Måltrasten nr 19, 2023

Page 1

MÅLTRASTEN NR 19, DESEMBER 2023 Meldingsblad for Harstad og omland mållag Lokal målpris til Kåre Torvanger

Norsk Barneblad til skolar

Harstad og omland mållag gav i mars 2023 Kåre Torvanger ein lokal målpris. Nestleiar i Noregs mållag, Synnøve Marie Sætre, stod for overrekkinga, som fann stad i Harstad Tidendes redaksjonslokale. Sjå side 4.

Harstad og omland mållag har gått ut med tilbod om ei årstinging på Norsk Barneblad i klassesett. Først ute er Alsvåg skole i Øksnes, som fekk det første klassesettet no i haust. Vi ønsker elevar og lærarar lykke til.

Årsmøte 2023

Vi håper å tilby eit klassesett til ein ny skole hausten 2024. Kom gjerne med framlegg til skole!

Årsmøtet i Harstad og omland mållag blei avvikla 28. februar. Årsmeldinga, som var sendt ut på førehand, blei godkjent. Rekneskapen blei lagt fram på møtet. Rekneskapen var godkjent av revisor, og årsmøtet godkjente rekneskapen.

Samtidig oppmodar vi medlemmane våre til å tinge dette bladet til ein ungdom. Norsk Barneblad er eit av dei beste barneblada (truleg det beste) i Noreg!

Nobelprisen til Jon Fosse

Magne Heide blei attvalt som leiar, og Ove Orvik og Øystein Aas (attval) blei valt til nye styremedlemmar; Valborg Myklebust og Ørjan B. Dahl var ikkje på val. Nestleiar i Noregs Mållag, Synnøve Marie Sætre, var også til stades på årsmøtet for å feire at vi var 25 år!!

Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur. Vi har ein lokal omtale på side 7.

Troms og Finnmark mållag Årsmøtet i Troms og Finnmark mållag blei halde som digitalt møte 6. mars 2023. Og Tromsø mållag har arrangert nynorsk inspirasjonsdag. Sjå side 4.

Nynorsk gudsteneste

Nordnorsk nynorsk-litteratur

For sjette gong blei det halde nynorsk gudsteneste i Trones-kjerka i haust. Lars Martin Skipevåg var prest, ei fullstappa kjerke song nynorske salmar som om dei ikkje hadde gjort anna. Og til kjerkekaffen fortalde Magne Heide litt om nynorsk-biskopen Peter Hognestad. Sjå side 2.

Stadig fleire nordnorske forfattarar og skribentar skriv om og på nynorsk, både sakprosa (side 2), i årbøker (side 6) og romanar (side 7).

Landsmøte 2024 i Trondheim Noregs Mållag sitt neste landsmøte skal vere i Trondheim 19.-21. april 2024. Bildet er frå landsmøtet i 2022 der Øystein Aas møtte frå Harstad og omland mållag. (Foto: Magne Leon Heide)

"Valgfritt sidemål" i Nordland? Det nye borgarlege fylkesrådet i Nordland har sagt at dei vil søke om "valgfritt sidemål" i Nordland. Vi rykka ut med eit innlegg saman med Salten mållag og Vefsn mållag der vi åtvara mot dette. Sjølvsagt kom det tilsvar som vi måtte svare på. Sjå side 3.

Foto: nm.no

Årsmøte 2024

Styret i Harstad og omland mållag

Årsmøtet i Harstad og omland mållag vil truleg bli halde i midten eller slutten av februar 2024. Innkalling vil komme i god tid. Det vil også bli innleiing om eit aktuelt språkpolitisk tema.

Valt på årsmøtet 2023: Magne Leon Heide (leiar), Valborg Myklebust, Ørjan B. Dahl, Ove Orvik og Øystein Aas. Adressa vår er: Harstad og omland mållag, v/Magne Leon Heide, Bergsvegen 29, 9475 Borkenes. Telefon: 97088957 E-post: magneheide@hotmail.com

1


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.