

MÅLTRASTEN
NR 20, DESEMBER 2024
Meldingsblad for Harstad og omland mållag
NorskBarnebladtil skolar

MEDLEMSREKORD I 2024
Idet året går mot slutt, tikkar det inn ei melding frå Noregs Mållag om at Harstad og omland mållag har 31 betalande medlemmar. Dermed har vi brote 30tals-grensa og kan notere det høgaste medlemstalet nokosinne. Dét er inspirerande for alle i mållaget !!
Stappfull mottaking
Det var stappfullt på Senioruniversitetet då Ove Orvik presenterte "Nordnorsk ordbok" i april. Sjå side 3.
Nordlandsdiktaren
Jon Klæbo
Det er i 2024 150 år sidan diktaren
Jon Klæbo frå Dønna gjekk bort. Han har fått eit velfortent godt ettermæle. No er tekstane hans også tilgjengelege i ei ny bok av Hans H.
Skei: "Nordlandsliv" (2018).
Sjå side 6
Årsmøte 2024

Årsmøtet i Harstad og omland mållag blei avvikla 19. februar. Årsmeldinga, som var sendt ut på førehand, blei godkjent. Rekneskapen blei lagt fram på møtet. Rekneskapen var godkjent av revisor, og årsmøtet godkjente rekneskapen.
Magne Heide blei attvalt som leiar, og Valborg Myklebust blei også attvald til styret, mens Anita Nesheim Kleiving kom inn som ny styremedlem; Ove Orvik og Øystein Aas var ikkje på val. Ørjan B. Dahl gjekk ut av styret, etter å ha vore fast medlem sidan skipingsmøtet i 1997.
Sjå side 3.
"Jeg elsker nynorsk"
Bloggar Sophie Elise har starta å lese nynorsk litteratur. Ho elskar nynorsk, seier ho. Og følgjarane hennes strøymer til og kjøper bøkene ho tilrår. Kanskje ho sjølv skriv litt nynorsk snart?
Sjå side 3.
Årsmøte 2025
Årsmøtet i Harstad og omland mållag vil truleg bli halde i midten eller slutten av februar 2024. Innkalling vil komme i god tid. Det vil også bli innleiing om eit aktuelt språkpolitisk tema.
Harstad og omland mållag har gått ut med tilbod om ei årstinging på Norsk Barneblad i klassesett. Alsvåg skole har hatt dette bladet fram til sommaren 2024. Vi har arbeidd med å tilby eit klassesett til ein ny skole i haust, men lykkast ikkje, så det vil vi følgje opp i 2025.

Nynorsk gudsteneste

For sjuande gong blei det halde nynorskgudsteneste i Trones-kjerka i haust. Lars Martin Skipevåg var prest, ei fullstappa kjerke song nynorske salmar som om dei ikkje hadde gjort anna. Og til kjerkekaffien kåserte Lars Martin Skipevåg om "Fager kveldsol smiler" utifrå ein tekst av Ivar Molde i bladet "Stille Stunder". Vi har fått løyve til å trykke denne teksten. Sjå side 2.
Troms og Finnmark mållag
Årsmøtet i Troms og Finnmark mållag blei halde som digitalt møte 27.februar. Og i slutten av september avvikla fylkesmållaget sitt Haustseminar i Balsfjord Vi deltok på begge. Sjå side 4.
Styret
i Harstad og omland mållag
F.v.: Anita Nesheim Kleiving, Øystein Omar Aas, Valborg Myklebust, Ove Orvik og Magne Leon Heide

Adressa vår er: Harstad og omland mållag, v/Magne Leon Heide, Bergsvegen 29, 9475 Borkenes. Telefon: 97088957 E-post: magneheide@hotmail.com

