Egde - Agder Historielag 02 2012 - 96 sider 17x24 - 1350 stk_Egde - Agder Historielag 02 2006.qxd 18.07.2012 14:54 Side 82
Landvik Bygdekvinnelag stilte kvinnesterke opp med fantastisk heimelaga tradisjonsmat.
risgrauten – for riskorna måtte ein kjøpe, og då vart risgraut finare enn rjomegraut… Ansvarleg for musikken denne kvelden, var Kjell-Eirik Stoveland, og han hadde samla ein solid gjeng. Dei kom spelande inn i salen med Øystein Rød i spissen, Nina Byttingsmyr, Gunhild Tømmerås, Kjell-Eirik Stoveland og Paul Sveinall – og ei heil rekkje av flotte damer frå Landvik Bygdekvinnelag som serverte tre rettar: Forrett med sild med potet, heimebakt brød og raudlauk. Hovudrett med kjøtsuppe med mjølbollar og heimebakt flatbrød. Dessert av fruktgraut med fløytemjølk. Og til kaffipausen: Kaffi og systerkake. Det var ikkje mogleg å gå svolten ut av salen. Gunhild Tømmerås song to variantar av ein mykje brukt song på sundagsskulen, laga av Hermine Osa, mor til Sigbjørn Bernhoft Osa. Den eine varianten var frå Setesdal, der Osa budde ei stund, og den andre etter Knut Nesbu frå Birkenes. Salen fekk høyre fleire, mellom anna Nu vil jeg blott fortelje deg (vise etter Ole Veneheia), ein stubb frå Mollestad (Kyra står i Paul Sveinall var som vanleg i sitt ess då han kåserte om barnevandringane. Foto: Borghild Løver
»2
Foto: Borghild Løver
hagen), ei lita barnevise lært av barneskulelærar Anders Auen Grimnes: Eg gjekk ei gong over storemyr, då kom eg ut i slik ein fare, eg møtte to store ville dyr – det var eit ekorn og