Page 1

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 04 - 2012

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2012

1


Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar. Indremisjonssamskipnaden

Layout: Jan-Ove Fagerheim Trykk: Haugesund Bok og Offset A/S Red.: Svein Bjarne Aase Indremisjonssamskipnaden Postboks 150, 5401 STORD Tlf.: 53 41 07 04 Fax: 53 41 27 40 Postgiro: 7877.08.43366 Bankgiro: 8220.02.80454 Kontortid: 09.00 – 15.00 Heimeside: www.indremisjonen.no E-post: post@indremisjonen.no Samskipnadsstyret: Edmund Thormodsæter, formann Halvard Wiik Hans Arne Børsheim Birgit M. Hjelmeland Marit Lindekleiv Kristoffer Tjelle Torunn Tvedt Varamedlemmar: Kåre Stautland Anne Marie Solsvik Anfinn Økland Dagleg leiar: Svein Bjarne Aase Telefon 47 26 13 40 Helgatun 5713 VOSSESTRAND Telefon: 56 51 98 98 Telefax: 56 51 98 99 Bankgiro: 8220.02.80497 Styrar: Solveig Norheim Heimeside: www.helgatun.no Brandøy 5584 BJOA Telefon: 53 76 98 81 Bankgiro: 8220.02.80470 Husmor: Sigrun Thormodsæter Framnes KVGS 5600 NORHEIMSUND Telefon: 56 55 05 00 Telefax: 56 55 13 92 Bankgiro: 8220.02.80292 Rektor: Harald Voster Heimeside: www.framnes.vgs.no

Svein Bjarne Aase Dagleg leiar

La barne- og ungdomsarbeidet leva! Barne- og ungdomsarbeidet er etter mi meining det viktigaste og mest effektive arbeidet me kan driva med. I Indremisjonssamskipnaden har barne- og ungdomsarbeidet alltid hatt ein stor plass. Dette syner seg heilt konkret i kjøpet av Framnes Ungdomsskule i 1911, bygginga av Brandøy i 1966 og Helgatun i 1973. Sundagsskulen har også alltid hatt ein stor og viktig plass i bedehusa, og yngresarbeidet og ungdomsforeiningane vaks ofte fram der det var vekking og nytt liv i bygdene. Her har vore tilsett eigne barneog ungdomsarbeidarar fordi våre leiarar såg det var avgjerande viktig at den unge generasjonen vart vunnen for Jesus. Eg trur det er slik at eit bedehus/forsamling som står utan barne- og ungdomsarbeid gjennom mange år, vil døy ut. Difor har eg lyst å koma med ei viktig oppfordring til oss alle! Lat oss satsa stort på barne- og ungdomsarbeidet i bygdene våre. Det gjeld framtida for borna og dei unge, og det gjeld framtida for Guds rike og misjonsarbeidet. Lat oss halda oppe eit sterkt, levande og kreativt leirarbeid på Helgatun og Brandøy, og la oss senda elevar til Framnes Kristne Vidaregåande Skule. Me veit at borna og dei unge i dag har eit enormt tilbod på fritida si og det kan vera vanskeleg å konkurrera med fritidsaktivitetar, pc-spel, og krav på skulen. Men det er ikkje mindre viktig at bedehusa våre har eit tilbod til borna og dei unge. Eg las ein artikkel der det vart referert til ein som hadde teke ei doktorgrad på Misjonshøgskulen der han samanlikna ein kyrkjelyd i Noreg og ein i Thailand og såg på grunnar til at menneske blei med i forsamlinga. Og årsaka var unison: At borna trivest i kyrkjelyden. I Indremisjonssamskipnaden sin strategiplan står det at me gjennom våre stormøte skal leggja til rette for at heile familien kan finna seg til rette og få noko. Dette har me lagt vinn på når me arrangerer våre storsamlingar. Me ynskjer at barnefamiliane skal finna eit program som er tilrettelagt for at både små og store skal få ta del i misjonsarbeidet og få noko for liv og teneste. Me ynskjer å nå folket med Guds ord. Alt folket! Både borna, unge, vaksne og dei eldre. Noko eg meinar Årsmøte på Stord og Brandøydagen var gode eksempel på. Og me vil utfordra alle indremisjonsstyre, så langt det er mogeleg, å samla ressursane i bygda og satsa på eit levande og godt barne- og ungdomsarbeid. Ta gjerne kontakt med indremisjonskontoret for hjelp til planlegging og opplegg. Det gjeld livet for borna og dei unge, og framtida for misjonsarbeidet i bygdene lokalt og ute på misjonsmarka!

Aksjon 100 nye faste gjevarar

Nye gjevarar:

71 0

10

40

50

60

70

80

90

100

GÅVEBAROMETER: lagsgåver, gåveaksjonar og gjevarteneste pr. 30. juni 4 500 000 4 000 000 3 500 000 3 000 000 2 500 000 2 000 000 1 500 000 1 000 000 500 000 0

Budsjett 2012 4 015 000

Dersom du ynskjer skattefrådrag på gåva må den sendast til konto 8220.02.80632 og merkast med ditt personnummer og ”Gåve til Samskipnaden”.

30

Hittil 2011 1 728 884

Ynskjer du å gi ei gåve til Indremisjonssamskipnaden, kan du senda den til konto 8220.02.80454. Då går gåva direkte til Samskipnaden.

20

Hittil 2012 1 846 879

SunnBok Postboks 23, 5401 Stord Telefon: 53 41 20 01 www.sunnbok.no

Leiar


Andakt Av Ragnhild Nesse

Utan krav Jesus står med opne armar, utan krav. Han stiller med kjærleik som ikkje krev noko tilbake. Dette er for godt til å vera sant for oss som lever i 2012. Det er ein bodskap som me ikkje klarar å ta imot eller har vanskeleg med å tru på. Allereie frå me er ganske små vert det stilt krav til oss. Og det fortset i ungdomstida, og kanskje meir enn nokon gong som foreldre og i arbeidslivet. Ein må lukkast i det meste for å passa inn og vera god nok for samfunnet. Kva krev Jesus? Han krev at du er villig til å seia ”ja” til han og fylgja han akkurat som den du er. Kva kunne den blinde tiggaren, Bartimeus, som sat i grøftekanten i Jeriko tilby Jesus? Eller kva kunne den samaritanske kvinna ved Jakobsbrønnen tilby Jesus? Jesus ville møta dei.

Jesus bryr seg ikkje om ein bra CV eller titlar. Han bryr seg om deg! Han vil møta deg kvar dag. Han vil byggja forhold til deg. Ta deg tid innimellom krava i kvardagen. Rydd plass til Jesus. Anten det er på tur i skogen, på kvelden før du legg deg eller i bilen når du køyrer til jobb. Skru av musikk/ mobil/TV og vær stille for Gud. Ta deg tid til å vera nær Han. Den samaritanske kvinna sprang fri ut i byen og ropte «Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Kan han vera Messias?» Joh. 4.29 Jesus vil òg fortelja deg ting om ditt liv. Han vil endåtil visa deg skattar i mørket. Eg gjev deg skattar som er løynde i mørkret, og rikdomar gøymde på løynlege stader, for at du skal kjenna at eg er Herren, som har kalla deg ved namn, Israels Gud. Jes. 45.3

GEBURSDAGSGÅVE TIL MISJONEN! I den seinare tida har fleire misjonsvener gjeve gåva til misjonen når dei har feira ”runde” dagar. Dette har særleg kome Helgatun og Brandøy til gode. Frå IMS vil me gjerne retta ei varm takk til alle som på denne måten støttar indremisjonsarbeidet. Seinast no i august kom det inn to flotte gåver. Ei til Brandøy på kr. 16.500,- frå Jens Steinsland sin 70-års dag, og ei på kr. 18.100,- til Helgatun etter feiring av Olav og Per Helleve sine 70-års dagar. Hjarteleg takk og Guds rike signing!

DAGLEG LEIAR! Svein Bjarne Aase sluttar i stillinga som dagleg leiar frå medio oktober. ”Eg har hatt nokre fine år som leiar av IMS og har gledd meg over alt det gode misjonsarbeidet rundt om i bygdene og den flotte oppslutnaden som har vore omkring storarrangementa våre. Eg takkar Gud for alle trufaste, engasjerte og gode medarbeidarar, både ansatte og frivillige i forkynnarstaben, ved IMS-kontoret, på Helgatun, Brandøy, Framnes og SunnBok. Det same gjeld alle trufaste misjonsvener rundt om i dei lokale bedehusa. Vil også nemna det gode samarbeidet me har i dei ulike styrene i IMS, noko som betyr så mykje for tenesta i Guds rike. Eg må også få nytta høve til å takka alle som no og tidlegare har hugsa på både meg og familien i bøn og oppmuntring. Det gjer så utruleg godt! Takk for fellesskap i tenesta, må Gud signe dykk alle!” Svein Bjarne Aase

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2012

Ved Jesu føter ei stille stund, når orda kjem frå hans eigen munn, når eg med Jesus åleine er, då er det hugnad å leva her. Kvar finst ein fagrare stad på jord! Kvar høyrest visare sanningsord? Når eg med Jesus åleine er, då ynskjer eg ikkje meire her! Her må det tunge og vonde fly, her vert eg alltid i striden ny, for eg med Jesus åleine er, den største løyndom får løysing her. Så lat då koma kva koma vil, eg veit den stad eg skal springa til, der eg med Jesus åleine er. Kven kan då standa imot oss her? Og snart så kjem ho, den stunda kjær då eg skal sjå honom slik han er. Då eg med Jesus i himlen er og talar med han som aldri her. Matias Orheim

BØNE SPALTA

BE OM: - At Herren må kalla ein ny dagleg leiar til IMS.

BE FOR:

- Arbeidarane og reiseruta for haustsemesteret. - Haustmøte på Stord og Haustkonferansen på Helgatun. - PIT STOP for ungdom på Stord. - Haustweekendane på Brandøy og Helgatun. - Elevane og personalet på Framnes og Bildøy. - Staben på Helgatun og Brandøy.

3


Sommarens storsamling

Helga 15.-17. juni var det igjen duka for årsmøtehelga til IMS. Det 148. årsmøte tok plass i Stord Idrettspark, Vikahaugane, og Leirvik, Horneland og Sagvåg Indremisjon var med på å fikse alt det praktiske. Storsamlinga kunne by på et rikt og variert program for store og små, unge og eldre. Spesielt oppmuntrande var det å sjå så mange småbarnsfamiliar og ungdom som var med!

Som Odd Inge Austevoll frå Framnes sa: ”Den dagen vi er fornøgd med skulen, den dagen har det begynt å gå på ned. Vi må alltid strekka oss etter å bli betre på det vi held på med.”

Sommarkveld Fredagskveld var det klart for Sommarkveld med Terje Forsberg. Svein Bjarne Aase og Marit Ådnanes kunne ynskja velkommen til ein nesten fullsett sal. Jentegruppa Praise Him slo ann tonen for helga, med flott og Jesusfokusert song.

Dagleg leiar Svein Bjarne Aase innleia til samtalen om arbeidet, og sette fokus på resultatet av ei spørjeundersøking som har kartlagd kva ”folk flest” i Noreg tenker om Bedehuset og Indremisjonen. Du kan lesa alt om undersøkinga i boka ”Motstrømsfolket”. Her er det ting å glede seg over, som at folk flest gjerne vil at borna deira skal vera med i det kristne barnearbeidet. Dei ynskjer og sjølv å vera med på bedehuset dersom dei får ein personleg invitasjon og arrangementet verkar attraktivt. Det er og svært gledeleg at folk forventar forkynning om Jesus, og dei ynskjer at bedehuskulturen skal leva. Men her er også fakta som klart bør utfordre oss som bedehusfolk! Til dømes har over 50 % av dei spurde aldri opplevd å bli invitert med på arrangement på Bedehuset.

Mange hadde nok lese bøkene eller sett Terje Forsberg på TV, men det blir spesielt når han står framfor deg og deler den sterke livshistoria si. I nesten ein time hadde han den fulle merksemda frå folket i salen, og då han gjekk av scena fekk han ståande applaus! Det var tydelig at vitnesbyrdet hans, om det tøffe livet og den radikale omvendinga til Jesus både rørte og inspirerte. Årsmøtedagen Ordføraren på Stord, Liv Kari Eskeland, helsa årsmøtelyden med nokre velvalte ord av Ivar Eskeland om regionen Sunnhordland. Samstundes tok ”Barnas sommarfest” til i naborommet. Her var det ca. 50 born på plass. Ragnhild Nesse hadde andakt om Kongenes Konge, før det var god tid til song og leik. For dei vaksen song Lovsongsbrørne med sine mandige røyster ”Med Jesus vil eg fara”, og dermed var startskotet for laurdagen fyrt av på ein solid og trygg måte. Hovudtalar for helga var Johnn Hardang, og i den fyrste bibeltimen la Johnn vekt på at Kongens ærend har hast! Kongen har gitt kvar enkelt av oss eit oppdrag, eit ærend, ein bodskap å gå ut med. Eit viktig arbeid vi i indremisjonen får væra med på! Medan årsmøte tok fatt på dei vanlege årsmøtesakene som årsmelding og rekneskap, tok borna og dei unge turen ned på Leirvik torg. Der var det gatemøte der Jarle Waldemar både trylla og delte Guds ord! Været var dessverre ikkje heilt på topp denne dagen, men trass i dette var det ein del folk som fekk med seg ”IMS på Torget”.

