1 minute read

Drift

Next Article
STORT OG SMÅTT

STORT OG SMÅTT

Stab

Vi har sidan 2021 hatt ein aukande prosjektportefølje. Frå januar 2022 kunne vi auke staben noko og sidan 1. august har vi hatt 3 årsverk knytt til biosfærearbeidet, fordelt på 4 personar. Dette er ei dobling frå tidlegare og gjev oss ein heilt anna fart og ikkje minst viktig: ein breiare kompetanse i teamet. Dette gjer oss betre i stand til å ivareta oppgåvene vi har knytt til drift og prosjekta vi har tatt på oss.

Advertisement

Økonomi

Biosfæreområdet har ein sunn, om enn noko trong økonomi. Driftsinntektene vi har er umåteleg viktig for stabilitet og grunnfinansiering. Det gjev oss ei ekstra kraft til å sikre oss prosjekt og prosjektinntekter som er heilt naudsynt for å fylle strategi og handlingsprogrammet vårt med innhald.

Organisering

Regionrådet i Nordhordland, utvida med ordførar og rådmann frå Øygarden kommune, er det overordna organet for biosfæreområdet sitt arbeid, statusen er eigd av kommunane.

Region Nordhordland IKS (RNI) har det administrative ansvaret for satsinga. Til dette høyrer forsvarleg drift, og at biosfæreorganisasjonen utførar arbeidet i tråd med UNESCO sine retningsliner, og i tråd med eigen vedteke strategidokument.

Biosfærerådet vert oppnemnd av Regionrådet og skal vere sett saman av personar med relevant kompetanse.

Biosfærerådet

Biosfærerådet er vårt rådgjevande organ, samansett med brei kompetanse og god geografisk spreiing. Leiar er Sara Sekkingstad, ordførar i Alver. Rådet har hatt to møter og ei heildagssamling i 2022.

This article is from: