Jordboka for hagen

Page 1

DAG JØRUND LØNNING

© 2024 Kagge Forlag AS

Omslag og bokdesign: Terese Moe Leiner / Leinerland

Alle foto: Dag Jørund Lønning

Papir: Livonia Zero Offset 115 g

Boka er satt med Lyon text 10,2/15 pt

Repro: JK Morris

Trykk og innbinding: Livonia Print, Latvia

ISBN: 978-82-489-3525-4

Kagge Forlag AS

Tordenskiolds gate 2

0160 Oslo

www.kagge.no

Materialet i denne utgjevinga er verna etter åndsverklova. Det er derfor ikkje tillate å kopiera, avfotografera eller på andre måtar gje att eller overføra heile eller delar av innhaldet i utgjevinga utan at det er heimla i lov eller følgjer av avtale med Kopinor.

All bruk av heile eller delar av utgjevinga som inndata eller treningskorpus i generative modellar som kan skapa tekst, bilete, film, lyd eller andre typar innhald og uttrykk, er ikkje tillate utan særskild avtale med rettshavarane.

Bruk av materiale frå utgjevinga i strid med lov eller avtale kan føra til inndraging, erstatningsansvar og straff i form av bøter eller fengsel.

Prolog 6

DEL I: Substantia vitae – den levande jorda 13

Eit verkeleg grønt skifte 14

Artsgruppene i jorda 25

«Ugras»: naturen sin ubøyelege vilje til mangfald 38

Soppdominert jord er det beste i hagen 44

DEL II: Naturinnsikt 49

Løysingar for framtida kan utviklast i hagen 50

Å byggja levande jord 56

«Å gjødsla» er ikkje å gjødsla. Det er tvert om 70

Kva kampen mot torv i hagen eigentleg handlar om 76

Unnataket: om å dyrka plantegrupper ein ikkje finn i skogen 82

Hovudregelen: La fleirårige plantar og soppdominert

jord danna basis 92

Naturplen, kantsone og skoghage: tre sjølvgåande

landskap i hagen 95

Karbonfangst i skoghagen 105

DEL III: Metamorfose 115

Orda som tek oss nærare 116

Naturen sine forvandlingar er karbonet sine forvandlingar 118

Dei fire elementa: litt kompostpedagogikk 122

Omdanning i hagen: ressursar og prosessar 126

Den eine ingrediensen du aldri kan få for mykje av 132

Folkegjødsel, den nye folkegjødsla? 146

Epilog: Det er alvor no 162

Takk! 165

Sluttnotar 166

INNHALD

Prolog

Eg går her og ruslar i skogen. Det er ein vakker sommarkveld. Fuglar syng framleis, sjølv om dei for det meste har lagt hekkinga bak seg. Syng dei no av pur glede over å vera til? Temperaturen er behageleg der eg rører meg sakte framover, og det grøne omgjev meg på alle kantar. Skogen er ein organisme i seg sjølv. Ein superorganisme. I alle fall er den det for meg. Ikkje ei lang rekkje enkeltartar, men ein heilskap.

Urgammal er den òg. I evig endring, ja visst, men prinsippa som styrer, er dei same som for fleire millionar år sidan. Fødsel, boblande liv, daude, omdan-

ning, fødsel, boblande liv, daude, omdanning. I ein evig sirkel. Dei menneska som eventuelt spaserte her for fem, ti eller tjuefem tusen år sidan, møtte meir eller mindre det same som eg møter i dag.

Eg finn ein gammal tømmerstokk og set meg ned. Sansar. Erkjenner. Berre er. Slik kan ein sitja lenge. Ingenting keiar meg raskare enn retningslaust prat rundt eit bord. Då tek rastløysa meg kjapt, og eg lyt opp og bort. Her ute, derimot, kan eg sitja stilt og følgja ein liten fugl eller ei insektlarve i timevis. Alt medan spenninga sitrar i kroppen. Det er faktisk ikkje så rart som det høyrest

Skogen er fullstendig sjølvgåande. Takka vera soppen i jorda kan trea veksa i sitt eige avfall.

ut. For å sitja her i skogen er alltid nytt. Og aldri retningslaust. Det er noko her som lokkar og dreg, noko ein ikkje heilt får tak på. Eg trur eg veit kva det er likevel. Skogen kallar oss heim. Til den nærleiken me er meint å skulla ha til livet rundt oss.

