Måltrasten nr 18, 2022

Page 1

MÅLTRASTEN

NR 18, DESEMBER 2022

Meldingsblad for Harstad og omland mållag

25 års målsoge!

Harstad og omland mållag blei skipa i 1987, og kunne i 2022 markere 25 års verksemd. Les meir om alle dei sakene som vi har arbeidd med i desse åra på side 2-3

Årsmøte 2022

Årsmøtet blei avvikla 15. februar. Årsmeldinga var sendt ut på førehand, Magne gjekk gjennom ho på møtet, og årsmeldinga blei godkjent Rekneskapen blei lagt fram på møtet. Rekneskapen var godkjent av revisor, og årsmøtet godkjente rekneskapen.

Magne Heide blei attvalt som leiar, og Ove Orvik og Øystein Aas (attval) blei valt til nye styremedlemmar; Valborg Myklebust og Ørjan B. Dahl var ikkje på val. Øystein Aas blei valt til utsending på landsmøtet i Noregs Mållag.

Landsmøte i Noregs Mållag

Troms og Finnmark mållag

Årsmøtet i Troms og Finnmark mållag blei halde som digitalt møte 16. februar 2022. Det var deltakarar frå Balsfjord, Harstad, Tromsø, Varanger og Noregs Mållag til stades. Magne Heide blei attvalt til leiar, og med seg i styret (AU) har han Gunnhild Skjold (Tromsø, ny) og Rønnaug Ryssdal (Varanger).

Fylkesmållaget arrangerte også eit vellykka dialektseminar i Nordkjosbotn i september. Les meir om alt dette på side 5

Harstad og omland mållag 25 år

I år er det 25 år sia Harstad og omland mållag blei skipa. Vi planla ei markering i haust, men denne måtte vi utsette til over nyttår.

Det første ordinære årsmøtet blei halde 5. februar 1997. Opptakten var heilt klart 100-årsmarkeringa av Ivar Aasens bortgang, søndag 1.desember1996 Då heldt Stephen Walton eit glimrande foredrag om Ivar Aasen i Lillesalen på Kulturhuset. Her ser vi Stephen Walton saman med Magne Heide på landsmøtet i Noregs Mållag i år. Sjå side 2-3

Noregs Mållag avvikla landsmøte på Gardermoen 1.-3. april 2022. Øystein Aas representerte Harstad og omland mållag, Magne Heide møtte frå Troms og Finnmark mållag. Sjå side 4

Nynorsk gudsteneste

På grunn av arbeid ved Trones-kjerka har det ikkje blitt halde nynorsk gudsteneste der i 2022, men vi reknar med at det blir nynorsk gudsteneste på nyåret 2023. Og vi håper også det blir høve til eit lite kåseri om nynorsk språk i kjerka. Årsmøte 2023 Årsmøtet i Harstad og omland mållag vil bli halde i midten eller slutten av februar 2023. Innkalling vil komme i god tid. Det vil også bli innleiing om eit aktuelt språkpolitisk tema.

Vi førebur ei jubileums-markering i 2023.

Styret i Harstad og omland mållag Valt på årsmøtet 2022: Magne Leon Heide (leiar), Valborg Myklebust, Ørjan B. Dahl, Ove Orvik og Øystein Aas. Adressa vår er: Harstad og omland mållag, v/Magne Leon Heide, Bergsvegen 29, 9475 Borkenes. Telefon: 97088957 E-post: magneheide@hotmail.com

HARSTAD OG OMLAND MÅLLAG 25 ÅR

1. desember 1996 besøkte Stephen Walton Harstad Kulturhus på «Åpen søndag» som Harstad bibliotek arrangerte i samband med Aasen-året. Dette var nok inspirasjonen som skulle til for at det på eit møte 5. februar 1997 blei vedtatt å skipe eit mållag, Harstad og omland mållag.

Her følgjer eit kort oversyn over viktige merkesaker opp gjennom åra:

1997: Hildur tar på seg å vere leiar, og vi får eit styre for mållaget. Eigen vervebrosjyre er klar. Mållaget deltar i sidemålsdebatt i HT og foreslår namn på tunnel på Grytøya. Kommunestyre-medlemmane får også brev om kultur og språk.

