HAR OCEAN ENERGY FUNNE LØYSINGA?
EIT BØLGJEKRAFTVERK SOM DYKKAR Av: Kjetil Haanes
Dei meiner at dei har løyst problemet med at bølgjekraftverk havarerer i ekstremvêr; når uvêret kjem, så dykkar dei flytande bøyene under til uvêret er over. - Ja, vi trur vi har funne løysinga, seier oppfinnar og styreleiar Tov Westby frå Ullern i Oslo. - Ja, eg har tenkt bølgjekraftverk i fleire tiår. Det gjekk lang tid før vi kom på det geniale – å dykke under for uvêret, seier Asbjørn Skotte frå Sjøholt. Dei to forretningskompanjongane er drivkreftene i Ocean Energy, Westby som oppfinnar, styreleiar og nest største aksjonær, Skotte som dagleg leiar og hovedaksjonær gjennom selskapet Greentech Resources. Hittil har alle forsøk med bølgjekraftverk havarert, rett og slett fordi flytebøyene ikkje har tolt ekstremvêr. Det har vorte svidd 62
N E T T N O I N N O VA S J O N
av fleire hundre millionar kroner på ulike havarerte prosjekt. Sjølv har Ocean Energy svidd av rundt seks millionar kroner sidan oppstarten i 2007. No jaktar selskapet 7,5 millionar friske kroner gjennom ein folkeemisjon, men slit med responsen. - Ja, det går tregt. Investorane er skeptiske etter så mange mislukka forsøk. Men Westby og Skotte er sikre på at The Storm Buoy - stormbøya – er løysinga. Og dei har fått med seg sunnmørske interessentar. Ålesund Kunnskapspark er tungt inne på eigarsida, Kongsberg Evotec skal levere vinsjesystem til testbøyene, medan Westplast på Leinøy har vore med på å
utvikle sjølve bøyeløysinga. S KO R P E N H A R T R UA
Dagleg leiar Hallgeir Skorpen i Westplast har tru på konseptet. - Ja, dette er muleg å få til. Vi har utfordringar, men ikkje verre enn kva vi kan løyse. Skorpen har bygt ei prototype av flytebøya i komposittmateriale, ei bøye som ser mest ut som ein flygande tallerken. Denne bøya skal han i første omgang teste i sjøen ved Westpast-anlegget. - Vi kjem til å leike oss litt her framover, køyre bøya ned i stygt vêr og ta den opp att når vêret har roa seg.