Der eg sit, byrjar eg å reflektera over mennesket og naturen. Og derifrå over mennesket og åkeren eller hagen. For det er jo i hagen me er tettast på naturen. Eller, avhengig av korleis ein ser det, kanskje heller lengst frå den?

Eg har eit frykteleg ambivalent forhold til hagen. Ordet hage kjem frå det gammalnorske hagi. Det engelske ordet garden kjem frå det protogermanske gardõ. Båe tyder område innanfor ei form for hegn. Meir definert enn dette er det ikkje. Rommet innanfor kan i teorien vera og bli det meste. I praksis, derimot, er dagens normalhage totalt føreseieleg. Den er ein bauta over kven det (post) moderne mennesket har blitt: Den inviterer til nyskaping, men så endar hagedrift likevel med å bli ei tevling i gjenskaping og standardisering.

Eg kjenner mange menneske som er frustrerte over eigen hage. «Me får ikkje til det der», er ei setning eg ofte høyrer. Eller: «Me har gjeve opp. No blir det stor parkeringsplass i staden.»

Ein prøver og prøver, men hagen blir ikkje det dei glansa magasina eller hageprogramma på TV framstiller den som. I staden kjem «ugras», «skadedyr», ròtesopp, sjukdomar, mose. Hagesenteret har råd å gje, men å gjennomføra dei i praksis kostar pengar. Til dels mykje pengar. Eksisterande jord bør gravast bort og erstattast med torv tilsett kunstgjødsel. Men dette er ikkje nok for god plantevekst. Endå meir næringsstoff må kjøpast inn og tilførast. Helst fleire gongar i året. Vatnast lyt det både titt og ofte. Graset må haldast nede. Organismar ein ikkje vil ha, kan møtast med gift. Jordarbeiding lyt også til.

Jord blir knust med fres eller vend opp ned med plog eller spade. Naken jord er nesten ikkje-eksisterande i naturen, men eit svært tydeleg landskapselement der menneske har vore.

Og så gjer ein då alt dette, og opplever at uønskte plantar likevel berre blir fleire. Det blir òg soppåtaka, og åtaka frå insekt og nedbrytarar som lever i jorda. Resultatet blir rett og slett perfekte levekår for alle dei organismane ein ikkje vil ha.

JORDBOKA FOR HAGEN 8

Mange går i dei same fellene gong på gong, år etter år. Og mange held fram med å søkja og ta i bruk informasjon som beviseleg berre gjer situasjonen verre. Og det alt medan den kunnskapen ein i røynda treng, finst gratis og fritt tilgjengeleg meir eller mindre rett utanfor stovedøra.

For det er her i skogen svara er. På nesten alt det ein treng å vita for å lukkast i hagen. Når eg ser rundt meg i skogen, ser eg balanse og livskraft. Og eit veldig mangfald av plantar på liten plass.

Det er likevel alt det eg ikkje ser, som er mest slåande. Ingen menneske snur opp ned på jorda med svære maskinar, sprayar rundt seg med gift eller «gjødslar» med kjemisk framstilt nitrogen. Her finst ikkje kunstige vatningssystem. Regnet er vatning nok. Gras og blomar får veksa til dei set frø og fører arten vidare. Naken jord finst ikkje. Overalt er skogbotnen dekt med plantar eller mose. Sjukdom ser eg heller ikkje. Plantane rundt meg er alle friske. Dessutan glimrar «ugraset» med sitt fråvær. Her er ikkje skvallerkål, ikkje høymole, ikkje engsoleie, ikkje meldestokk eller vassarve og knappast brennesle.