1998: Det blir ny sidemålsdebatt, mens FpU er imot sidemål, er AUF meir positiv. Liv Ingebrigtsen (leiar i Noregs Mållag) og Kine Hellebust kjem påbesøk,det same gjer Helge Stangnes. Nynorskklasse blir starta i Skånland

1999: Tove Bull besøker oss Hildur deltar på landsmøtet i Noregs Mållag. Liv Ingebrigtsen blir vraka som leiar i NM, og det skaper lokalmisnøye.Mållagetfårmeirinformasjonomnynorsk-klassen i Skånland. Sidemålsdebatten fortset i HT. Bente Ramsvik fortel om personnamn på eit møte.

2000:Mållaget kritiserer feil bruk av stadnamnpå eit friluftskart. Det blir meir sidemålsdebatt. Gudmund Brede blir trekt fram i lyset att.

2001: Garborg-året blir feira på Kulturhuset Mållaget begynner å dra fram den lokale målhistoria.

2002: No er mållaget innom både doukhoboarane i Canada og samisk i Skånland på møta.

2003: Noregs Mållag besøker laget Mållaget feirar nynorskforfattar Petter Eberg Pedersen frå Medkila

2004: Mållaget trør til med ein vellykka novellekonkurranse og set søkelys på nynorskforfattar Ingrid Mollvik frå Kvæfjord. Roger Lockertsen besøker mållaget. Vi arbeider litt med harstad-dialekten.

2005: Hildur går av som leiar, og Magne tar over. Magne deltar på landsmøtet i Noregs Mållag i Tromsø. Meldingsbladet vårt, «Målbladet», kjem med sitt første nummer.

2006: Trond Trosterud besøker laget Mållaget kritiserer språket til Hurtigruten Group. Liv Ingebrigtsen held foredrag Mållaget har fellesmøte med Harstad historielag om Hans Eidnes. Noregs Mållag feirar 100 år.

2007: Mållaget engasjerer seg i vegnamn, Havneller Hamn-neset (vi tilrår det siste).

2008: Avisspråk er årsmøte-tema, og mållaget bed om meir nynorsk i avisene

2009: Dialektord blir samla inn og trykt i Årbok for Harstad Mållaget uttalar seg om Aun-namnet Fylkessamling i Harstad.

2010: Årsmøtet får eit historisk oversyn over gatenamn i Harstad. Målungdommen besøker oss Mållaget sender inn fråsegn om Aun og andre namnesaker Mållaget sender også innspel til den nye nynorske rettskrivinga, bl.a. ordet «dåkker»

2011: Mållaget sender fråsegn om Gansås-namnet Magne drar fram gode nynorske barne- og ungdomsbøker påeit møte. Øystein Vangsnes besøker oss med foredrag om nordnorske dialektar Ny sidemålsdebatt med FpU

2012: Sidemål – endå ein gong. Mållaget engasjerer seg i å skrive på Nynorsk

Måltrasten nr 18, 2022 2

wikipedia. Ove Orvik kåserer om nordnorske ordskattar. Sigrid Merethe Hanssen besøker laget Dialektord står på dagsorden, frå «skjellgråe» til «gåvv» Meldingsbladet vårt får nytt namn, «Måltrasten».

2013: Hallstein Kristiansen kåserer om Regine Normann og folketradisjonen. Nynorskstafetten besøker oss Den første nynorsk gudstenesta blir arrangert på Trondenes.

2014: Ottar Larsen fortel om gamle ord og uttrykk. Nynorsk gudsteneste nr. 2 på Trondenes.

2015: Magne Heide fortel om fjellnamn i Harstad. Mållaget gir nynorske barnebøker til Utsikten barnehage. Måltrasten skriv om Arnljot Eidnes.

2016: Magne Heide kåserer om gårdsnamn i Harstad Magne deltar frå Harstad på NM-landsmøte, dette er vårt tredje landsmøte NM besøker oss og skolar. Fleire deltar på senjamålshelg. Måltrasten skriv om Jac. Norman.

2017: Magne blir valt til leiar i Troms og Finnmark mållag. Nynorsk gudsteneste nr. 3. Årsmøtet feirar 20 år Jens Kihl kjem på møte. Måltrasten skriv om Wenche Krossøy

2018: Mållaget kritiserer mangelfull oppfølging av målloven ved UiT. Mållaget feirar Vinjeår med Vinje-song. Fylkesårsmøte i Harstad. Magne deltar på landsmøte i NM. Nynorsk gudsteneste nr. 4

2019: Nytt opprop i avisene: «Vel nynorsk skolen». Steinar Nymo besøker oss og fortel om senjamålet. Nynorsk gudsteneste nr 5. Mållaget uttalar seg om samisk namnsetting i Harstad Mållaget deltar på fylkesseminar i Balsfjord . Måltrasten skriv om Gudmund Brede.

