Page 1

NÆRINGSMAGASIN | NR 3:2019

MITT RYFYLKE | FORSAND

Tema

Forsand, Strand & Sauda

Snart kjem

Portrettet

Trappefabrikken

Ryfast

Gunn-Rita Dahle Flesjå

på Helle


HØYTIDS STEMNING STAVANGER SYMFONIORKESTER med

5. OG 6. DESEMBER KL 19.30

HÄNDELS MESSIAS La julefreden senke seg med Händels enestående Messias, som har fylt katedraler og konsertsaler til trengsel i nesten tre århundrer.

Medvirkende Andreas Spering, dirigent Mari Eriksmoen, sopran Marianne Beate Kielland, alt Robin Tritschler, tenor Jonathan Lemalu, bass Stavanger Symfonikor

12. DESEMBER KL 20.00 / 13. DESEMBER KL 18.00 OG KL 20.00

JULEKONSERTER Opplev høytidsstemningen med Stavanger Symfoniorkester i julepyntet Fartein Valen. Marte Stokstad, kjent programleder fra TV2 og NRK, leder oss gjennom kvelden.

Medvirkende Per-Otto Johansson, dirigent Isa Gericke, sopran Wouter Raubenheimer, bratsj Stavanger Symfonikor Marte Stokstad, konferansier

8. OG 10. JANUAR KL 19.30 / 11. JANUAR KL 18.00 ONSDAG 8. JANUAR: GRATIS FERGE FRA TAU/HJELMELAND OG JØRPELAND

NYTTÅRSKONSERTER Velkommen til en musikalsk festaften med sprudlende musikk, humor og uformell atmosfære i Fartein Valen! Bli med når vi spiller det nye året inn sammen med konferansier Petter Schjerven.

KJØP BILLETTER PÅ SSO.NO

Medvirkende Nils Erik Måseidvåg, dirigent Tobias Vigrestad Mellemstrand, kontratenor Johan Dalene, fiolin Petter Schjerven, konferansier


3

MITT RYFYLKE

INNHALD

11

18

30

Kva betyr Ryfast for Ryfylke? .........................................................

4

Sauda IL i hundre .............................................................................

11

To fabrikkar til ein ............................................................................

14

Portrettet: Gunn-Rita Dahle Flesjå ..............................................

18

Byggjer kompetansebedrift ...........................................................

24

Fortidslandsbyen på Landa ...........................................................

30

Kjempar mot matsvinn ...................................................................

35

Ryfylke er inne i en brytningstid med store muligheter som vil kreve endringskapasitet, dristighet og mot. Grønn fornybar energi er en av verdens største megatrender, og etterspørselen kommer til å eksplodere de neste årene. I Ryfylke har vi denne unike naturkapitalen som gir og fortsatt vil gi en enorm verdiskapning. I tillegg er Ryfylke et kinderegg av havbruk, jordbruk, frukt og bær, skogbruk, industri, sten og grus og ikke minst reiseliv. En region full av kjekke og kompetente mennesker. Øyvind Lundbakk, Dagleg leiar Ryfylke IKS

|

Foto: Privat

Redaktør Judith Sørhus Litlehamar

Prosjektleiing Astrid Eidhammer Hjelmeland

Annonsesal Christine Rødne Brataas

Design Irene Landa

Design Erich Monteiro

Design Terje Hodne

Redaksjon Maria Djuve Vågen

Redaksjon Toyni Tobekk

Redaksjon Kristian Risanger

Filmfotograf Elin Sørheim

Fotograf Hilde Hauge

Magasinet Mitt Ryfylke er produsert av Omega Design. Besøk oss på: omegadesign.no Framsidefoto: Øyvind Ellingsen Opplag: 8500 Fulldistibuert i temakommunane. I tillegg blir magasinet distribuert fleire stadar i Ryfylkekommunane, Nord-Jæren og på Haugalandet. Sjå mittryfylke.no for fullstendig liste. Trykk: Haugesund bok & offset Tips oss: judith@omegadesign.no Annonsere: christine@omegadesign.no Les Mitt Ryfylke på nett: mittryfylke.no Følg oss på Facebook: facebook.com/mittryfylke


4

MITT RYFYLKE | STRAND

LYS I RYFASTTUNNELEN 30. desember opnar Ryfast som er verdas lengste og djupaste vegtunnel. Kva betyr det for Ryfylke?

>

Snart opnar Ryfast, dermed blir Tau-ferja historie.

RYFAST Verdas lengste og djupaste vegtunnel. Totalt er det bygd nesten 53000 meter med tunnel og omfattande daganlegg. Prosjektet har kosta om lag 8,1 milliardar kroner. 30. desember blir Ryfylketunnelen formelt opna, medan opninga av Hundvågtunnelen og Eiganestunnelen er utsett til februar. (Kjelde: Ryfast Norges største vegprosjekt)

TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: ØYVIND ELLINGSEN

Eit sju år langt byggeprosjekt er over og 6,5 millionar arbeidstimar er lagde ned. Snart kan både Ryfast si eiga jordmor, Magnhild Meltveit Kleppa og prosjektleiar i Statens vegvesen Gunnar Eiterjord vere vitne til at snora blir klippa og ein formelt opnar Ryfast. Dermed har også Eiterjord og teamet hans sett ein verdsrekord, Ryfast er nemleg verdas lengste og djupaste vegtunnel. I prosjektet er det bygd nesten 53.000 meter med tunnel og store daganlegg. 30 desember er dagen, då blir Ryfylketunnelen formelt opna, medan opninga av Hundvågtunnelen og Eiganestunnelen er utsett til februar. – Det blir ein stor dag, både for Ryfylke og for Nord-Jæren. Eg tur ikkje det heilt har gått opp for oss kva det betyr å sleppe å sjå på klokka, no kan me reise rett fram og rett tilbake når me sjølv vil. Ikkje minst er det mykje ventetid å spare for næringslivet, slår Magnhild Meltveit Kleppa fast. Den tidlegare samferdsleministeren og senterpartipolitikaren frå Hjelmeland blir kalla Ryfylke si jordmor. Sjølv var ho ein gong tilhengar av Høgsfjord-kryssing, men då valet falt på Ryfast var også Magnhild skråsikker på at ho skulle støtte prosjektet og sikre framdrifta så langt ho klarte. – Då eg vart samferdsleminister i 2009 visste eg jo at det var eit trøkk frå begge sider av fjorden om fastlandssamband. Då hadde både kommunar og fylkesting for lengst avklart at sambandet skulle gå mellom Stavanger og Tau, fortel Magnhild som no er pensjonist, etter sju år som fylkesmann i Rogaland.

– Når dette kom på plass kjende eg på eit stort ansvar for å halde framdrift, men så byrja ein også å mobilisere motstand, ikkje minst frå Forsand, men også frå deler av Strand kommune og frå utsida. Då var det desto viktigare å halde tunga beint i munnen. Eg hadde gode støttespelarar og mi oppgåve var å bere fram eit felles og stort ynskje om å få dette til. Vinteren 2010-2011 gjorde alle kommunane sine vedtak og i 2011 skulle prosjektet til ei ekstern kvalitetssikring. – Det var nok fleire som då håpa at prosjektet skulle ende der, at det skulle kome fram noko som stoppa det. Rapporten var ferdig rett før jul i 2011, rapporten sa i grunn at ein burde rykke tilbake til start, og at me skulle begynne utgreiing på ny. – Den rapporten heldt du tett til brystet? – Ja, eg gjorde det. Eg såg det framleis som mi oppgåve å sørge for å løfte fram det breie fleirtalet. Slike rapportar er interne arbeidsdokument og låg ved saka som gjekk til Stortinget, meiner Magnhild Meltveit Kleppa. Ho vedgår gjerne at ho ikkje les kommentarfelta i Stavanger Aftenblad i den perioden, det hadde truleg vore for tøft. – Eg visste dette var Ryfylke sin store moglegheit, eg måtte fylgje det opp, seier ho som ifølgje rykta har ein enorm arbeidskapasitet. Ein kapasitet ho fekk godt nytte av i 2012, då departementet leverte proposisjon til Stortinget allereie i mai same året, med andre ord på langt knappare


MITT RYFYLKE | STRAND

5


6

MITT RYFYLKE | STRAND

Magnhild Meltveit Kleppa er kalla Ryfast si jordmor. Her er ho mellom anna saman med tidlegare fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal, prosjektleiar Gunnar Eiterjord, tidligare vegdirektør Terje Moe Gustavsen og avgått regionvegsjef Helge Eidsnes.