Ein kan leggja til mykje på ei slik liste. Tørken slår til i hagen og åkeren lenge før den kan merkast i skogen. Det same gjeld skadar ved store nedbørsmengder. Det er definitivt ikkje der Mor natur har vore gartnaren, at vatnet ligg igjen.

Kvifor er det eigentleg slik? Kvifor tårnar problema seg opp i hagen medan skogen held seg frisk? Kvifor slit me menneske så veldig med å oppnå det alle andre levande vesen eigentleg oppnår, nemleg å skapa og vera del av balanse?

Det finst mange moglege svar, men eg trur følgjande to er særleg sentrale: For det første nyttar me både kreativiteten og intelligensen vår «feil». Me har blitt så ekstremt opphengde i delar, i å plukka frå kvarandre, i å sjå kvar sak for seg. Velfungerande natur er det motsette av dette. Den er heilskap, samspel og system. Det er først når me forstår og behandlar naturen som det, at den positive læringa i hagen startar. Å planta ei rose eller ein kålplante er ikkje isolerte hendingar. Å dyrka kan ikkje reduserast til eit abstrakt reknestykke med minus og pluss og to strekar under svaret. Det er å gripa inn og delta i uhyre komplekse samanhengar som involverer ei uhorveleg mengd aktørar. Det er kunnskap om desse samanhengane som avgjer om ein lukkast.

9 PROLOG

For det andre handlar det om korleis me forstår og behandlar sjølve grunnlaget for det å dyrka, jorda. Den er det største og mest komplekse av alle økosystem. Når me i staden reduserer dette fantastiske til noko så innskrenka som «vekstmedium» for våre eigne snevre behov, vel, då er det plantesjukdomane og «ugrasa» som vil dominera i dyrkingsfelta våre.

Det står noko langt viktigare på spel her enn ein estetisk vakker hage. Mest av alt handlar det om forholdet vårt til livet rundt oss. Mi overordna von som forfattar av denne boka er at hagen som arena skal bli eit langt meir effektivt verktøy i dei tøffaste og mest kritiske utfordringane menneska nokosinne har stått overfor. Det er aukande distanse til naturen som har skapt dei store naturog klimakrisene i vår tid. Dei kan berre løysast ved å leggja vekt på nærleik i staden. Her kan hagen vera sentral.

Men det må vera ein heilt annan hage enn den som dominerer i dag.

Å lukkast med hagen over tid krev at ein forstår korleis naturen generelt og jorda spesielt verkar. Korleis verdi blir skapt og fordelt. Og kven dei viktigaste aktørane er.

JORDBOKA FOR HAGEN 10
13 SUBSTANTIA VITAE – DEN LEVANDE JORDA
Substantia vitae – den levande jorda
DEL I

EIT VERKELEG GRØNT SKIFTE

I milliardar av år har Mor natur dyrka plantar på denne planeten. Ho har skapt kolossale verdiar, lagra enorme mengder karbon i jorda og bygd stadig større naturmangfald. Hennar dyrking er eit reknestykke som alltid går i pluss. Minst like mykje næringsstoff blir tilført jorda som det som blir teke ut. Det blir meir av alt. Heile tida.

Det heile er eigentleg ganske enkelt: Me må gjera det meir eller mindre på same viset. Då skjer endringa som denne planeten treng meir enn noko anna. Den totalt dominerande arten, mennesket, går frå å vera øydande til å bli byggjande. Eit verkeleg grønt skifte, med andre ord.

Dette skiftet er i gang over heile verda. Regenerativt jordbruk handlar nettopp om tett samarbeid med naturen sine eigne produktive prosessar. Ordet regenerativt kjem frå det latinske regenerare og tyder «fornying». Som dyrkarar skal me ikkje stå i vegen for desse prosessane. Me skal i staden læra dei å kjenna, støtta opp om dei, bli ein del av dei, ja til og med setja ekstra fart på dei.