2020: Mållaget gir nynorsk bokpakke til Harstad skole Magne deltar på digitalt landsmøte i Noregs Mållag, vårt 5. landsmøte Mållaget bed om fleire samiske namn på kart, vegar og skilt. Måltrasten skriv om to målmenn i Harstad på 1920- og 1930talet

2021: Mållaget engasjerer seg i fleire namnesaker: Krussand, Nupsneset, Inner-Elgsnes. Nynorsk gudsteneste nr. 6 Måltrasten skriv om Johan Hveding.

2022: Årsmøtet markerer at laget er 25 år. Magne og Øystein deltar på landsmøte i NM, vårt 6. landsmøte Fleire deltar på haustseminar i Balsfjord, og Øystein deltar på motivasjons-seminar i Oslo.

Tidlegare mållag i området

Det har vore fleire mållag i sving i Harstad-området før 1997. Vi startar med tida fram til 2. verdskrig: o Ibestad mållag (1908 - kort tid)

o "Måltrasten" i Fauskevåg (1917 - 1950-åra)

o Kvedfjord mållag (1917 - 1920-år)

o Sandtorg mållag (1930 – ca. 1950)

o Trondenes mållag (1938 – 1940)

Regionale mållag harogså hatthovudsete i sørfylket, særleg på 1920- og 1930-talet:

o Hålogaland målkontor (1922-1|1940) med desse styrarane:

o Fridtjof Dahl, Trondenes (1922-1925)

o Johannes Eidnes, Trondenes (1925-1929).

o Toralf Lunde, Tromsø (1929-1935)

o Hilmar Rørmark Trondenes (1935-1940)

o Troms fylkesmållag (1915-1921, 1936-1940) med bl.a. desse formennene: o Sigurd Fauskevåg, Sandtorg (1932-33)

o Norvald Dyrvik, Evenskjer (1933-36)

o Edvard Ruud, Elgsnes (1936-1940)

Etter 1945 har det også vore mållag i området: o Sandtorg mållag arbeidde fram til 1950.

o "Måltrasten" i Fauskevåg, heldt fram til 1950åra.

o Direktemedlemmar: I åra 1951-59 var det 1015 direktemedlemmar i fylkesmållaget frå Harstad-området.

o Harstad og omland mållag blei skipa 11. desember 1955, men var i arbeid berre eitt år, laget var også i arbeid i 1961-1962.

o HarstadMålungdom blei skipa i 1974, laget var i verksemd til slutten av 1980-talet.

Måltrasten nr 18, 2022 3

NOREGS MÅLLAG

Landsmøte 1.-2. april 2022

Landsmøtet i Noregs mållag samla 149 utsendingar og var med det eit av dei største landsmøta i målsoga. Frå Nord-Noreg stilte fem mållag med utsendingar, to av desse kom frå Harstad: Øystein Aas og Magne Heide.

Leiartale

I leiartalen sin understreka Peder Lofnes Hauge nokre viktige saker:

• Ny språklov som tok til å gjelde 1. januar 2022, skal favorisere nynorsk som det minst brukte norske språket.

• Opplæringslova må sørgje for at nynorskelevane ikkje møter ei digital bokmålsverd.

• Nynorskelevar må få fortsette med språket sitt i ungdomsskolen i delte klassar.

Grundig årsmelding

To-årsmeldinga som blei lagt fram på landsmøtet synte eit aktivt mållag med eit vidt arbeidsfelt. Eit par område vi merkte oss var desse: Regions- og kommuneinndelinga har fått ein del negative konsekvensar for nynorsken si stilling, men med heiderlege unnatak som Ålesund (som blir nynorsk-kommune) og Stavanger (frå bokmål til nøytral).

Det har vore nokre urovekkande skolemålsrøystingar; i Byremo vann nynorsken stort mens kommunestyret vedtok at Hemsedal skulle gå over til bokmål trass i at det var fleirtal for nynorsk ved folkerøystinga.