tid enn vanleg. Proposisjonen gjekk gjennom i Storinget den våren, dermed var første delmål gjennomført. Ho er framleis imponert over korleis fagfolk i departementet stilte opp med ekstrajobb på kveldstid. I juni same året gjekk Magnhild av som samferdsleminister, og same hausten tok ho første spadestikk i Ryfast. Eg kjenner eg står med rak rygg i dette. Rogaland skulle betale dette sjølv, det er nokså unikt. Vegdirektøren meinte og at eit så stort prosjekt burde fått del i statlege midlar, men ikkje før 213. For meg vart det viktig å halde framdrift i arbeidet. Eg har brukt mange kveldar og møte på å forankre Ryfast, både hjå regionale og sentrale politikarar, seier ho og ler mildt. – Men så var det og viktig for meg at eg var samferdsleminister for heile landet. Same veka som Ryfast gjekk gjennom i Stortinget, vart også tre andre store vegprosjekt godkjende. Eg har litt kontakt framleis ute i fylka, så eg veit at all desse no er fullførte. Det er kjekt. 9. november 2012 tok ho første spadestikket i Ryfast-prosjektet, og sa dei kjende orda: «Der det er vilje, der er det veg». Magnhild er ikkje den som skrik høgast på grunn av bompengeprisane som er spådd. Mange fryktar derimot at prisen for å køyre gjennom Ryfast raskt kan bli baksida av medaljen. – Det bør ikkje vere grunn for den uroa, ein veit framleis ikkje kva taksten blir. Det er ein del faktorar

som speler inn, eg stiller meg uforståande til at ein no opererer med eit langt lågare trafikkgrunnlag enn først tenkt- I tillegg har renteutviklinga vore betre enn venta, seier Magnhild. Ho peikar på at staten har endra rabattsystemet og opna for kommersiell ferjedrift over Høgsfjorden. Desse to faktorane er staten sitt ansvar og bør ikkje påverke prisen. – Det kan ikkje vere tvil om at Ryfast opnar nye moglegheiter for Ryfylke. Men full effekt får ein ikkje før resten av RV13 er utbetra og ein har fått gjennom rassikring i Rødsliane, den saka fylgjer eg tett med på, seier ho. – Skal du opne Ryfast? – Nei, det blir nok ikkje meg. Men eg reknar med at eg blir invitert, det blir ein sjeldan stor dag det. – Det er klart dette opnar mange moglegheiter for Ryfylke, både med tanke på bu og arbeidsmarknad. Etter Ryfast blir det grei pendlaravstand mellom Hjelmeland og Stavanger. Så er det jo opp til Ryfylke korleis dei vil nytte seg av denne sjansen, meiner prosjektleiar i Statens vegvesen Gunnar Eiterjord som fortel at prosjektet har gitt han og resten av prosjektgruppa sju spanande arbeidsår. Utfordringane har stått i kø dagleg, men han rosar teamet som har nådd målet om opning i løpet av 2019. Tidlegare i haust kunne han også gle seg over å delta i Ryfastløpet som samla 7000 spreke deltakarar. Eiterjord sjølv er glad i løp, og vann den interne konkurransen i Statens vegvesen om beste tid. Endeleg er prosjektet


MITT RYFYLKE | STRAND

7

– Det er klart dette opnar mange moglegheiter for Ryfylke, både med tanke på bu og arbeidsmarknad [Gunnar Eiterjord]

Prosjektleiar i Statens vegvesen, Gunnar Eiterjord er glad for at ein no kan opne Ryfast. Snart er han klar for byrje arbeidet med Rogfast.

han har jobba med i så mange år realisert. – Men prislappen har auka gjennom åra? – Det har den absolutt ikkje gjort. Prisen har ikkje auka meir enn vanleg pris - og lønnsauke i resten av samfunnet. I løpet av så mange år vil økonomibiletet endre seg noko. Men me held framleis budsjettet, og det skal me klare, slår Eiterjord bestemt fast. Tunnelprosjektet har kosta om lag 8,1 milliardar kroner, i 2019-kroner. – Kva skjer no, når du stenger kontordøra i Ryfast? Då skal eg ha ein liten pause, før eg skal starte opp jobben som prosjektleiar for Rogfast, fortel Eiterjord. Pris og kostnadsbilete har også vore eit av dei mest sentrale punkta når det har blitt inngått avtalar med entreprenørar. Mange lokale bedrifter har også hatt store kontraktar i Ryfast. Ein av dei er Norsk Spennbetong i Forsand, bedrifta skifta i vår namn frå Bjørn Hansen AS for å bli endå tydelegare i marknaden på kva dei kunne tilby. Dagleg leiar Idar Heskestad meiner Ryfast-prosjektet har vore veldig viktig for bedrifta. Norsk Spennbetong AS i Forsand, bedrifta skifta i vår namn frå Bjørn Hansen AS for å bli endå tydelegare i marknaden på kva dei kunne tilby. Dagleg leiar Idar Heskestad meiner Ryfast-prosjektet har vore veldig viktig for bedrifta. – Norsk Spennbetong har levert både spennbjelkar til kulvert over motorveien forutan nødstasjonar og midlertidig kulvert på Solbakk. Totalverdi på leveran-

sane er om lag 20 millionar, fortel Idar. Bedrifta har hatt ein sterk vekst sidan Heskestad tok over leiarjobben i 2008, då hadde dei om lag 30 tilsette, på det meste i Ryfastperioden var dei oppe i 120 tilsette. Sjølv om Ryfast har gitt bedrifta eit godt og solid fotfeste i marknaden er også Heskestad spent på kva tunnelen vil få og seie for Forsand. For dei er det og positivt at det etter nyttår blir kommersiell ferjedrift over Høgsfjorden. – Leveransane har hatt stor positiv betydning for bedrifta både i forhold til omsetnad og som referanse for framtidige oppdrag. Brei omtale i så vel tv, aviser og sosiale medium har sjølvsagt styrka omdømmebygginga vår. Me er godt fornøyd med kontakten me har hatt med hovudentreprenørane, så vel som Statens vegvesen. Randøy Stein har på si side levert naturstein til Ryfast. – Me har levert stein til murar og heller til rundkjøringar og midtrabatter, på Solbakk og på Hundvåg. Ryfast-jobben har vore viktig for oss, den har gitt oss forutsigbart arbeid og ein sjanse til å kunne investere i utstyr og tilsette, seier dagleg leiar Øystein Fosse som meiner Ryfast er viktig for regionen. – Det er viktig for oss å kunne reise til Stavanger når me ynskjer det sjølv. Forhåpentlegvis vil dette sambandet generere tilflytting og fleire arbeidsplassar i Ryfylke, meiner han.


Me ønskjer å bli den best besøkte innandørs symjehallen i Rogaland, med 25 meters basseng, terapibad, stupetårn, vassklie, utandørs boblebad, badstove, klatrevegg og kafe. Suldal Bad ligg på Sand i Suldal, på ei av dei flottaste tomtene i bygda, med flott arkitektur og med fjordutsikt. Vatnet held 28 grader, med unntak av barnebasseng, terapibad og boblebad, som held 32 – 38 grader. Perfekt folkebad, attraksjon og aktivitetsparadis for både store og små, fastbuande og turistar.

Opningstider Folkehelsebading (skuleopplæring, barnehage, fysio osb) Ope etter avtale: Mån - fre 08:30 - 15:00 Publikumsbading – Ope for alle: Man, ons, fre: 06:30 - 08:30 (morgonbading) Tys - fre: 16:00 - 20:00 Laur: 10:00 - 17:00 Søn: 12:00 - 17:00 Romjulsope: 27. - 30. des:

12:00 - 18:00

Nyttårsbad: 2. januar 2020

12:00 - 18:00

Har du spørsmål om Suldal Bad kan du ta kontakt på telefon 52 79 24 07. Følg oss gjerne på Facebook!

visitsuldal.no #visitsuldal

Omega Design Illustrasjon: Asplan Viak

Suldal Bad opnar 7. desember


Norsk Spennbetong AS

ELEMENT

Omega Design

BETONGTIL ON- OG OFFSHOREINDUSTRIEN

Vi har 80 m lang dypvannskai, og et areal på 75 000 m². Vi prosjekterer, produserer, leverer og monterer pre-fabrikkerte betongelementer for alle typer bygg og anlegg.

spennbetong.no

Allsidig entreprenørbedrift innan bygg og anlegg med 50 års erfaring! Ta kontakt for tilbod. Tlf. 52 78 54 00 brselvik.no - SAUDA

...og det er enda mer spennende på innsiden både for små og de litt større

Hyttetomter i flotte områder på Idse og Forsand, og bustadar ved sjøkanten i Forsand.

Velkommen til en uforpliktende prat. Tlf: 51 70 31 12 post@forsand-byggservice.no forsand-byggservice.no | idehus.no

ÅPNINGSTIDER: 01. september - 31. mai: mandag - lørdag 10.00-16.00 søndag 10.00-18.00 01. juni - 31. august: hver dag 10.00-19.00 Kjeringholmen, Stavanger telefon 51 93 93 00

norskolje.museum.no


ing? pesialiser

r studies

lle Fagbrev e

JA TAKK,

begge fordeler! Invester eitt ekstra år ved Sauda VGS – og slå to fluer i ein smekk! Etter fire år hos oss, kan du gå ut med både fagbrev og dei faga du treng for å kome inn på ingeniørstudiet. Med Yrkes- og studiekompetanse (YSK) kjem du altså ut med dobbel kompetanse. Og ikkje nok med det: løn under opplæringa.

sauda.vgs.no facebook.com/Sauda.vgs 51 92 28 00 • sauda-vgs@skole.rogfk.no

Fagforhandlar av: Skogsmaskinar, hagemaskinar, landbruksmaskinar og verktøy. Åpningstider: Man.- fre. 08 - 16, lør. 10 - 13. Tlf.: 51 75 26 40, butikk@ardal-landbruk.no Årdalstunet 13, 4137 Årdal www.ardal-landbruk.no

Stort utvalg i Rogalandsbunader og tilbehør

Steinkargata 29, 4006 Stavanger

www.nordakerbunader.no


MITT RYFYLKE | SAUDA

>

11

SAUDA IL Sauda Idrettslag vart stifta 22. februar 1919. I oppstarten hadde laget 23 medlemmer, i dag tel idrettslaget om lag 850 medlemmer fordelt på ni ulike grupper.

Barneidretten er også viktig i Sauda. Her er det flinke fotballjenter i aksjon.

Idrettsglede i hundre 100 år med idrettshistorie har sett djupe spor i Sauda. No ser Sauda IL fram mot nye utfordringar. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: SAUDA IL

I

nne på Idrettsbrakka ved Sauda Stadion står pokalane tett i tett, på veggen heng bilete av sigersrus, idrettsglede og konkurranseinstinkt. Halvor Seltveit og Irene Juvet Hugdal har opna øskjene med årets kalender idrettslaget sel på dugnad, skal ein sikre inntekter er ein heilt avhengig av gode eldsjeler som stiller opp år etter år. – Det trengs mange frivillige gjennom året. Berre til 17. maifeiringa treng me 100 frivillige i Saudahallen. Mange av oss har også vore med i idrettslaget på ein eller annan måte i mange år, men det er jo veldig kjekt og givande, seier Irene medan Halvor nikkar.

Irene har sjølv bakgrunn frå handballen, både som utøvar og trenar. No er ho leiar for styrkeløftgruppa der dotter og verdsmeister Hildeborg er frontfigur. Halvor er leiar for hopp-gruppa og gler seg over å sjå nye talent hive seg utfor stadig høgare hopp. Ein gong i tida var det han sjølv som var talent. Med seg denne dagen har han dei hopp-glade ungdommane Fredrik Hocking, Nathaniel Olsen Seltveit og Vegard Drarvik. Gutane har fått smaken på å hoppe på ski, redsle har dei ikkje lenger. No er det berre spenning i svevet og gleda over å ete stadig fleire meter som gjeld.


12

MITT RYFYLKE | SAUDA Stein Ivar, Edvin og Jarle Halsnes i aksjon.

Kjell Ole Øverland og Jakob Austrheim i parstart ved «gamle Austerheim skule» i 1962.

Styrkeløftar Hildeborg Juvet Hugdal. (Foto: Fotograf Nordtveit)

Sauda Idrettslag vart stifta 22. februar 1919. I oppstarten hadde laget 23 medlemmer, i dag tel idrettslaget om lag 850 medlemmer fordelt på ni ulike grupper. I jubileumsboka som Odd Magne Lønseth og Kåre Rød har skrive blir det peika på at overgangen frå eit tradisjonelt bondesamfunn til ein industriby med mange tilflyttarar truleg er noko av grunnlaget for at idrettslaget vart starta nett då. – Idrettslaget i Sauda er stort og har veldig mange idrettar. Dei aller fleste i Sauda er innom idrettslaget i livet, som utøvar eller frivillig, meiner styreleiar Håvard Rosnes.

Glenn Tore Løland på topptur. (Foto: Privat)

Dei siste åra har idrettslaget investert om lag 10-12 millionar i ny varmestove, ny trakkemaskin i langrennsløypa, nytt løypenett og lysanlegg. Hoppgruppa har også kjøpt inn trakkemaskin, i tillegg til at dei har eit stort garasjeprosjekt som ikkje er gjennomført endå. – Me har òg gjennomført prosjekter ved stadion, tuftepark og kiosk. Det er klart så store prosjekt krev mykje, både av økonomiske midlar og dugnadstimar. I Slettedalen er det lagt ned over 1000 dugnadstimar dei siste åra, fortel Håvard som er glad for støtta frå det lokale næringslivet og Sparebankstiftingane som har gjort alle investeringane mogleg.


MITT RYFYLKE | SAUDA Thomas Karbøl Oxaal satsar mot Paralympics i 2022. (Foto: Privat)

Gladys Halsnes var forut si tid i bakken.

Luftige svev over Sauda under Sauda Backcountry Challenge. (Foto: Per Inge Fjellheim)

– No vil me sluttføre prosjekta som ikkje er ferdige, og så er me i gang med eit arbeid for å sjå på korleis me skal organisere oss framover. I Sauda IL kan ein delta både i handball, fotball, styrkeløft, langrenn, randonee-klubb, friidrett, freeski & snowboard, alpin, langrenn og hopp. Det er lenge sidan Kjell Ole Øverland og Jakob Austrheim konkurrerte i langrenn på 1960-talet. Då var det treski, nikkers, anorakk og topp-hue som gjaldt. Historiebileta som blir tatt i dag ser annleis ut, men idrettsgleda innerst i industribyen er den same.

Per Ivar Sivle var i si tid Norges fjerde raskaste på løpebana.

Idrettslaget i Sauda er stort og har veldig mange idrettar. Dei aller fleste i Sauda er innom idrettslaget i livet, som utøvar eller frivillig [Håvard Rosnes, Styreleiar Sauda IL]

13


14

MITT RYFYLKE | FORSAND

Ny kvardag i gamle lokale for Alfred Hagen og Jonathan Hall.

Tar framtida på mål Ein snikkarmeister med ønske om betre lokale og fleire utfordringar. Ein trappefabrikk med behov for nye krefter. Det luktar ei lita suksesshistorie av det. TEKST: TOYNI TOBEKK FOTO: HILDE HAUGE / SNEKKER STEFAN

Ennå er det kanskje for tidleg å trilla terning og konkludera, for det er berre eit par månadar sidan Snekker Stefan på Forsand overtok trappefabrikken Forsand Trevare as. Men at stemninga er god kring overtakinga er det liten tvil om. – Lokala her er gode, seier den nyslåtte fabrikkeigaren Stefan Krüger nøgd. Heile 2000 kvadratmeter verkstad med moderne maskiner er ikkje til å kimse av. Med på lasset eller laget? følgjer også tilsette som blir med vidare i produksjonen, og som kanskje blir ein slags garantist for at dei historiske linjene ikkje blir brotne. Ei kort historisk tidslinje for Forsand Trevare as, alias trappefabrikken på Helle, fortel om ei bedrift

som har drive sidan 1971. Opphavleg heit dei Kolbjørn Skulbru as, men i 2002 skifta dei eigarar og namnet blei til Forsand Trevare as. Når Stefan Krüger, alias Snekker Stefan, tok over 1. september i år, dobla bedrifta talet på tilsette frå tre til seks. Krüger hadde då drive si bedrift i eigne lokale med to tilsette, hovudsakleg som leverandørar av trapper og spesialbygde møblar. Så var det heller ikkje slik at dei var framande for kvarandre frå før, Stefan Krüger og Forsand Trevare. Dei jobba trass alt side om side som konkurrentar i same marknad og i same region, der Stefan somme gonger gjorde jobbar for trappefabrikken.


MITT RYFYLKE | FORSAND

15

– Eg tenker at me leverer det Ikea ikkje kan levere. Altså det som er spesialtilpassa, teikna og laga for å passe inn i huset og hytta til akkurat den kunden [Stefan Krüger]

Alfred Hagen sprøytelakkerer stusstrinn for ei tett trapp.

Hovudproduktet til Snekker Stefan as er framleis trapper, både bygging og montering. Trapper litt utanom det vanlege, det har Krüger sjølv sansen for. Tilpassa huset dei skal bu i, og med gode kombinasjonar av materiale og fargar. Like eins med møblar, som dei nå ønskjer å styrka seg på og levere ennå meir av. – Me lagar alt mogleg, eigentleg, seier Krüger og nemner kjapt hyttebord, hjørnebenker, klappseng og garderobar og anna spesialtilpassa innreiing. – Til Vitenfabrikken i Arendal lagde me eit underskap til eit 2 tonn tungt akvarium, fortel han. Nå skal dei snart laga si aller første kjøkkeninnreiing. Men møbelsnikkaren eg hadde med meg inn i firmaet har gjort det før, understrekar han. Neste år er bedrifta Snekker Stefan

Stefan Krüger driv trappefabrikken på Helle med fem tilsette.

heimehøyrande i Sandnes, kommunen som huser møbelgiganten Ikea. Dei stressar ikkje veldig med konkurransen. – Eg tenker at me leverer det Ikea ikkje kan levere, seier han. Altså det som er spesialtilpassa, teikna og laga for å passe inn i huset og hytta til akkurat den kunden. Masseproduksjon er ikkje deira pre. – For å kunne gje kundane dette ekstra, dette skreddarsydde, må ein våge å tenke litt lenger og prøve ut andre material og fargar, seier Krüger og fortel om ein lakk dei har henta frå Tyskland som skal gje ein ekstra valør til ei trapp. – Ved å behandle trinna med denne lakken gjer me dei ein slags rusta metall-look som harmonerer med materialbruken i resten av huset, fortel han

engasjert. Elles er det mykje eik og stål som blir brukt i trapper, finer og spon iblanda eik i møblar. Marknaden deira er heile Rogaland, men det hender også at folk kontaktar dei og vil ha ting lagd på mål og så tilsendt. Det er ikkje noko problem, meiner Krüger. – Eg veit blant anna at me sende møblar til ein kjøpar i Bodø. Me har også vore på Svalbard og sett opp trapper i to hotell og to bustadblokker. Då måtte me først ta mål, så montere, så der har eg vore til saman sju gonger, fortel han og illustrerer med det spennet i kundane og jobbane dei har. Trevaren er det heller ikkje noko problem å få tak på. Sjølv har han brukt Fritzøe Engros som sin faste leverandør.


16

MITT RYFYLKE | FORSAND

>

Trapper og møblar spesialtilpassa omgjevnadane er satsingsområdet til Theo Rioult og dei andre tilsette hjå Snekker Stefan as.

SNEKKER STEFAN AS 1. september 2019 kjøpte Snekker Stefan trappefabrikken på Helle, Forsand Trevare as. Den nye Snekker Stefan as har seks tilsette og leverer trapper og spesialtilpassa møbler og innreiing. Samansmeltinga av dei to bedriftene har blitt til éi heilstøypt bedrift ved namn Snekker Stefan as, og framtida ligg nå og ventar på nye produkt frå den vesle trappe- og møbelfabrikken på Helle.

Med dei seks tilsette trappefabrikken har i dag, er det breidde i kompetansen. Tidlegare dagleg leiar i Forsand Trevare jobbar i dag med teikning og opererer maskiner. Sjølv har Stefan 10 års fagutdanning bak seg, som konstruksjonsmekanikar innan metall, som møbelsnekker og til slutt med meisterbrev i trapp og møblar. Det kuriøse med dei tilsette er at dei kjem frå fleire kantar av verda. To tilsette er lokale, sjølv er Stefan Krüger tysk, og dei tre siste er frå Spania, Frankrike og USA. Ikkje eit problem i seg sjølv, seier Stefan, men han

innrømmer at det er vanskeleg å finne spesielt norske møbelsnikkarar. – Dei som blir utdanna møbelsnekrar i dag får seg lett jobb, og dei vil nok helst til byane. Å drive i ein kommune som er stor på areal, men der det er langt mellom folk og funksjonar, har sine sider. Mest positive, skal ein tru Krüger. – Det er nok færre utgifter knytte til det å drive bedrift her. Her eig me tomt og lokale sjølve. Det seier seg sjølv at det hadde blitt monaleg dyrare å eiga eller leiga i ein by. Personleg har han prøvd å jobbe

Å diskutere produkt og metode er ein vesentleg del av arbeidsdagen for Arnstein Kjærvoll og Felix Gonzales hjå Snekker Stefan as.

og leve i både by og land etter at han kom til Norge for 15 år sidan. Ei stund budde han i Sandnes by, men då dei fekk første barnet vart det naturleg nok trong for meir plass. Levekostnadene i by kontra dei på landet vart avgjerande, dei fann eit hus i Forsand, var på éi vising og landa på det. Jobben hans då som trappemontør gjorde at han like så vel kunne reise i aksen Ryfylke byen med Forsand som utgangspunkt. Nå er tobarnsfamilien godt etablerte i eit miljø han omtalar i rosande ordelag. – Nabolaget her er så fint. Her kan ein gå til naboen og låne mjølk, og


MITT RYFYLKE | FORSAND

Ein gammal gyngestol har fått nye meier.

Jonathan Hall tar finpussen på ei handrekke.

17

Kirsebær-skjenk med skyvedører og profilerte frontar.

Faktisk har me fått jobbar der kundane har vore på bildedelingsmediet Pinterest og funne fine produkt dei ønskjer at me skal lage for dei [Stefan Krüger]

Stjerna skal på toppen av ei juletrehylle i ein butikk på Jørpeland.

hjelpe kvarandre med å passe barn, og ein kjem lett i kontakt med kvarandre. Lite trafikk er det òg, skryt han. Overgangen frå å drive for seg sjølv til å bli fabrikkeigar, og samstundes ein tilsett ser han også lyst på. Det er noko med det å få faste kontraktar, lønn, feriedagar, seier han. Tilbake til trappefabrikken og utfordringane dei nå står føre. Forsand Trevare hadde i fjor ein omsetnad på mellom 3 og 4 millionar, Stefan Krüger si bedrift omsette for 2 millionar. Korleis skal dei sikra seg at det er

Eiketrapp med pulverlakkert stålrekkverk og perforerte fylllingar.

ordrar nok og arbeid til alle seks også i framtida? Krüger kan fortelja at alle kundar dei to bedriftene hadde frå før er godt orienterte om samanslåinga, og så håper dei at alle blir med vidare, sjølvsagt. Men elles er marknadsføring noko Krüger ivrar for. Det å vere utåtvend, gjere seg synleg er noko han vil halde fram med å prioritere. Neste år blir Snekker Stefan as derfor å finne på boligmessa i Stavanger. Sjølv er han van med å bruke mykje ressursar for å gjere seg synleg i sosiale medium, då hovudsakleg på Facebook, og det vil

han også fortsette med. Gode erfaringar med sosiale medium generelt deler han gjerne. – Faktisk har me fått jobbar der kundane har vore på bilde-delingsmediet Pinterest og funne fine produkt dei ønskjer at me skal lage for dei.


18

MITT RYFYLKE | FORSAND

Portrettet

Gunn-Rita Dahle Flesjå

SYKKELDRONNINGA Gunn-Rita Dahle Flesjå (46) sit framleis på sykkelsetet. Ho har berre skifta ut løypa og farten. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: PRIVAT

G

unn Rita Dahle Flesjå har lagt 23 år bak seg som profesjonell terrengsyklist. År med bratte stiar, lange treningstimar, sigersrus og nedturar. Ho er idrettsutøvar i marg og bein og kjenner seg aller mest levande når adrenalinet brusar i kroppen og kvardagen byr på fart og spenning. – Eg er nok uredd og likar nye utfordringar. Det er ikkje så lenge sidan heile familien vår prøvde rulleski for første gong. Det var knallkjekt, og ingen brekte bein, seier Gunn-Rita og smiler. Mannen Kenneth Flesjå, som også er mangeårig trenar for Gunn-Rita, og sonen Bjørnar (10) er

minst like glade i aktiv kvardag og action som mor i huset. – Men du må ikkje vise skrekkfilm til meg, det går ikkje. Der er eg ei skikkeleg pyse altså. Ho var 22 år gamal og studerte journalistikk i Stavanger då første turen på terrengsykkel gav meirsmak. Gunn Rita er opphavleg frå Bjørheimsbygd i Strand, heime hadde ho fått med seg lidenskap for å nytte naturen til rekreasjon og aktivitet. Difor svarte ho ikkje nei då eit par gutar ville ha henne med på sykkeltur i terreng. – Eg hadde ein tung DBS-sykkel som

absolutt ikkje var berekna på dette, men eg eg møtte opp i Sørmarka i Stavanger og blei med på tur. Det handla vel i stor grad om å kave seg opp til Ullandhaug og så sykle ned igjen. Og så opp igjen. – Då var det gjort, eg var hekta, fortel Gunn-Rita som kan fortelje om ein barndom der foreldra drog ho og søstera med ut på tur. Det var stadig nye turar under planlegging med overnatting i telt eller springeturar i heia. Gjerne med venner med seg, hjå familien Dahle var det rom for alle. Mykje aktivitet gav også søstrene allsidig treningsbakgrunn.


MITT RYFYLKE | FORSAND

Gunn-Rita Dahle Flesjå har lagt ein lang og suksessrik karriere som proff-syklist bak seg. No har ho og familien fått ein ny kvardag.

– Det er så viktig å bli allsidig når ein er ung, og kjenne meistring på mange arenaer. Då får du ein solid grunnsterk kropp. Det er jo og viktig med det sosiale, at ein møter ulike folk på ulike plassar. Ein bør kanskje ikkje gå i det same heile tida når ein er barn, seier ho og undrar seg litt over spesialtrening for dei yngste, og presset mange i dag møter på spesialisering og tidleg rekruttering. – Dette er jo noko av det me snakkar om når me reiser rundt med føredrag, om kor viktig det er å vere aktiv og allsidig. Det var og noko av suksessfaktoren vår, me kunne ikkje drive dette aktivt til eg vart 45 år utan at eg hadde allsidig bakgrunn. I sin lange karriere har aldri Gunn-Rita vunne noko åleine. Det er alltid «me» som vinn, og «me» som slit. Ektemannen Kenneth har stått på sida i alle år, og er minst like viktig for suksessen som ho sit på sykkelen, meiner Gunn-Rita.

– Det er ikkje berre eg som presterer, det er jo heile apparatet rundt, det heng saman det der. Ingen kan vinne åleine. Tidleg på 90-talet vart ho sett på som eit supertalent på sykkel. Mange

19

Gunn-Rita er glad i naturen og aktivitet, mykje av den gleda vart skapt i barndommen heime i Bjørheimsbygd i Strand.

[Gunn-Rita Dahle Flesjå]

sisk og mentalt. Treninga og sykkelen var ikkje lystbetong lenger, no var det aller meste i kvardagen mørkt. Då tok ektemannen Kenneth tak. – Det er mange opp- og nedturar i ein karriere. Eg møtte rett og slett veggen, men det er jo i motgang ein lærer mest. Etter dette starta me på null, me bygde opp treninga på vår måte, og med vår treningsfilosofi. Det er nok og med på å forsterke det samarbeidet me to har hatt. Me har og hatt våre tunge dagar etterpå, men sjeldan same dagen.

skulle ha ein finger med i spelet om treningsopplegget. Ho vart sendt på trening i høgdehus som var lov på den tida, og utsett for ekstreme mengder trening. – Det er mange ekspertar, som studerer år etter år, men som aldri sjølv har vore utøvar og veit kor hardt slik trening tærer på kroppen. Til slutt sa kroppen stopp. I 2000 vart Gunn-Rita køyrt totalt i senk, både fy-

Ekteparet tok sats og satsa på terrengsykkel. Gjennom dei 23 åra Gunn Rita har lagt bak seg som proff kan ho blant anna skilte med OL-gull, VMgull i rundbane, VM-gull i maraton og heile 30 sigrar i verdscupen. Den siste verdscupsigeren tok ho i 2018, som og vart hennar siste sesong som proff-syklist. I dag deler ho ei stilling som sykkel-koordinator med mannen i Sandnes kommune, i tillegg til

Det er mange opp- og nedturar i ein karriere. Eg møtte rett og slett veggen, men det er jo i motgang ein lærer mest.


20

MITT RYFYLKE | FORSAND

Gunn-Rita Dahle Flesjå

(46)

Sivil status: Gift med Kenneth Flesjå, mor til Bjørnar (10) Bur: I Sandnes, er opphavleg frå Bjørheimsbygd i Strand Aktuell: La opp som proff-syklist i fjor, no arbeider ho med å få fleire i Sandnes kommune til å sykle. Drøymer om: ein snørik vinter i Sirdal. Førebilete: Eg har ingen spesielle førebilete Les: Akkurat no les eg serien om De syv søstre av Lucinda Riley. Høyrer på: Mykje forskjellig, mykje skikkeleg musikk frå 90-talet.

Gunn-Rita er glad i naturen og akitvitet, mykje av den gleda vart skapt i barndommen heime i Bjørheimsbygd i Strand.

at ho er ambassadør og frontfigur for Merida. – I kommunen jobbar me med å legge til rette for at ein tar sykkel og sykkelvegar på alvor når ein set i gang prosjekt. Me brenn jo for folkehelse, og å kunne motivere andre til å vere aktive, fortel Gunn-Rita og viser til at stillinga er ein del av ein treårig sykkelperiode i sykkelbyen Sandnes. Målet er å få 10 prosent syklande i kommunen. Gunn-Rita blir gira av å nå mål, om det er eit tal i eit kommunalt papir, eller om det er toppen av ein sigerspall. – Å stå på ein sigerspall er ein rus i seg sjølv. Når ein har sykla fem timar, og gått i kjellaren for å finne dei ekstra kreftene som ein veit er der. Då er det stort å klare å vinne, det er ei rar kjensle der ein er både stolt og letta. Det varer ofte nokre dagar før ein heilt landar. – Det mest fasinerande i etterkant av ein meisterskap er likevel å sjå tilbake, på alle treningstimane, kva som førte til at det stemte akkurat den dagen og med det løpet. Det er spanande. Me har alltid vore gode på å evaluere og legge opp til daglege justeringar. Det må ein gjere skal ein klare å halde seg på toppen.

I 2018 var det altså slutt på topp-karrieren. Dermed byrja ein ny og rolegare kvardag. – Eg vurderte det aldri eigentleg før dagen kom. Eg kjende jo at kroppen ikkje var så spretten som den var når eg var 22, men så lenge ein har driven er det berre kjekt å halde på. – Me har hatt nokre fantastiske år der me har fått reist mykje, møtt mange spanande menneske og sett mykje. Og så har me fått delt det med sonen Bjørnar, og vore mykje saman med han. Mange spådde at karrieren hennar var over då ho vart mor i 2009. Men Gunn-Rita skulle vise dei, ho kom tilbake i løypa med full styrke. – Det var mange som sa at ein ikkje kunne få slike resultat etter å ha fått barn. Eg skulle vise dei at det var mogleg, det klarte eg og. Sjølv om eg sikkert har vore litt på overtid i idretten dei siste 10 åra. Då mannen Kenneth Flesjå vart 40 år overraska Gunn-Rita han med hytte i Sirdal. Mannen vart såpass overraska at han vart litt stum, men i dag er familiehytta blitt ein fast tradisjon kvar fredag ettermiddag når dei har sjans. Gunn-Rita diskar og gjerne opp med

god mat. Det blir ingen franske rettar med fancy sausar på bordet hennar, men sunn og god mat med mykje smak derimot. Saman nyt familien gode dagar i naturen her oppe, og då aller helst med Bjørnar. – Overgangen til vanlege kvardagar har vore stor, heilt klart. Eg saknar nok ikkje sjølve proff-livet så mykje, men me saknar å vere i skikkeleg god form. Det blir ikkje så mykje tid til å trene no, samstundes er det mykje spanande me kan gjere no og. Sonen driv og med sykkel, i tillegg til friidrett. Ingen av foreldra ynskjer at han skal satse som toppidrettsutøvar, men det skal han få avgjere heilt sjølv. – Me veit jo kva det krevst av han, det er noko med det. Heilt i orden om han ikkje satsar på topp-nivå. Ho ynskjer å gi sonen mange av dei same verdiane ho fekk med seg frå barndommen i Bjørheimsbygd. Familien har budd i Smeaheia i Sandnes dei siste ti åra. – Me har jo noko av det same landlege livet her som eg er oppvaksen med i Strand. Me kan gå rett ut døra og ut i naturen, me kan springe 10 kilometer på grusveg. Det set eg pris på.


NYT VINTEREN UTENDØRS I EN LUN HAGESTUE Med hagestue fra Farstad kan du få ferdig prosjekt ert, produsert og montert hagestue raskere enn du aner! Farstad på Forus leverer solide, miljøvennlige og vedlikeholdsfrie løsninger til din terrasse!

Vi bistår med solid erfaring og kompetanse, og hjelper deg med å oppnå din boligdrøm! Enten det er hagestue, glasstak, pergola, ute-bod, rekkverk eller skyvedører, så er vi din lokale forhandler som lagerfører det meste! Til en fornuftig og konkurransedyktig pris!

Åpningstider Man-fredag: 0800-1600. Torsdager: 0800-1900. Gamle Forusvei 8, 4031 Stavanger Epost: post@rufa-trading.no. Tlf: 518 50 900 www.farstadprofilsystemer.no


LANDBRUK, LANDBRUK, HUS, HUS, HAGE, HAGE, KJÆLEDYR, KJÆLEDYR, JAKT, JAKT, LEIKER LEIKER OG OG MYKJE MYKJE MEIR... MEIR... Tekst & kommunikasjon

ETNE 53 77 11 30 · ÅRDAL 51 75 42 30 · HAUGESUND 52 70 54 70 ETNE 53 77 11 30 · ÅRDAL 51 75 42 30 · HAUGESUND 52 70 54 70

GOD JUL & GODT NYTTÅR

Solid arbeidskraft når du trenger det

Film

Animasjon

Design

Bygdeservice er flere bønder som har dannet et felles foretak som yter tjenester til kommuner, bedrifter, privatpersoner og andre. strand.bygdeservice.no Tlf. 920 12 150 4120 TAU

Arbeidsglede skaper bakeglede.

Velkommen til det nye bakeriet vårt i Sauda.

omegadesign.no

NORGES ELDSTE

LANDSBY Me skreddersyr firmaturer, skoleturer og selskaper

• Overnatting • Omvisning • Aktiviteter • Mat Camping Landa Lysefjord Cafe

tlf 954 28 451

landapark.no

Me satsar på Ryfylke

Ryfylkebanken - alltid tett på

Foto: Trine S. Hanaset

Ta kontakt. Telefon 51 75 44 00 hjelmeland-sparebank.no

Omega Design

Lokalt og digitalt. Me hjelper deg der du er.


Unng pris å sjokk

Har du Felleskraft? Flaks for deg! Da får du ikke strømsjokk i vinter. De fleste av våre kunder har Felleskraft. Er du en av disse unngår du de store pristoppene fordi vi sikrer prisene hvert år. Det betyr lavest mulig strømpris og sparte penger for deg. Vil du også dra nytte av at våre folk sikrer prisen? Bestill Felleskraft på hkraft.no/felleskraft

!


24

>

MITT RYFYLKE | SAUDA

VARICON Varicon er mest kjent for å levere engineerings-tenester til prosessindustrien. Og dei har etter oppstarten utvida med andre tenester som geomatikk, 3D-skanning, interiørarkitektur, Miljø/HMS, geologi og nå til sist droneteknologi.

Håvard Mjøen og Ove N. Øye utforskar den nye drona som er komen på plass.

RAUST KOMPETANSELØFT Ove N. Øye har bygd eit sterkt kompetansemiljø på rekordtid i ingeniør- og konsulentbedrifta Varicon. Bak det heile ligg det eit raust menneskesyn. TEKST OG FOTO: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR

– Me kan berre lukkast med dette prosjektet om dei som jobbar her har det bra. Dagleg leiar Ove N. Øye svingar lett på stolen og kikkar ut i lufta. Han er kvardagsleg kledd i fleece-genser og dongeribukse. På det vesle kontoret innerst i Varicon sine kontorlokale er det lite og ingenting som minner om autoritet eller dressjakke. Ove er ikkje som alle andre sjefar, og Varicon er ikkje som alle andre ingeniør- eller konsulentbedrifter. Sidan oppstarten i 2018 har Ove N. Øye bygd laget stein

på stein, etter kvart som spanande personar dukka opp i nærleiken av saudabedrifta har Varicon utvida, som regel med både ny tilsett og nytt kompetanseområde. Alle dei tilsette er blitt viktige brikker i utviklinga av bedrifta. – Eg har tru på fridom under ansvar. Me har null hierarki, her er alle på same nivå. Me hadde ikkje vore det Varicon er i dag, viss ikkje det hadde vore for dei medarbeidarane me er og i framtida skal bli. I tillegg så er me der me er i dag på grunn av stor tru på det me held på med blant alle eigarane

våre, slår Ove fast. Kontorlokala hjå Varicon er av den lyse og innbydande sorten, her har bedrifta sin eigen interiørarkitekt Margrethe A. Hodne sett sitt fargerike avtrykk med møblar i duse blåtonar og moderne belysning. Denne dagen er nokre av dei åtte tilsette medan andre er innom myldrerommet og kjøkkenkroken for å finne seg ein kaffikopp. Den kan dei nyte under sollyset som trenger seg ned via takvindauga. Her er det ingen sjef som heng over skuldra til dei tilsette, ingen stemplingsur


MITT RYFYLKE | SAUDA

25

– Me hadde ikkje vore det Varicon er i dag, viss ikkje det hadde vore for dei medarbeidarane me er og i framtida skal bli [Ove N. Øye]

Ove N. Øye har tru på at ein raus leiarfilosofi bygger bedrifta stein på stein.

eller faste kontortider. At Ove sit på det minste kontoret i bygget er heilt bevisst. At Ove sit på det minste kontoret i bygget er heilt bevisst. – Eg trivest her, eg har ikkje noko behov for å vere så synleg. Eg angrar og alltid litt når eg har sagt ja til slike intervju som dette. Men så er det litt kjekt og, fortel Ove. Historia han skal fortelje om korleis han har bygd Varicon på berre to år minner litt om hans eiga livshistorie. Det handlar om å ta sjansar, om å stole på at det som ser ut som gull faktisk kan vere det og om å kunne snu seg raskt rundt. – Hugs på at eg har gifta meg tre gonger, med same kone. Dette er det 20 år sidan altså, kona mi er frå Thailand, og me gifta oss raskt for at ho skulle få bli med meg til Sauda, deretter vart jo familien min snytt for eit bryllaup. Så då vart det bryllaupsfeiring - først i Sauda, så i Thailand. Det er ganske spesielt. I dag bur han i Sauda med kone og tre barn. Denne dagen skal den eine dottera installere vedomn i nytt hus. Sjølvsagt stiller far opp når «jentungen» som han kallar det treng hjelp. Varicon er kanskje mest kjent for å levere engineerings-tenester til prosessindustrien. Og dei har etter oppstarten utvida med andre tenester som

geomatikk, 3D-skanning, interiørarkitektur, Miljø/HMS, geologi og nå til sist droneteknologi. Silje Fatnes Skaaerer har mastergrad i kjemi og jobbar med Miljø/HMS, som ikkje berre handlar om å løfte helsemiljø, arbeidsmiljø og tryggleik på jobben, men også tar høgde for miljøvern og miljøtiltak. Ho har og bakgrunn frå Statoil der ho har arbeidd med ulike miljøoppgåver. – Me har hatt nokre fantastiske år med vekst. Somme gonger tenkjer eg : «å nei, kva har eg gjort nå», men så rett etterpå roar eg meg som regel. Ein kan vekse raskt så lenge dei som kjem inn ynskjer å bidra på ein god måte. No er det likevel på tide med ein liten pause, no må me få stabilisert det me har og styrke kundegrunnlaget slik at alle har jobbar til ein kvar tid. – Alle tilsette er flinke til å selje inn jobbar sjølv, men eg ser jo at sjølve salet også krev meir av meg når me blir såpass mange, meiner Ove som har tru på at ein må gjere tenestetilbodet kjent i lokalsamfunnet. Då eventyrhistoria til Varicon starta hadde Ove sitt eige aksjeselskap, og hadde ved fleire høve leigd inn oppmålingsingeniør Stian Norvik som då jobba i DS Bygg. Etter kvart kom ideen frå Stian og han sjølv at ein kunne slå saman deler av bedriftene.

Det var oppstarten til Varicon slik me kjenner det i dag. Dagfinn Birkeland eig kontorlokala Varicon er i, han og Steinar Kirkhus er også på eigarsida i bedrifta, saman med Ove Næss Øye og Stian Norvik. Mario Basiola som driv med simulering er den einaste som var med Ove frå gamal til ny bedrift, kort tid etter vart interiørarkitekt Margrethe A. Hodne som også dreiv med oppmåling, tilsett i bedrifta, før mekanisk ingeniør Bjørn Åge Lønseth tok kontakt og fekk jobb. – Så hadde me ein ide om at geologi kunne vore noko å satse på. I ei tid med mykje dårleg klima, ras og behov for mykje sikringsarbeid tenkte me det kunne vere ei viktig teneste å tilby. Tilfeldigheitene ville at me kom i kontakt med ei som gjerne ville flytte heim igjen til Sauda, mannen hennar var geolog. Eg ringde han og sa at me gjerne ville ha han med på laget om dei flytta inn, det trur eg sette fart i tinga, slår Ove fast. Geolog Skjalg I. Bakken er opphavleg frå Sogndal, men heiv seg raskt rundt då Varicon kunne stille med jobb i Sauda. Her jobbar han med skredsikring, undersøkingar og har alt frå private kundar til bedrifter som Saudefaldene. Han har alltid likt fjord og fjell, og interessa tok han med seg inn i yrkesvalet.


26

MITT RYFYLKE | SAUDA

Det er ikkje ofte dei sit i sofaen, men den gode stemninga er det ingenting å seie på. F.v leiar Ove N. Øye, Håvard Mjøen og Bjørn Åge Lønseth i godt prat medan Skjalg I. Bakken har henta seg ein kaffekopp.

– Eg likar meg godt her, sjølv om fjella er litt mindre dramatiske enn eg er van med. Ove er flink til å gi oss fridom, me kan langt på veg halde på som me vil, berre me blir ferdige tidsnok med jobben vår. Litt lenger borte i gangen sit siste tilskot i bedrifta, nemleg Håvard Mjøen. Han kjem frå stillinga som avdelingsleiar for bachelorutdanning i droneteknologi ved Universitetet i Tromsø. No har han flytta til Sauda, også han har ei kone som gjerne ville heim igjen til industribygda. I dag sit han på golvet for å kalibrere ei heilt ny drone som snart skal ut på testflyging. – Me fekk spørsmål frå Saudefaldene om me hadde drone-kompetanse, dei ynskte å sjå på om ein kunne brukt drone til å måle snømengde og vassmengde i snøen. Etter kvart fann me ut at teknologien for å måle snømengde allereie var på plass, og no arbeider me saman med Norwegian Research Center, Statkraft Energi og AS Saudefaldene om å utvikle radaren ytterlegare slik at den også klarer å måle kor mykje vatn det er i snøen. Dette kan bli veldig nyttig for mange kundar, fram til neste år skal me ferdigstille prøve-

prosjektet, så får me sjå om me klarer å realisere det, seier Ove. Han glimtar ekstra i auga då Varicon kan vere med på å utvikle noko nytt eller løyse eit problem som faktisk kan skape samfunnsverdi. Håvard fortel at drone også kan brukast til foto, filming, oppmåling og til dømes vere eit verktøy for geologen som skal kartlegge utfordrande fjellområde. Både Håvard og Ove legg vekt på at det ikkje er lang veg mellom kompetanseområda i bedrifta, sjølv om mange av dei ser ganske ulike ut på papiret. – Me blir stadig litt overraska over kor mykje slektskap det er mellom alt dette, det er ein raud tråd hjå oss og. På sikt trur eg me kan selje fleire «pakkar» der ein inkluderer fleire av faga våre, fortel sjefen sjølv som no er ute i myldreområdet, snakkar med folk og tar ein liten pause i sofaen. Det er ikkje ofte me sit her ute, for å seie det slik, seier han og humrar. I fjor hadde bedrifta ein omsetnad på om lag 4,5 millionar kroner. Ove N. Øye har aldri hatt eit skikkeleg intervju i tilsetjingsprosessar, han har derimot tatt ein telefon til dei han trur kan pas-

se inn i bedrifta. – Eg snakkar med dei, og ikkje minst snakkar eg med dei som kjenner dei. Meininga er å finne ut om dei kan passe inn i gruppa og kompetanseområdet vårt, det er det viktigaste. Målet er at me skal vere ei kunnskapsbasert bedrift som kan bidra i Sauda. No har me ein fantastisk flott gjeng, fortel Ove som trur at eigen oppførsel er viktig for å bygge det rette laget. – Eg stiller ikkje spørsmålet «kvifor har du gjort det slik eller slik», eg berre foreslår endringar eg har tru på. Me må vere likestilte, eg kan ikkje sitje i høgda og snakke ned til dei. Og så har eg god tru på at ein sjølv må gå i gong med oppgåver som er vanskelege og utfordrande. Det er betre enn å stå på utsida og peike på arbeidsoppgåver. For Ove er det viktig at han ikkje berre tilset ein person, men eit heilt liv og ein heil familie. – Mange gonger er det viktig å spørje korleis folk eigentleg har det, treng ein tre dagar fri så får ein det. Ein kan ikkje pressa folk inn i ein boks, folk må få levere på dei premissa ein treng, avsluttar han.


SPAR OPPTIL

47% CO-AVTRYKK

PÅ DITT PAPIRFORBRUK Årdal: 51 75 42 50 Jørpeland: 51 74 14 00 Autorisert regnskapskontor

Les mer på hbo.no

partnerregnskap.no Haugesund Bok & Offset

Kontor:

91 66 76 06

Servicebil: 94 00 94 84 Kranbil:

91 90 89 90

Omega Design

Mekanisk verksted • Slangeservice • Kranbiler

HOVLAND A/S

Stålverksvegen 51, 4100 Jørpeland • hovlandas.no

Norsk Stein AS har Europas største anlegg for produksjon av tilslag til asfalt og betong, veibygging og offshorekonstruksjoner. Vi er lokalisert i kommunene Suldal, Strand, Forsand og Larvik. Vi er 255 tilsette og 17 lærlinger med en årsproduksjon på opp mot 15 mill. tonn. Se: www.mibau-stema.com


MOR RYFAST Magnhild Meltveit Kleppa har gjort Ryfylke større og ryfylkingen sterkare. Nå gler Magnhild og heile Ryfylke seg til at Ryfast blir opna rett før nyttår. Og om ho ikkje er direkte mor til Ryfast, så kan me kalla henne jordmor. Me i Ryfylke er stolte av Magnhild Meltveit Kleppa. I byrjinga av november blei ho heidra med «Pilt-Ola prisen 2019» for sitt utrettelege virke for å ha bygd landet og bygd Ryfylke. – Som Pilt-Ola sjølv var i si tid, er Magnhild også kjend over det ganske land for store tankar, store prosjekt, og ein arbeidskapasitet heilt utanom det vanlege, heiter det i grunngjevinga for «Pilt-Ola prisen».

stortingsrepresentant, men då vedtaket om Ryfast blei fatta i Stortinget i juni same året var ho samferdselsminister. Magnhild har sett spor etter seg, tydelege spor. Då fortener ho pris! Pilt-Ola, eller Ole Olsen Sangesand (1779-1858) frå Lysefjorden var gründer, entreprenør og ein dristig næringsdrivande med solide opp- og nedturar. Ryfylkealliansen deler ut denne gjeve prisen kvar haust.

– Der det er vilje, der er det veg, sa Magnhild seinhaustes 2012, då ho stakk spaden i jorda på Solbakk og slik offisielt starta arbeidet med Ryfast. Då var Magnhild Meltveit Kleppa

Ryfylkealliansen er ei foreining som gjennom langsiktig merkevarebygging skal fremja identitet, verdiskaping og bulyst. Alliansen har over 170 medlemer, med både kommunar, bedrifter og andre verksemder.

RYFYLKE.NO #ryfylke


TO TRUFASTE SLITARAR Dei har sett Ryfylke på kartet gjennom ei solid, spenstig og spennande satsing. For på strandstaden Sand i Suldal ligg idyllen Ryfylke Fjordhotel, livsverket til ekteparet Erling og Tina Cosette Asbjørnsen. på det ryfylkske. Det gjeld både mat, aktivitetar og vertsskap. Ryfylke Fjordhotell handterer alt frå små samkome til store konferansar, og legg ikkje skjul på at nå er folk kome til hjarta av Ryfylke.

I november fekk Ryfylke Fjordhotel pris, «Merkevareprisen Ryfylke». Prisen blir delt ut til ei verksemd i Ryfylkealliansen, som er dyktig til å markera Ryfylke, ikkje minst ved å bruka ryfylkelogoen aktivt.

Styret i Ryfylkealliansen påpeiker: – Det er stas å gje prisen til nokon som har vist vilje og mot i Ryfylke over så mange år. Vinnaren av prisen har vore stabile, våga å fornya seg, tenkt nye tankar og hatt beina solid planta på bakken. Det har gjeve resultat som gagnar resten av Ryfylke, og som me som ryfylkingar er stolte over.

Tina og Erling har vore tydelege på at verksemda skal byggja

Me vil løfta Ryfylke opp og fram

Forsand

Strand

Hjelmeland

Suldal

RYFYLKE.NO kommune kommune #ryfylke kommune kommune

Sauda kommune

Ryfylke, nord-aust i Rogaland, byr på fjell- og fjordperler, by- og bygdaliv. Regionen er ein viktig leverandør av mat frå hav- og landbruk. Næringslivet er kjenneteikna som nyskapande med solid drift, både for store og små bedrifter. Ryfylkingen bidreg til lokal utvikling og er stolt leverandør av kvalitetsprodukt- og tenester.

Omega Design

Ryfylke Turisthotel blei opna i mai 1996. Hotellet er utvida og bygd om ved fleire høve, og skifta namn til Ryfylke Fjordhotel i 2006. Hotellet må kunne kallast ein bærebjelke og førebilete for overnattings- og opplevingssegmentet i Ryfylke.


30

MITT RYFYLKE | FORSAND For drivarane av Landa park er det viktig å dyrke det unike med plassen til fulle.

OPPLEVINGAR på historisk grunn Ein hektisk sommarsesong er tilbakelagt, og eigarane av Landa Park skal lade opp til ein ny sesong. Og brygge litt øl og arrangere nokre julebord, kan hende. TEKST: TOYNI TOBEKK | FOTO: THERESIA PAULS

– Då me tok over Landa Park sommaren 2015, gjekk me rett inn i høgsesong. Det var travelt, fortel Jeanette Schlage. Saman med mannen Bernd Kühne har ho nå drive campingplassen og museet på Landa gjennom fem sesongar, og nå begynner dei å sjå resultat. Kva var det så med Landa som appellerte til Schlage og Kühne? Dei som eigentleg «berre» skulle ha ein campingplass å drive, men som fekk 2000 år med historie på kjøpet? Landa Park ligg nemleg på historisk grunn, med tufter tilbake til bronsealder, jernalder og folkevandringstida. Området var på nittitalet gjenstand for den største arkeologiske utgravinga nokon sinne i Norge. Då fann ein spor etter 250 hus frå perioden 1.500 f.Kr. til 600 e.Kr. I dag er det fire rekonstruerte hus på plassen, desse fungerer delvis som museum, delvis som aktivitetshus og til overnatting. Sidan dei tok over i 2015 har ekteparet Schlage og Kühne jobba med å auke kapasiteten på overnatting. Gjestene kan i tillegg til å overnatte i medbragt, altså telt, campingvogn eller bubil, også legge seg inn i Bronsehuset og overnatte i riktig eksotiske omgjevnader. Dei siste åra har paret dessutan fått løyve og lån til å bygge utleigehytter, med til saman 39 sengeplassar. Planen er å bygge ytterlegare to hytter

neste år. Tidlegare lånte dei dusj til gjestene sine hjå Forsand kulturhus. Nå har dei fått bygd to dusjkonteinarar slik at dei kan sørve gjestene på plassen. Ekteparet Schlage og Kühne kom til Noreg frå Tyskland for 14 år sidan. Først budde dei i Hjelmeland, sidan bygde dei hus på Jørpeland. Ho arbeidde i barnehage, han var handverkar. Då barna vart vaksne hadde paret lyst til å starte med noko nytt. Ein campingplass verka naturleg. Dei visste at regionen kvart år får besøk av eit monaleg tal tyske turistar, og dei såg det som ein naturleg marknad å rette seg mot. Etter å ha røkta litt etter kva som var ledig dukka Landa Park opp. Han var begeistra med ein gong. Ho måtte tenke på det, skjønt ho såg at her hadde dei ein sjanse dei neppe kom til å få igjen. Noko av det som vog tungt på vektskåla var deira eigen bakgrunn; han som handverkar, ho som barnehagepedagog. Han kunne bygge og vøle, ho kunne planlegge og utvikle aktivitetstilbodet, var dei samde om. Så tok dei utfordringa og heiv seg uti det. – Du må vere utruleg fleksibel, når du skal drive slik, seier Jeanette Schlage. Alt må me gjere sjølve, sjølv om me kanskje ikkje kan det frå før. Me hadde til dømes ingen som kunne lage mat då me starta.


MITT RYFYLKE | FORSAND

>

31

LANDA PARK Fortidslandsbyen og campingplassen ligg på historisk grunn på Fossanmoen i Forsand. Her fann arkeologar 250 hus frå 3500 år sidan under Noregs største utgraving på 90-talet. I dag driv ekteparet Schlage og Kühne næring på Landa.


32

MITT RYFYLKE | FORSAND

– Me kjenner på eit stort ansvar for dette prosjektet, og til tider har me følt oss veldig aleine [Jeanette Schlage]

Jeanette Schlage og Bernd Kühne har drive fortidslandsbyen og campingplassen på Landa på Fossanmoen i fem sesongar.

Då måtte Bernd begynne å koke. – Nye idear må prøvast ut, heile tida, seier ho. Somme gonger går det bra, men ikkje alltid. Det må ein også tole. Det var heile denne pakken som fascinerte: Historia, bygningane og atmosfæren. – Her kan me tilby alt frå omvisingar og aktivitetar til matservering og overnatting, ramsar ho engasjert opp, og utdjupar: – Sesongen vår er frå mai til oktober. I mai og juni har me skuleklassar på omvising i fortidslandsbyen, og når feriane begynner i Norge og Tyskland, så kjem turistane. Somme kjem nokså tilfeldig innom, andre har lagt Landa Park inn i planen sin i samband med besøk av andre attraksjonar i regionen. I sommar hadde dei 100-150 overnattingsgjester som kom i samband med besøk til Preikestolen. – Me har også to-tre bryllaup i året, og me har arrangert vikingfestival nokre haustar, fortel Schlage. Då er det full rulle med leiker og aktivitetar, middelaldermusikk og salsboder. Då kler folk seg opp i vikingdraktar og kjem til gilde. Vertskapet minner om at dei fleste av aktivitetane deira er godt eigna for barnefamiliar.

Mellom 60 og 70 prosent av overnattingsgjestene deira er tyske. Men også folk frå regionen legg turen til Landa, på dagstur frå Jæren, Sandnes og Stavanger, til dømes, for å delta i aktivitetar som ekteparet skipar til. Aktivitetane er alt frå å smelte tinn og lage eigne leirsmykke, via øksekast og skyting med pil og boge, til fisketurar og aktivitetsløyper, for å nemne noko. Å få lønsemd i ein fortidslandsby og ein campingplass som mange har meiningar om, og som er avhengig av velvilje frå så vel riksantikvar som offentlege lån- og tilskotsgivarar er ikkje berre enkelt. Jeanette Schlage legg ikkje skjul på at det har vore krevjande. Eller bratt, som ho formulerer det. – Me kjenner på eit stort ansvar for dette prosjektet, og til tider har me følt oss veldig aleine. Først handla det om å overleve, å få det til å gå. Kvar haust har dei sett status og vurdert grunnlaget for vidare drift. – For to år sidan følte me at me såg lyset i enden av tunnelen. Dei har investert i prosjektet sjølve, men også lån og tilskot frå Forsand kommune og andre offentlege instansar har vore avgjerande for å kunne drive, seier


MITT RYFYLKE | FORSAND

33

Vikingfestival er ein av mange aktivitetar som går føre seg på Landa Park som også var arena for andre sesong av NRK-serien Vikingane.