Føresetnaden for å lukkast er ei utvida forståing både av natur og av forholdet vårt til livet rundt oss. Denne alternative forståinga har i røynda vore med oss heilt sidan dei gamle grekarane. «Heilskapen er alltid meir enn summen av delane», skal Aristoteles ha sagt, og med det la han grunnlaget for den tankeretninga som blei heitande holisme.

Det eg i teksten kallar Mor natur, er nettopp denne heilskapen, den som gjev artar og enkeltaktørar retning. Berre heilskapstenking set oss i stand til å forstå kva natur eigentleg er: vedvarande omdanning, vedvarande fornying og massiv samskaping. Natur er lag på lag med samarbeid, samanhengar og system. Desse laga går frå det ørvesle til det enorme. Resultata over tid er større og større mangfald og difor meir og meir robuste og produktive økosystem.

Viljen til liv og mangfald er sjølve essensen i det me kallar natur, og denne viljen spelar seg ut heilt uavhengig av kva ymsande eksemplar av arten Homo sapiens måtte finna på å putla med. I hagen eller andre stader. Mennesket er ikkje ein prioritert art i naturen. Den er like lite og like mykje til for oss som for alt anna levande.

JORDBOKA FOR HAGEN 14

I den grad holisme kan bildegjerast, kjem dette bildet nær. Å dyrka ein hage er å koma tett på mangfaldet og dei nesten uendeleg mange samanhengane i naturen. Alt heng saman med alt.

Naturen er berre til for oss om me er til for den. Når me er til for naturen, er aktivitetane våre samstemte med naturen sine. Me deler same overordna mål: tilrettelegging for liv og mangfald. Då blir Mor natur sine enorme produktive evner dei viktigaste drivkreftene også i våre eigne dyrkingsprosjekt. Ho tek no over brorparten av både gjødsling, plantevern og jordarbeiding.

Det er ikkje først og fremst konkurranse som driv utviklinga framover. Det er samarbeid. Den arten som lærer seg å samarbeida med artane rundt seg, er den som har størst sjanse til å overleva.1 Det (post)moderne mennesket, den såkalla forbrukaren, manglar denne samarbeidskunnskapen. Omverda vår er full av døme på konsekvensane. Dette må lærast om framtida framleis skal vera grøn.

15 SUBSTANTIA VITAE – DEN LEVANDE JORDA

Kjernen i det eg kallar naturinnsikt, læringsmålet i denne boka, er dette: Me ser naturen sin enorme produktivitet overalt rundt oss. Korleis verkar eigentleg desse kreftene? Korleis kan me samarbeida med dei? Kanskje kan me til og med bli del av dei?Ein kan øva seg opp på denne måten: Når ein står overfor ei konkret arbeidsoppgåve, spør ein rett og slett korleis naturen utfører den same oppgåva. Tilsvarande når det gjeld plantar ein vil ha til å trivast, eller eventuelt plantar som ein har fått, men slett ikkje vil ha, gjeld det å finna ut kva opphav dei har, og kva rolle dei speler på areal der Mor natur er gartnar.

For å finna svar ein sjølv kan bruka, må ein ut og observera. Gjerne ut i skogen. Ein set seg ned, opnar heile sanseapparatet og berre tek inn. Det ein observerer, må så omsetjast til ein praksis som er mogleg å gjennomføra på eigne dyrkingsareal. Deretter prøver ein ut og får eigne erfaringar. Som kunnskapsform ligg innsikt i den eine enden av ein skala der informasjon er på motsett side. Mangel på informasjon er definitivt ikkje problemet i vår tid. Me druknar i informasjon. Det kan ikkje vera mange menneske som ikkje har fått med seg at me lever i djupt alvorlege klima- og naturkrisetider. Men om me alle veit det, kvifor gjer me då så lite?

Årsaka er at informasjon kjem utanfrå. Andre eig den, styrer den og er «ekspertar» på den. Informasjon er til for sin eigen del og er sitt eige mål. Når den er levert, er jobben gjord, uavhengig av kva den eventuelt blir brukt til. Det er ikkje noko naudsynt samband mellom informasjon og endra handling. I staden kan overinformering verka mot siktemålet. Det prellar av, som ein seier. Folk går leie og held fram på same måte som før, som om lite eller ingenting var endra.

Innsikt er, som ordet peikar mot, å vera på innsida av noko. Det er å forstå innanfrå, frå ein posisjon som djupt involvert og engasjert aktør. For den innsiktsfulle kjem handling naturleg. Dei to heng tett saman. Innsikt blir handling, og handling gjev innsikt. Det finst eigentleg ingen ferdige oppskrifter på regenerativ dyrking – fordi naturen er altfor kompleks og dynamisk. Ein vil stadig få nye overraskingar. På godt og vondt. Å utvikla naturinnsikt er ein kreativ og lærande prosess, og ein blir aldri utlært. Men kunnskapen ein får, eig ein sjølv. Ein har sjølv utvikla den, og den er spesialtilpassa til eigne interesser og behov.

JORDBOKA FOR HAGEN 16

For den opne og læringsvillige er naturen, og dermed hagen, full av teikn. Teikn på trivsel og balanse så vel som på mistrivsel og ubalanse. Den naturinnsiktsfulle kan lesa desse teikna. Ho observerer at alt som trengst for vekst i naturen, er organismar og organiske emne som finst på staden. Ho kan dessutan svara på heilt essensielle spørsmål for ein hageeigar: Kvifor kjem ugraset og skadegjerarane, og kva kan eg eventuelt gjera for å få dei bort att? Kvifor luktar det vondt av komposten, og kva gjer eg for å få tilbake den gode angen av skogbotn (som er det komposten i røynda skal lukta)?Å forstå natur innanfrå er å bli ein aktør. Tett på. Del av noko grunnleggjande meiningsfullt som er uendeleg mykje større enn ein sjølv. Kvar dag er ei kjelde til ny læring. Og denne kunnskapen set seg i kroppen. I hender så vel som i hovud.

Jorda er til for alt liv

La oss starta med det aller mest grunnleggjande. Det første og viktigaste ein treng å vita for å utvikla naturinnsikt og lukkast med naturnær hagedyrking, er dette: Jorda, substansen plantane veks i, er ikkje meir til for oss menneske enn ho er til for alt anna liv på planeten.

For om lag 10 000 år sidan blei mennesket fastbuande. Med nokre unnatak (som stort sett alle handla om misbruk av jord) gjekk dette rimeleg greitt i 9900 år. I alle desse åra nytta me det organiske overskotet rundt oss til mat og energi. Me tenkte sirkulært. Ein kunne ikkje hausta meir det eine året enn det naturen evna å fornya, fordi det ville bety sveltihel året etter. Det eksisterte ein balanse mellom menneska og livet rundt.

Dei siste hundre åra har det meste gått frykteleg gale. I den materielt sett rike delen av verda blei overforbruk av naturressursar regelen meir enn unnataket. Men det stoppa ikkje med det. Mennesket gjekk til åtak på ein av dei aller viktigaste balansane i naturen, forholdet mellom nitrogen og karbon. I milliardar av år har nitrogenet vore i atmosfæren og karbonet i jorda. Ved hjelp av ny teknologi har mennesket sleppt enorme mengder karbon frå jorda og ut i atmosfæren og henta tilsvarande mengder nitrogen frå atmosfæren og ned i jorda. Det første har ført til ei kritisk klimakrise, det andre til ei like kritisk naturkrise. Utruleg nok – alt medan desse krisene veks over hovudet på oss –

17 SUBSTANTIA VITAE – DEN LEVANDE JORDA

Røter og meitemark i jord av greiner og flis.

blir utvinning av fossile ressursar, utvikling og bruk av gigaplogar, og dessutan kunstgjødsel, framleis kalla «suksessar» i utviklingshistoria til mennesket.

