1 minute read

STORT OG SMÅTT

Next Article
STORT OG SMÅTT

STORT OG SMÅTT

Biosfæreturnè

I haust har vi besøkt dei fleste av kommunane, og informert om kva aktivitetar og prosjekt vi har i gong som kommunane kan ta del i. Tilbake fekk vi meir kunnskap om kva som går føre seg rundt om. Saman diskuterte vi korleis vi kan setje i gong felles tiltak, og ikkje minst få fram alt det flotte som skjer i kommunane.

Advertisement

Lærarseminar

Vi samarbeida med FN-sambandet som arrangerte eit innhaldsrikt og spennande seminar for lærarar frå UNESCOskular i heile landet. Seminaret var lagt til biosfæreområdet. Programmet bestod mellom anna av bedriftsbesøk, og biosfæreområdet fekk vist mangfaldet og mogelegheitene knytt til berekraftig utvikling.

Prosjekt og arrangementlogo

Vi har utvikla ei ordning som gjer det lettare for arrangement og prosjekt som går føre seg i biosfæreområdet til å knyte seg til UNESCO-statusen. Aktørane må søkje om å bruke logoen via eit spørjeskjema. Vi ynskjer at biosfæreområdet skal være eit kvalitetsstempel for mangfaldet av prosjekt og arrangement som støttar opp om satsingsområda våre.

Cultivate

CULTIVATE er eit internasjonalt forskingsprosjekt der ein ser på kulturarv si rolle for å forme landskap og samfunn. Vidare ser ein på kva ”frø” sår vi i dag, som kan gi oss ei god framtid? Universitetet i Bergen er samarbeidspartnar. Nordhordland UNESCO Biosfæreområde deltar saman med biosfæreområde i Estland, Tsjekkia og Skottland.

Naturgode

Vi er del av eit forskingsprosjekt som kartlegg godene i naturen, og kva desse godene gir oss. I 2020/21 vart verdsetting av naturgode kartlagt. Den viste at naturgodet vi verdsett mest er friluftsaktivitetar, men og landbruk og landbruksprodukt kom høgt opp på lista. Undersøkinga er no vidareutvikla og vert relansert i 2023.

This article is from: