Egde - Agder Historielag nr 1 2011 - nett

Page 22

vart innførde, og av desse er poteta den viktigaste. Kolbjørn Stuestøl fortel om «Årbok frå Veggja 1758–1796» korleis bonden Gunder Omundsen Vegge (ca. 1724–1803) skreiv ned observasjonar av vêrlag og onnetider, kor mykje han sådde av ymse kornslag og korleis avlinga vart. Birøkt har vorte drive med i Noreg sidan slutten av 1700-talet. Gunnar Andreassen og Nils Opsal skriv om Lyngdal og Kvås birøkterlag skipa i 1939. Jofrid Hauan fortel om kvinneforeiningsarbeidet i Kvås gjennom meir enn 100 år, og Aslaug Stenbråten skriv om sydamer i vår nære fortid like før og etter andre verdskrig. Ingvald Seland (1909–1972) som var aktiv i Lyngdal Arbeiderparti, heldt ein tale ved 40-årsjubileet for partilaget i 1971. Den er attgjeven i årboka med tittel «Minner fra den første tiden i Lyngdal Arbeiderparti.» Skriftstyret seier at «Lyngdalsboka ikke skal beskjeftige seg med politikk, men vi våger å ta med Ingvald Selands artikkel..» Den vågnaden tykkjer eg 22

var liten, det er lite politisk sprengstoff å finne. Og partihistorie har ålmenn interesse. Derimot er eg i tvil om artikkelen «Nok et år er gått» av Aslaug Stenbråten og Tor Engvoll høyrer heime i ei lokalhistorisk bok. Det står ikkje ein gong kva for eit år det dreier seg om. Dessutan står det i ingressen: «.. og selv om det meste har skjedd noenlunde slik vi beskriver det, må ikke leserne ta alt bokstavelig.» Difor vert denne artikkelen neppe sitert av historikarar. Men den kan vere morosam å lese for lokalkjende. Artikkelen til Torunn Tjomsland om Heim, det staselege sveitsarhuset som no heiter Bergheim, er leseverdig. «Veibygging på Åmland» skrive av Gulla Lind er ei fri forteljing som kan lære oss noko om vegbyggjing tidlegare, men heller ikkje her seiest det noko om når det skjedde. Etter artikkelen står eit bilete av namngjevne vegarbeidarar frå 1950-åra, men desse arbeidde truleg på Austadvegen. Gulla Lind har ein artikkel til i same stilen, «Rutebilen- og om det å spørre nytt på.» Heller ikkje her får me vite noko om tidsperioden bussturen kunne ha skjedd i. Men den passar på tidleg etterkrigstid. Elles er det bilete frå 1952 av ein skuleklasse på Meland skule som truleg er det minste skulehus eg har sett. Me finn òg eit flott bilete frå eit bryllaup på Bringsjord i 1914 med namn og levetid på brudeparet og mange av gjestene. Lyngdal cup, ei årleg fotballturnering, har vorte arrangert i 30 år og vorte ein suksess. Dugnadsinnsatsen er imponerande, minst 500 personar tek kvart år ei åtte timars vakt. To songar er attgjevne: «Austad-sangen» på tre vers med teikningar av forfattaren, Arne Åmland, og voggesong frå Austad av ukjend forfattar. På nest siste omslagsside finst eit oversynskart over Lyngdal kommune der ein nokså lett kan finne dei fleste stadnamna som er nemnde i teksten. Boka kostar kr 75,- og kan tingast frå Lyngdalsboka, Postboks 121, 4575 Lyngdal. Av Bjug Åkre


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.