
1 minute read
STORT OG SMÅTT
Ny visuell profil
Vi er så stolte av vår grafiske profil. Symbolikken i dei fire elementa i logoen famnar kva biosfæreområdet handlar om på ein veldig fin måte. På heimesida vår finn du alt du treng å vite om biosfæreområdet – den er under stadig oppdatering og vidareutvikling.
Advertisement
Besøk hjå Knarvik vgs - berekraftige val
4. april 2022 var vi på Knarvik Vidaregåande skule og besøkte elevar på første trinn for å snakke om berekraftige val i kvardagen. Elevane fekk i oppgåve å velje ut eit tiltak for gjere deira kvardag meir berekraftig. På nettsida vår finn du mange gode tips til korleis ein kan gjere berekraftige val i kvardagen. Les meir HER!
Historiebanken er opna
Vi samlar på historia til biosfæreområdet. Kva har skjedd og kva har vi erfart? Korleis har historia forma samfunnet vårt? Vi byggjer oss ein historiebank - og den skal etterkvart vere proppfull av alt som er oss! Du finn alle dei spennande historiene som er samla inn til no på heimesida vår.
Open dag på Marineholmen
Vi hadde stand saman med UNESCO-teamet på Universitetet i Bergen, ein fin laurdag i april. Universitetet arrangerte open dag i samband med 75-års jubileet. Vi fekk vist fram mykje av den spennande forskinga som skjer i biosfæreområdet og fekk mykje merksemd. Smaksprøvane frå Smak av Nordhordland vart særs godt tatt i mot!



Sjøaurekartleggjing
Fleire sjøaurevassdrag i Nordhordland er no kartlagd (20212022). Det er undersøkt kor store bestandane er i utvalde vassdrag, samt kartlagt vandringshindre og gyteområde for sjøaure. Det er føreslått ei rekke tiltak for å betre tilhøva for sjøaure i vassdraga. Grunneigarar og elveeigarlag kan søkje tilskot til tiltak. Les meir HER!
