Venen nr.1 2012

Page 5

Mange kjende seg att i undervisninga Gunnar Elstad gav oss på BULK. Han tok opp viktige tema, og han torde å utfordra oss. Bibelen nyttar ulike bilete når den skal skildra det kristne fellesskapet: Vintreet (Joh 15,5), Guds familie, tempel (1. Pet 2,4-6), kropp – der Jesus er eit uttrykk for sjølve kroppen (Rom 12 og 1. Kor 12) eller hovudet som styrer heile kroppen (Ef 4,15 og 5,23). Me vart minna om at me ikkje har valt ut oss sjølv, men er valt ut av Jesus (Joh 15,16). Som kristne er me sysken, ikkje nødvendigvis venner som vel kvarandre ut frå interesser og kjemi. Sysken kan irritera kvarandre og vera veldig ulike. Forsamlinga er ei forsamling av sysken som har blitt født inn i same familie. Kjærleik skal prega det kristne fellesskapet. Menneskelege prinsipp, som kven me likar og ikkje likar, finn me dessverre også i den kristne forsamlinga. Men det er ikkje rett at dette skal prega det kristne fellesskapet. Me menneske er ufullkomne, difor finst det heller ikkje fullkomne fellesskap. Me kjem til å såra kvarandre. «Tilgi kvarandre» formanar Paulus igjen og igjen. Og baktal ikkje (Jak 4,11). Eit kristent fellesskap må, på same måte som ein familie, prioriterast. Eit kristent fellesskap må veksa oppover, innover og utover. Om me ikkje utviklar oss oppover vert det ikkje eit kristent fellesskap. Me kan fort bli einsame og lite handlekraftige om me ikkje søkjer innover mot det kristne fellesskapet, og er vi så opptatt med å varma oss i eit trygt fellesskap at me gløymer å venda utover, visnar me fort og blir slappe. Dette var noko av det viktige Elstad fekk formidla. Me satsar på BULK igjen til neste år, same tid.

SOMMARENS STORSAMLING ÅRSMØTE PÅ STORD 15. - 17. JUNI Dette året gler me oss til å invitera til Sommarens Storsamling, Årsmøte på Stord 15.-17. juni . Komiteane er i gong med arbeidet og ser fram til at Idrettshallen på Vikahaugane skal fyllast med folk til møte, konsertar, forhandlingsmøte m.m. Også i år vert det eit variert program tilrettelagt for heile familien. Set allereie no av helga, så kjem me tilbake med detaljert program etterkvart.

VELKOMMEN TIL ÅRETS FAMILIELEIRAR! Kan du sjå det føre deg? Strålande sol, leikande born, sprudlande ungdommar og takknemlege foreldre. Ja, slik er det ofte på familieleirane våre. Me er alt byrja å tenkja på sommaren og er i gong med å leggja til rette for strålande opplegg for heile familien. På Brandøy er Olaug og Jan-Ove Fagerheim, Ingebjørg og John Morten Espevik, Rakel og Bjørn Saghaug, Kristin og Tor Espen Kristensen vertskap og leiarar, medan på Helgatun er det Linda og Bjarte Nordtun, Toril og Alf Jarle Langeland, Åstrid og Svein Bjarne Aase m.fl. I tillegg har me mange flinke ungdommar som er ”barnetanter og -onklar” på begge leirane. Her vert det bibelundervisning tilrettelagt for ulike aldersgrupper, aktivitetar for store og små, familieleikar, bading, aking på Vikafjellet (Helgatun), fotball, kano-padling, volleyball, riding (Helgatun) og vannsport (Brandøy). Her vert familiesamlingar der me lærer meir om Jesus og Guds rike, vaksensamlingar, kaffi og kaker, god tid til avslapping, ”small talk`s”, gå ein liten tur, bli kjent med festlege menneske, middagslur... På Brandøy er at det dette året også høve til å koma og bu i eigne båtar, campingvogner og bubilar, og elles vera med på heile familieleiropplegget. Så her vert det eit utvida tilbod, nærast som ein Familie-bibelcamp. Er dette noko for deg og din familie, set av dagane 6. - 10. juli, då vert det familieleir både på Helgatun og Brandøy!!!

Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2012

5


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.