Egde - Agder Historielag 02 2012 - 96 sider 17x24 - 1350 stk_Egde - Agder Historielag 02 2006.qxd 18.07.2012 14:53 Side 28
Husmannsplassen på Breistøl i Hornnes i siste halvdel av 1800-talet.
Kristiansand, gjekk han heim og laga sin eigen hjulbåt. Den vart ikkje driven av damp, men av fjærer som i eit urverk. Farkosten gjekk mange turar på elva før han gjekk til botns.
Utdanning og arbeid
Gjetorda om ungguten breidde snart om seg. Då han vart konfirmert, skreiv sokneprest G. F. Dietrichson (1813–86) og ingeniør Einar Isaachsen (1841–1921) brev til Marinens hovudverft i Horten i håp om å få han i lære der. På denne tida var staden rekna som landets mest avanserte tekniske miljø for marine- og våpenkonstruksjonar. Men opphaldet i Horten vart for dyrt for husmannsguten. I staden reiste han til Kristiansand og arbeidde tre månader hjå «mekanikus Tallaksen». Samstundes gjekk han i teknisk teiknelære hjå Tostrup. Då han var heime på Hornnes ei tid, konstruerte han ein liten dampmaskin som dreiv spinnerokken. Då nytta han ein vanleg kaffikjele som dampkjele. Med økonomisk hjelp frå Harald Nilsen i Sparebanken, kunne Lars Breistøl til slutt ta 2»
fatt på opplæringa på Marinens Verkstad i Horten hausten 1866. Der var han i heile seks år. Ei kort stund etter arbeidde han som formann ved «Drammens Jernstøperi og Mekaniske Værksted». Men då han fekk statsstipend, drog han til England.
starten på eventyret
Lars Breistøl kom til England i 1873. Der arbeide han i seks-sju år på fabrikken til våpenprodusenten Sir William Armstrong (1810– 1900) i Newcastle. I 1879 vart han kjend med kjemikaren og oppfinnaren Joseph W. Swan (1828–1914). Lars Bristol, som han nå kalla seg, fekk tilbod om å jobbe i forretninga til Swan. Der vart han med på å utvikle elektriske apparat til fotografering og lyssetting. Spesielt vart arbeidet med ein prototype av ei glødelampe viktig. Swan hadde tidlegare nytta tjukke glødetrådar med låg motstand i slike lamper. Det kravde høg spenning for å få glødetråden til å lyse. Men problemet var at lampeglaset etter ei tid vart nedsota og tråden smelta. For å overvinne dette, utvikla husmannsguten frå