Ambisiøst arbeidsprogram

Det var eit ambisiøst arbeidsprogram som blei vedtatt av landsmøtet. Vi kritiserte det for å snakke for mykje om randsoner, nynorskområde og nynorsk-kommunar. Sjølv om dette er viktige geografiske og strategiske område for nynorsken og målrørsla, fell store delar av landet utanom desse omgrepa, og arbeidsprogrammet tar for liteomsyn til oss som driv målarbeid i bokmåls-område og bokmåls-kommunar

Fråsegner

Landsmøtet vedtok fleire fråsegner:

• Fråsegn for Ukraina (les her)

• På høg tid med nynorsk i Visit Norway (les her)

• Nynorsk i barnehagelærar-utdanninga (les her)

• Norsk i akademia (les her)

• Digitale læremiddel på nynorsk (les her)

Nytt prinsipprogram

Nytt prinsipprogram blei vedtatt. I føremålsparagrafen heiter det no: Noregs Mållag skal fremja nynorsk på alle område i det norske samfunnet, slik at nynorsk blir meir brukt i heile Noreg. Noregs Mållag arbeider for at alle fritt skal kunna tala dialekten sin

Nytt arbeidsprogram

Landsmøtet vedtok nytt arbeidsprogram for 4-årsperioden 2022-2026. Det kan du lese her på nm.no.

Nytt styre

Det nye styret for Noregs Mållag ser slik ut: Peder Lofnes Hauge, leiar, (Bergen), Synnøve Marie Sætre, nestleiar, (Ørsta), Anders Riise (Hareid), Kjetil Aasen (Oslo), May Britt Jensen (Utsira), Inger Johanne Sæterbakk (Oslo) og Tobias Christensen Eikeland påtroppande leiar for Norsk Målungdom (Oslo). Første vara er: Espen Tørset (Orkland)

Haustmotivasjonsseminar

Noregs Mållag arrangerte haustmotivasjonsseminar 21. og 22. oktober 2022. Frå Harstad møtte Øystein Aas til eit inspirerande seminar.

Aktuelle saker som blei tatt opp og drøfta, var:

• Lokalvalkampen 2023: Kva er våre viktigaste nynorske kampsaker? ved Peder Lofnes Hauge

Den nordnorske benken på landsmøtet.

Nynorske motivasjonsdagar

Ein kan ein no søke midlar frå Noregs Mållag til nynorske motivasjonsdagar for lærarar. Det er mogeleg å søke om inntil 25.000 kroner for å arrangere slike, ogdet erfleirefylkeslagoglokallag som altharnytta seg av desse midlane.

• Korleis skal vi arbeida saman for å få målsaka inn i lokalvalkampen? ved Frida Pernille Mikkelsen.

• Ny språklov: Kva rettar og plikter har kommunar og fylkeskommunar? ved Aksel Torsnes Mehlum.

• Kva veit vi om språkskifte i skulen no? ved Liv Astrid Skåre Langnes

• Morsmålet si stilling i akademia. ved JorunnSimonsen Thingnes.

• Målstrategen Berge Furre: Kva kan han lære oss i dag? ved Arnhild Skre.

Måltrasten nr 18, 2022 4

TROMS OG FINNMARK MÅLLAG

Årsmøte i Troms og Finnmark mållag: Nynorsken lever og gror i nord Medlemstalet i Noregs Mållag har nått nye høgder. Med over 15000 medlemmar må mållaget heilt tilbake til1985 for å sjåeit høgare medlemstalet. Troms og Finnmark mållag merkte også denne medlemsauken i 2021, med 262 medlemmar i dei fem medlemslaga, Varanger, Balsfjord, Tromsø, Målselv og Harstad og omland mållag. I tillegg kjem Senjamållaget og Studentmållaget slik at det no er godt over 300 medlemmar i det nordlegaste fylket. Det var derfor eit optimistisk fylkesårsmøte som blei avvikla 16. februar 2022. Troms og Finnmark mållag er opptatt av å få til ei god opplæring i nynorsk som sidemål. I året som gjekk oppmoda mållaget barneskolane i Troms om å delta på eit digitalt seminar "God start med nynorsk på 5.-7. trinn". I året som kjem vil sidemål i ungdomsskolen og den vidaregåande skolen bli prioritert.

Det har i fleire år vore arbeidd med å skape eit betre oversyn på Nynorsk wikipedia over alle dei nordnorske forfattarane som har skrive og skriv nynorsk og dialekt. Mållaget har sidan 2017 bedt Nordland fylkesbibliotek om å presentere desse forfattarane på nynorsk, men framleis inneheld nettsida Litteraturnett Nord-Norge berre artiklar på bokmål. I juni 2021 sendte fylkesmållaget eit skriv til ansvarlege myndigheiter og bad om at forbodet mot fleirspråklegeadressenamn bleioppheva.Svaret1. juli 2021 opna for ein positiv utgang, og mållaget sendte ei nyoppmoding 3. februar 2022 der viunderstreka at det hasta med å tillate fleirspråklege adressenamn. Men svaret frå departementet 22. februar 2022 var tilbake til start. Dei ønsker ikkje å tillate parallelle adressenamn, det skal berre vere eitt adressenamn, og dermed tapar samisk og særleg kvensk i denne kampen. Årsmøtet vedtok denne arbeidsplanen:

