
1 minute read
HANDVERK
I Nordhordland
Berekraftige kulturopplevingar og lokale produkt
Advertisement
Forprosjektet «Handverksruta» (2021-2022):
-Korleis kan vi skape unike, berekraftige kulturopplevingar, bidra til auka verdiskaping for verksemder, og løfte fram lokale produkt innan handverk, kunst og mat – i Nordhordland UNESCO Biosfæreområde?
Vi har sett på korleis vi kan:
• Samle og synleggjere aktørar innan handverk, kunst og lokalmat i Nordhordland


• Hjelpe kunden/turisten i å finne regionen sine «skjulte skattar»
• Finne, løfte og utvikle det regionale «DNA» for Nordhordland som destinasjon
• Sjå på samanhengar mellom levande lokalsamfunn, berekraftig turisme og biosfærestatus
• Skape synergiar med nettverksbygging og samarbeid
I prosjektet er det gjennomført ei enkel aktørkartlegging. Denne avdekkar eit stort mangfald av aktørar innan handverk i Nordhordland, nokre store og mange små. Alt frå verksemder med utsal/galleri, produsentar av lokale produkt, tidsavgrensa arrangement og aktørar innan formidling. Ei utfordring med små aktørar kan vere mangel på faste opningstider, og småskala produksjon. Men det gjer og moglegheiter. Her finst eit yrande mangfald, ein del av Nordhordland sin eigenart og DNA. Vi har pågåande satsingar det er naturleg å byggje vidare på, som Ullruta, Kunstrunden, og lokalmatsatsinga ”Smak av Nordhordland”, som kvar samlar mange verksemder.
Nordhordland UNESCO Biosfæreområde si rolle kan gje ei ramme, i form av berekrafts-perspektivet. Eit viktig arbeid er å synleggjere og løfte fram både handverket og aktørane, skape nettverk og samarbeid slik at fleire ønskjer å satse. Det kan igjen gjere det enklare for reiselivsaktørar å pakketere og lage produkt opp mot ulike målgrupper. Forprosjektet er meint som eit grunnlag for å kunne søkje tilskot til ei større satsing på HANDVERK i regionen vår. Les meir HER!
Forprosjektet er støtta av Vestland fylkeskommune.