Møre og Trøndelag regionblad nr. 2 - mai 2022

Page 6

Ledarar var f.v Johanne Syrstad Winsnes, Per Winsnes, Eldbjørg Sæter Aurdal, Torgils Aurdal, Kjellaug Foseide og Ole Trygve Foseide.

SENIORVANDRARAR PÅ NÅDEVEGEN NMS i Trøndelag har hatt tradisjon for to seniortreff i året, eit om våren og eit om hausten. Vårtreffet 2020 vart avlyst grunna koronapandemien, og ikkje før no i april 2022 kunne vi arrangere Seniortreff igjen. Temaet for dette seniortreffet var “Vandring i nådens landskap.” Det var biskop emeritus Ole Christian Kvarme som heldt bibeltimane og tok oss med på denne vandringa. Han har skrive boka “Forunderlig barmhjertighet,” ei bok som nettopp peiker på vandringa vår i nådelandskapet. Kvarme hadde overskrifta «Frå Påske til Pinse» på den eine bibeltimen, og i den andre tok han utgangspunkt i Salme 23, Herren er min hyrde. Kvarme tok oss også med inn i situasjonen i MidtAusten, eit område han kjenner godt. I ein samtale med Per Winsnes, ein av ledarane for treffet, fekk vi bryna forestillingane våre omkring Midt-Austen. - Eg føler det som eg har sitte ved Gamaliels føter, konkluderte Winsnes etter dei visdomsfylte svara frå Kvarme. Tidlegare Etiopiamisjonær og prest Hans Birger Neergård tok oss med til Etiopia og fortalte om noko av det han hadde opplevd der, og vi fekk høre korleis han såg på situasjonen der i dag. Av musikkrefter hadde vi besøk av Rennebu Mannskor og koret Joysing frå Trondheim. Høstens seniortreff på Mjuklia blir 5.-8. september.

6

REGIONBLAD 2 – 2022

Ole Christian Kvarme» Ja, Kristus er sannelig oppstanden, svarte møtelyden!


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.