Egde - Agder Historielag nr 2 2012 - NETT

Page 30

Egde - Agder Historielag 02 2012 - 96 sider 17x24 - 1350 stk_Egde - Agder Historielag 02 2006.qxd 18.07.2012 14:53 Side 30

Lars Breistøl tok ofte bilete med ein eigenpatenter t sjølvutløysar i heimb ygda. På biletet sit oppfinnaren framme til høgre, vidare sit John N. Hornnes, Henrik Moseid og Olav Birkås.

øydeleggjande konflikt, vart selskapa til oppfinnarane slått saman til «Edison & Swan Electric Light Company Ltd («Ediswan»). Men framleis ser mange britar på Swan som oppfinnaren av glødelampa, medan Edison er mannen i USA og i fleire andre land. Mellom desse to gigantane forsvann namnet til den utvandra husmannsguten frå Hornnes.

«The Bristol Electric safety lamp Works»

Lars Bristol gav seg ikkje med dette og heldt fram med å utvikle elektriske apparat hjå Swan i mange år. I siste halvdel av 1880-åra konstruerte han ei gruvelampe som var meir eller mindre eksplosjonssikker. Tidlegare hadde gruveindustrien nytta karbidlamper som var eksplosjonsfarlege i kullgruver. Nå kunne han presentere ei glødelampe som var driven av oppladbare batteri. På verdsutstillinga i Frankrike i 1889 fekk Bristol ein rosande omtale for dette nybrotsarbeidet. Nokre år seinare fekk han óg æresmedlemskap og gullmedalje av «Akademiet for Opfindelser og Industri» i Paris for oppfinninga. 30

For å møte etterspurnaden etter gruvelampa, starte han si eiga verksemd i Westminister i London i 1890–91. Verkstaden kalla han «The Bristol Electric Safety Lamp Works». Saman med dei to ingeniørane Peter Theodor Raaschou and Edwin Freund og fleire titals tilsette, utvikla dei nye lamper som kunne nyttast som gatelys, på hestekjerrar og i britiske hushaldningar. Oppfinnaren tok óg patent på dei oppladbare batteria. Eksportkassene merka han med «The Bristol Patent».

«Han fer med trolldom»

«Mr. England», som Breistøl gjerne vart kalla i heimbygda, vitja ofte heimtraktene i sommarferiar. Då hadde med seg ein egen tenar frå London og reiste mykje rundt og fotograferte med ein eigenutvikla sjølvutløysar. Ein sommarkveld i 1890-åra la nokre sambygdingar merke til ein underleg farkost langs Kilefjorden. Då gjekk det rykte om at «Mr. England» hadde kome heim med ein båt ingen her i landet hadde sett maken til:


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.