Det denne typen teknologi eigentleg har gjort, er å kutta sambandet vårt til jorda og naturen. Det me har vunne, har ført til tap for anna liv. Me har klipt over banda, og med det gått frå å vera ein byggjande, i alle fall balanserande, art til å bli ein øydande art. Og etter kvart som me er blitt fleire og fleire, har krisene blitt større og større.

Når me behandlar jorda som det innsnevra «vekstmediet» me kulturelt har redusert den til, øydelegg me ikkje berre for våre eigne dyrkingsprosjekt. Me øydelegg for livet sjølv. Jorda er sjølve grunnmuren for den levande planeten vår. Den er økosystemet som gjer alle dei andre økosystema moglege. Jorda utfører tenestene som gjer at naturen er ein eviggangsmaskin som har gått i milliardar av år alt.

For dette er den aller viktigaste oppgåva til jorda. Alt som var, skal bli. Lauvet som visnar på treet og etter kvart fell av, har gjort sitt for å halda oppe det individuelle livet. Det er no del av noko uendeleg mykje større. Gjennom hausten og vinteren blir det til humus og med det opphav til den våren og det livet som skal koma.

Sjølv den relativt sett grunne skogsjorda har alt eit enormt mangfald av det store og små plantar treng for å veksa. Det ligg ein bergknatt bortanfor huset vårt. Det er ikkje mange centimetrane med jord oppå, men likevel rikeleg til at ein heil skog av furu- og lauvtre kan veksa og trivast.

Korleis kan dei få centimetrane produsera så enormt med næring og energi? Ja, kva er eigentleg jord?

Jord er liv

Dei seinaste åra har eg farta land og strand rundt i innland og utland for å prøva å avsløra delar av denne løyndomen. Det har vore mange sterke møte med dei produktive kreftene i naturen og med menneske som samarbeider tett med dei. Men diverre har eg også sett nærast uendeleg med døme på korleis overflodssamfunnet me er del av, er tufta på øyding og undertrykking av natur. Og kanskje gjeld det jorda meir enn noko anna økosystem.

19 SUBSTANTIA VITAE – DEN LEVANDE JORDA

I så måte er øydelagd prærie eit av dei tristaste syna eg har sett. For nokre år sidan stod eg ein stad i Kansas og såg utover enorme areal med berre daude. Det hadde ein gong vore del av eit av dei mest produktive og levande areala på planeten vår. No var det berre sand og støv. Det som strekte seg ut framfor meg så langt augo rakk, kunne gått rett inn i Dantes Inferno. Der og då stod svaret på kva jord eigentleg er, klarare for meg enn nokosinne før. Det var ikkje dei kjemiske ingrediensane, eller minerala, som var borte. Det var livet. Livet utgjer den kritiske ingrediensen. Den som gjer skit til jord. Det levande tek i bruk det daude. Utan livet er det daude berre … vel, daudt.

Det er det enorme livet i jorda som gjer dei få centimetrane på bergknatten utanfor hagen min i stand til å produsera næring og livsrom til så mange og store plantar.

«Enorme» er eigentleg eit altfor lite ord i denne samanhengen. Me har ikkje omgrep som er store nok. For i berre ei lita skei med levande jord kan det vera fleire levande organismar enn det finst menneske på planeten. I ein neve kan det vera ein trillion – eit eittal med 18 nullar bak – organismar.

Eg hugsar enno første gong eg såg på jord frå den naturnære hagen vår

JORDBOKA FOR HAGEN 20

gjennom eit mikroskop. Det var berre ein ørliten bit utblanda i vatn, men likevel var livet der så overveldande at det sette meg heilt ut. Tilnærma endelaust med ørsmå levande virra rundt i mikroskopljoset. Kvifor var dei så mange? Og kva heldt dei eigentleg på med?