1. Arbeid for ei god opplæring i nynorsk som sidemål i grunnskolen og den vidaregåande skolen.

2. Auke kjennskapen til nynorsk litteratur og nynorske forfattarar, og arbeide med Nynorsk wikipedia.

3. Støtte opp om arbeid for nynorske parallellklassar.

4. Skrive meir i avisene om målsak og på nynorsk, og bruke FB og blogg aktivt.

5. Fylkessamling hausten 2022.

6. Stø arbeidet for språkleg rettferd for samar og kvenar.

7. Ta vare på målarkiva.

I det nye styret (AU) i Troms og Finnmark mållag sitt no Magne Leon Heide (Harstad, leiar), Gunnhild Skjold (Tromsø) og Rønnaug Ryssdal (Varanger). Følg med på Facebook-sida.

Dialekt på haustseminar

Troms og Finnmark mållag avvikla ei vellykka haustsamling sist i september. Rundt 30 målfolk frå heile Troms hadde funne vegen til Nordkjosbotn der Balsfjord mållag varta opp med kaffiog god mat.

Det var stort oppmøte på haustsamlinga til Troms og Finnmark mållag i Balsfjord. Harstad var representert med Magne Heide, Øystein Aas og Ove Orvik.

Professor emerita Tove Bull frå Universitetet i Tromsø opna haustsamlinga med eit foredrag om «Nordnorske ordsamlingar». Ho gav eit interessant historisk oversyn over ordsamlingar frå 1600talet og fram til i dag.

Bror-Magnus S. Strand viste korleis barna bytta ut nordnorsk ord som «æ, mæ, dæ» med austnorsk «jei, mei, dei». Og over tid blir barna meir konsekvente i bruken av austnorske former. I tillegg bruker barna også andre signal, som mørkare stemme. Barna bruker ikkje heile det austnorske språksystemet, dei bruker berre det dei treng for å overtydemedleikarane. Strandvar ikkje bekymrafor påverknaden dette hadde på dialektbruken.

Ove Orvik kom til Vesterålen i 1990 Etter nokre år i Vesterålen, kom han i gang med ordinnsamling, og det endte med Vesterålsk ordbok i 1997. Etterspørsel gav seg ikkje, og i 2001 gav han ut Ord og dialekt i Vesterålen, nå også med dialektprøver frå dei fem vesteråls-kommunane.

Balsfjord mållag har i fleire år laga ein språk-kviss med lokale dialektord. Deltakarane på haustsamlinga fekk også prøve seg på dette, I tillegg presenterte Balsfjord mållag ein heilt ny dialekt-kopp som laget hadde fått produsert.

Fungerande leiar i Noregs Mållag, Synnøve Marie Sætre fortalte om aktuelle saker i organisasjonen. (Også trykt og meir utførleg på bloggen Språk i nord , http://spraakinord.blogspot.com)

Måltrasten nr 18, 2022 5

BLAD FRÅ MÅLSOGA I OMRÅDET

Dei første arbeidsåra i mållaget ”Maaltrasten”

I dei ni førre numra av "Måltrasten" har vi skrive litt om skipinga av mållaget "Maaltrasten" i sørbygda – Fauskevåg og Melvik skolekrets – i 1916-17 og om innføringa av landsmål (nynorsk) i desse to kretsane i 1918 Vi har også trykt årsmeldingane for "Maaltrasten" frå 1923 til 1930. I år fortset vi med årsmeldinga for 1931 Årsmelding for Måltrasten

1931

(Ein del eldre skrivemåtar er ikkje endra her Eventuelle tillegg og kommentarar undervegs er lagt til i klammer […])

Målringen ”Måltrasten” har i 1931 havt 4 lagsmøte. Arbeidet har – når sanninga skal segjast –gått trått og smått. Den vanlege likesela og mismotet har vori den store bøygen for det aktive målarbeidet – her som andre stader. Den lokale motstand har heller ikkje vore så aktiv at vi ”måltroll” er blitt ”terga op” til strid for målsaka.

Når det har vore halde så få møte i året, er nok dette i første rekke formannen si skuld, men frammøte har elles vore nokså lite til dei fleste møta.

Av serlege arbeidsopgåver for målringen i 1931, kan ein nemne:

1. Målfolket må alltid sjå det som ei opgåve å få gode målfolk inn i offentlege ombod. På målringsmøte 19. april hadde ein spørsmålet oppe om korleis ein kunde få flest mogeleg målfolk inn i heradstyre ved valet i haust. Resultatet for dette distrikt var bra, meddi ein fekk 5-6 gode målfolk inn i heradsstyret. Av desse er 2 gode ”trastungar”. Bokmålsfolket fekk 2 mann inn i bygdestyret. Endå om ein lyt segje at målspørsmålet hadde noko serleg mykje å segje ved dette valet, er valet likevel ei vitring om korleis folkemeininga er når det gjeld målsaka.

2. Ei anna arbeidsopgåva laget har teke op i året som gjekk, er å samla folke til offentlege foredragsog ordskriftemøte. På møtet hos Bernhard Benjaminsen 25. oktober, blei det sett op program for 2 slike møte. Dessverre har ymse gjort at det fyrste møte blei halde i Fauskevåg forsamlingshus først 24. januar d.å. Her var det foredrag av lærar Larsen om Finnmarksdiktaren Matti Aikio. Formannen las opp Ivar Åsen dikt. Hans Stavrand heldt foredrag om nydyrking i Noreg dei siste 20 åra. Tilslut var det ordskifte om kva line ein bør fylgje i arbeidet for framhjelp av jordbruket. Sjølv om dette møtet ikkje tok føre seg noko serleg målspørsmål, er det likevel rimeleg at slike møte vil styrkje både norskmålsringen vår og norskmålssaka.

3. Målringen vil og hjelpe til med å samle norske ord til den store nye norske ordboka som er i emning. Den noverande formannen har meldt seg til

teneste for å samle norske ord, og alle målringslemane vil hjelpe til med dette arbeidet. Arbeidstilfang er alt komen, og dette arbeidet må ofrast stor interesse o det arbeidsår som no kjem.

4. Etter opmoding frå ”Måltrasten” har lærarane i Fauskevåg og Melvik krinsar halde kveldskule i haust. (På same måte har og lærarane i Kila etter opmoding frå Sandtorg mållag halde kveldsskule i Kila med norsk-målsoplæring.) At denne kveldsskuleoplæringa har verka til styrkjing for målsaka, har ein grunn til å tru.

Då Sandtorg mållag hadde emna på å setje i gong eit lutspel, har målringen ”Måltrasten” av den grunn ikkje sett i gong noko.

Av brevmerke har ein i året selt berre restoplag frå fyrre år.

Tingarar til Norsk Barneblad i Fauskevåg og Melvik krinsar har fått tilskot på liknande måte som før.

Der er å vone at det i 1932 må kome ny kveik i målarbeidet. Her er enno fullt op av arbeidsopgåver. Først og fremst lyt målfolk venje seg til å setje strenge krav til seg sjølv. Dernæst må ein med full hug bere fram kravet om norsk mål i alt offentlege styre og stell.

Med von om eit godt arbeidsår for målsaka i 1932, legg formannen fram denne meldinga for 1931.

Fagerheim 27. jan. 1932

Bendiks Heide

Kommentarar:

5-6- gode målfolk inn i heradsstyret: Dei to «trast-ungane» som blei valt inn var Otelius Benjaminsen, Vollstad, og Hans Stavrand, Nordvik, på «Sørbygdens fellesliste» (HT 12.10.1931) Trastungar blei brukt om medlemmane i «Måltrasten». Bernhard Benjaminsen (1887-1964), Vollstad, bonde Lærar Anders Larsen (1870-1949) frå Kvænangen var lærar i Sørvikmark 1918-1940. Larsen var ein kjent samisk pioner. Hans Stavrand (1894-1908), Nordvika, fiskar, gardbrukar og anleggsarbeidar. Han sat i Sandtorg kommunestyre 1932-1959, og han representerte Venstre på Stortinget 1934-45.

Den store nye norske ordboka: «Tilsynsnemndi for Norsk Ordbok» sendte i februar 1931 ut opprop om å få inn ord.. Norsk Ordbok blei sluttført i 2016 med sitt 12. band og vel 300.000 ord. Sandtorg mållag blei skipa i 1930 og var i verksemd til 1950. brevmerke: Her er det truleg snakk om det såkalla «Nidarosmerke» Stortinget vedtok 4. juni 1929 at byen "Trondhjem" frå 1. januar 1930 skulle heite Nidaros. Etter protestar kom saka opp att i 1931, og bynamnet blei Trondheim.

Norsk Barneblad er eit blad for barn på nynorsk. Det begynte å komme ut i 1887 og kjem framleis ut.