Ros Alt i alt virka det som om folk var godt nøgd med årsmøtehelga. Arbeidarane i Samskipnaden fekk mykje og velfortent ros for alt arbeidet dei legg ned, både til vanleg og med Sommarens Storsamling spesielt! Ris? Det er så klart mulig å komme med tilbakemeldingar dersom det er ting som burde vært forandra på til neste årsmøtehelg som er 21.-23. juni 2013 i Kvam. Send gjerne ein e-post til post@indremisjonen.no

Denne undersøkinga er absolutt noko dei enkelte bedehusa i krinsen bør ta tak i og samtala om korleis situasjonen er i deira bygd. Medan samtalen gjekk i auditoriet der årsmøtelyden var samla, var om lag 90 barn samla til Vennekamp i idrettshallen. Dette er eit konsept som Jarle Waldemar har sett saman. Dette består av leik og konkurransar i kombinasjon med song og formidling. Stemninga og konkurranseinstinktet var på topp! Gode møter Sjølv om årsmøtesakene var ferdig behandla laurdag ettermiddag, var ikkje Sommarens Storsamling slutt. Både Familiesamling med Jarle Waldemar og Stormøte samla mange folk! God song og sentral forkynning sto i fokus. Når møte var slutt reiste ein god ungdomsgjeng på Road trip til Horneland Bedehus.

Terje Forsberg fekk ståande applaus for vitnesbyrdet sitt. Tradisjonen tru var Sunnhordlandsmusikken, med Trygve Eiken og Lars K. Vik i spissen, med oss søndagen.

Val og samtale om arbeidet Under årsmøtedelen vart Edmund Thormodsæter attvalt til formann, og til styret vart Hans Arne Børsheim, Torunn Tvedt og Marit Lindekleiv valt for 2 år. Til varamedlemer vart: Kåre Stautland, Anne Marie Solsvik og Anfinn Økland valt. Dei ulike avdelingane i Samskipnaden informerte årsmøte om situasjonen på deira heimebane. Både Framnes, Brandøy og Helgatun, hadde alle mykje positivt å melda! Men dei har også utfordringar som ligg og ventar framover.

4

Søndagen Det var svært oppmuntrande å kunne avslutta Sommarens Storsamling på søndagen med to gode og fullsette samlingar i idrettshallen. At folk fekk seg eit godt måltid mat mellom møta la ingen dempar på stemninga…

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2012


LIK OSS

På nett Nytt av året var at vi satsa litt ekstra på å dela Sommarens Storsamling med folk på nett. Nettkonsulenten til ImF-UNG var med, og fekk både bilder, video og talar på nett fortløpande. Det betyr at dersom du ikkje fekk med deg alt som hende på årsmøte, kan du klikk deg inn på www.indremisjonen.no og der vil du finna link vidare til både bibeltimar og bilder ++ frå helga. Dersom du er aktiv på nettsamfunnet Facebook, vil vi på det sterkaste oppfordre deg til å gå inn på https://www.facebook.com/ Indremisjonssamskipnaden og ”like” sida vi har der. Då kan du enkelt halde kontakten med IMS, og vi kan oppdatere deg om det som skjer i krinsen! Takk Til slutt vil vi berre takke alle som var med og bidrog til at Sommarens Storsamling vart arrangert! Eit slikt arrangement ville ikkje vært mogeleg å få til, utan alle dei som sto på både før, under og etter helga! Kjetil Fyllingen

HAUSTMØTE 5. - 7. oktober 2012

Fredag 5. oktober Kl. 19.30 Møte i Leirvik bedehus Tale: Gunnar Elstad “Et liv i Guds nåde” (Rom 5,1-11) Song: Heidi Rolfsnes - Kaffi og kaker Laurdag 6. oktober Kl. 16.30 Møte i Leirvik bedehus Undervisning: Gunnar Elstad “Når livet er vondt og uforståelig” Song: Tone Synneve Myklebust Hellesøy

Gunnar Elstad

Heidi Rolfsnes

Barnemøte i kjellaren parallelt med bibeltimen

Kl. 18.30 Kveldsmat Kl. 19.30 FESTMØTE I KULTURHUSET Piano: Gunhild Rolfsnes Tone Synneve M. Hellesøy Gitar: John Inge Rolfsnes Bass: Dag Kjetil Lægreid Slagverk: Tor Helge Valvatne Forsongarar: Silje og Tore Alvsvåg, Camilla Hallaråker og Kjersti Østang Valvatne Appell: Gunnar Elstad - Kveldens gjest: Frøydis Grorud

Silje Alvsvåg

Tore Alvsvåg

Camilla Hallaråker

Kjersti Østang Valvatne

Sundag 7. oktober kl. 11.00 Gudsteneste i Stord kyrkje v/sokneprest Eirik Aadland Tappel og Gunnar Elstad kl. 11.00 Gudsteneste i Moster kyrkje v/sokneprest Aksel Lygre og Ingebrigt Sørfonn På storsamlinga og søndagen gledde BLESS oss med vakker song.

Jarle Waldemar var godt likt av både små og store.

Frøydis Grorud

Indremisjonssamskipnaden

Kl. 17.00 Uggdal: Tale: Ola Malvin Lomheim - Song: Lovsongsbrørne Husnes: Tale: Liv Rolfsnes Song: Anne Christi og Hans Arne Børsheim KL. 18.00 Meling: Tale: Arne Lindekleiv Song: Marit Lindekleiv og Kjellaug Holtermann Kl. 19.00 Moster/Håvik: Tale: Ingebrigt Sørfonn - Song: Heidi Rolfsnes Sveio/Bråtveit: Tale: Jens Tveit Tofte (Zoar): Tale: Karl Einar Tvedt Kl. 19.30 Bømlo: Tale: Liv Stokken - Song: Lars K. Vik og Kjell Haukefær Samnanger: Tale: Kåre Johan Hamre Ølensvåg: Tale: Kjetil Fyllingen - Song: Ingfrid Byrkja Hystad Leirvik: Tale: Toralf Steinsland - Song: Karsten Nesse Horneland: Tale: Marit Ådnanes Song: Otto Martinsen og Marit Ådnanes


Kva brukar du tid på? Me er på Active-ten leir på Brandøy 6.-9. august. 66 ungdomar og 12 leiarar er samla til bibeltime. Johannes Olsen, leirarbeidar i IMS, er i sin andre bibeltime under leiren, og utfordrar oss på kva me brukar tid på. - Du blir ekstra glad i det du bruker tid på, seier Johannes. Han samanliknar det med å ha ein kjærast. For å ha eit godt forhold, må me bruka tid saman. Slik er det også med Gud. Når me lever med Gud, blir me fylt av hans kjærleik (1. Joh, 4). På leiren er det full rulle frå morgon til kveld; måltid, bibeltreff, aktivitetar, teambuilding, bading med vasski- og tubekøyring, seinsommarfest med festmiddag, underhaldning og delestund. Mange nyttar også høvet til samtale og forbøn siste kveld på leir. Me har intervjua to deltakarar og ein leiar mot tampen av leiren. Nikolai Rørdal (16 år), Husnes Hugsa du første gong du var på leir? - Ja, det var ein sommarleir for 5.-7. kl. Det var ein kamerat som syntes det var så bra på leir, og han drog meg med. Me vart plassert på rom med to frå Stord, og me vart veldig samansveisa. No bur me på rom saman på kvar leir. Dei har blitt mine beste venner, og me besøkjer kvarandre omtrent annankvar månad. Og du har vore mange gonger på leir etter det!? - Eg har vore på dei fleste ungdomsleirane dei siste åra, fortel Nikolai. Det er kanskje berre tre ungdomsleirar eg ikkje har vore på no når eg har gått i 8.-10. klasse. Det å reisa på leir er som eit virus, eit positivt virus. Eg føler ikkje det er skikkeleg sommar utan leir. Kva er det som er så bra med leir? - Eg veks i trua på kvar leir. Det er sosialt med venner og me gjer kjekke ting. Kva sit du spesielt igjen med etter denne leiren? - Det var fyrste gong eg våga å dela noko på delestund. Det var eit stort steg, og eg vaks i trua på det. Det var spesielt for meg, og definitivt eit minne for livet; noko alle må prøva, oppmodar Nikolai. Eg tenkte å gå fram på påskefestivalen, men det vart sagt så mykje bra, og eg våga ikkje. No var det som om ei kraft pusha meg fram. Eg følte ikkje eg gjekk sjølv.

Nikolai

Ragnhild Petterteig Mo (17 år), Trondheim Du reiser heilt frå Trondheim til Brandøy på leir, og du har vore her mange gonger. Korleis heng det saman? - Mor mi, Astrid Petterteig, er frå Stord. Ho var her mykje som ung, og jobba her også. Det var eit syskenbarn, pluss tante og onkel som drog meg med her fyrste gong for tre år sidan. Eg vart kjent med mange, og fekk nye venner. Eg hadde lyst å reisa tilbake hit. Dei siste åra har me i familien lagt opp ferien til Stord etter kva tid det er leir. I fjor stoppa eg igjen ei og ei halv veke for å få med meg leir. Og no har du fått med bror din! - Ja, eg trur han kosar seg. Han var med på Pit stop på Leirvik i fjor haust, og no er det første gong han er på leir. Kva betyr Brandøy for deg? - Det er fantastisk å treffa alle folka; opne folk og kjekke folk. Det er ikkje så mange slike leirar der eg bur. Og så får eg godt med åndeleg påfyll. Eg har vakse jamt åndeleg dei siste tre åra, og Brandøy har vore ein viktig grunn til det. Å reisa på leir styrkjer meg i trua, så eg ikkje står åleine. Er det noko spesielt du sit igjen med etter denne leiren? - Det er første gong eg fekk delt noko på delekvelden. Det var til stor hjelp for meg. Elles er det mange små augneblink med venner som eg set pris på. Og me håpar å få sjå deg på leir her igjen!? - JA, kjem det kontant frå Ragnhild. - Sikkert på Hausttreff.

ne ag M s ar L Ragnhild

Lars Magne Ådnanes (25 år), Bremnes/Sandnes Du har vore mykje på Brandøy i barneog ungdomsåra, og no som leiar. Kva betyr Brandøy for deg? - Eg har vore på godt over 100 leirar, så Brandøy betyr enormt mykje for meg, seier Lars Magne. Brandøy er fellesskap, gøy, fokus på Gud og oppbygging, relasjonar på tvers av det du er vant med og eit tett samhold. Kva er det som er så bra med å vera leirleiar? - Det er ein arena eg sjølv kan gi av min kunnskap og erfaring. Eg er leiar på omtrent 3 ungdomsleirar i året. Denne aldersgruppa utfordrar meg mest, og er lettare å snakka med, synest eg. Trass aldersforskjell, kan me meir ha eit kompisforhold. Eg har lyst til å inspirera ungdomane til å ha meir fokus på Gud, og at dei skal få same opplevinga eg sjølv hadde av leirlivet. Eg får enorm inspirasjon av å sjå det flotte samhaldet ungdomane har seg imellom; dei bryr seg og er med på å byggja kvarandre opp. Kva vil du spesielt trekkja fram frå denne leiren? - Som alt nevnt; samholdet mellom ungdomane. Delekvelden gjer inntrykk, og eg er glad for alle ungdomane som vågar å dela av livet sitt på delekveld og i samtale/forbøn. Og det er ikkje siste gong du er leiar på leir, håpar me!? - Eg har lyst å få dei fleste ungdomsleirane med. Eg har alt sett av både Ten-helg og Hausttreff til hausten. Eg har nød for ungdomane heime, men det er vanskeleg å fylgja dei opp når eg bur på Sandnes. Difor er det ein fantastisk arena for meg å få stilla opp for ungdomane på leir, avsluttar Lars Magne.


Kjetil Marit

eLis Marie Ingfrid

og ene! Barned-om ssid Ung

Johannes

Mitt bibelv ers! Men alle so m tok imo dei gav ha t han, n rett til 책 bli Guds b dei som tr orn, ur p책 nam net hans. - Johanne s 1,12 Astrid-Hele ne Fagerh eim, 14 책r, Ut책 ker


Vandring i bedehusland v/ Kåre Steinsund

”Me vil ha det som me he hatt det” Som eg sa i første ”epistel” så meiner eg at bedehuset i mange samanhengar har ”så mykje å gå på”. Alt står nok ikkje til toppkarakter, - lat oss erkjenna det. Det vert fortalt om eit bedehusmøte ein stad på sørlandet for mange år sidan. Ein salvelsesfull predikant stod på talarstolen. Han kom til å uttrykkja seg om lag slik: ”Hadde me tru nok, så skulle desse bedehusbenkane ha løfta seg opp til taket!” Då kom det tørt frå salen: ”Eg tenkje me har det som me he hatt det!”.

Greitt nok det. Kva i all verda skal benkene brukast til oppe under taket? Og likevel, - me har vore alt for livredde for å gjera ting på andre måtar, forandra litt på bedehusritualet så og seia. Eg kjenner ei kristen dame som kom til ei ny bygd. Ho fann sin plass på bedehuset, og ville gjerne bidra med det ho kunne. Ho hadde pågangsmot og vilje til kanskje å prøva litt andre måtar å gjera ting på. Ho vart stansa i starten. ”Me vil ha det som me har hatt det…..” Så misste ho motet og trekte seg unna.

Ho er diverre ikkje åleine. Sjølvsagt er det viktig å verna om forkynninga på bedehuset. Guds ord og bøn må alltid vera hovudsaka, og må ikkje verta fortrengt av andre ting. Men arbeidsmåtar, ramma om bildet, - må den alltid vera den same? Har med råd til å slå handa av nye, friske krefter som freistar å få bedehusvogna opp av alt for djupe spor? Bedehuset er kjent for å leggja vekt på nådegåvene. Då er det viktig at både nådegåver og naturgåver møter varm omsorg på det same bedehuset. Det er betre med eit varmt smil enn skeptiske rynker i panna!

Basar i Espevær Bedehus, 14. juli 2012 Alt ein time før basaren skulle starta var det mykje folk, og i Eidesvik var det så mange som møtte opp at Espeværekspressen måtte gå to turar, men det var jo berre bra. Ein halv time før oppstart var eit fint pynta bedehus overfullt. Mange tilreisande og mange utflytta espeværingar traff kvarandre igjen og drøsen var i gong. Om lag 250 fine gevinstar var utstilt. Øyvind Larsen og Trygve Eiken ønskte velkomen og songen «Si kjenner du det kjære Jesunamnet» ljoma godt i salen. Aksel Lygre opna med frisk song «Rock around the clock» og deretter eit morosamt potpurri der salen var heilt med, før han song om at kvar og ein av oss er verdifull. Svein Bjarne Aase heldt ein god andakt om å vera eitt med Jesus. Han òg kom inn på at alle er like verdifulle og fortalde ei gripande historie om ein ungdom som etter mykje motgang og lite kjærleik i heimen, kom og fortalde at han ville vera ein kristen. Han fekk kjenna Jesu kjærleik og det same kallet nådde oss alle som var i Espevær Bedehus denne ettermiddagen. Etter dette song Aksel; «Kom næra mig du menskjo barn, kom næra mig..»

8

Mykje folk var samla til basar på Espevær

Åresal, ei matøkt og deretter nytt åresal og hovudtrekning gjorde at det vart tre koselege og spennande timar. Det gjekk eit ”gisp” gjennom salen når Magne Eidesvik heiv gevinstar opp til galleriet, men det gjekk alltid bra. Hovudgevinsten ein flott gassgrill, for til Bømlo, denne vart vinnaren sjølvsagt glad for. Denne basaren var ein gjentagelse av ein tilsvarande basar i fjor sommar. Bedehuset treng ei større fornying av skifertaket og skifte av nokre vindauge og det trengs pengestøtte. Det ser ut som folket støttar heilhjarta opp om dette og ser verdien av å ha eit bedehus i god stand. Denne basaren er med og løftar bedehuset inn i hjartene til folket og gjer bedehuset til ein viktig samlingsplass slik det har vore for folket her ute i over 100 år.

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2012

Takk til styret for flott initiativ og me håpar alle på gjentaking neste år. På basaren kom det inn ca. kr. 95.000,til bedehuset. Trygve Eiken

Trygve Eiken leia basaren med stødig hand og sitt gode smil. Øyvind Larsen, Trygve Eiken, Eva Sønstabø og Magne Eidesvik (biletet) er saman med Målfrid og Odd Nilssen drivkreftene bak bedehusbasaren på Espevær.


Nye arbeidarar Me er svært glade for å kunna presentera våre nye arbeidarar; Kjetil Fyllingen og Ingfrid Byrkja Hystad. Dei tek til i jobben 1. september, begge i 50 % stilling. Kjetil blir ungdomsforkynnar og Ingfrid barne- og familiearbeidar. Her kan du bli litt betre kjent med dei.

Kjetil Fyllingen vert 35 år i

desember. Han er oppvaksen i Dyvik, Sagvåg, men har i mange år budd utanfor øya. I 1996 flytta han vekk for å ta eit år på Bildøy. Deretter vart det eit år i ImF-team (DVI-team). Etter militæret jobba han fleire år som barne- og ungdomssekretær i Midthordland Indremisjon. Så vart det flytting til Sunnmøre, og han var dagleg leiar i Ung-misjon i Sunnmøre Indremisjon fram til våren 2010. Då flytta han tilbake til barndomsheimen i Dyvik. Her bur han saman med kona Silje og borna Benjamin (3 ½ år), Samuel (6 år) og Emilie (snart 8 år). Dei siste to åra har han hatt sitt virke i ImF-UNG, Damaris Norge (utleigd som lærar på film- og tv-linja på Bildøy) og nettportalen omGud.net. Innimellom all jobbing har han studert kristendom, menighetspedagogikk og kommunikasjon og livssyn. Framover vert det halv stilling i IMS, 20 % Damaris og 30 % ImF-ung. - Eg har lyst til å reisa meir ut og treffa folk og forkynna, spesielt til ungdom, fortel Kjetil. Dette er hovudgrunnen til at eg sa ja til stillinga i IMS no. Det har blitt noko mindre forkynning dei siste åra, og eg ynskjer å få praktisert meir av utdanninga eg har tatt dei seinare åra. Du har hatt liknande jobb tidlegare over fleire år. Kva likar du spesielt godt ved denne type jobb? - Det er kjekt å treffa ungdomar og leiarar rundt om, og å få lov til å dele verdens beste og viktigaste bodskap frå Bibelen! - Du har også engasjert deg lokalt på Sagvåg? - Ja, eg sit i styret i Sagvåg Indremisjon og har også vore innom lokale klubbar som Ope Hus og torsdagsope i Sagvåg.

Kjetil

Kva likar du å gjera når du skal slappa av? - Eg er glad i film, lesa pensumbøker eller spela spel med familien. Kjetil har ei spesiell interesse for høvet internett gir oss som kristne til å driva misjon og bli oppbygd. Me er glade for at Kjetil vil hjelpa til med å oppdatera IMS sine nettsider, og han kjem også til å leggja ut talar frå fleire av arrangementa våre på nettet. Forutan lagsbesøk vert Kjetil med som seminarhaldar på Pit stop, og bibeltimehaldar på hausttreffet. Velkomen med på laget Kjetil!  

Ingfrid Byrkja Hystad er 32 år gamal og bur i Skjold saman med mannen Reinert og borna Janne (9 år), Sofie (snart 6 år) og Ole (snart 4 år). Ingfrid har i alle år budd i Skjold, er utdanna sjukepleiar og har jobba som det i ti år.

Kva var det ved jobben som barne- og familiearbeidar som spesielt tiltrakk deg? - Eg har alltid reist masse på leir, både som deltakar og leiar, og har eit nært forhold til Brandøy. Der fant eg mannen min (på sommartreff) og der hadde me bryllupet vårt, fortel Ingfrid. Morfaren min, Ole Pedersen, var tidlegare arbeidar i Indremisjonen, så det har vore ein stor del av oppveksten. Annankvart år har også familien Pedersen slektstreff her. Nå har eg ungar sjølv som er begynt å reisa på leir til Brandøy. Eg gler meg også til å bli kjent med Helgatun. Eg har aldri vore på leir der sjølv, men mamma var der ofte i ungdomen, og mannen har også fortalt mykje etter 18 år på familieleir. - Eg har tidlegare tenkt tanken at det må vera fantastisk å ha ein slik jobb i misjonen; reisa på leir og formidla evangeliet for ungar, fortset Ingfrid. Situasjonen på jobb, med at eg snart var ferdig i eit vikariat som avdelingsleiar, gjorde at det var meir aktuelt å vurdera jobbtilbodet nett no.

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2012

Men på fritida har du lenge vore engasjert i kristent barnearbeid? - Ja. Eg er aktivt med i søndagsskulearbeidet heime. Me har familiegudsteneste i Skjold (G17) med søndagsskulen som ein viktig del av gudstenesta. Elles har eg vore veldig aktiv i Feedback, ungdomskoret i Ølen. Der var eg lenge korist, men seinare også leiar og dirigent. Og nå blir det pendling til kontoret? - Eg gler meg til å koma inn i teamet av arbeidarar. Det blir godt å jobba med erfarne folk på kontoret sidan det blir eit nytt og utfordrande arbeid for meg, seier Ingfrid. Det blir eit stykke å køyra, men det er viktig å ha base på kontoret i alle fall ein gong i veka, samtidig som eg gjer kontorarbeid heime. Familiesituasjonen gjer at det blir greit med fleksibilitet når det gjeld arbeidstid. Dessutan har eg base på Stord med svigerforeldre der eg kan låna meg ei seng og kanskje få ein middag mellom kontor og lagsbesøk, smiler Ingfrid. Kva kjenner du at du gler deg mest til? - Bli kjent med nye folk og sjå nye plassar, kjem det kontant frå Ingfrid. Det er superinspirerande å tenkja på alle dei flinke leiarane eg skal få møta rundt i bygdene, og ungane eg skal få lov å formidla bibelhistoriar for. Dotter mi Sofie, synest det er stor stas at mamma skal få ny jobb og reisa på leir og at ho skal få bli med. Kva likar du å gjera når du berre skal slappa av? - Ha det sosialt med venner, litt vaksentid og dametid. Elles går eg meg gjerne ein god tur, ser ein god film eller tar ein lengre frisørtime, avsluttar Ingfrid. Me ynskjer Ingfrid velkommen inn i tenesta!

Ingfrid

9


Strålande Brandøydag Det låg begeistring, glede og forventning i lufta då om lag 300 born, unge og vaksne var samla til den årlege Brandøydagen 19. august. Det har etter kvart vorte ein fin tradisjon å ha stemnedag på Brandøy tredje helga i august. Slik var det også i år, og begeistringa var stor. Begeistring over solid og god forkynning. Begeistring over at den unge generasjonen var godt representert både i leiarstaben og blant dei som kom. Barnemøte i Idrettshallen samla 70 deltakarar under føremiddagsmøte. Begeistring over at dette er blitt eit stemne for alle generasjonar der me kan knyta kontaktar, venskap og kjenna at me er ein stor familie som står saman om felles teneste i Indremisjonssamskipnaden. Hovudtalarar i år var gen. sekr. Erik Furnes på stormøte, Marit H. Ådnanes på familiemøte og Lise Marie Litlabø på barnemøte. Dei fekk formidla evangeliet på ein varm og inspirerande måte som verkeleg gav pågangsmot og inspirasjon

til å vera med i Guds rike og tena med den nådegåva og naturgåva Gud har gjeve oss. Gud vil bruka deg slik han har skapt deg. Edvard Fatland og Anne Grethe Rullestad formidla evangeliet gjennom song og musikk på ein stille, var og sterk måte. Dei gav oss så mykje og me takkar Gud for den fine tenesta dei står i. Eit anna høgdepunkt var då me fekk presentera to nye arbeidarar som skal gå inn i barne- og ungdomsarbeidet i kvar sin 50 % stilling. Det var Kjetil Fyllingen frå Sagvåg og Ingfrid Byrkja Hystad frå Skjold. Du finn nærare presentasjon av dei ein annan stad i Venen. Det gledde misjonsfolket på Brandøydagen at dei skal gå inn i misjonstenesta i Indremisjonssamskipnaden og me vil be alle om å ta dei og familiane deira med i forbøn.

Sigrun Thormodsæter og Anne Gro Dogan, våre gode medarbeidarar på Brandøy kokte på lapskaus og serverte kaffi og kaker slik at alle blei gode og mette. Og saman med ”sommarvaktmeister” Kåre Johan Hamre, styrer og steller dei på Brandøy på ein utruleg flott måte, og me takkar Gud for deira trufaste teneste. Så reiste me heim frå Brandøydagen med takk og glede etter å ha opplevd ein strålande dag. Og me kjenner oss rike som får vera med i misjonstenesta og byggja Guds rike gjennom det arbeidet som Indremisjonssamskipnaden står i. I kollekt kom det inn ca. kr. 26.000,til Indremisjonssamskipnaden og ca. kr. 20.000,- til Brandøy.

Det som er ekstra gledeleg å sjå er den unge generasjonen stiga fram. Solveig Høyland, Jakob Saghaug og Morten Habbestad frå barne- og ungdomsrådet deltok alle i familiemøte og hadde og ansvar på barnemøte. Og Johannes Olsen, vår nye leirarbeidar, leia familiemøte på ein framifrå måte.