Kva jord kan læra oss om verdiskaping og moral

For å lukkast som naturbyggjar i hagen må du kunna svara på slike spørsmål. Det betyr ikkje å kunna det latinske namnet på enkeltartar av mikrobar i jorda. Du treng derimot å forstå kva oppgåver dei ulike artsgruppene av mikrobar utfører, kva levande jord gjer for plantar og menneske, og kvifor fullverdige økosystem i jorda er det aller viktigaste suksesskriteriet i hagen.

Jord er system og samspel, og det er heilskapen me treng grep om. Då treng me dei gode, horisontopnande orda. Det er langt mellom desse. Dei fleste ord er altfor små til å skildre noko så stort som jord, men verdiskaping kan ha mykje av det naudsynte utvidingspotensialet i seg. Ordet i seg sjølv er lite definert, og aktiviteten det peikar mot, vil nok gje positive assosiasjonar for dei fleste. Å skapa verdiar er bra. Likevel er det ein bestemt, og veldig snever, definisjon av verdiskaping som er totalt dominerande i den offentlege debatten. Det handlar for det meste om private verdiar. Og stort sett pengar. Den som tener meir pengar, er meir vellukka enn den som tener mindre. Bedrifter med overskot er suksessar, bedrifter med underskot det motsette. Dyrkaren som haustar mest volum per arealeining, er den som skaper mest verdiar.

Vidare sosiale effektar er nok ønskjelege, men er ikkje naudsynte for at ei privat handling skal kallast verdiskaping. Det er ingen krav om at handlinga skal koma menneska som art til gode, eller i det minste gje etterkomarar betre liv. I beste fall nyttar me nokre tilleggsargument om at privat verdiskaping, på grunn av skattlegging og etablering av arbeidsplassar, har positive lokale, regionale og nasjonale ringverknader.

Det som likevel først og fremst blir avslørt her, er kor lite koordinert livet vårt og handlingane våre er med naturen rundt oss. For naturbruk er ikkje del av likninga i det heile. Retten til å fremja eigne verdiar på kostnad av verdiane til anna liv blir det aldri stilt spørsmål ved. Det kjem altså ikkje til moralsk

21 SUBSTANTIA VITAE – DEN LEVANDE JORDA

fråtrekk at overskotsbedrifta eventuelt har lagt beslag på store naturareal og/ eller øydelagt liv og jord rundt seg for å lukkast økonomisk.

På det regenerative fagspråket, eit etisk retta fagspråk om korleis handlingar påverkar natur, kallar me denne typen «verdiskaping» (i hermeteikn, ettersom me knappast ville nytta denne nemninga) for egosentrisk. Me talar om handlingar som berre fremjar den handlande sjølv og/eller eventuelt ein snever krins rundt den handlande.

Kva om dette uhyre snevre verdiskapingsperspektivet, som er så dominerande i den vestlege verda, også var dominerande i naturen? Vel, då ville ingenting veksa. Livet ville ikkje vera mogleg. Me ville ikkje hatt ein levande planet.

I eit verdiskapingsperspektiv som handlar om fornying av det viktigaste av alt, livet og naturen, vil handlingar som fremjar eigne snevre behov på kostnad av anna levande, måtte kallast både uintelligente, primitive og øydeleggjande.

For den vesle ivrige jordbakterien eg ser under mikroskopet, er del av noko uhorveleg mykje større, viktigare og meir intelligent. Ja visst søkjer bakterien å overleva. Ja visst søkjer kvar einaste aktør i eit økosystem å leggja til rette for seg og sine, men det geniale hovudprinsippet i naturen er at eigenmotivert, egosentrisk, verdiskaping, er gjort til verktøy i fornyinga si teneste. På same tid som bakterien handlar egosentrisk, handlar den også biosentrisk. Bios tyder liv. Gjennom sitt eigenmotiverte arbeid med å bryta ned, omdanna og setja saman på nytt, skaper bakterien verdiar som alt anna liv på landjorda er avhengig av. Større og viktigare verdiskaping enn det denne «enkle», eincella organismen driv med, finst ikkje.

