design / Foto: Istoria

— Næringslivet i Vindafjord har lenge hatt sterkt fokus på å legge til rette for kompetanseheving lokalt, både gjennom Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF) og Medvind Næringshage. Det er viktig at lokale bedrifter og deira medarbeidarar får tilgang til kompetanse, og at dette kan gjerast på ein god og tilpassa måte, seier dagleg leiar i Medvind24, Dagleg leiar i Medvind Næringshage, Kari Aakra. Kari Aakra. Difor meiner ho også at det er viktig at tilbodet er lokalt, lett tilgjengeleg og tilrettelagt for næringslivet. — Ein svært viktig fordel med dette er at det ikkje berre legg grunnlag for meir kunnskap, men også nettverksbygging. Bedrifter lærer av kvarandre gjennom felles kompetanseheving og erfaringsoverføring, og plutseleg finn dei saman i felles utfordringar, eller samarbeider om nye løysingar, tenester eller prosessar, meiner Aakra.

n du Nå ka time bestille e på direkt a mi. nettsid


Etne Siren Haugland Gundersen

Siri Tungesvik Vestbø

Randi Steinsland

Grethe Solheim

Elin Hegerland Hjelvik

Ølen Lars Olav Larsen

Skjold Wenche Helen Søndenå

Marit Synnøve Frantsen

Tid til en kaffe og en drøs om din økonomi? Våre rådgivere i Vindafjord og Etne tar gjerne en samtale om sparing, råd og forsikring. Av oss får du skreddersydde råd om hvordan du kan bedre din økonomiske situasjon. Kom innom din lokale filial eller ring oss på 52 70 50 00. Vi serverer kaffe og gode råd.

Lokal, nær og personlig haugesund-sparebank.no

2 • 2023

17


Ingeniør med in

Ole Strømø meiner alt kan løysast. Han brenn for å skapa moglegheiter for både kundar, teamet og folk som treng ein ekstra sjanse i arbeidslivet.

Han veit kva hus og heim betyr for oss. Sjølv er Ole Strømø (61) mest opptatt av folk.

18

2 • 2023

— Korleis har du det heime? — Hehe! Ganske vanleg, vil eg seia. Mange trur kanskje me skiftar ut heile vegen, men me har det som folk flest, ganske tradisjonell stil. Som drivar av både Princess og Møbelringen i Etne, har Ole Strømø hektiske dagar. Begge butikkar held til på Etne senter, som Ole var med og tok initiativ til. Arbeidsdagane kan vera lange, men gode. Når Ole møter Tempo, går detaljhandelen inn i den travlaste tida i året. Mot høgtidene skjer det mykje. Hytter og heimar skal klargjerast. Gåver skal kjøpast inn. Pynten skal opp, bord dekkjast.

Ole har klemt inn avtalen med Tempo etter at arbeidet har hopt seg opp. Han har nettopp vore nokre dagar på sjukehuset. Sidan 1995 har han vore innom der med jamne mellomrom. Det kjem me tilbake til. Nå snakkar han om heimane våre. — Faktisk er det dei varene me sel mest av, me også har heime sjølv. — Og kva kjøper folk? — Nå kjem det mange flotte funkishus, der folk vil ha litt strammare stilar. Men me sel nok mest tradisjonelle møblar på Møbelringen. Det er der kjeda vår er best, seier Ole. Heime må sengene må vera gode, fordi det er «det viktigaste møbelet me har». Elles er ikkje supermoderne interiørtrendar


Portrettet

teriør FA K TA Ole Strømø (61) • Bur i Etne • Bachelor i elektroingeniør og fagbrev i butikkfag • Dagleg leiar i Møbelringen og Princess, begge på Etne senter • Ein av initiativtakarane bak Etne senter, som opna i 2007 • Gift med Tone Lise sidan 1991 • Tre vaksne barn som bur i Stavanger

særleg tydelege hjå familien Strømø. — Snikkaren har vel alltid nokre lause lister heime? Kunnskapen om møblar sit i ryggmargen. Ole er son av møbeltapetserar Karsten, som starta møbelbutikk i kjellaren heime for nesten 70 år sidan. Ole var tidleg med. Etter kvart gjekk butikken over på vidaresal, og møblar skulle monterast og fraktast. Det var kjekt å vera med, skru på møblar, tena eigne pengar. Etter kvart tok Ole ein annan veg. Ikkje alle veit at møbelsjefen også er ingeniør. Med bachelor i elektroautomasjon ville Ole til Nordsjøen. Med Stavanger som base, fekk han ni fine år offshore. — Det var kjempespennande, eg reiste verda rundt.

Det var ikkje planen at eg skulle slutta i ein så kjekk og interessant jobb, seier Ole. Ei arbeidsulukke i 1995 fekk store konsekvensar. Det var såpass alvorleg at han mista offshoresertifikatet. Komplikasjonane gjorde at Ole ikkje kunne reisa ut til Nordsjøen meir. Likevel kallar Ole seg heldig. Han bruker ikkje ordet «problem», fordi alt kan løysast. — Eg kunne likegodt ikkje overlevd. I beste fall kunne eg ha vore lam. I staden har eg skader eg har kunna leva med. Totalt sett var eg kjempeheldig, sjølv om det som skjedde var uflaks, utdjupar Ole. Hendinga framskunda overtakinga av møbelbutikken. Han

2 • 2023

19


hadde mest sannsynleg overtatt seinare uansett. Tidleg i 1997 var butikken hans, og same år blei dei del av Møbelringen. Arbeidserfaringa frå Nordsjøen har vore verdifull i denne bransjen også. Ole peikar særleg på evna til samarbeid, der alle drar i same retning. Det å kunna styra ei gruppe på positiv måte, har han også frå offshore-tida. — Det har absolutt hjelpt meg med den jobben eg har i dag, seier han. Det er klart, ulukka for nesten 30 år sidan kan prega nokre av dagane. Då er han opptatt av å yta, sjølv om det ikkje er hundre prosent. — Du kan gjera ein god jobb viss du vil, meiner Ole. Nokre dagar seier det stopp. Då stiller teamet opp. — Eg har ein gjeng tilsette som er fantastiske, som veit litt om det eg har vore gjennom. Dei syr saman dei dagane eg ikkje kan gå på jobb. Alt handlar om å prøva å gjera det beste ut av situasjonen, seier Ole. Dersom det ikkje har kome fram ennå, stemmer mistanken: Ole er grunnleggjande optimist. — Eg trur det er noko eg har hatt med meg i alle år. Eg var slik før ulukka også. Det er viktig at du i det daglege livet kan snu på ting og heller sjå det positive du kan få ut av ting, moglegheiter og kva du kan klara. Jobben eller oppdraget kan vera utfordrande, men Ole vil heller snakka om at «her får me verkeleg bryna oss, og me få setja alle klutar til». — I staden for dette blir eit ork, snur du på det og tenkjer meir kreativt, seier Ole. Det tilseier iallfall all erfaring. Som snart 61-åring ser han at dei positive brillene funkar. — Jo eldre me blir, jo meir erfaring får me. Erfaring kan ein ikkje utdanna seg til, det er noko me må få over tid. Det er ein av dei største fordelane ved å bli eldre.

20

2 • 2023

Brei kunnskap, erfaring og evne til samarbeid, er noko av det han ser etter hos andre også. — Det er ingen hos oss som berre gjer éin ting – me må kunna litt av alt, seier Ole. Sjølv om éin person er hovudsakleg sjåfør og tar mesteparten av leveransar til kundar, er det viktig å kunna vera med på alle moglege ting. Den på lageret, som også har ansvar for reklamasjonar, er óg med på det som skjer i butikk. I butikken har folk gjerne ulike ansvarsområde, som småvarer, lampar eller tepper, men kan også finna varer på lageret. — Det er kanskje ikkje du som er best på akkurat det, men du kan hjelpa kunden likevel. Du opparbeider deg ein viss kompetanse med erfaring, seier Ole. Han er opptatt av læra undervegs og av eit utfyllande team. Ole er klar på éin ting: — Eg er ikkje best på interiør! Eg er absolutt ikkje den som er flinkast, og lenar meg fullt og heilt på andre, seier Ole. — Me jobbar som eitt team. Når me gjer innreiingsjobb, er me gjerne 2-3 som jobbar ilag, for å få det best mogleg, seier han. Gjennom jobben har Ole innblikk hus, hytter og leilegheiter i regionen. Møbelringen Etne tilbyr interiørkonsultasjon, der dei gjer heile innreiingsjobben. Då endrar huset seg frå eit tomt skal, til ein stad folk kan flytta rett inn. Alt frå lampar og møblar til bestikk er på plass. — Kva seier heimen om dei som bur der? — Du får eit inntrykk når dei handlar, om korleis folk har det heime. Ofte har dei med teikningar eller bilete. — Med ein del folk som kjem inn, veit du med éin gong kva modell du skal visa, seier Ole. Det handlar ikkje om korleis folk ser ut, men signala dei gir. — Jobben vår er å finna kva dei er på jakt etter. Då kan du snevra det inn til eit lite område om du har gjort ein god jobb i forkant, seier Ole.