Bendiks Heide (1898-1981) var lærar i Fauskevåg 1922-48, deretter skoleinspektør i Sandtorg 1948-68.

Måltrasten nr 18, 2022 6

LOKALT SPRÅK OG KULTUR

Det kjem ut ei rekke årbøker og andre skrifter i området vårt, og her kan du finne fleire artiklar på dialekt og nynorsk med bildestoff om språk og andre tema. Vi startar i nord.

Årbok for Senja 2022 opnar med ein minnetale i samband med at det i 2022 blei sett opp ein statue av Arthur Brox i Medby. Arthur Brox var lærar, lokalhistorikar, folkeminnesamlar og ordførar i Torsken kommune, dei siste åra buddehan i Tromsø. Arthur Brox brukte nynorske heilt frå han gjekk på lærarskolen i 1921-1923. Han redigerte også 25-årssoga til mållaget Heimhug ved Tromsø lærarskole i 1923, då hadde laget 105 medlemmar. Arthur Brox skreiv Berg og Torsken bygdebok (2 band), og Folkeminne frå Ytre Senja (2 band) i tillegg til ei rekke lokalhistoriske artiklar, for det meste i Håløygminne Årboka har fleire gode artiklar på senjamål og nynorsk. Trond Hellemo fortel om eit barndomsminne frå då han fekk Åferdsjuka, på godt senjamål. Ivar Kleiva var lærar i Gryllefjord i 1927-1940 (og ivra for nynorsk alt då), årboka har saksa ei historie frå minneboka hans om Ølning. Helge Stangnes driv også med Mimring. Og så får vi presentert fleire ord (A,B,G,H) frå Trond Dragøy si nordnorske dialektordbok

I Lavangsminne 2022 har Ole Jakob Olsen med fleire dikt på dialekt. Elling Ellingsen som i fleireårbidromed lokaleordoguttrykk frå lavangsdialekten, gjekk bort i 2022, og årboka har med eit minneord og ein artikkel. Årboka har også fleire turartiklar med opplysningar om stadnamn.

I Fimbul 2022, Småskrift frå Evenes Bygdeboknemnd, har Geir Elvebakk Moski ein lengre artikkel om namn, hus og folk langs kulturstien i Snubba. Her har samiske stadnamn og samisk språk fått ein viktig plass.

Astøingan 2022, årbok for Gratangen, Ibestad, Skånland, har saksa ei side med lokale dialektord (frå snorten til spøl) frå Grovfjordlista 1987. I tillegg har årboka to fine dikt på dialekt, «I blåbæråsen» på av Oddvar Heløe (1929-2006) frå Andørja, og «De gamle e eldst» av Solbjørg Borgan Årbok for Skånland 2022 har bl.a. ein artikkel om Aage Kanstad (1895-1981) som kom til Skånland skole i 1923, i 1937 blei han skoleinspektør i Skånland og samtidig var han formann i skolestyret.

Målmannen Kanstad blir ikkje nemnt her, sjølv om Kanstad brukte nynorsk og arbeidde aktivt for å ta i bruk nynorsk i Skånland Då den nye rettskrivinga kom i 1938, og det blei sett i gang arbeid for å gå over til nynorsk, bad Kanstad om materiell frå Hålogaland målkontor, og somskoleinspektør heldthan foredrag i fleire skolekrinsar om fordelane med å gå over til nynorsk, bl.a. i Trøssemark 12.2.1939, Kjønna 20.4.1939 og Boltås 6.5.1939. Alle desse krinsane fekk fleirtal for nynorsk, som blei innført her. I desember 1939 og januar-februar 1940 var det røystingar i seks nye krinsar, og Kanstad heldt innleiingsforedrag i fleire av desse. Tre av desse krinsane, Breistrand, Sørrollnes og Sandstrand, fekk også fleirtal for nynorsk. Skolestyret vedtok derfor å gå over til nynorsk også i desse tre krinsane. Skånland barneblad kom ut nokre få år frå 1937, redigert av Aage Kanstad. I årboka finn vi to fine barnebidrag frå 1940 frå to elevar på Breistrand og Boltås skolar, begge på godt nynorsk!