Historia til den folkekjære songen vår
Av Ivar Molde
«Fagerkveldsolsmiler»ereinavdeiverkeleg folkekjære songane våre. Det ligg nær å tenkja ar det må vera ein heilnorsk song. Slik er det likevel ikkje.
Både tekst og tone er tysk. Den opphaveleg tyske teksten går attende til 1837: «Abend wird es wieder». August Heinrich Hoffmann von Fallersleben er det verdige diktarnamnet. I eit par utgåver som «Aftensolen smiler» fann songen sin plass i norske og danske songbøker siste på 1800-talet. Men no er det som «Fager kveldsol smiler» at folk kjenner denne songen –slik også i bokmålsmiljø.
«Fager kveldsol smiler» stod på prent fyrste gongen i Norsk Barneblad nr. 49 i 1904 med overskrifta «Kveldssong.» Det siste verset lydde då slik: So maa hjarta stræva utan kvilestund. Berre Gud kann svæva det i sælan blund.
Under omsetjinga står det: «Etter tysk ved P.H.» Omsetjaren var Peter Hognestad (18661931), bondeson frå Jæren, teolog og på denne tida stiftskapellan (ungdomsprest) med særleg plikt til å halda nynorske gudstenester i hovudstaden. Hognestad vart seinare biskop i Bjørgvin, er elles kjend som bibelomsetjar og salmebok-utgjevar. Frå 1908 var han ein aktiv medarbeidar i krinsen rundt «Stille Stunder».
Den 28. mai 1910 har Hognestad eit innlegg i bladet vårt med overskrifta «Ein kveldsong.»
Der skriv han: «De kjenner alle den kveldsongen «Aftensolen smiler». Tekst og tone andar fred og samklang. Men formi for songen er dansk, baade i maal og naturbilæte. Den tyske originalen av H. Hoffmann er i grunnen mykje meir norsk. Der brusar bekken fraa fjellet, medan den danske bekken «risler sagtelig gjennom mark og skove.» Eg hev prøvt med ei umsetjing fraa den tyske originalen, ho stend i Støylens songbok, men siste verset vilde eg gjerne hava annleis, difor set eg songen her.»
No vart siste verset sjåande slik ut: So mitt hjarta stundar i si lengting varm, til eg ein gong blundar i Guds faderarm.
Heilt nøgd var Hognestad endå ikkje. I Halvor Fottland si songbok for ungdomsskulen
(1921) var andre lina i siste strofa endra til «bankande i barm.» Slik vart han ståande i Nynorsk Salmebok (1925) og i Landstads reviderte året etter. Men i andre songbøker (Mads Berg, Gunneng, Søraaas) levde utrykksmåten «i si lengting varm» vidare heilt fram til 1950- og 60-talet, faktisk! I bokmålssongbøkene levde elles «Aftensolen smiler» sitt eigeliv ei tidframetter på1900-talet.Etterkvart vart «Fager kveldsol smiler» overalt ståande att som den sigrande.
Tidlegare redaktør i Stille Stunder, Ivar Molde, skreiv denne teksten etter å ha lese ein artikkel av Terje Aarset i Dag og Tid 3. april 2004.
(Denne artikkelen stod opphavleg i "Stille Stunder" i august 2024, og "Måltrasten" har fått løyve frå "Stille Stunder" til å trykke artikkelen)
Fager kveldssol smiler
(Abend wird es wieder)
Fager kveldsol smiler over heimen ned, jord og himmel kviler stilt i heilag fred.
Berre bekken brusar frå det bratte fjell, Høyr kor sterkt det susar i den stille kveld!
Ingen kveld kan læra bekken fred og ro, ingi klokke bera honom kvilebod.
Så mitt hjarta stundar, bankande i barm, til eg ein gong blundar i Guds faderarm.
Tekst: August Heinrich Hoffman von Fallersleben, til norsk Peter Hognestad
Melodi: Chr. H. Rinck ca. 1814
Kjelde: Frå Ivar Grimstad (red): Songbok for pensjonistlag og andre lag, 2. utgåva 1987. Tysk original 1837, trykt 1839. Norsk omsetjing første gongprenta i Norsk Barneblad4.12.1904,med endra siste strofe i Stille Stunder, 1910.
Kjelde: Nynorsk.no / Tekstar og songar / Songar / Fager kveldssol smiler

GOD MOTTAKING AV NORDNORSK ORDBOK
Ove Orviks "Nordnorsk ordbok. Arven etter Hallfrid Christiansen" har fått god mottaking. Det var stappfullt på Senioruniversitetet i Harstad då Ove presenterte boka si der i april. Sjå bilde t.h. (Foto: Magne L. Heide) Ordboka fekk også ei dobbelside i Dag og Tid 16. mai. Sjå bilde nedanfor.


TAKK FOR GOD MÅL-INNSATS
Ørjan Bjørn Dahl kom med i det første styret då Harstad og omland mållag blei skipa i 1997, og han gjekk ut av styret først i 2024.
Ørjan har lang fartstid i målrørsla. Han kom med i styret i Målselv mållag alt i 1970, som kasserar. Sidan førte studia han til Tromsø, og der var han aktiv mållags-medlem. I fire år (1977-1981) var han formann i Troms fylkesmållag, i ein av dei mest aktive periodane til fylkeslaget. Her var det seminar, aksjonar, målspalte i Nye Troms og små trykksaker som stod i fokus, og med Ørjan i bresjen.
Etter at Ørjan og Maria flytta til Kvæfjord, har Ørjan vore aktiv styremedlem i 27 år i Harstad og omland mållag. Vi takkar Ørjan forinnsatsen, ogvonar at vi får nyte godt av stå-på-viljen og kunnskapane hans framover også!

Avisa Nye Troms hadde i mange år ei fast målspalte med Ørjan B. Dahl som redaktør. Her er første artikkel 21. januar 1975
SOPHIE ELISE:
Eg elskar nynorsk
Det vekte oppsikt då bloggaren Sophie Elise gjekk ut på Instagram og sa at ho elska nynorsk. "Jeg er inne i en fase der jeg leser masse nynorsk", meldte ho på Instagram-kontoen sin i november. Og med haugevis av følgjarar har salet av dei nynorsk-bøkene ho har tilrådd, eksplodert.
Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, var begeistra då han møtte Sophie Elise på NRK no i desember. Viss Sophie Elise også vil skrive noko på nynorsk, skal vi så klart hjelpe ho med korrekturlesing av språket. Vi håper ho tar utfordringa!
Foto: Skjermdump frå Instagram: @noregsmallag
NOREGS MÅLLAG
Landsmøte 2024

Noregs Mållag hadde landsmøte i Trondheim 19.-21 april 2024. Øystein Aas og Magne Heide møtte som utsendingar saman med fleire på Troms og Finnmarkbenken. (Foto: Magne Leon Heide).


TROMS OG FINNMARK MÅLLAG:
Medlemsrekord i mållaget
Troms og Finnmark mållag hadde medlemsrekord i 2023. Dette kunne laget oppsummere på årsmøtet som blei halde 27. februar 2024. Fylkesmållaget nådde 275 medlemmar, og det er det største medlemstalet laget nokosinne har hatt. Medlemsveksten er i tråd med det som også har skjedd på landsbasis, og heng også saman med nobelprisen litteratur til nynorsk-forfattaren Jon Fosse. Det er no sju aktive mållag i Troms og Finnmark: Varanger, Balsfjord, Tromsø, Målselv, Harstad og omland, Senjamållaget og Studentmållaget i Tromsø.
Det største arrangementet i 2023 var Nynorsk inspirasjonsdag, som Tromsø mållag tok på seg å arrangere. Her fekk nesten 30 norsklærarar frå Tromsøområdet ein heil dag krydra med foredrag av Synnøve Marie Sætre frå Nynorsksenteret og bokbad med dei lokale forfattarane Sigrid Agnethe Hansen og Irene Larsen. Det var fine diskusjonar med interesserte og engasjerte lærarar. Norsk Målungdom har også vore på besøk på to vidaregåande skolar i Tromsø og Balsfjord.
Fylkesmållaget er fornøgd med at Litteraturnett Nord-Noreg endeleg har tatt til å presentere på nynorsk dei nordnorske forfattarane som skriv nynorsk, men mållaget ønsker at fleire enn desse også blir presenterte på nynorsk. Mållaget har laga ei liste med 125 skjønnlitterære forfattarar med nordnorsk tilhøyrsle som skriv eller har skrive på nynorsk og nordnorsk dialekt.
Leiaren i fylkesmållaget, Magne Leon Heide, har gått imot dei som ikkje ønsker dialekt i nyheitssendingane i NRK, bl.a. Christian Borch. Han har også bedt Nordland fylke om å leggje bort søknaden sin om såkalla valfritt sidemål. Det passar seg ikkje å velje bort nynorsk i eit år med nobelprisen i litteratur til nynorskforfattaren Jon Fosse, meiner han.
På årsmøtet blei det vedtatt eit arbeidsprogram som særleg la vekt på å arbeide for ei god opplæring i nynorsk som sidemål i grunnskolen og den vidaregåande skolen. Troms og Finnmark mållag planlegg også eit større helgeseminar i september i samarbeid med Balsfjord mållag. I tillegg arbeidet mållaget med å få oversyn over arkivstoff for å kunne skrive ei eiga språk- og lagshistorie. Det er i år 125 år sidan det første fylkesmållaget blei skipa i Troms.
Til styre for Troms og Finnmark mållag blei Magne Leon Heide attvalt til leiar , han kjem frå Harstad og omland mållag. Med seg fekk han to nye styremedlemmar, Astrid Larsen Vetrhus frå Varanger mållag og Øystein Omar Aas frå Harstad og omland mållag.
HAUSTSEMINAR I NORD: Nynorsk, samisk og stadnamn
Den nynorske målsoga i nord starta alt på 1800-talet. Samiske tema og perspektiv kan og bør vere med i alle faga, ikkje berre i norskfaget. Mållaga bør også engasjere seg i stadnamnarbeidet. Og aldri har det vore produsert så mange nynorske tekstar som i år. Dette var nokon av dei sentrale temaa som blei tatt opp på Haustseminaret som Troms og Finnmark mållag heldt i Nordkjosbotn i Balsfjord 28. september.
Magne Heide innleia om målsoga i nord. Han kunne fortelje at «vor bekjendte Landsmand» Ivar Aasen si ferd til Tromsø i juli 1851 blei kort omtala i Tromsø Tidende, så det var ikkje ukjent at han var på besøk.Meiroverraskandevardetat AasmundOlavsson Vinje var invitert til Tromsø i 1870, og han og kona hadde tenkt å reise. Men så døydde kona Rosa i april, og Aasmund gjekk bort 30. juli 1870. Tromsø Stiftstidende brukte to nummer til minneord om Vinje. Avisredaktør var Gustav Kjelseth, Aasmunds svoger og Rosas bror. Til slutt tok Heide eit djupdykk i målsoga i åra 1898-99