— Me nordmenn er glade i heimane våre. Me tilbringer mykje tid heime. Det er kjekt å kunna vera med å bidra til at folk blir nøgde med det dei får heim, seier han. Ein annan ting han vil bidra med, er å ta samfunnsansvar som arbeidsgjevar. I Møbelringen Etne har det i mange år vore mogleg å få den ekstra sjansen. Alt nokon treng iblant, er nettopp det. Ole brenn for å skapa moglegheiter for folk, uansett kva utfordringar dei kan ha. Han har sett på nært hald kva meistring kan gjera med eit menneske, spesielt unge. Det kan gjera så mykje at foreldre har takka i etterkant. Ungdommen deira har blitt ny. — Det er ikkje alle som er like gode teoretisk, men som treng erfaring med å skru og gjera fysisk arbeid. Den meistringa gjer at dei kan bli betre i skulearbeidet også. Dei får meir å gi på skulen, seier Ole. I byrjinga startar ein forsiktig. Etter kvart som ein kjenner seg tryggare og oppgåvene gir meistring, blir utfordringane større. Det er der i det spennet folk veks. Når ungdommen kjem tilbake på skulen, er tilbakemeldinga at dei trivst betre i klasserommet. Ny kunnskap kan dryppa over på andre område. Plutseleg kjem motivasjonen. — Fleire av desse ungdommane er vaksne i dag, og har etablert seg med gode jobbar. Det er fantastisk å sjå. Det er vanvittig givande når folk som har slite med ting, kan blomstra og komma seg vidare på ein positiv og god måte, utdjupar han. Stemma får ein knekk. — Eg blir heilt rørt når eg snakkar om dette her, eg har så

mange gode opplevingar. — Me har hatt inne personar som nesten ikkje har vågt å sjå på deg, og grudd seg til å komma. Etter å ha vore her nokre år, har dei fått ein sjølvtillit som kanskje er høgare enn din eigen, seier Ole. Heile teamet er positive. Alle bidreg. — Dette er noko me gjer ilag. Saman hjelper me dei i gang, og blir med og byggjer dei opp, seier Ole. Kva ressursar som bur i folk, kan avdekkjast når dei får tid. Det kan vera krevjande, men alltid verdt investeringa. — Etter kvart får ein igjen. Då vil den personen yta tilbake. Me er jo alle sånn, me kan ikkje alt i ein ny jobb. Det vil gå litt ei tid før ein er produktiv, seier Ole. — Kan me dra nokre linjer frå di eiga ulukke til dette engasjementet? — Eg har sjølvsagt med meg dei erfaringane eg har, seier Ole. Han hadde kanskje ikkje trengt å vera i arbeid, men: — Det gir meg så mykje å gå på jobb. Det er heilt tydeleg. Dagane på Etne senter kan vera lange, men gode. I tillegg bur han fem minutt frå jobben. — Eit tveegga sverd? — Joda, det er lett å dra ned ei kveldsstund. Det er plussar og minusar, men det er det med alt, resonnerer Ole. Han ombestemmer seg. Optimisten skjer gjennom: — Eigentleg er det berre eit pluss. Tekst: Hanna Maria van Zijp Foto: Kristian Risanger

2 • 2023

21


Utbjoa Sveis UtbjoaArmering Armering ogog Sveis AS AS Utbjoa Industriområde Saltnesvegen 25, 5584 Bjoa Telefon +47 950 68 249 terje@armeringogsveis.no www.armeringogsveis.no www.armeringogsveis.no www.armeringogsveis.no Utbjoa Armering og Sveis AS Utbjoa Industriområde Utbjoa Industriområde SaltnesvegenSaltnesvegen 25, 5584 Bjoa 25, 5584 Bjoa Telefon +47 950 68 249 Telefon +47 950 68 249 terje@armeringogsveis.no terje@armeringogsveis.no

Åpningtider Åpningtider Mandag-fredag Mandag-fredag

Mandag-fredag

CELSA Service produserer og selger høykvalitets armeringsprodukter CELSA SteelSteel Service produserer og selger høykvalitets armeringsprodukter og og tjenester til norsk byggenæring. produksjonssteder tjenester til norsk byggenæring. Våre Våre produksjonssteder i Oslo, Drammen, Kristiansand, Bergen, Ålesund, Trondheim og Tromsø ligger i Oslo, Drammen, Kristiansand, Bergen, Ålesund, Trondheim og Tromsø ligger nær nær kundene i de mest aktive og befolkede områdene i Norge. kundene i de mest aktive og befolkede områdene i Norge. · Concept: JS Media Tools A/S · 112211 · www.jsnorge.no

07–21

CELSA leverer armeringsløsninger og tjenester som dine gjør dine prosjekter mer effektive CELSA leverer armeringsløsninger og tjenester som gjør prosjekter mer effektive og bærekraftige. eksperter hjelper å velge de mest konkurransedyktige og bærekraftige. Våre Våre eksperter hjelper deg ådeg velge de mest konkurransedyktige armeringsløsningene for fremtidens armeringsløsningene for fremtidens bygg.bygg.

Omega 365 Design

07–21

CELSA CELSA –– BÆREKRAFT FRA NORGEÅpningtider BÆREKRAFT FRA NORGE

· Concept: JS Media Tools A/S · 112211 · www.jsnorge.no

Åpningtider Mandag-fredag

· Concept: JS Media Tools A/S · 112211 · www.jsnorge.no

07:00–15:30 07–21

sving neom då vel!

CELSA Steel Service produserer og selger høykvalitets armeringsprodukter og tjenester til norsk byggenæring. Våre produksjonssteder i Oslo, Drammen, Kristiansand, Bergen, Ålesund, Trondheim og Tromsø ligger nær kundene i de mest aktive og befolkede områdene i Norge.

CELSA leverer armeringsløsninger og tjenester som gjør dine prosjekter mer effektive og bærekraftige. Våre eksperter hjelper deg å velge de mest konkurransedyktige armeringsløsningene for fremtidens bygg.

CELSA – Åpent kvardagar BÆREKRAFT FRAalle NORGE

kl. 08:00-16:00

CELSA Steel Service produserer og selger høykvalitets armeringsprodukter og tjenester til norsk byggenæring. Våre produksjonssteder i Oslo, Drammen, Kristiansand, Bergen, Ålesund, Trondheim og Tromsø ligger nær kundene i de mest aktive og befolkede områdene i Norge. CELSA leverer armeringsløsninger og tjenester som gjør dine prosjekter mer effektive og bærekraftige. Våre eksperter hjelper deg å velge de mest konkurransedyktige armeringsløsningene for fremtidens bygg.

Etne Bilservice

22

2 • 2023

post@etnebilservice.no

53 75 60 65

Tongane 65

5590 ETNE

etnebilservice.no

· Concept: JS Media Tools A/S · 112211 · www.jsnorge.no

Me vøle alt,

CELSA – BÆREKRAFT FRA NORGE


Bo med komfort

Finn ditt nye hjem i Mulagata! Opplev en fantastisk sjøutsikt og flotte fellesområder med ideell beliggenhet, som ligger i gåavstand til det meste i Ølen sentrum. Leiligheter med 1-3 soverom

Parkering inkludert bod

Muligheter for elbillading

Caroline Høyvik Holmstrøm

Design: Omega 365 Design

Kommer for salg våren 2024 M: 99 10 40 50 / E: caroline.holmstrom@em1sr.no

EiendomsMegler 1

2 • 2023

23


Bedriftsprofil

Aldri utlært Som dagleg leiar i Utbjoa Armering og Sveis, er Terje Kristiansen alltid på jakt etter ny kunnskap som kan utvikla bedrifta.

Terje Kristiansen har drive Utbjoa Armering og Sveis i 15 år. Nå skal den tradisjonsrike bedrifta bli Lean. Ei sterk drivkraft er konstant læring og utvikling.

Terje Kristiansen sit på møterommet til Utbjoa Armering og Sveis og snakkar om orden. Dette året har Kristiansen vore på det han kallar to-dagarsskule i andre bedrifter. — Me plukkar idear frå andre store bedrifter, og prøver å læra av dei beste, seier Kristiansen. Sveisebedrifta skal nemleg bli Lean, altså få meir straumlinjeforma produksjon med høgast mogleg kundeverdi. I programmet bedrifta er med på, skal dei saman finna den beste måten å produsera på. Etter å ha studert beste praksis hjå andre bedrifter, skal produksjonsteamet testa optimal flyt i hallane på Utbjoa. Dei skal merka soner med tape og fargar, og organisera produksjonen slik dei meiner blir mest effektivt. — Då skal me prøva å knipa marginane, seier Kristiansen. Utbjoa Armering og Sveis ligg rett ved ferjekaien. Ikkje alle veit at dei er marknadsleiande på sine nisjeprodukt. Rundt 70 prosent av leveransane er prefabrikerte botnmatter og topplater. Dei lagar dessutan armeringsringar til røyr og kummar. Resten er spesialtilpassa kapp og bøy til byggjeprosjekt.

24

2 • 2023


Inge Fatland og Øystein Matre er begge oppgitt over at ein ikkje har akseptabel vegstandard på E134. No etterlyser dei konkrete tiltak, både lokalt på Bakka-Solheim, og når det gjeld Seljestad-tunnel. Her står dei på Rødne i Ølen, også her er vegen utan gul stripe.

2 • 2023

25


Utbjoa Armering og Sveis sel både spesialtilpassa metallprodukt på bestilling og standardvarer til infrastrukturprosjekt. Sistnemnte utgjer 70 prosent av leveransane.

Det har vore ein suksess. Tre gonger har bedrifta blitt gasellebedrift i Dagens Næringsliv si oversikt. — Me har vore veldig heldige fordi me har mykje levering til veg og anlegg som kummar og røyr, seier Kristiansen. Men det er jo ikkje flaks som har gjort at dei har lukkast på Utbjoa? Han legg til: — Det er langsiktig bygging stein på stein. Me har bygt økonomien i selskapet for å vera rusta for svingingane. Me har hatt is i magen og durt på med det me kan, seier Kristiansen. Pengebruken er forsiktig, for å seia det forsiktig. Finanskrise, koronakrise og energikrise har vore ein god skule innan økonomi. — Eg har vel ikkje tatt ut ei krone i selskapet. Overskotet er vidare investert for å sikra arbeidsplassar, seier Kristiansen. Under Kristiansen ved roret har Utbjoa Armering og Sveis blitt noko anna enn den faren starta i 2000. Sidan Kristiansen tok over i 2008, har han ikkje sete stilt i båten. Den tradisjonelle sveisebedrifta har blitt profesjonalisert, digitalisert og sertifisert. Dessutan har sveisebedrifta høgt HMS-nivå, fortel Kristiansen. Målet er å vera i forkant. — Eg overtok eit gründerselskap drive på gammal måte med papir og blyant, seier han. Nå er leiinga styrka med ein ingeniør som formann og ein økonom på HR og HMS. Dei har knytt til seg sveisekoordinator som utstedar sertifikat. Sist ut er altså Lean-prosjektet. Ei sterk drivkraft er konstant læring og utvikling. — Det blir som ein forbetringsleiarskule, pluss at eg er med i eit Lean-forum der alle deler kunnskap, seier Kristiansen. — Ein må finna dei beste folka til å vera med å byggja selskapet, seier Kristiansen. For Kristiansen er det viktig å driva kunnskapsutvikling for seg sjølv og heile bedrifta. Før han tok over for femten år sidan, var Kristiansen jamleg med i drifta. Han vikarierte eit år som dagleg leiar. Undervegs har han jobba i Westcon og Sabb Motorfabrikk i Bergen. Han har dessutan vore innleigd til Ølen Betong i ny og ne. Kristiansen har også tre års erfaring frå militæret. Fagleg bakgrunn er mekanisk. Sveisen har han frå skulegang og kursing i militæret. — Langsiktig læring er viktig for meg. Eg jobbar eigentleg dag og natt med å sjå framover. Eg kartlegg marknaden, ser at det og det kjem. Så utviklar me ting i forkant, seier Kristiansen.

26

2 • 2023

— Folk tar mastergrad i dette her, korleis har du blitt så god på bedriftsleiing? Han drar litt på det. Han meiner han lærer mest med å studera andre, og jobba saman dei. Det kan vera leiarar i større bedrifter. Eller familie. Faren, med kallenamnet Petter Smart, er ein av dei. — Eg står veldig nær far min. Både han og eg har gjort mykje. Han er altmoglegmann, og kan alt frå bygging til lastebilfrakt til mekanisk, seier Kristiansen. Med brei, djup kunnskap som ideal, er det kanskje ikkje så rart at Kristiansen ser talent andre stader enn den kanskje mest tydelege. Han jobbar ikkje med lærlingar ennå, men det manglar ikkje unge folk i Utbjoa Armering og Sveis. Nokon kjem inn via NAV. Kristiansen har hjarte for «dei som sit bakarst på skulebenken», som han seier. Det kan vera unge som treng ein ny sjanse til å prøva seg. Det kan vera krevjande for ei bedrift, men Kristiansen er ikkje redd for å investera i folk som vil noko. — Dei kjem hit og får opplæring hjå oss. Då har dei blomstra og blitt veldig flinke. Det tar tid, men når dei er i gang, er dei gjerne mest lojale og blir lengst, skryt Kristiansen. Kollegaen på HR set opp ein plan når dei blir tilsette. Då går dei gjennom eit halvdagskurs med reglar, prosedyrar og alt dei skal kunna, fortel Kristiansen. Så startar det faglege. — Det er viktig å la dei utfolda seg, prøva ting og utvikla gode idear. Kanskje dei kjem med gode idear me ikkje har tenkt på før, forklarer han. Utbjoa Armering og Sveis ser etter ordensfolk. Kristiansen vil ha orden i sysakene. — Og så ser eg etter folk som vil vera med og vidareutvikla bedrifta, folk er som opne og viljuge til å dela ideane sine. Kristiansen ser dessutan etter folk som vil læra, og som kan vera med på mykje. Det er viktig å handtera ulike ting i ei lita bedrift. — Eg har jo tatt inn ein som var økonom. Han hadde ikkje peiling på sveis, men nå er fullt utlært og oppegåande i produksjon også, seier han. — Kva med deg, kjem du til å kalla deg utlært nokon gong? — Nei. Tekst og foto: Hanna Maria van Zijp


L E A N P R O S E S S E N • Kundeverdi: For best mogleg resultat må bedrifta forstå kven kunden er, og forstå kva som faktisk skapar verdi. Det betyr å produsera det som er naudsynt • Skapa flyt: I ei Lean-bedrift flyt verdikjeden ei smidig, jamn rørsle utan mange stopp, utan at ting må gjerast om igjen. • Læring: God kvalitet i verksemda kjem av at kunnskapen ikkje berre sit hjå einskildpersonar, men i bedrifta. Lean-metodikken skapar eit system for dette. Kjelde: NITO – Norges ingeniørog teknologorganisasjon

Etne Betong tilbyr: Strukturblokker for støttemur Ferdige blokker for muring i sjø Tilbehør til forskaling/støyping Ferdigbetong med renne-/pumpebil Ta kontakt for pristilbod!

Tongane 71, 5590 Etne, tlf 53 75 67 12 • post@etnebetong.no

www.etnebetong.no

Mat for alle anledninger

Sjekk vår nettside for aktuelle tilbud cateringpartner.no

Tlf. 53 77 50 32

2 • 2023

27


Eviny Breiband blir ein del av Enivest! Vi har framleis den same lokale bemanninga og lokale kundeservicen.

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Hanna Maria van Zijp

Les meir på enivest.no/tysnes-etne 28

2 • 2023

Nett der du er


Heimefrå, men ikkje åleine! Lundeneset VGS er en kristen internatskole i Ølensvåg. Vi tilbyr - IT og medieproduksjon - Salg, service og reiseliv - Studiespesialisering - Påbygging til generell studiekompetanse I tillegg til en god skolegang gir vi deg et trygt miljø, varierte fritidstilbud og venner for livet! Les mer om oss på www.lvs.no

2023-10-20 tempo halvise.indd 1

20.10.2023 10:42:39

Treng du litt medvind i kvardagen? Me har ledige kontorplassar i Ølensvåg, Sandeid, Etne og Skjold.

Stikk innom eller kontakt oss på post@medvind24.no medvind24.no

2 • 2023

29


30

2 • 2023


Avbrekket

Golfsimulatoren i Skånevik Kameratgjengen hadde ikkje nokon stad å spela golf. I ekte Skånevik-dugnadsand laga dei like godt den første golfsimulatoren i regionen.

Etter å ha tatt golfkurs saman i 2015, sakna kameratgjengen ein stad å halda spelet i gang. — Golf er jo ein sport, det trengst trening og kontinuitet. Me merka at me byrja på nytt og på nytt. Så byrja me å tenkja på kva me kan få til i Skånevik, seier Jon Helge Arefjord.

Jon Helge Arefjord, Torleiv Sydnes og Torkel Evenseth vil gjera golfen tilgjengeleg for hyttefolk og fastbuande i Etne og Vindafjord.

Han er med i primus motor-trioen saman med Torleiv Sydnes og Torkel Evenseth. Med nærmaste golfbane i Haugesund og Sauda, kom ideen om ein simulator lokalt. Det er eigentleg ein måte å trena innandørs på i haust- og vintermånadene. I ein golfsimulator slår spelaren mot eit lerret som projiserer ein virtuell golfbane. Simulatoren måler lengd, kurve og fart i slaget for å anslå kor ballen hamnar. Spelaren slår seg gjennom «banen» på vanleg måte – sjølv om hen står på same stad. Jon Helge, Torleiv og Torkel har realisert prosjektet med dugnadstimar, eiga finansiering og tilskot fra Skånevik bygdeutviklingslag. Nyleg opna simulatoren i garasjebygget bak Skånevik kultur- og idrettshall. Teknisk utstyr er kjøpt brukt av Haugesund golfklubb. — Éin ting var at me ville ha det. Kanskje bygdefolket er interessert, seier Torkel. Det stemte. Før opning har golfentusiastane allereie fått ein del telefonar via jungeltelegrafen. Interessa er stor frå folk i både Etne og Vindafjord kommunar. Golfsimulatoren opna i samband med julemarknaden, som blir arrangert i idrettshallen kvart år. Nettside og Vipps er på plass. Førebels er tilbodet medlemsbasert. Og for å bli medlem, må ein ha hatt teknisk gjennomgang og introduksjonskurset «Vegen til golf». — Alle har tilgang, men det må vera gjennom eit medlemskap, forklarar Jon Helge. Det betyr at dersom dei som sjølv ikkje er betalande medlem, allierer seg med eit medlem som loggar inn og bookar tid. Deretter er det berre å vippsa beløpet. I byrjinga må det admini-

Golfsporten har hatt status som fisefin, men kven som helst kan spela.

Jon Helge Arefjord

strative testast og justerast for å finna ut kva som fungerer best for fastbuande, gjester og hyttefolk, seier trioen. Drivkrafta er å gjera noko for bygda. Golf er ein folkesport, noko mange ikkje kjem på. Tilgang på golf er god folkehelse, seier dei. Dessutan kan brukt golfutstyr kjøpast rimeleg. — Golfsporten har hatt status som fisefin, men kven som helst kan spela. Det er knallgøy då, det er det ingen tvil om, seier Jon Helge. — Me tenkjer stort for bygda. Det er ei dugnadsbygd, det her, supplerer Torkel. — Det er noko spesielt med Skånevik, seier Torleiv. — Anten er det utebasseng diskgolf eller golfsimulator, er det aldri noko problem å få folk med. Folk er ikkje redde for å ta i eit tak, legg han til. — I sum er det med på å gjera bygda endå meir attraktiv, skyt Torkel inn. Nå søkjer dei fleire sponsorar frå næringslivet. Målet er å vidareutvikla tilbodet, og oppdatera teknisk utstyr når tida er moden. Fleire bedrifter er allereie med på laget. Modellane for sponsorat er ikkje fastlagte – det kan vera bedriftsturneringar, spesialprisar for tilsette eller andre ordningar, freistar gjengen. — Her er rom for påverking, me er opne, seier Torkel. — Helse og golf heng tett saman, så her er moglegheiter også for kommunen, seier Torleiv. Tekst: Hanna Maria van Zijp Foto: Kristian Risanger

2 • 2023

31


Vi pusser opp! Berge Hus og Berge Hytta – men fortsatt Berge Sag! Berge Sag har altså ambisjoner om å vokse som leverandør og utbygger av både hytter og hus, ikke bare lokalt, men i større deler av landet. Vi er de samme kjekke og flinke folkene – i ny drakt.

Berge Sag er Haugalandets ledende boligog hytteleverandør, og er blant de største hytteleverandørene i landet. I over 100 år har vi levert boliger og hytter til det norske folk, og fornyet utallige hjem. Vår lange historie strekker seg tilbake til 1888, da familiebedriften ble etablert i Ølensvåg. Hovedkontoret er fortsatt i Ølensvåg, med flere avdelinger rundt i landet hvor Haugesund

med salg av hus, hytter og leiligheter er den største. Berge Sag Gruppen består i dag av om lag 220 erfarne ansatte, fordelt på ulike selskap spredt over Sør-Norge. Vi jobber med tomteutvikling, bolig- og hyttebygging, bygg fornyelse av bolig og næring, nye næringsbygg, samt handel av byggevarer. Gruppen omsatte for om lag 940 millioner kroner i 2022.

www.bergesag.no 32

2 • 2023


Omega 365 Design • Foto: Bodil Imsland

Opplev vinteren i

VakreVindafjord Turistinformasjonen: Telefon 48 25 85 58, Haukelivegen 722, 5580 Ølen Sjekk ut våre opplevingar på nettsida: vindafjord.kommune.no/vakre-vindafjord/opplev-vindafjord

vindafjord.kommune.no

2 • 2023

33


I’m not a robot

34

2 • 2023


— Må ut av kommunehuset Dei nytilsette kommunalsjefane i Etne og Vindafjord kommune, Åsmund Andersen Sekse og Halfdan Krohn-Brekke er samde om mykje. Ikkje minst at dei ynskjer tett kontakt med næringslivet. Sekse har jobba som kommunalsjef utvikling og drift i Etne kommune vel halvanna år. Harding som han er, pendlar han inn til den nye jobben. Han har fått eit godt inntrykk av både næringsliv, innbyggjarar og kommune. — Eg var jo godt kjent med offentleg forvalting frå før, sidan eg hadde jobba i fylke og stat. Men i ein kommune er ein mykje