Aage Kanstad nytta også nynorsk sjølv, både i sokneråd og som skoleinspektør heilt frå 1920-talet og fram til 1960-talet. «93 strevsomme, men gode leveår» er eit opptrykk av ein artikkel Kanstad hadde i HT i 1981, her brukar han eit godt nynorsk språk. I sin artikkel om Trøssemark skole har ikkje Håkon Brun skjønt heilt korfor Trøssemark gjekk over til nynorsk «som en av de få kretsene» (side 125), det var i 1939, og ikkje 1946 som Brun skriv. Men som vi ser over, var det ikkje få, men heile 6 av 9 skolekrinsar som gjekk over til nynorsk i Skånland. At Trøssemark hadde nynorsk heilt til mai 1961 kan vitne om at det ikkje var så stor uvilje mot nynorsken her. Breistrand gjekk tilbake til bokmål i 1948, Kjønna i 1952-53, Boltås i 1953 og Sørrollnes i 1956 Dette skiftet til og frå nynorsk kunne fortent ein eigen artikkel.

I Årbok for Kvæfjord 2022 har Magne Leon Heide skrive to lengre artiklar på nynorsk. Begge handlar om Rasmus Angell (1875-1907) som var lærar og organist i Kvæfjord frå 1899 til han døydde i 1907. Angell var gift med Hallfrid Andreassen (18861964), som kanskje er meir kjent under namnet Hallfrid Christiansen, den mest kjente nordnorske – og norske – dialektforskaren.

Magne Leon Heide har også vore redaktør for Kvæfjord historisk kalender 2023 der alle tekstane er skrivne på nynorsk.

Måltrasten nr 18, 2022 7

Årbok for Harstad 2022 har eit parartiklarpånynorsk.BeritNergård Nyre har ein lengre og godt illustrert artikkel om Bondeungdomslaget i Harstad som rundar 100 år. Magne Leon Heide har skrive om eit fiskebåtdrama ved Inner-Elgsnes i 1884

Årboka frå Hadsel historielag, Hofdasegl 2022, har ein interessant artikkel på nynorsk om prost Torodd Bakken og Lekang «illegale ungdomslag». Avisartikkelen er skrive i 1945 av ein ukjent forfattar. Hadsel hadde på den tida 7 skolekrinsar med nynorsk som hovudmål.

I Årbok for Bjarkøy 2022 har Øystein O. Aas skrive ein lengre artikkel om «Baptistkyrkja på Bjarkøy». Åse Lid Alstadsæter skriv også fint på nynorsk om «John Vilfred Dahl – guten frå Hammerfest som blei Sandsøyværing». John var lærar i Buvika 1959-67, og deretter på Sandsøya til 1982. Ragnhild Skjulhaug Langli har skrive om Kristoffer Skjulhaug,ogdetvekte vårnysgjerrigheit at han er sitert på nynorsk. Svaret finn vi Årbok 2016 der det står at «Kristoffer Skjulhaug frå Fenes, mangeårig skulestyreformann i Bjarkøy, var også nynorsk-mann». Vi må også nemne at Kjell Erland Pedersen har skrive om Samen Amund Kristensen i Dypingen.

Nordnorske nynorskbøker:

FamilienGnork

Thoralf Fagertun (42) frå Bodø hargittutbarnebokpåSamlaget Nynorskbok.no skriv bl.a. dette om boka: Familien Gnork er ei fartsfylt historie om venskap, fotball, store krokodillar med gnistrande tenner, flygande blåkvalar og irriterande klysegutar

Komeijentegåande

Sigrid Merethe Hanssen (56) frå Finnsnes har gitt ut ein ny roman i år. Forlaget skriv: Ei kvinne besøker mor si på dødsleiet, og det ho blir fortald, kastar om på alt ho trudde ho visste om barndommen sin. Det blir nødvendig for henne å oppsøke fortida

Bondeungdomslaget 100 år

Bondeungdomslaget i Harstad blei skipa i 1922, og til 100-årshøgtida har laget gitt ut ei jubileumsbok, som Berit Nergård Nyre har redigert. Det har blitt ei fyldig bok, der bilde og aktivitetar dominerer framfor tekst. Her får vi eit grundig innsyn i den mangslungne aktiviteten til Bondeungdomslaget opp gjennom åra. Det er særleg lagt vekt på dei siste 40-50 åra, og det rike bildematerialet fortel på ein illustrerande måte om ein brei aktivitet i eit viktig ungdomslag i byen.

Her tar vi med meldinga i avisa Haalogaland fredag 13. januar 1922, som meldte om skipinga:

Bondeungdomslaget hadde også nynorsk på programmet sitt som denne annonsen i avisa Haalogaland 29.februar 1932 viser:

Måltrasten nr 18, 2022 8
Redaktør for Måltrasten: Magne Leon Heide

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Måltrasten nr 18, 2022 by Magne Heide - Issuu