Foto: Seminardeltakarar (Foto: Magne Leon Heide)
Åse Mette Johansen har saman med Hilde Solli skrive ei fagdidaktisk bok «Samisk i norskfaget – frå plan til praksis», som ho presenterte på seminaret. Kunnskapen om det samiske er styrka dei siste tiåra, men det er framleis alt for mange repeterande opplegg som blir brukt i skolen. Johansen meinte at det samiske mangfaldet måtte kome betre fram. Ein kunne bruke ulike innfallsvinklar for å få fram samiske tema i norskfaget.
Det er viktig at mållaga engasjerer seg i stadnamnarbeidet. Dette understreka Aud-Kirsti Pedersen, som til dagleg er stadnamnansvarleg i Kartverket. Mållaga har som andre organisasjonar rett til å vere part i namnesaker, dei kan både reise slike saker sjølv og dei kan komme med fråsegner i namnesaker som andre reiser gjennom Kartverket.
Haustseminaret samla eit 20-tals deltakarar. Balsfjord mållag skapte ei triveleg ramme med god servering, og laget sin huspoet, Lillian Bernes Hay, las fleire eigne dikt til stor glede for forsamlinga.

NOREGS MÅLLAG:
Haustseminar på Elverum
Noregs mållag inviterte til haustseminar på Elverum frå laurdag 26. oktober til sundag 27. oktober. Eg representert Troms og Finnmark mållag på dette seminaret. Det var eit tett og interessant program, og eg har prøvd å få med meg noko av det eg meiner var mest interessant.
Margrethe Harr, stortingspolitikar frå SP i Hedmark, snakka om ka Stortinget og staten kan gjere for dialektane. Ettersom dialektar først og fremst er knytt til bygderog plassar i utkantane, er det viktig med ein god distriktspolitikk. Når barn må flytte, mistar dei dialektane sine. Det er òg viktig å få NRK til å vise dialektmangfaldet. Ein må løyve pengar og vedta lovar som støtter dette arbeidet.
Silje Nathalie Luvåsen, norsklærar, snakka om det å skifte til nynorsk og vere nynorskbrukar i bokmålsland. Ho meinte det hjelper å komme frå ein plass som aksepterer dialektmangfald. Ho underviser i norsk og brukte ofte eksempel på nynorsk og dialekt som likna eller var lik. Elles skreiv ho mykje nynorsk på tavla, også i andre fag, om det passa. Etter lærarmøta skreiv ho referata på nynorsk. Ho opplevde heile tida å måtte svare for korfor ho brukte nynorsk, det var strevsamt, men ho sto på sitt.
Ein stortingspolitikar frå Hedmark AP, Lise Selsnes, snakka om nynorsk i lærarutdanninga. Det er viktig å få kompetente lærarar i nynorsk, også som faglærarar. I dag er lærarutdanninga todelt, barneskole og ungdomstrinn. Ho meinte norskopplæring, med nynorsk, burde vere obligatorisk i heile utdanninga. Studentane burde òg lære nynorsk didaktikk. Studentar som kjem inn i læraryrket via universitet, må ta eit fag i pedagogikk, PPU. Har dei ikkje norsk i fagkretsen, så har dei ikkje vore borti nynorsk når dei kjem ut i skolen og skal undervise. Omlag halvparten kjem inn i læraryrket på denne måten.
likar bokmål. Ein høyrer ofte nynorskbrukarar som er stolte av sitt eige mål, men sjeldan bokmålsbrukarar som omtaler sitt mål på same måte.
Kjetil Aasen, styremedlem i Noregs Mållag, snakka om prosessen med å få nynorsk inn i grunnloven. Det er snakk om å få jamstillingsvedtaket frå språklova 2021 grunnlovsfesta. Mållaget jobba lenge med saka. Ein tenkte først å få til ei formulering som tok inn dei andre minoritetsspråka på ein eller annan måte, men fann ut at eit enkelt forslag om å jamstille nynorsk og bokmål var det beste. Om ein blanda inn dei andre språka, kunne det bli vanskeleg å få eit fleirtal i Stortinget.
Så no ligg det føre eit framlegg om å jamstille måla, underskrivne av ein representant frå alle partia, bortsett frå FrP. Partia er ikkje bundne ved at ein representant har skrive under, men ei føring ligg det jo i det. Så vi kan vel med rette vere optimistar. Framlegget må opp til drøftingi Stortinget i løpet av dei neste tre sesjonane, det vil seie dei neste tre åra.