Stor fest på Moster Endeleg kom dagen då det nye bedehuset Salem skulle innviast. Eit fantastisk bygg som 26. august var pynta til fest. Og fest blei det. Ca. 300 menneske fylte lokala. Det var mange lovord og stor begeistring over det folk såg då dei kom inn. Jostein Hallaråker og Vermund Hjelland fortalte på vegne av byggjekomiteen om planar og framdrift av prosjektet. Heilt frå starten såg dei korleis Gud var med, og alt la seg til rette, både praktisk og økonomisk på ein slik måte at det berre var eitt svar; Gud har ein finger med i det som skjer. Dei kunne fortelja om ein fantastisk dugnadsinnsats og ei gjevarglede som har vore heilt eineståande. Huset har eit bruksareal på 1000 m2, og har kosta 17,2 mill. Og med verdien av dugnad på ca. 5 mill. har bedehuset ein verdi på 22 mill.

10

Generalsekr. Erik Furnes var talar og stod for vigslinga av bedehuset. Vigslinga blei innleia ved at fem representantar frå forsamlinga las ulike avsnitt frå Bibelen. Det var mange helsingar og gåver frå bl.a. ordførar Odd Harald Hovland og Wenche Gunnarsjaa frå Sparebanken Vest. Det var også helsingar frå Indremisjonssamskipnaden, Sion, Betania, soknerådet og fleire av bedehusa på Bømlo. Her var mange lovord og stor takk til Gud, og eit ønskje om at her måtte folk få møta Jesus. Det var mykje flott song av Sveinung Andersen, Tore Alvsvåg, Camilla Hallaråker og Lovsongsteamet.

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2012

Dette huset er ein fantastisk reiskap for å realisera det kallet vi har fått om å bringa Jesus til folket, så dei kan bli frelst. Festen var ikkje slutt med søndagen, men forsette heile veka. Tysdagen var det myldredag med smekkfullt hus av born og foreldre i ulike grupper og aktivitetar. I dette bedehuset er det ønskje om at alle som kjem inn møter eit varmt, inkluderande fellesskap og ei tydeleg Jesus forkynning som skaper tru og tillit til Han som Frelser.


Reiseruta september og oktober Svein Bjarne Aase 05.-07.10 Haustmøte 06.10 Arbeidarmøte Marit Ådnanes 15.09 Leirvik IUF 02.10 Uggdal YA 05.10 Leirvik UKS 06.10 Arbeidarmøte 07.10 Horneland Indremisjon 11.-13.10 Pit Stop Leirvik 24.10 Sagvåg IUF/Ope Hus 25.10 Klubben Fitjar 30.10 Gilje Yngstes Lise Marie Th. Litlabø 14.-16.09 Samnanger Misjonsforsaml. 18.09 Tirsdagsklubben Horneland 20.09 Leirvik Junior-Ving 24.09 Norheimsund Junior-Ving 27.09 Torsdagsklubben Sagvåg 01.10 Tofte Ving 02.10 Laurhammer Yngres 02.10 Laurhammer Yngstes 05.10 Fredagsklubben 06.10 Arbeidarmøte 15.10 Hobbyklubben i Uskedalen 16.10 Baugstranda og Åkra Ving 17.10 Småbarnstreff Uskedalen 18.10 Torsdagsklubben Odda 18.10 Sprell Levande Odda 19.10 Foldrøy Fredagskafe 23.10 Bømlo Minimax 25.10 Huglo Ving 30.10 Meling Yngstes Kåre Johan Hamre 14.-16.09 Sunde Indremisjon 17.-20.09 Granvin Misjonslag 25.-26.09 Innbjoa Indremisjon 27.09 Vikebygd krins 28.09 Utbjoa Indremisjon 29.09 Frette krins 30.09 Markhus krins 01.10 Granvin Misjonslag 06.10 Arbeidarmøte 07.10 Samnanger Misjonsforsaml. 11.-14.10 Uggdal Indremisjon 15.-18.10 Granvin Misjonslag 24.-28.10 Skånevik Indremisjon 29.10 Granvin Misjonslag Liv Rolfsnes 06.10 Arbeidarmøte 07.10 Husnes Indremisjonsforening 20.-21.10 Varaldsøy Misjonsforening I tillegg har Liv oppgåver som områdesekretær Odda/Ullensvang Marit A. Røen 12.-13.09 Bogøy Indremisjon 19.-20.09 Huglo Indremisjon 05.-07.10 Kvinneweekend Finnmark 14.10 Sotra 19.10 Tysnes støtteforening for IM 20.10 Uggdal Kyrkje 27.10 Meling Indremisjon 28.10 Tveit Indremisjonslag Knut Inge Røen 06.10 Arbeidarmøte 14.10 Sotra 20.10 Uggdal Kyrkje Aksel Ingvard Johanessen 19.-20.09 Stranda Indremisjon 27.-30.09 Sandvoll Indremisjon 06.10 Arbeidarmøte 11.10 Eid Indremisjon, Sætre 17.10 Neset Indremisjon 18.-21.10 Øvrebygda Indremisjon 24.10 Sveio Indremisjon

Toralf Steinsland 06.10 Arbeidarmøte 07.10 Stord Indremisjon 18.-19.10 Osterneset Indremisjon 21.10 Osterneset Indremisjon Jens Tveit 26.09 Bømlo Indremisjon 06.10 Arbeidarmøte 07.10 Sveio Indremisjon 12.-14.10 Fitjar Indremisjon Tor Ingvald Lauvrak 14.10 Moster Indremisjon Leiv Nesheim 26.-27.09 Børsheim krins 28.-30.09 Nordtveit Misjonsforening Marit Stokken 24.10.-04.11 Uskedalen Indremisjon Karl Einar Tvedt 07.10 Tofte Indremisjon (Zoar) Ingebrigt Sørfonn 07.10 Gudstenste Moster 07.10 Moster Indremisjon Irene K. Alnes 24.10.-04.11 Uskedalen Indremisjon

Torgeir Lauvås 13.-16.09 Bømlo

Toril Langeland 06.10 Arbeidarmøte

Annbjørg Barane 12.-14.10 Kvinnestemne Helgatun

Johannes Olsen 11.-13.10 Pit Stop Leirvik

Gunnhild Hystad 06.10 Arbeidarmøte 29.10 Tofte Ving

Gunnar Elstad 05.-07.10 Haustmøte Stord

Jostein Angeltveit 25.09 Tito - Valen 25.09 Hobbyklubben Valen 06.10 Arbeidarmøte Merete Solås 06.10 Arbeidarmøte 30.10 Laurhammer Yngstes Nina Agnethe Larsen 29.09 Meling Indremisjon 02.10 Gilje Yngstes 06.10 Arbeidarmøte Norvald Ådnanes 06.10 Arbeidarmøte 18.10 Leirvik Junior-Ving Rannveig Petterteig 06.10 Arbeidarmøte