Schlage. Å få bygge utleigehyttene har gjort ein stor forskjell og gitt dei ein tryggare grunn for vidare drift. Nå må dei prioritere opprusting av bygningane som høyrer til fortidslandsbyen. Då blir det nye rundar med søknader og å snu alle steinar på jakt etter offentlege midlar. Når Forsand frå årsskiftet blir til nye Sandnes kommune vonar Landa-drivarane at dei har gjort seg bemerka og kan hauste godvilje også i den nye kommunen sin, som dei oppfattar som ein kommunen med vilje til å satse på turistnæringar. – Det er viktig for oss å halda plassen i god stand slik at den blir attraktiv for gjestene våre, seier Schlage. Trass i at talet på gjester som kjem til Landa Park har auka med 20 prosent årleg, er dei ikkje der ennå at dei kan vere heiltidstilsette i dette. Om sommaren leiger dei inn litt hjelp, og bergar seg elles med dugnadshjelp og elevar frå Forsand skule som er med. I vinterhalvåret har dei sjølve anna arbeid. Matservering er ein vesentleg del av drifta i Landa Park. Til vanleg driv dei kafé faste dagar i kulturhuset, i tillegg til å tilby catering. Bedriftstilstellingar med julebord og lagbygging er noko dei ønsker å satse endå meir på. Og nå skal dei også i gang med å brygge øl.

- Lokalprodusert øl er noko folk ofte etterspør når dei er på Landa, seier Schlage. Nå vil dei investere i utstyr og begynne prosessen med å brygge til eige forbruk. – Forsand har vasskjelder med 10 millionar år gammalt vatn av god kvalitet, og med bruk av pors og andre lokale krydder vil me kunne brygge eit godt, mørkt og krydra øl, freistar ho. Ølproduksjonen skal skje i samarbeid med lokale krefter, og Schlage legg ikkje skjul på at dei gjerne kunne tenkt seg å gjere meir saman med andre næringsdrivande i regionen. Derfor er ho nå glad for å kunne fortelja at dei skal jobba saman med Øyvind Stuvik for å laga pakkar knytte til hans kajakkutleige. Kor ser dei så Landa Park om for eksempel fem år? Jeanette Schlage er ikkje sein med å svare. - Om fem til ti år ser Landa heilt annleis ut, endå betre ut. Eg trur at folk då veit at dei kan bruka oss til mykje meir enn dei gjer i dag. Ho smiler. – Då ser folk Landa Park og så seier dei kanskje, wow – sjå kva dei har fått til her!


Vakre Ryfylke

– kommer ikke av seg selv Bli med oss i Ryfylke Friluftsråd til å holde friluftslivet og Ryfylket rent og vakkert. Vinteren er kommet, og med den blir det også søppel i naturen mer synlig og lettere tilgjengelig for alle å plukke.

Vi utfordrer alle til å bidra i dette viktige arbeidet. kersti.kesper@ryfri.no - ryfri.no holdnorgerent.no/ryddeportalen/ Prosjektleder: Marin forsøpling Tekst: Kersti Kesper

Tett på dei gode opplevingane

Suldalsvegen 3159

VELKOMEN TIL JUL HOS OSS

JULEOPNING

Open til 23. desember • kvar dag 10–18 Besøk også Verkstaden og Gamlefjosets utstillingar

ADVENTSHELGA

laurd. 30. nov. og søndag 1. des. kl. 12.00 - 18.00

trapper • dører • vindu • listverk Levande musikk og servering av heimelaga gløgg og bakst.

Besøk også verkstaden og gamlefjosets utstillingar. OPEN T.O.M. 23. DES. tlf: 52795216 post@eroyvik.no eroyvik.no

I Sauda har me oppkøyrde og/eller merka langrennsløyper i sju dalføre. Opplev ski-in på Sauda Skisenter. Her finn du løyper tilpassa alle nivå, eige familieområde, kafeteria og paraplybar. I sentrum kan du besøke Folkets Hus, eit moderne kulturhus og nasjonalt kulturminne. Swim-out i utebassenget i Saudahallen. Her held vatnet 33 grader året rundt. Velkommen til Sauda – heile året – heile tida.

sauda.kommune.no

Omega Design Foto: Bjørn Inge Mong Aalvik, Per Inge Fjellheim, Bjørn Lund, Terje Hodne

3159 ogSuldalsvegen 1-årsfeiring

(midt mellom Suldalsosen og Nesflaten)

Ski-in, Swim-out i Sauda


35

MITT RYFYLKE

DET STORE MATSLUKET Ryfylkekokken Frode Selvaag har sett seg lei på at me stadig kastar meir og meir mat. – Innfør fast dag i veka for restemiddag og overrask familien med kva ein kan få ut av det som gøymer seg i kjøleskåpet, er tipset hans. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: RICARDOFOTO

Ryfylkekokken som driv restaurant og catering frå Landahuset på Finnøy meiner det er fleire grunnar til at me hiv så mykje mat. – Delvis er det fordi me ikkje er nøysame, fordi me er late og fordi me har for mykje pengar. Me brukar 11 prosent av inntekta vår på mat no, for 50 år sidan brukte me om lag 40 prosent. Og det manglar mykje kunnskap: Kven tek ansvar for Mat og Helse i skulane, kan me som foreldre nok om kva mat me skal hva og kva me kan nytte? Korleis let me denne kunnskapen leve vidare? Frode Selvaag vart i sommar heidra med Ingridprisen, som blir delt ut av Rogaland fylkeskommune og er oppkalt etter Ingrid Espelid Hovig. Prisen skal oppmuntre og inspirere kokkar og bidra til omdømmebygging rundt kokkefaget. I juryen sin uttale vart det lagt vekt på at Selvaag arbeider med å profilere norske råvarer og jobbar med Norsk Smaksskule. Lidenskapen hans om råvarer og mat laga frå botnen av handlar også i stor grad om kunsten det er å ta vare på maten, og ikkje kaste meir enn naudsynt. – Korleis kan folk unngå å kaste så mykje mat? – Innfør fast restedag og kall middagen det den er; nemleg overrasking. Då kan alle vente i spenning. Lag deg også ein fast handledag og planlegg innkjøpa. Og bruk sansane, heile vegen. – Har du tips til eit par restemiddagar folk kan lage i dag?

– Gryterettar er fine, litt slik pytt i panne. Omelett fungerer også fint, det er mykje godt som kan steikast og ha i den. Grautrestar fungerer fint i vaffelrøra. I dag blir det ei grønnsaksfestgryte med konkurranse om kor mange ulike grønnsaker ein finn oppi. Også i restauranten jobbar dei bevisst med å avgrense matsvinn. – Me vel å bruke tid på å berekne og planlegge kor mykje me skal lage. Me trenar kvar dag på å bli flinkare til å sjå på kva me kan lage mellom anna av skrell og kutt. Til dømes så kokar me ofte kraft av kjøttbein to gonger, me vaskar òg mandelpotetskrellet og friterer det til chips. Samstundes har me kutta ut all pynting av mat, sidan me veit at dei fleste kastar pynten likevel. Og så konserverer me mykje, syltar og saftar. Dersom me har mykje av noko, så konsverer me det til seinare bruk. Frode Selvaag brenn for at dei minste skal lære meir om råvarer og korleis ein kan unngå matsvinn. – Eg har stor tru på at barna våre kjem til å skjøne dette betre enn oss. Dei vil forstå at verda ikkje kan fortsetje slik, at me som er heldige og bur her me bur kan kaste 1 av 4 bæreposar med mat me kjøper, medan me veit at det er 800 millionar menneske som svelt og har lite mat. – Dei må lære seg å bruke sansane, og dei må lære seg å bli nøysame, som eg meiner var våre forfedrer sin måte å vere berekraftige på. Me må nytte alt me har rundt oss, hauste

av naturen og ta vare på det me kan. Ikkje minst må me ete opp maten me lagar. Då må me òg kunne berekne kor mykje mat me treng, meiner Selvaag. Han trur på at ein må styrke Mat og Helse-faget i skulen, og at det er dei vaksne som må ruste barna til å ta rette val i framtida. – Snart på tide med jul, har du nokre tips til julerestemat? – Det er mykje spanande ein kan lage av julerester. Eg har tru på potetkaker og potetlefser som ein kan fylle med kald ribbe og surkål, eller reinska pinnekjøt, potetbitar og kålrotstappe. Rull lefsa og pakk den inn i folie, ta den med ut på tur og varm dette på bålet. Då får du tre ting på ein gong: mindre matsvinn, mosjon og kvalitetstid med dine. Det beste tipset er likevel å kjøpe det du trenger og det du har ein plan for å ete, ikkje meir, slår Selvaag fast.

Frode Selvaag Bur: Finnøy Aktuell: Driv Ryfylkekokken og har engasjert seg i kampen mot matsvinn.


Synleg med godt innhald Tekst & kommunikasjon

Film

Animasjon

Design

omegadesign.no

Profile for Omega Design

Mitt Ryfylke 2019 3  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Mitt Ryfylke 2019 3  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Advertisement