Foto: Hege Lothe / Noregs Mållag
Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag, er spesielt opptatt av korsen ein skal verve medlemmar. Med entusiasme, pågangsmotog nysteikte bollarharho verva mange medlemmar. Ho bur i Bergen, men det er noko heilt anna å verve medlemmar på Vestlandet, der folk kjem frå kjerneområde, randsona eller berre er positive til nynorsk, enn å verve her i nord.
Det var interessant å høyre soga om Norsk Målungdom som no er 60 år. Vi fekk høyre historia frå 60talet med store demonstrasjonar, det gjaldt både striden for nynorske lærebøker og dei store politiske sakene på den tida, f.eks. kampen mot EU.
Jens Skarkerud Haugen snakka om følelsar i omtale av språk, og spesielt korsen brukarar av bokmål og nynorsk omtalar sine språk.Einkan f.eks.høyre folk seie: "Eg likar fransk, det høyrest betre ut enn tysk som har så harde lydar." Ein bokmålsbrukar kan ofte seie til ein nynorskbrukar at han ikkje liker nynorsk. Ein høyrer nesten aldri nynorskbrukarar seie at dei ikkje
Eg kom til å tenke på dialektar: Mange her nord likar ikkje nynorsk, dei forstår ikkje korfor ein skal bruke det. Men alle er interesserte i dialektar, det høyrer ein når ein snakkar med folk. Kan ein veg inn i Mållaget vere via dialektane? Vi kan vise kor likt nynorsk er dialektane, og når vi skriv nynorsk, ligg skriftspråket mykje nærare vårt eige talemål enn bokmål gjer.
Øystein Omar Aas

Nordlandsdiktaren Jon Klæbo – eit 150-årsminne
Jon Klæbo (15. september 1839–29. august 1874) var ein norsk lærarogdiktar. Hanblei fødd pågarden Glein på Dønna. Han voks opp i nærleiken av søskenbarnet sitt, seinare biskop Anton Christian Bang.

I 1859 kom Jon Klæbo han inn på Tromsø Seminarium, og han gjekk ut etter to år, i 1861, med gode karakterar. Så var han huslærar to år i Lyngen, men ønskte å studere vidare. Han fekk ein vikarpost ved Haugerud skole i Vestre Aker (Oslo) i 1863.På fritida las han for å komme inn på Universitetet. Han kom han i kontakt med Aasmund Olavsson Vinje, og dette fekk mykje å seie for språksynet til Klæbo som tok til å skrive på landsmål. Klæbo møtte også Elias Blix, Anton Christian Bang og Ole Tobias Olsen i Kristiania.
Etter avslutta studenteksamen i 1865 blei Klæbo lærar på Aars og Voss' skole i Kristiania. Nå fekk han òg såpass god økonomi at han kunne begynne å skrive.