Roald Evensen 14.10 Norheimsund Indremisjon

Kjetil Fyllingen 26.09 Ope Hus Valen 05.10 UFO Bømlo 06.10 Arbeidarsamling 07.10 Ølensvåg 11.-13.10 Pit stop Leirvik 23.10 Laurhammer, U-Alpha 26.10 Leirvik UKS 27.10 Fitjar Ten-Treff 28.10 Gilje og Thormodsæter IM Klaus Muff 06.10 Arbeidarmøte 19.10 Horneland Indremisjon Kåre Steinsund 10.-14.10 Bømlo Indremisjon Ola Malvin Lomheim 14.-16.09 Samnanger Misjonsforsaml. 06.10 Arbeidarmøte 07.10 Uggdal Indremisjon Arne Lindekleiv 06.10 Arbeidarmøte 07.10 Fitjar Indremisjon 20.10 Skånevik Indremisjon Foss, Edvard 21.-23.09 Samnanger Misjonsforsaml. Liv Stokken 07.10 Bømlo Indremisjon Halvard Sveen 06.10 Arbeidarmøte Marit Dahl Hollund 30.09 Gilje og Thormodsæter IM 06.10 Arbeidarmøte 19.-21.10 Jondal Indremisjon 24.10 Bømlo Indremisjon Ragnar Ringvoll 31.10.-04.11 Fitjar Indremisjon Knut Kvamme 06.10 Arbeidarmøte

Morten Habbestad 14.09 UFO Bømlo 15.09 Gilje IUF 29.09 Ungdomskveld Huglo 30.10 Laurhammer Yngres Ingfrid Byrkja Hystad 13.09 Ølensvåg Yngres 02.10 Auklandshamn Yngreslag 06.10 Arbeidarsamling 07.10 Ølensvåg 23.10 Junior Decor Gilje 25.10 Torsdagsklubben Sagvåg 25.10 Øensvåg Yngres 28.10 Tofte Indremisjon 30.10 Tirsdagsklubben Horneland

Sendingar kvar sundag kl. 09.00 - 10.00

Andreas Evensen 12.-16.09 Meling Indremisjon Kenneth Foss 28.-30.09 Håvik Indremisjon 29.09 Gilje IUF 11.-13.10 Pit Stop Leirvik

Vegard Soltveit 11.-13.10 Pit Stop Leirvik

DU FINN OSS PÅ RADIO SUNNHORDLAND

RADIO SAMSON

Stord 104,7 MhZ - Bømlo 107,9 MhZ Kvinnherad: 106,2 MhZ Os: 103,7 MhZ BE FOR SENDINGANE


Vi anbefaler minimum 13 cm lengde pga lange adresser

Avsender: Indremisjonskontoret, Pb 150, 5401 STORD

minst 6 cm avstand

Avesnder: Her settes fullstendige returadr på en linje

B PS! Jesus loves Portomerke you! settes inn i 1:1 str

Returadr på en linje

divisi med gosp el på norsk

Helga 21.-23. septe mber inviterer div isi, med band, til konsertar på Mo ster og i Haugesun d. Repertoaret denn e gongen vert go spel på norsk. Nyskrivne songar av dirigent Anders Berglund, og songar av Halvard Aase med norsk tek st av Ingelin Reigstad Norheim . Velkommen! Norheim kirke fre dag 21. sept. kl 21 :00 Salem Moster lau rdag 22. sept. kl 19:00 Misjonskirken i Sk åredalen søndag 23. sept. kl 17:00

For meir inform asjon, sjå www.di visi.no

Stord - Tlf.: 53 41 20 01 www.sunnbok.no

Leirvik Annonser, bilder, red. bstoff s edehuo.l. Stord 11.-13.okt

indremisjonen.no top imf-ung.no/pits

Varer og ge

vinstar til ju Fredag 30. no lemessene? vember og la urdag 1. dese julemesse på mber er det Bremnes. Fredag 23. og laurdag 24. no vember er de messe på Ty snes. t førjulsHar de noko å bidra med, t.d. gåver til gevinstar til lo varesalet elle ddbøker, ta ko r ntakt med: Bremnes: Bjø rg Meling Mæ land, tlf. 53 42 Liljan Innvær, 04 23 eller tlf. 53 42 01 82 Tysnes: Haral d Heie, tlf. 53 43 22 09 / 90 97 24 65 12

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2012

Torsdag

m/kafè & le Lauvrak, Talar: Tor Ingvald r ImF-UNG ynna fork oms ungd

te 20.00 Ungdomsmø

Elska

Fredag

veit, ning ved Vegard Solt

12.00 Bibelundervis omsforkynnar ImF-UNG ungd itetar 13.00 Ulike aktiv 15.00 Middag

ar for bror min? 16.30 Er eg vakt e Larsen, artist eit lite glas. ved Run – Det er jo berre Ingvald Lauvrak Tor : talar te, 20.00 Ungdomsmø e i kafèen 22.00 Open scen

Laurdag

ning 14.00 Bibelundervis veit

ved Vegard Solt 15.00 Middag ved Kjetil Fyllingen, en» krist veit 16.00 «Grill ein og UNG Vegard Solt nettkonsulent ImFr:

17.30 Semina

Vegard Soltveit

Ved minutt – trur eg? Lauvrak Kristen tru på 60 n? Ved Tor Ingvald Jesus i kvardage nen – korleis leva med korleis ser eg på TV? Ved Kjetil Fyllingen Ut av comfortso r TV n Mæland Gun ved r? Disippel framfo leika jer du idear til nye Leik og moro – ynsk Ungdomsmøte, talar: Tor Ingvald Lauvrak en. 19.30 med Gospel Berg 22.00 Konsert ar kr 100,Inngongspeng

i lovsong under arr. m i Bergen leier oss møta. Gruppe frå Betlehe og etter ungdoms Det vert kafè før skule natting på Leirvik Påmelding for over oktober.

innan måndag 8. Kr 50 pr natt inara er opne is. samlingar og grat Ingen påmelding.

Alle møta og sem

S, ImF-UNG Arrangørar: IM

slag og lokale ungdom

Profile for Kjetil Fyllingen

Venen nr.4 2012  

Indremisjonsvenen!

Venen nr.4 2012  

Indremisjonsvenen!

Advertisement