AUTOMATISERING: Utviklarane Tor Ronny Gjelstenli og Terje Riksheim har laga ein arbeidsstasjon som automatiserer syjobben fire personar gjer i dag. Foto: Ogne Øyehaug
SAUM----------------REVOLUSJON HOS EKORNES Av: Ogne Øyehaug
Ein robot som kan måle seg med ei sydame. Det var oppdraget. No er jobben snart gjort.
Følelsen i fingertuppane, synet av korleis stoffet rører på seg medan du styrer det gjennom symaskina, finmotorikken som gjer at du kan sy rett som ein strek i akkurat passe avstand til kanten, erfaringa som må til for å klare å rynke stoffet når du skal, og halde det slett og glatt når det skal vere det. I tillegg går det fort. Ingen har greidd å lage ein slik robot. Før no. Ekorneskonsernet kunne sendt folk verda rundt for å få tak i ei slik maskin, men fann bedrifta som kan lage den i den andre enden av brua over Sykkylvsfjorden. STO LT
- Så vidt vi kjenner til er det er ingen i verda som er komne så langt teknologisk, seier ein stolt Lars Einar Riksheim, marknads-
28
N E T T N O I N N O VA S J O N
sjef, medeigar og grunnleggjar av Amatec i Sykkylven. - Amatec og Ekornes har mange dyktige ingeniørar. Eitt prosjekt av denne dimensjonen er med på å løfte den teknologiske kunnskapen lokalt med mange hakk, seier Riksheim. E I T FA R L E G VA L
Han er ein varm tilhengjar av både automatisering, og av å halde produksjonen i Noreg. - Alternativet, som mange bedrifter vel, er å seie at dei ikkje har bruk for automatisering - og heller flagge ut til lavkostland. Eit farleg val, meiner Riksheim. - Den som ikkje har produksjon, vil etter kvart mangle kunnskap om korleis dei skal designe slik at produksjonen blir lønsam.