1 minute read

OM OSS

Next Article
STORT OG SMÅTT

STORT OG SMÅTT

Frå tidleg 1970-tal har Man and the Biosphere (MAB)-programmet vore eitt av UNESCO sine mange arbeidsområde. Programmet vart etablert som eit verkemiddel for å finne berekraftige løysingar på dei store utfordringane verda sto ovanfor, som befolkningsvekst, klimaendringar og politisk uro mellom anna.

MAB-programmet har som mål å oppnå langsiktig berekraftig bruk av jorda sine ressursar. UNESCO sine biosfæreområde, som Nordhordland er eit av, er læringsområde som skal vise gode eksempel på berekraftig ressursbruk.

Advertisement

MAB-programmet og biosfæreområda sin visjon er ei verd der menneska er bevisste på si felles framtid, korleis dei samhandlar med planeten, og at dei handlar kollektivt og ansvarleg for å bygge blomstrande samfunn i harmoni i biosfæren.

Nordhordland UNESCO

19. juni 2019 vart Nordhordland utnemnd til UNESCO biosfæreområde, det første i Noreg. Det er kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Vaksdal og Øygarden kommune som eig statusen som eit UNESCO biosfæreområde.

Eit biosfæreområde er eit læringsområde for berekraftig utvikling. Då Nordhordland fekk denne utnemninga var det ei anerkjenning får UNESCO om at denne regionen har særskilt gode føresetnader for å utvikle regionen for ei berekraftig framtid. Og ikkje berre det: Kvalitetane vi har for dette arbeidet synes UNESCO er så interessante og viktige at det vi gjer her skal vere gode eksempel for andre rundt om i verda.

Ressursprofil

Nordhordland er valt ut som eit UNESCO biosfæreområde fordi regionen på ein framifrå måte kan stå som læringsområde, både for det historiske og det moderne kystlandskapet i Noreg. Utvikling i samfunn og teknologi har ført til at regionen forvaltar store verdiar i form av vasskraft, petroleum og fisk. Det varierte kultur- og naturlandskapet er ein ressurs i seg sjølv. Naturen er rik på kontrastar, med kysten som er beskytta av ein brei skjergard, store og små fjordar, og vidare gjennom dal- og skoglandskapet opp til høge fjell.

This article is from: