Mitt Ryfylke 2015 1

Page 48

–Draumen har kosta mykje pengar og mykje arbeid. Nicholas Guindani, Ryfylke Mat

Seljaren, den blide kokken Nicholas Guindani, kan om du ønskjer, fortelja kva bonden heiter og korleis lårskivene og lammeskanken har fått smaken sin. I tillegg kan han fortelja deg korleis du best lagar til kjøtstykket du har kjøpt i butikken heime i tunet hans. Då Mitt Ryfylke vitja Ryfylke Mat ein solglitrande septemberdag var det lyden av klukkande høner som først møtte øyrene våre. Like etter kjem Nicholas smilande ut frå butikken sin. Dette har vore draumen hans i mange år, å få selja kortreist kjøtmat av høg kvalitet. HAN PÅPEIKER AT BUTIKKEN ikkje vil føra alt alltid, kjøtvarene vil variera med sesongen. Sidan han er forpleiningssjef på ei plattform i Nordsjøen, kan han ikkje alltid vera til stades i butikken sjølv, men i hans fråvær stepper kona Janne Hindrumsen inn. –Draumen har kosta mykje pengar og mykje arbeid. Bygget blei altfor dyrt, seier han og smiler, sjølv om han har gjort så mykje av innreiingsarbeidet sjølv som råd. Han takkar Sauda Vekst, Innovasjon Norge og Sauda Bedriftskapital for støtte og råd på vegen. Ryfylke Mat opna dørene i byrjinga av september i år. Butikken har ope nokre timar tysdagar og fredagar. Då Mitt Ryfylke vitja utsalet hadde Nicholas arbeidd heile helga med mentor-pølsemakaren sin. Helga blei brukt til å trylla fram ei mengde produkt frå 25 lam, både ferske, salte og spekte, som skal seljast til kjøttsvoltne saudabuar og andre tilreisande utover hausten. Anten som steiker, koteletter, bogsteik, lammeknokar, eller som pinnekjøt når det nærmar seg jul. Han lagar pinnekjøt av både bog og sider. Noko av lammekjøtet skal også bli til spekepølser og spekebetar, dette er ein liten beinfri og speka kjøtbit, godt eigna for folk som tykkjer eit heilt fenalår blir for mykje, forklarer Nicholas. HAN KAN OGSÅ TILBY såkalla Coulotte-steik, som er svært populær i Danmark. Den er skoren ut på ein litt annan måte enn den tradisjonelle steika. Lammeribbe, lammebog med knoke, lammeskank og lammebaron (sistnemnde blir laga av sadelen på lammet) er også delikatessar han kan freista med. Butikken utgjer den minste delen av det store bygget som tronar i tunet på småbruket, kloss i Austarheimsvegen i Sauda. Innanfor butikklokala kjem me inn i eit stort rom som mellom anna huser kjøtthakke, pakkeavdeling, cateringavdeling, pølsestappar og røykeskap. Nicholas opnar skapet og fortel at han fyrer opp bøkespon når han skal røyka kjøt.

48

NR. 1 – 2015


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.