Det er i dette perspektivet me må forstå jorda. Også den i hagen. Når me drep eller armar ut livet i den, øydelegg me for alle andre levande rundt oss. Og over tid sjølvsagt også for oss sjølve. Og motsett, når me byggjer opp livet i jorda, medverkar me til å fornya livet og naturen. Og difor oss sjølve med.

For den som vil lukkast med den naturnære hagen, er det nødvendig å forstå dei grunnleggjande prosessane i jorda og korleis me kan støtta opp under dei. I det følgjande skal me difor bli litt nærare kjende med det største og viktigaste økosystemet på planeten: det du finn i hagen din. Men først litt om det som set det heile i gang, prosessen over alle prosessar.

JORDBOKA FOR HAGEN 22

Planetens viktigaste verdiskapingsprosess og marknadsplassen i jorda

Fotosyntesen har alle høyrt om. Møtet mellom det inngåande solljoset og plantar, algar og blågrønbakteriar produserer det stoffet som dannar den viktigaste byggjesteinen i alt organisk og levande: karbon. Samtidig har historia som oftast blir fortald om denne vitale prosessen, klare manglar. Fordi den i så liten grad trekkjer inn jorda.

I møtet mellom sola og planten blir karbondioksid omdanna til organiske sambindingar, som sukkerstoff. Planten brukar dette karbonet til å byggja stengel, bladverk og røter. Dei mange trea på skogknatten utanfor stoveglaset mitt har alle blitt til på dette viset.

Ganske fantastisk å tenkja på, eigentleg.

Men ein del av det karbonet som blir fanga og skapt i fotosyntesen, endar ikkje som byggjemateriale til planten. I alle fall ikkje i første omgang. Og det er her livet i jorda kjem inn. Av den totale mengda karbon planten produserer gjennom fotosyntesen, er det vanleg å gå ut frå at om lag halvparten blir nytta over og halvparten under bakken. Den halvparten som blir trekt ned i jorda, kan delast i to. Den eine delen går til rotutvikling, den andre til valuta for å kunna gjera nødvendige innkjøp på planetens største marknadsplass.2

Ja, for jorda i hagen din er det òg. Under føtene dine der du går og tuslar – anten det no er i hagen eller i skogen – går det føre seg ei handelsverksemd som er både større, meir kompleks og involverer fleire aktørar enn på alle menneskeskapte fysiske og elektroniske handelsstader til saman.

Det handlar om næring. Frykteleg mykje næring. Rett og slett kosten til plantane på planeten vår. Til kvart einaste tre og grasstrå. Til kvar einaste blom og kvar einaste urt. Og til alt som veks i hagen.

Den siste fjerdedelen av karbonet frå fotosyntesen blir sondra ut gjennom planterøtene som ørsmå dropar med sukkerstoff. Via ulike delar av rotsystemet kan planten produsera sukkerstoff med ulike samansetjingar. Dermed trekkjer den til seg ulike slag mikrobar, som kvar bringar med seg ulike typar næringsstoff, henta frå organisk materiale og frå dei mange ulike slaga av

23 SUBSTANTIA VITAE – DEN LEVANDE JORDA

mineral og kjemiske samband som jord består av. Ulike artar av sopp og bakteriar spesialiserer seg på å henta ut ulike typar næringsstoff og fraktar dette med seg inn mot planterøtene – i byte mot ørsmå supar av det dyrebare sukkerstoffet, valutaen som gjeld nede i jorda.

Planten veit veldig mykje betre enn me kva den treng av ymsande næring, og i levande jord klarar den særs godt å skaffa seg dette sjølv – gjennom det fantastiske samarbeidet med mikrolivet.

Fenomenet me kallar «attgroing», er eigentleg veldig enkelt. Areal som ikkje lenger blir nytta av menneske eller husdyra våre vender tilbake til skog. Dette skjer fort. Ikkje så langt frå der eg bur, var det ein gong ein idrettsplass.

JORDBOKA FOR HAGEN 24
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.