Ungdom nr 02 2015

Page 19

NORDLANDSBUNADEN

Forsøk på endringar kom då òg, som det er vist eksempel på under. Og ”Heimen” i Oslo merka òg slike tendensar. Kristian Halse har i jubileumsboka for Vefsn folkehøgskole tatt med om det. I 1939 skreiv dei frå ”Heimen” til Anne Svare: ”Ein tilfeldig kunde opplyser oss at vår modell er annleis enn bunaden som dei brukar han i Nordland. Livet skulde gå ned i ein spiss framme og det var ein par andre småting med skurden, som ho meinte bur­de vera annleis.” Så held Halse fram: ”No stod ‘Heimen’ på at dei heile tida hadde følgt den mo­dellen og dei mønstera som dei fekk frå handarbeidslæraren på Toppen. Og var det i mellomtida gjort endringar, så måtte dei få vite om det.” Greitt var det vel ikkje for ”Heimen” heller, etter det dei skreiv til Anne Svare: ”Vi høyrer so mykje om bunadene her ved disken, der det kjem so mange folk. Snart fortel den eine det, den andre det.” Seinare, i 2003, fekk Hålogaland Ungdomslag i stand eit godkjenningsmerke som har vorte ei god hjelp for dei som vil sikre seg ein nordlandsbunad som held seg til originalen.

11.

”ET FORLENGET BRODERI PÅ RYGGEN” Etter krigen dukka det opp ein del bunader som hadde eit anna mønster på livet bak (sjå fig. 10). Det var altså ein eller fleire som ikkje var tilfredse med mønsteret slik det var utforma av bunadsnemnda i 1927/28. Det er ikkje så lett å finne ut kven som stod bak denne endringa. Karin-Johanne Ness skriv i ein artikkel om ”en del bunader fra rundt 1950 hvor det er laget et forlenget broderi på ryggen. Det blir fortalt at det var en kvinne i Salten som mente at blomstene måtte ha en avslutning, og laget derfor en stilk og noen blader ekstra”. På spørsmål om opphavet til dette mønsteret har Husfliden i Bødø berre dette svaret: ”Brodering er som handskrift, det vil variere fra person som broderer og til person som broderer. Det er og slik at det er ulike meininger om/ønsker om korleis bunaden skal sjå ut.” Men det blir presisert: ”Vi er en av 6 husflidsutsalg som forholder oss til bunadsnemndas godkjenning av Nordlandsbunaden – denne skrev alle under i 2004, derfor er det den vi forholder oss til. I dette er det et klart mål om å videreføre bunaden slik den opprinnelig var.” Kor mange bunader det er som har dette broderiet bak på livet – og som framleis blir bruka – er naturlegvis uråd å seie. Same bunaden som har dette forlenga broderiet, har òg ein spegelvend kantbord (fig. 11). Men det er det fleire bunader som har, sjå bildetekst.

10.

8.

Fig 8. Mønsteret i broderiet på bringekluten frå Røyten (fig. 2) vart overført til ryggen på vesten. Utsnittet er frå ein bunad levert av Bunadsstua i Harstad, 2012. Fig 10 . ”Ryggrosa” med det forlenga broderiet. Fig 11. Den øvste kantborden (stakkborden) vender mot venstre slik som på prøvebunaden ,sjå fig. 1. På ein del bunader er det omvendt, sjå fig. 9, og også slik som vist på bunaden som det er vist utsnitt frå i fig. 10.

”Nordlandsbunaden er en av våre mestselgende bunader. Kanskje ikke så rart iogmed at den flere ganger har gjort det svært godt i avstemninger om Norges vakreste bunad?” (Den Norske Husfliden). I ei tid med ikkje all for god kontroll med produksjon og sal er det viktig å passe på at den ”ekte” nordlandsbunaden blir tatt skikkeleg vare på. Stor takk til Tone Kvien, som har lese gjennom teksten og gitt råd og elles bidradd med kjelder. Takk også til Rønnaug Tuven og Bjørnar Pedersen ved Helgeland museum, avd. Vefsn.

EIN POPULÆR BUNAD I 1929 skreiv Astrid Langjord: ”So vonar eg nordlandsbunaden finn hjarterrom og husrom både hjå høg og låg, og blir festbunaden for oss her nordanfrå, kvar vi so kjem til å byggja og bu.”20 ”Ønsket hennes har blitt oppfylt, og sterkare enn det både ho og dei andre som skapte nordlandsbunaden for kvinner, kunne drømme om.” Nettoppslag som dette fortel om ein svært populær bunad:

Dette er eit utdrag, heile teksten kan lesast i Håløygminne nr. 1 2015, der den først sto på prent. Kan tingast på www.hminne.no Sjå og Nordlandsbunaden på framsida av bladet.

02/2015 UNGDOM 19


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Ungdom nr 02 2015 by Noregs Ungdomslag - Issuu