1 minute read

Eit biosfære år! 2022

Next Article
STORT OG SMÅTT

STORT OG SMÅTT

Året 2022 vart året Nordhordland UNESCO Biosfære verkeleg kunne skyte fart og breie om seg med spennande prosjekt og aktivitetar! «Pandemi-tida» brukte vi på å leggje grunnlaget for ein styrka økonomi og fekk auka prosjektporteføljen. Det sette oss i stand til å auke bemanninga, og frå 1. august har vi vore 4 personar i administrasjonen. Det har gjeve oss eit enormt løft!

I april lanserte vi ny visuell profil og ny heimeside. Vi er stolte over resultatet som er særs anvendeleg og gjev oss eit godt visuelt uttrykk. På heimesida vår finn du no all informasjon du treng, og meir til! Den vert stadig oppdatert med prosjektinformasjon, historier, tips og nyhende. Vi har auka aktiviteten i sosiale media, og når ut til stadig fleire. Du kan óg teikne deg som abonnent på nyhendebrev frå oss - det vert sendt ut 4 gonger i året.

Advertisement

Vi har no på plass eit godt system for tilrettelegging av forskingsaktivitet. Vi har jobba med formidling av forsking, for å gjere kunnskapen meir tilgjengeleg, samt å marknadsføre Nordhordland som eit attraktivt forskingsområde. I tillegg er vi partnar i fleire forskingsprosjekt under tema arealpress, kulturlandskap og naturgode.

Gjennom året har det viktigaste vore å leggje til rette for at fleire skal bli kjent med biosfæreområdet, og vise korleis ein kan ta del og nytte seg av UNESCO-statusen. Vi har utvikla merkevareprogram som vi håpar mange vil nytte seg av. Har du aktuelle arrangement og prosjekt, kan du no søke om å få bruke eigna biosfærelogo, og få ekstra merksemd via våre kanalar.

Det vart ein fantastisk respons då vi lanserte merkevareordning for mat frå Nordhordland! 2022 var året der det første lokalmatproduktet kunne merke seg med merkevara «Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære»!

Vi er stolte av våre lokale råvarer, matrettar, mattradisjonar og mathandverk - det er ein viktig del av vår identitet, og vi har så mange dyktige aktørar!

Du får ein god oversikt over året 2022 i denne rapporten, men du finn dette og mykje meir på heimesida vår www. nordhordlandbiosphere.no. Etter eit forrykande 2022, har vi store forventningar til 2023 – vi har så mykje spennande på gang!

Kari Evensen Natland Nordhordland UNESCO

Biosfære

This article is from: