
1 minute read
FORSKING
I Nordhordland
Bringe fram ny kunnskap for ei haldbar framtid!
Advertisement
Ein viktig del av arbeidet kring ein UNESCO biosfære status er vektlegging av kunnskap og forsking. Nordhordland skal vere eit læringsområde for berekraftig utvikling, og for å forstå korleis våre handlingar påverkar klima, miljø og samfunn, må vi kontinuerleg hente inn kunnskap. På den måten kan vi korrigere, og endre handlingsmønstera våre til å bli meir berekraftige. Vi arbeider med temaet forsking på mange måtar. Ein av dei er at vi er aktivt inne som «hjelparar» i ulike forskingsprosjekt, som til dømes at vi er aktive samarbeidspartnarar, kan ta del i referansegrupper, hjelpe til med å finne informantar eller lokasjoner, eller driv aktivt kommunikasjonsarbeid i høve til gitt forskingsprosjekt.
Vi arbeidar også med temaet forsking meir generelt og i hovudsak kring to viktige tema:
1. Formidle forsking. Gjere forsking meir kjent og tilgjengeleg for lokalsamfunnet, både for kommunane, næringsliv og innbyggjarar i Nordhordland
2. Korleis gjere Nordhordland UNESCO Biosfære til eit meir attraktivt forskingsområde?
Gjennom året har vi knytt kontaktar med ulike forskingsmiljø og gjort dei kjent med biosfæreområdet. Vi har vist kva vi kan tilby, og har utvikla gode måtar å kommunisere forsking på gjennom forenkling og visualisering. Vi kartlegg behova kommunane har når det gjeld forsking og har starta arbeidet for å få på plass ein eigen database med ulike problemstillingar som kommunane vår ynskjer meir kunnskap om. Her kan forskingsmiljø hekta seg på med både studentar og forskarar. Les meir om forsking HER!