to bedrifter i månaden. Skal ein berre sitje på administrasjonsbygget får ein ikkje med seg pulsen i kva som skjer, nei – ein må kome seg ut, slår han fast. I nabokommunen, Vindafjord, sit også ein nokså fersk kommunalsjef, Halfdan Krohn-Brekke. Han er også glad for alle telefonar han får frå næringslivet, men tar gjerne imot fleire. — Det er fantastisk mykje god kompetanse i Vindafjord, og me skal legge til rette for at næringslivet klarer å vekse. Den «driven» me finn her i kommunen er spesiell og utan sidestykke, så det er heilt naturleg at næringslivet gjerne vil at ting skal gå endå fortare, men det er avgrensingar som me i kommunen må ta omsyn til. — Vår jobb er å sikre næringslivet gode rammevilkår, og det er kjempeviktig. Krohn Brekke kom frå stillinga som konstituert kommersiell direktør i BATE boligbyggerlag. Frå tidlegare har han også erfaring frå Haugesund kommune som samhandsamar, rådgjevar og fagleiar for eining for byutvikling. No får han ansvar for teknisk sektor, kultur og reinhald i kommunen. Både Krohn-Brekke og Sekse løftar fram behovet for å alltid ha ledig næringsareal klart, og for å legge til rette for nyetableringar samstundes som ein tar vare på eksisterande næringsliv. — Attraktive næringstomter er viktig, og me må ha tomter der næringslivet vil etablere seg samstundes som det er mogleg å gjennomføre, seier Krohn-Brekke og viser til at Ølen Næringspark på Nærheim og området på Knapphus til dømes har vore ein suksess. I Etne satsar dei no på eit nytt næringsområde. — Me har no sterke ambisjonar om å få til eit godt næringsareal på Fikse, det er attraktive tomter som ligg tett på E134. Det er framleis for tidleg å seie noko om kven som vil etablere seg her, men me har hatt ute ein del kartleggingar for å høyre kven det kunne ha passa for, seier Sekse og legg til at kommunedirektøren har levert eit ambisiøst investeringsbudsjett, som politikarane vil få til behandling i midten av desember.

Halfdan Krohn-Brekke (t.v) og Åsmund Andersen Sekse er nye kommunalsjefar i Vindfjord og Etne kommune.

tettare på dei som arbeidet vårt gjeld. Her er mange moglegheiter for å skape utvikling i næringslivet, eg tenkjer det offentlege skal vere ein tilretteleggjar, kanskje meir enn ein pådrivar, seier Sekse. Sekse er soleklar på at ein må lytte til næringslivet for å få kunnskap om kva som rører seg i næringane, og for å skape resultat. — Det er viktig å vere på lag med næringslivet, og forstå kva dei vil. Me skal hjelpe dei til å realisere sine planar, og sjå kva som eg mogleg å få til. Likevel må me jo berre anerkjenne at handlingsrommet somme gonger kan virke smalt, det er mange lovar og reglar ein skal forhalda seg til. — Eg likar meg godt ute på bedriftsbesøk, då kjem det ofte gode innspel frå næringslivet. Me får som regel med oss ei eller

Halfdan Krohn-Brekke ser og stor nytteverdi av å reise ut på bedriftsbesøk for å få vite meir om kva deira utfordringar er framover. — Sidan eg starta i jobben i haust har det gått i eitt, og eg har brukt mykje tid på å bli kjent i kommunen og med næringslivet, samt at budsjettperioden har vore travel. Men no er eg veldig klar for å gå i gang med bedriftsbesøk. Han viser og til at det vil bli sendt ut ein eigen invitasjon til næringslivet for å meine noko om kommunal arealbruk framover. — Det blir spanande å høyre kva næringslivet meiner om arealdelen i kommuneplanen, som skal ut på høyring til sommaren neste år. Her ynskjer me at næringslivet gir oss signal om kva dei treng for å utvikle seg vidare, seier Krohn-Brekke. Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Kristian Risanger

2 • 2023

35


Omega 365 Design

Finn læreplass i

FINNFAG APPEN

Last ned Finnfag-appen i AppStore eller Google Play for å registrere deg og motta varslar om aktuelle stillingar.

Bli sett

Bli høyrt

Bli med

Synleggjer bedrifter og arbeidsplassar

Bedriftene sitt talerøyr

Faglege nettverk og møteplassar

• Ny E134 • Meir næringsareal • Forenkla byråkrati • Betre kommune- og fylkesvegar • Samhandling skule og næringsliv • Utarbeiding av lokalt havneforvaltningsprosjekt «Gul stripe»

• Gir ut næringsmagasinet Tempo • Arrangerer møteplass for lokale bedrifter og jobbsøkarar i 5 byar • Arrangerer møteplass for bedrifter og jobbsøkarar i Etne og Vindafjord koplar bedrifter og jobbsøkarar

/ EtneVindafjord

• NæringsGIV på Olalia • Bransjekoordinator • Fagseminar • L.Ærling – for lærebedrifter

etnevindafjord.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.