MÅLTRASTEN NR 17, DESEMBER 2021 Meldingsblad for Harstad og omland mållag Mangslungen nynorsk bokheim
Årsmøte 2022
- Det har aldri skjedd så mykje i den nynorske bokheimen. Dette var den klare meldinga frå Rønnaug Ryssdal, tidlegare bibliotekrådgjevar i Vadsø, på seminaret som Troms og Finnmark mållag arrangert i oktober. (Sjå side 4)
Årsmøtet i Harstad og omland mållag vil bli halde i midten eller slutten av februar 2022. Innkalling vil komme i god tid. Det vil også bli innleiing om eit aktuelt språkpolitisk tema.
Troms og Finnmark mållag Årsmøtet i Troms og Finnmark mållag blei halde som digitalt møte 18. mars 2021. Det var deltakarar frå Balsfjord, Harstad, Tromsø, Varanger og Noregs Mållag til stades. Magne Heide blei attvalt til leiar, og med seg i styret (AU) har han Marit Falkensten (Tromsø, ny) og Rønnaug Ryssdal (Varanger). (Sjå side 5)
Harstad og omland mållag 25 år Årsmøtet 2021 Årsmøtet 2021 blei avvikla 6. oktober 2021. Vi fekk ikkje avvikla årsmøte i 2020 pga. pandemien. Årsmelding og rekneskap blei godkjent. Torny Nikolaisen og Hildur Heim Nergård gjekk ut av styret, og Øystein Aas blei valt til nytt styremedlem. Etter årsmøtet kåserte Magne Heide om Johan Hveding. (Sjå side 7).
Rekordår for Noregs Mållag Noregs Mållag har passert 15.000 medlemmar, og dette er det høgaste medlemstalet sidan 1987. Eit rekordstort Noregs Mållag kan gje viktige Foto: nm.no gjennomslag for nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Harstad har også hatt ein pen medlemsvekst. Noregs Mållag skal ha sitt neste landsmøte 1.-3. april 2022 på Gardermoen.
Nynorsk gudsteneste 2021 14. november 2021 var det for femte gong nynorsk gudsteneste i Trones-kjerka. Ved kjerkekaffien kåserte Magne Heide om Fyrebilsbibelen, den første Bibelen på nynorsk som kom i 1921. (Sjå side 2 og 3).
I 2022 er det 25 år sia Harstad og omland mållag blei skipa. Det første ordinære årsmøtet blei halde 5. februar 1997, der dette styret blei valt: Hildur Heim Nergård (leiar), Ørjan B. Dahl (nestleiar), Magne Heide (kasserar), Margit Wicklund Seim (skrivar), Torny Nikolaisen (styremedlem). Opptakten var heilt klart 100-årsmarkeringa av Ivar Aasens bortgang, søndag 1. desember 1996. Då heldt Stephen Walton eit glimrande foredrag om Ivar Aasen i Lillesalen på Kulturhuset. Og der og då blei det bestemt at vi skulle kalle inn til skipingsmøte.
Vi førebur ei enkel jubileums-markering i 2022.
Styret i Harstad og omland mållag Valt på årsmøtet 2021: Magne Leon Heide (leiar), Valborg Myklebust, Ørjan B. Dahl og Øystein Aas. Adressa vår er: Harstad og omland mållag, v/Magne Leon Heide, Bergsvegen 29, 9475 Borkenes. Telefon: 97088957 E-post: magneheide@hotmail.com