Mitt Ryfylke 2019 3

Page 15

MITT RYFYLKE | FORSAND

15

– Eg tenker at me leverer det Ikea ikkje kan levere. Altså det som er spesialtilpassa, teikna og laga for å passe inn i huset og hytta til akkurat den kunden [Stefan Krüger]

Alfred Hagen sprøytelakkerer stusstrinn for ei tett trapp.

Hovudproduktet til Snekker Stefan as er framleis trapper, både bygging og montering. Trapper litt utanom det vanlege, det har Krüger sjølv sansen for. Tilpassa huset dei skal bu i, og med gode kombinasjonar av materiale og fargar. Like eins med møblar, som dei nå ønskjer å styrka seg på og levere ennå meir av. – Me lagar alt mogleg, eigentleg, seier Krüger og nemner kjapt hyttebord, hjørnebenker, klappseng og garderobar og anna spesialtilpassa innreiing. – Til Vitenfabrikken i Arendal lagde me eit underskap til eit 2 tonn tungt akvarium, fortel han. Nå skal dei snart laga si aller første kjøkkeninnreiing. Men møbelsnikkaren eg hadde med meg inn i firmaet har gjort det før, understrekar han. Neste år er bedrifta Snekker Stefan

Stefan Krüger driv trappefabrikken på Helle med fem tilsette.

heimehøyrande i Sandnes, kommunen som huser møbelgiganten Ikea. Dei stressar ikkje veldig med konkurransen. – Eg tenker at me leverer det Ikea ikkje kan levere, seier han. Altså det som er spesialtilpassa, teikna og laga for å passe inn i huset og hytta til akkurat den kunden. Masseproduksjon er ikkje deira pre. – For å kunne gje kundane dette ekstra, dette skreddarsydde, må ein våge å tenke litt lenger og prøve ut andre material og fargar, seier Krüger og fortel om ein lakk dei har henta frå Tyskland som skal gje ein ekstra valør til ei trapp. – Ved å behandle trinna med denne lakken gjer me dei ein slags rusta metall-look som harmonerer med materialbruken i resten av huset, fortel han

engasjert. Elles er det mykje eik og stål som blir brukt i trapper, finer og spon iblanda eik i møblar. Marknaden deira er heile Rogaland, men det hender også at folk kontaktar dei og vil ha ting lagd på mål og så tilsendt. Det er ikkje noko problem, meiner Krüger. – Eg veit blant anna at me sende møblar til ein kjøpar i Bodø. Me har også vore på Svalbard og sett opp trapper i to hotell og to bustadblokker. Då måtte me først ta mål, så montere, så der har eg vore til saman sju gonger, fortel han og illustrerer med det spennet i kundane og jobbane dei har. Trevaren er det heller ikkje noko problem å få tak på. Sjølv har han brukt Fritzøe Engros som sin faste leverandør.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.