I slutten av 1860-åra fekk Jon Klæbo tæring (tuberkulose), og etter pålegg frå legen reiste han i1871tilUtneiHardanger for sjå om der var helsebot for sjukdommen, og her blei han verande i heile tre år. Det gjekk stadig dårlegare med helsa, og 29. august 1874 døydde Jon Klæbo.
Jon Klæbo tok for alvor til å skrive etter at han hadde fått seg fast lærarpost i Kristiania. Under opphaldet i Hardanger skreiv han òg mykje. Dei fleste motiva hentahan fråNordland,og han er mest kjendfordikta «Ho mor fær Lofotfolket sitt heim» og forteljinga «Ho Dun-Sesel».
(Utdrag frå ein tekst på Nynorsk wikipedia)
("Ho mor fær lofotfolket…" er henta frå "Dikt" , 1934, illustrert av Jardar Lunde frå Grytøya)
Ho mor fær lofotfolket sitt heim

Velkomen heim no, sonen min, å nei, kor bart du er!
Det harde ver og nordanvind hev teke på den vesle kinn. Du vetrens merke ber.
Ja, uver var her gong for gong, so fjorden rauk som eim Når båra braut og stormen song, vart hugen tung og barmen trong og myrkt i hus og heim.
Og tjelden kom, og gåsi med, det leid til sumarmål; då gjekk eg tidt på bakken ned.
Fyrr du kom heim, der var 'kje fred i denne stakars sål.
Kvar båt som kom eg stara på: "D' er lauparseglet hans !"
Men alle peika langt i frå, og tungt, du veit, det var å sjå at ingen la til lands.
I otta stod eg upp i dag, det var den gamle veg.
Då fekk eg sjå eit storbåtlag i far si stød med reipa drag, og gild og glad vart eg.
Kor traust han ligg din vakre båt med grøne ripar på!
Kom verm deg, å so kald og våt, og nattvakt er du vel attåt.
Du noko varmt skal få.
Her var so turt og svart då du drog burt um kyndelsmess.
No fær eg mjølk av kvar ei ku, og file hev eg, kan du tru, og kalvkjøt gøymt til dess.
Eg høyrde mangt eit hugsamt ord då her kom Lofot-brev
Det var vel klent og smått i fjor; i år slo fisket til der nord; Gud signar mannsens strev.
So vere han vår høvedsmann!
Han kjenner leid og hamn.
Og gjev me volen i hans hand, so gjeng det godt med folk og land, det gjeng i Jesu namn.
NOKON ORD: naken
vinterens
damp, dis
sinnet / brystet sjel, sinn stira storseglet
Grytidleg
minst 3 årepar med draget (faldet) bunde om masta midtvinters, 2. februar fløte, rømme, rømmekolle
koseleg frå L-fiskarane dårleg
for alle mann skippar skipsleia styrestonga

I 1934 blei det reist ein minnestein på Dønna for Jon Klæbo (Foto: M. Heide)
BLAD FRÅ MÅLSOGA I OMRÅDET
Dei første arbeidsåra i mållaget ”Maaltrasten”
I dei elleve førre numra av "Måltrasten" har vi skrive litt om skipinga av mållaget "Maaltrasten" i sørbygda – Fauskevåg og Melvik skolekrets – i 1916-17 og om innføringa av landsmål (nynorsk) i desse to kretsane i 1918 Vi har også trykt årsmeldingane for "Maaltrasten" frå 1923 til 1932. I år fortset vi med årsmeldinga for 1933
Årsmelding for Måltrasten 1933
(Ein del eldre skrivemåtar er ikkje endra her Eventuelle tillegg og kommentarar undervegs er lagt til i klammer […])
Arbeidet innan ”Måltrasten” har i 1933 gått omlag som dei sist føregåande år. Men noko serleg fart har det diverre ikkje vore i arbeidet.
Noko tilgong i medlemstal har det ikkje vore, og mannskapet er såleis det same gamle –10 medlemmar, om ein reknar dei passive med.
Av møter har det i 1933 vore halde berre 3 stykke. Men elles har det vore freista arbeidd for målsaka etter det opdrag styret har havt.
Kommentarar om målåret 1933:
17. mai-talar på nynorsk: "Folkeviljen" meldte at dei to hovudtalane blei halde av folkehøgskolelærar Hilmar Rørmark og sokneprest Lynum. "Den eneste merkbare avveksling var at begge hovedtaler blev holdt på nynorsk, og det har så vidt vi vet ikke forekommet ofte iallfall her i Harstad. Men det var jo en avveksling."
Skriftleg opplæring i nynorsk Skolestyra kunne frå 1916 bestemme om 2 av dei 11 norsktimane pr. veke skulle brukast til "skriftlige og grammatiske øvelser" i det språket som ikkje var hovudmål på skolen, det ville stort sett seie landsmål (nynorsk). Noregs Mållag sendte i 1931 ei oppmoding til skolestyra om å innføre desse 2 timane, og det same gjorde Hålogaland lærarmållag i 1932. Og det var fleire kommunar som vedtok å innføre 1-2 timar undervisning i landsmål.
Trondenes skolestyre vedtok 10. juni 1933 at alle skolane skulle bruke 1-2 timer av undervisninga på landsmål. Harstad Tidende brukte denne overskrifta om vedtaket: "Barna i Trondenes skal påtvinges landsmål"
Bø skolestyre vedtok med 14 mot 3 stemmer å bruke 2 timar for veka til opplæring i skriftleg nynorsk, kunne nynorsk-avisa "Den 17de Mai" melde 24. januar 1933.

Sandtorg kjerke.
Arbeidet for å realisere vedtaka om å få nummertavler og tekst- og altarbøker på nynorsk til kyrkja i Sørvik, har liksom gått føre alt anna. Nummertavlene står no der i kyrkja med sitt ”Før preika” og ”Etter preika”, og dei nynorske bøkene har også vore nytta i kyrkja. Det er å vone at dei kan verte nytta enno meir seinare.
Foto: lokalhistoriewiki.no
Då dette tiltak kom til å koste meire enn ein gjorde rekning med, så har ein i meldingsåret ikkje kunnet [sic] gjere noko meire av økonomiskeløft. Derforhardetikkjevorenoko tilskot til tingarar av ”Norsk Barneblad”.
Dette er i stutte drag det som er gjort. Det kan synes vere lite, og det er det og. Noko av dette kan ein skrive på at det har vore lite av aktiv motstand frå bokmålsfolket si sida. Har motstandenvoresterkare,har vinokmåttet[sic] arbeide meire. Vi får vone at vi i det inneverande år må kunne gjere meire for saka vår, og at nynorsken også her må kunne syne nokre framsteg.
Nordvik i mars 1934
Alfr. Vaskinn - p.t. formann –
Bjarkøy skolestyre vedtok 12. juni med 1933 med 10 mot 2 stemmer å innføre 2 times skriftleg nynorsk. Men det var også nokon skolestyre som ikkje ønskte 2 timer skriftleg opplæring i nynorsk
Sandtorg skolestyre tok opp saka 21. april 1933, og her hadde også Trondenes lærarlag og Sandtorg mållag tilrådd skriftleg opplæring i nynorsk, men fekk nei i skolestyret, som vedtok: " "Skolestyret kan for tiden ikke vedta det av Sandtorg mållag og Trondenes lærerlag fremsatte forslag om 2 timers undervisning i skriftlig nynorsk pr. skoleuke i de kretser hvor riksmål er hovedmål." Vedteke mot formannen, Kr. Nymoen og B. Heide si røyst."
Gratangen skolestyre gjekk 8. mai imot å bruke to timar til skriftleg opplæring i nynorsk. "Skolestyret finner at to målformer i barneskolen er meget uheldig, og kan av den grunn ikke anbefale skriftlig oplæring i nynorsk."
Ibestad skolestyre vedtok 4. juli mot 1 st. at dei ikkje skulle innføre skriftleg opplæring i nynorsk ved folkeskolen.
Sandtorg kjerke blei vigsla 13. juli 1933. Soknerådet kunne i slutten av juli melde i avisene at dei hadde tatt imot "tekstbok og alterbok på nynorsk" frå mållaget "Måltrasten". "Tekstbok og altarbok for den norske kyrkja" (på landsmål) blei godkjent i 1907, og dermed kunne kyrkjelydane velje om dei ville ha altarboka på norsk-dansk riksmål (bokmål) eller landsmål (nynorsk).
Nynorsk gudsteneste heldt stiftskapellan Haaskoll i Trondenes kjerke søndag 10. september. Og ei veke seinare var det nynorsk gudsteneste i Sandtorg kjerke.

LOKALT SPRÅK OG KULTUR
Årbok for Senja 2024 fortset med Ivar Kleivas artiklar frå skoleåra 1927-1940,"Fresk og toillat". Ivar Kleiva var aktivt med i Torsken arbeidarparti,og han skreiv på nynorsk. Det nærmaste vi kjem senjamål er fortellinga "Ho Petrine" skrive av Astrid Thomassen Øvrum; litt bokmålifisert, men leseverdig.Vi saknarmeirbådepåog om senjamålet i denne årboka.






Lavangsminne 2024 har ikkje med nokon spesielle språkartiklar, men Arnfinn Andersen har skrive ein lengre artikkel om "Tre små "kvenbarn" som kom med samene fra Nord-Sverige i 1834".
I Astøingan 2024, årbok for Gratangen, Ibestad, Skånland, har Frank Haugjord Bendiktsen skrive om namnetradisjonar. Og så har årboka trykt ei av historiene til Oddvar Heløe, "Då astøingsmålet kom til Senja", skrive på dialekt. Årboka skal ha honnør for å halde fram med å skrive om "Grovfjordlista" og sitere ord og uttrykk herifrå, i år går dei frå "svenske" til "to-parta"; med fine illustrasjonar. Fridthjof Vangs dikt "Sola", på dialekt, avsluttar årboka.
Fimbul 2024, Småskrift frå Evenes Bygdeboknemnd, har mykje interessant lokalhistorisk stoff, men ikkje noko språkstoff.
Årbok for Skånland 2024 har lite språkstoff i år, men viss du vil vete ka "kartanka" er, så får du svaret her.
I Årbok for Kvæfjord 2024 har Magne Leon Heide skrive om "Rasmus Angell (3): Angells privatskole 1905-08". Dette var i si tid den største private skolen i landsdelen. Litt kvæfjorddialekt får vi i nedskrivinga av ein samtale om "Baking i gamle dager".
Lærar Jens Røkke (1877-1950) var lærar i 3 år på Kveøya, og vi får presentert eit (ukjent) nynorsk dikt av han: "Farvel Nordland". Jens Røkke var seinare aktiv både i Notodden mållag og Telelaget (mållag).

Årbok for Harstad 2024 har eit par artiklar på nynorsk. Magne Leon Heide har denne gongen skrive om
"Gårdsnamnet Vollstad" , og så har Johnny Kristiansen henta fram historier "Frå skriveboka" til far sin, Daniel Kristiansen. Han hadde nynorsk som opplæringsmål på Fauskevåg skole, og her får vi sjå kor lett og ledig det nynorske språket var for dei som fekk lære seg det.
Årbok for Bjarkøy 2024 har mykje stoff skrive på nynorsk i år. Johannes Volle var lærar på Bjarkøya 1948-49, og årboka har trykt eit utdrag frå dagboka hans, som var skrive på nynorsk. Åsa Elstad har skrive ein fagleg djup og god artikkel om "Tekstilarbeid i Bjarkøy", bygd på eit intervjuarbeid som Anna Grostøl gjorde i 1948. Åse Lid

Alstadsæter skriv forvitnelegom "Sandsøy sanitetsforening 102 år" og om "Kvinnene på Bratten" . Magne Leon Heide har tatt føre seg den dramatiske historia om sine tippoldeforeldra på Bjarkøya, mens Øystein Omar Aas skriv om "Sild, not og nothund".
To markerte nynorskbrukarar blir også presenterte i årboka. Gunnar Kristiansen skriv (på bokmål) om landsmålspresten Leonhard Næss, mens IngeborgAnna Lund skriv (på bokmål) om sin far, Jacob Norman, som var lærar på Bjarkøya 1928-1936, og som sjølv nytta nynorsk.
Leddiken 2024, som blir gitt ut av Øksnes historielag, har eit par småfortellingar på tilnærma dialekt, "Hans Hansa-fortellinger".


I Årboka frå Hadsel historielag, Hofdasegl 2024, har Jorunn Dahl skrive ein artikkel på tilnærma hadseldialekt om "Gammelsjøyta". Her er også ein oppdikta samtale (på bokmål) med fru Løndal, styrarfrua på folkehøgskolen som var på Ekren 1901-1909 før han blei flytta til Kabelvåg. Det var A.M.St. Arctander som starta denne skolen, og "undervisningen skal i størst mulig udstrækning foregå på folkemålet." Akkurat denne sida ved folkehøgskoletida i Hadsel hadde det vore kjekt å få vete meir om.

Årbok for Lødingen 2023-24 har ingen språkartiklar, men vi registrerer at årboka skriv litt om nynorskbrukaren Aage Kanstad (1896-1991) og har ein artikkel om Løkholm-familiane på Lødingen. Ein av desse, Magnus Løkholm (1905-1999), var bl.a. formann i Lofoten og Vesterålen ungdomslag 19391953. og han nytta nynorsk når han skreiv.
Redaktør for Måltrasten: Magne Leon Heide
